Fakta om MK «Kvalsund I»
Byggjeår: 1939
Verft: Einar Hellands båtbyggeri
Lengd OA: 67 fot
Fiskerinummer: M-64-HØ

MK «Kvalsund I» var ein motorkutter frå Nerlandsøya i Herøy kommuneSunnmøre, bygd i 1939. Han hadde fiskerinummer M-64-HØ.

«Kvalsund I» vart bygd i 1939 ved Einar Hellands båtbyggeri og eigd av Gunnvald Kvalsund, Paul K. Kvalsund og Andreas K. Kvalsund. I starten var «Kvalsund I» i bruk som fiskebåt, men krigsutbrotet endra føresetnadane og båten vart nytta i alliert teneste, mellom anna i Shetlandsbussen. Etter andre verdskrigen gjekk «Kvalsund I» tilbake til fiskeriet, før han vart seld til GartenFosen, vidare til Skillebotn i Brønnøy og etterkvart hamna båten i Namsos der den vart kjøpt til Surnadal som vrak i 1993. Båten er no bortimot ferdig oppussa og vert nytta i fritidssamanhengar.

«Kvalsund I» som fiskebåtEndra

Etter at båten stod ferdig vart han nytta til håbrandfiske og sildefiske. Etter starten av andre verdskrigen vart «Kvalsund I» òg nytta til frakte sild for Gerh. Voldnes AS. Etter krigen gjekk båten attende til fiske av håbrand, sild og anna banklinefiske.

«Kvalsund I» under andre verdskrigenEndra

6. oktober 1941 vart det naudsynt å flykte over Nordsjøen med «Kvalsund I», ei flukt som var organisert av Joakim P. Kvalsund og Albert Teige. Båten kom til TorshavnFærøyane 9. oktober med 17 personar om bord. Joakim P. Kvalsund og Albert Teige fortsette med fraktfart i dette området, men etter at dei vart angripne av eit fiendtleg fly og måtte rømme til Klaksvik, kom båten etter kvart inn i alliert teneste.

«Kvalsund I» vart godkjend for tur til Noreg etter ein inspeksjon av Einar Kristiansen på Shetland. Deretter vart han stasjonert i Peterhead i Skottland og la ut på sitt første oppdrag 4. april 1942. Kursen vart sett mot Nord-Noreg med våpen, anna materiell og SIS-agenten Einar Johansen. Turen gjekk til Hillesøy ved Kvaløya i Troms på 70 grader nord, og vart det lengste vellykka oppdraget med fiskekutter under krigen med sine 2 500 nautiske mil. Einar Kristiansen var skipper på denne turen. Seinare var Hans Feie skipper på den neste turen som gjekk til Batalden ved Florø, ein vanskeleg tur då det var svært dårleg vêr.

Ubåtjagarane «Hitra», «Vigra» og «Hessa» tok over jobben til «Kvalsund I» langs norskekysten i 1943 og «Kvalsund I» vart liggande i opplag i Peterhead fram til slutten av året. Då måtte båten igjen nyttast til fraktfart til Nord-Noreg etter at dårleg vêr hadde hindra både fly, MTB-ar og andre båtar i nå fram til Trænstaven ved Lurøy innanfor Træna. Også denne gongen var Einar Kristiansen skipper på det som vart det siste oppdraget med kutter frå basen i Peterhead.

Etter dette, i romjula 1944, vart «Kvalsund I» med ein konvoi nordover, og gjekk inn til Petsamo 22. januar 1945. Vidare vart båten nytta under evakueringa av Finnmark, mellom anna kaptein Johan Godø og troppen hans på Sørøya. Mot slutten av krigen gjekk «Kvalsund I» som minesveipar i hamna i Hammerfest, der ei mine gjorde mykje skade på båten.

Fakta om MK «Kvalsund I»Endra

«Kvalsund I» er 67 fot lang og hadde ved bygging i 1939 ein Wichmann-motor på 50 hestekrefter. I 1945 låg Kvalsund lenge på verkstad etter skaden som oppstod under minesveiping. I 1953 vart motoren oppgradert til ein Finnøy diesel med 130 hk. Den vart vidare ombygd i 1955/56. Då «Kvalsund I» vart kjøpt frå Namsos, var han i særs dårleg stand og dei nye eigarane har nytta mykje tid og pengar for å rette opp i skadane.

Sjå ògEndra

BakgrunnsstoffEndra