Maldiskusjon:Grunnstoff

Denne malen skal gjera det enklare å koda infoboksar i artiklar om grunnstoff. Instruksjon for bruk står nedanfor.

Når det gjeld bruk av fargar for ulike grunnstoff, sjå eigen instruksjon lenger nede.

Instruksjon for bruk av malen endre

Når ein brukar malen, må ein senda grunnstoff-eigenskapane som variablar til malen. Variablane har namn som t.d. Atomnummer, Kjemisk_symbol, osb. Dei fleste variabelnamna er synlege på mal-sida, men for eit fullt oversyn over variablar og korleis dei blir brukte, sjå tabellen nedanfor.

Ein slags blanko som kan kopierast inn i artiklar for så å fylla ut dei rette eigenskapane, finst på Mal:Grunnstoff/Blank. Eit praktisk døme på bruk av malen finst på Mal:Grunnstoff/Exemplicum, som inneheld m.a. følgjande kode:

{{Grunnstoff | 
Grunnstoffnamn        = Exemplicum | 
Kjemisk_symbol        = H | 
Atomnummer            = 1 | 
Kjemisk_serie         = Ikkje-metall | 
Blokk                 = s | 
Tettleik              = 0,0899 | 
... 

Ioniseringspotensial  = 1312 | 
Isotoptabell          = 
<tr> <td>¹X <td>'''99,985%''' <td colspan=4>''stabilt'' </tr> 
<tr> <td>[[Deuterium|²X]] <td>0,015% <td colspan=4>''stabilt'' </tr> 
<tr> <td>[[Tritium|³X]] <td>10<sup>−16</sup>–10<sup>−15</sup>% <td>12,33 [[år]]  
     <td>[[Betastråling|β]]<sup>−</sup> <td>0,019 <td>[[Helium|³He]] </tr> 
}}

Variablane kan definerast i kva for rekkefølgje som helst innanfor mal-klammene {{Grunnstoff | ...}}. Mellomrom kan brukast for å justera teksten, men det er ikkje viktig. Eigenskapar som er ukjende eller enno ikkje lagt inn, bør definerast som blanke for å unngå bos i tabellvisninga.

Det er eit par ting å leggja merke til, m.a.:

  • Venstre og Hogre bør stå med fulle namn, medan Opp og Ned bør stå med kjemiske symbol.
  • Ioniseringspotensial: For grunnstoff med fleire ioniseringspotensial kan det vera litt krøkkete å fylla ut denne eigenskapen. Sjå eksempel i tabellen nedanfor.
  • Isotoptabell: Denne er særskilt vanskeleg å bruka, men det ser bra ut når det er fylt ut rett. Sjå eksempel i koden ovanfor.


For uforstyrrande og til dels risikabel eksperimentering med malen og grunnstoffartiklar er det tilrådeleg å bruka testmalen Mal:Grunnstoff/Testmal og teststoffet Mal:Grunnstoff/Exemplicum.

Oversyn over variablar endre

Det bør brukast stor forbokstav i tekstbaserte variablar, unntatt der eksemplet viser at det bør brukast liten forbokstav.

Variabelnamn Eksempel Merknadar
Grunnstoffnamn Kalsium Utan lenke
Kjemisk_symbol Ca  
Atomnummer 20  
Venstre Kalium Skriv fullt namn med lenke: [[Kalium]]
Hogre Scandium Skriv fullt namn med lenke: [[Scandium]]
Opp Mg Skriv kjemisk symbol med lenke: [[Magnesium|Mg]]
Ned Sr Skriv kjemisk symbol med lenke: [[Strontium|Sr]]
Kjemisk_serie Jordalkalimetall Med stor Forbokstav, utan lenke. Utval: Alkalimetall, Jordalkalimetall, Lantanid, Aktinid, Transisjonsmetall, Metall, Halvmetall, Ikkje-metall, Halogen, Edelgass
Gruppe 2 Utval: 1, 2, ... 18
Periode 4 Utval: 1, 2, ... 7
Blokk s Utval: s, p, d, f
Tettleik 1550 (kg/m³)
Hardhet 1,75 (Mohs hardhetsskala)
Farge Sølvkvitt  
Atommasse 40,08 (u)
Atomradius 180 (194) (pm)
Ioneradius 100 (pm)
Ioneladning +2 Ladningen på ionet som ioneradien gjeld
Kovalent_radius 174 (pm)
vanderWaals_radius 120 (pm)
Elektronkonfigurasjon [Ar]  <nowiki>[</nowiki>[[Argon|Ar]]<nowiki>]</nowiki><math>4s^2</math>
Elektron 2, 8, 8, 2  
Oksidasjonstrinn +1, +2 Skriv i rekkefølge, uthev den vanlegaste
Oksid sterk base Med eller utan lenke, t.d. sterk [[base]]
Krystallstruktur Kubisk flatesentrisk Med eller utan lenke
Tilstandsform Fast stoff Utval (utan lenke): Gass, Væske, Fast stoff
Smeltepunkt_K 1115  
Smeltepunkt_C 838  
Kokepunkt_K 1757  
Kokepunkt_C 1440  
Molart_volum 26,20 (cm³/mol)
Fordampningsvarme 153,6 (kJ/mol)
Smeltevarme 8,54 (kJ/mol)
Damptrykk 254 (Pa)
Damptrykk_temperatur 1112 K Her må temperaturskalaen nemnast i sjølve variabelen
Lydhastighet 3810 (m/s)
Lydhastighet_temperatur 20°C Her må temperaturskalaen nemnast i sjølve variabelen
Elektronegativitet 1,00 (Paulings skala)
Varmekapasitet 632 (J/(kg·K))
Elektrisk_konduktivitet 29,8 (MS/m)
Termisk_konduktivitet 201 (W/(m·K))
Ioniseringspotensial 598,8 (kJ/mol)
Fleire ioniseringspotensial kan fyllast ut ved å leggja til kJ/mol og <br> mellom kvart tal, men ikkje på slutten:
598,8 kJ/mol <br> 1145,4 kJ/mol <br> 4912,4
Isotoptabell   Denne variabelen er oppgitt som tabellrader med kvar sine 6 datafelt:
<tr> <td>... <td>... <td>... <td>... <td>... <td>... </tr>
Kvar rad tilsvarar ein isotop, og dei 6 datafelta er isotopsymbol (t.d. 20Ca), naturleg førekomst i % (skriv kunstig viss isotopen ikkje førekjem naturleg), halveringstid (skriv stabil viss isotopen er stabil), nedbrytingsmodus (α, β, β+, ε, n, γ), nedbrytingsenergi (MeV), og nedbrytingsprodukt (isotopsymbol). Sjå kodeeksemplet for exemplicum ovanfor.


Instruksjon for bruk av fargar endre

Fargane i følgjande tabell blir brukt som bakgrunnsfargar for ulike grunnstoff i periodesystemet og i artiklane om dei enkelte grunnstoffa. Fargane er definert gjennom malar med namneforma Mal:Grunnstoff/Farge/Kjemisk_serie. Inni grunnstoff-malen der den kjemiske serien er kjend som variabelen Kjemisk_serie, vil ein få verdien av fargane ved å bruka koden {{Grunnstoff/Farge/{{{Kjemisk_serie}}}}}. I andre samanhangar der ein ikkje har ein slik variabel, set ein berre inn namnet på den kjemiske serien og brukar t.d. koden {{Grunnstoff/Farge/Alkalimetall}}.

Fargane kan brukast på dette viset:

  • Som tekstfarge: <font color="{{Grunnstoff/Farge/Alkalimetall}}"> Eksempeltekst </font>
  • Som bakgrunnsfarge: <span style="background: {{Grunnstoff/Farge/Alkalimetall}};"> Eksempeltekst </span>

Kodeordet span er berre eit eksempel. Ein kan bruka tilsvarande stilar i definisjonen av t.d. tabellceller som HTML <td style="..."> blabla </td> eller WIKI  {| style="..." | blabla |} .

Kode for innhenting av fargemal Farge
{{Grunnstoff/Farge/Alkalimetall}} #ff6666
{{Grunnstoff/Farge/Jordalkalimetall}} #ffdead
{{Grunnstoff/Farge/Lantanid}} #ffbfff
{{Grunnstoff/Farge/Aktinid}} #ff99cc
{{Grunnstoff/Farge/Transisjonsmetall}} #ffc0c0
{{Grunnstoff/Farge/Metall}} #cccccc
{{Grunnstoff/Farge/Halvmetall}} #cccc99
{{Grunnstoff/Farge/Ikkje-metall}} #a0ffa0
{{Grunnstoff/Farge/Halogen}} #ffff99
{{Grunnstoff/Farge/Edelgass}} #c0ffff

Diskusjon endre

(Flytta frå Diskusjon:Grunnstoff)

Eg har laga ein grunnstoff-mal og testa han på Mal:Grunnstoff/Exemplicum. Malen skal gjera det enkelt å skriva infoboksar med eigenskapar i grunnstoff-artiklane. Gå gjerne og sjå koss det ser ut, åpna både malen og testsida i redigeringsmodus, og gje tilbakemelding om kva de syns. Viss det er semje om det, kan me samarbeida om å innføra malen på dei ulike grunnstoffa. --Eddi (Snakk) 26. feb 2005 kl. 1957 (UTC)

Etter noko prøving og feiling med malen er det nokre punkt som bør omtalast i ein bruksanvisning: ... --Eddi (Snakk) 27. feb 2005 kl. 0156 (UTC) Desse punkta er no flytta til instruksjonen ovanfor. --Eddi (Snakk) 9. mar 2005 kl. 0057 (UTC)

Eg synes malen ser bra ut, og kjem til å bruka han når eg redigerer eller lagar nye sider om grunnstoff. Aalen22x 1. mar 2005 kl. 1806 (UTC)

(Kopiert frå Brukardiskusjon:Aalen22x)

Malen ser bra ut. Det kunne vera interessant å ta med ioneradius i tillegg. Elles har eg ikkje merka meg noko enno. Helsing Aalen22x 1. mar 2005 kl. 1803 (UTC)
Ioneradius er sikkert lurt. Eg kan legga det inn for kalsium først. Skal prøva å finna ein måte å oppgje kva for oksidasjonstrinn radien gjeld, utan at det blir for komplisert.
Eg ser du har laga ei liste over grunnstoff som manglar. Viss du brukar grunnstoff-malen når du legg inn desse stoffa, kjem du sikkert over ulike ting som kan gjerast betre eller annleis i malen. Skriv det gjerne ned her på diskusjonssida, så kan vi sjå på det etter kvart. --Eddi (Snakk) 6. mar 2005 kl. 2040 (UTC)

Bilde endre

På commons ligg det bilde av alle grunnstoffa til og med nummer 80, unnateke technetium og promethium. Alle har filnamn av typen kjemisk_symbol,atomnummer.jpg. I tillegg finst periodesystemfigurar med filnamn av type kjemisk_symbol-TableImage.png for alle grunnstoff til og med uran og nokre til. Kan det vera ein ide å bruka slike filnamn direkte i malen for ein eller begge figurane? Aalen22x 8. mar 2005 kl. 1718 (UTC)

Ja, det kan vera ein ide. No er ikkje malen brukt på så mange grunnstoff enno, og det kan bli eit problem for stoff som manglar bilde, men me kan sjå korleis det verkar inntil vidare. Eg legg det inn i malen no, så kan me sjå på kalsium, krom og nikkel. --Eddi (Snakk) 8. mar 2005 kl. 2337 (UTC)

Tekstjustering endre

Korleis bør tekstjusteringa i tabellen vera, særleg i isotoptabellen? Førebels er alt venstrejustert, men somme eigenskapar burde kanskje vera midtstilte, høgrejusterte eller desimaljusterte. Forslag? --Eddi (Snakk) 9. mar 2005 kl. 0057 (UTC)

For min del kan teksten vera venstrejustert. Aalen22x 23. mar 2005 kl. 1756 (UTC)
OK. Det kan evt. endrast seinare om det blir nødvendig. --Eddi (Snakk) 24. mar 2005 kl. 1811 (UTC)

Wikiprosjekt? endre

Eg synes malen ser grei ut no, men det hadde vore fint om andre óg kunne koma med innspel. Kanskje me kunne starta eit wikiprosjekt for å få artiklar om alle grunnstoff når malen er ferdig? Aalen22x 23. mar 2005 kl. 1756 (UTC)

Wikiprosjekt verkar som eit bra forslag. Eg veit ikkje heilt korleis slike prosjekt fungerer, men me kan sikkert få nokon til å hjelpa oss med det. --Eddi (Snakk) 24. mar 2005 kl. 1811 (UTC)

Eg har oppretta eit Wikipedia:Wikiprosjekt Grunnstoff og foreslått nokre målsetjingar for dette. Det kan henda det blir for mange mål for dette eine prosjekt, men me kan sikkert dela det opp i fleire mindre om det blir for stort. Gå gjerne inn og meld deg som deltakar i prosjektet. --Eddi (Snakk) 2. apr 2005 kl. 0014 (UTC)

Bakgrunnsfarge endre

Etter ein førespurnad på en:Wikipedia:Village pump (technical) har eg funne ein metode for å unngå svart bakgrunn i titlane sjølv om variabelen Tittel_farge er udefinert. Faktisk er denne variabelen ikkje lenger nødvendig, av di fargen no blir «utrekna» på bakgrunn av Kjemisk_serie. Og viss sistnemnde manglar eller er feil skrive, blir bakgrunnen kvit i staden for svart. Fargane for dei enkelte seriane ligg i filar med namneforma Mal:Grunnstoff/Farge/Kjemisk_serie, der Kjemisk_serie er henta frå lista ovanfor.
Desse fargemalane kan for så vidt brukast til andre føremål også, t.d. bakgrunnsfarge i periodesystemet. Viss ein legg inn fargemalane i heile periodesystemet, kan ein ved eit seinare høve endra fargen på alle stoff i same serie ved å endra ein enkelt mal. Det spørst vel om fargane nokon gong kjem til å endrast, men det er kanskje verdt eit forsøk om ikkje anna så for å sjå korleis det verkar. --Eddi (Snakk) 9. apr 2005 kl. 0302 (UTC)

Instruksjon for bruk av fargar er no lagt inn ovanfor. --Eddi (Snakk) 10. apr 2005 kl. 0241 (UTC)

Mal for kunstige og ustabile grunnstoff endre

Ein del av dei tyngre grunnstoffa er så sjeldne / nyoppdaga / ustabile / farlege at dei ikkje er karakterisert fullt ut, og det kan bli mange eigenskapar som står tomme eller som (?) eller n.a. viss me brukar malen på desse. Etter idé frå nokre artiklar på en: meiner eg det kan vera praktisk med ein eigen mal for kunstige og ustabile grunnstoff. Eg skal sjå om det faktisk finst ein mal på en: som me kan ta utgangspunkt i, eller om dei berre brukar tabellar, men kom gjerne med forslag til innhaldet i ein slik «radioaktiv» mal.
For vidare diskusjon og forslag, sjå Wikipedia-diskusjon:Wikiprosjekt Grunnstoff. --Eddi (Snakk) 16. apr 2005 kl. 1416 (UTC)

Skala for molart volum og elektrisk konduktivitet endre

Ut frå grunnstoffartiklane der malen er brukt, ser det ut til at dei fleste molare voluma – dvs. alle unntatt gassane – ligg i kubikkcentimeter-området (1 cm³/mol = 10-6 m³/mol), og dei fleste konduktivitetane – dvs. alle metalla og nokre til – ligg i megasiemens-området (1 MS/m = 106 S/m). Difor har eg endra skalaen for molart volum frå m³/mol til cm³/mol, og konduktivitet frå S/m til MS/m, slik at det blir enklare å bruka malen. Instruksjonen ovanfor er endra i høve til dette, og alle artiklane følgjer snart. Eg skulle tru at kubikkcentimeter og megasiemens er like gode SI-einingar som kubikkmeter og siemens, så eg let kommentaren om SI stå som han er i malen. --Eddi (Snakk) 3. mai 2005 kl. 2235 (UTC)

Skala for tettleik endre

Eg føreslår at me vurderer om skalaen for tettleik skal endrast frå kg/m³ til kg/dm³ eller g/cm³, som vel er det vanlegaste for tettleik både i vitskapen og til kvardags. Slik får ein kanskje òg markert klarare kor mange siffer som er reelle. Tettleiken av vatn ved romtemperatur (ikkje STP) er til dømes omlag 1000 kg/m³ eller 1,00 kg/dm³ eller 1,00 g/cm³. (Malen vart stort sett skriven etter mønster frå en:, m.a. ei litt streng bruk av SI-einingar – t.d. m³/mol, S/m og kg/m³ – men etter litt praktisk bruk er eg kommen i tvil på fleire punkt.) Kva tykkjer andre, og kor kan me eventuelt finna ut kva som er mest rett? --Eddi (Snakk) 8. mai 2005 kl. 1434 (UTC)

Utval av eigenskapar og variablar i malen endre

Etter å ha brukt malen ei stund kan me gjerne ta til og diskutera kva for eigenskapar som eigentlig bør vera med. Sjølv om hovudpoenget med infoboksen må vera å presentera sentrale eigenskapar for kvart stoff, synest eg òg at det bør vera eit skjønnsomt utval av eigenskapar som dannar grunnlag for rask og enkel samanlikning av stoff. Lista må vera så lang at samanlikninga blir nyansert, men ikkje lenger enn at ein raskt kan danna seg eit heilkapleg inntrykk. Etter nærare vurdering må somme eigenskapar kanskje leggjast til, andre trekkjast frå. Eg har ingen forslag nett no, men eg set opp lister med det me allereie har gjort nedanfor, så kan me fortsetja etter kvart viss det blir aktuelt med meir. --Eddi (Snakk) 10. mai 2005 kl. 2245 (UTC)

Forslag til nye eigenskapar og variablar endre

  • Ioneradius (Aalen). Lagt til 6. mars 2005 (Eddi).

Stryking av eigenskapar og variablar endre

  • Stryk bilete som variablar, bruk kjemisk symbol og atomnummer i direkte link til commons (Aalen). Utført 9. mars 2005 (Eddi).
  • Stryk bakgrunnsfarge som variabel, rekna ut fargen frå kjemisk serie (Eddi). Utført 9. april 2005 (Eddi).

Isotoptabell endre

Isotoptabellen skulle ha blitt endra til wikitabell i staden for html-tabell. Da hadde nemlig det vori enkelt å endra han så han ser lik ut som resten av tabellen. Men viss eg endrar han nå vil mye bli feil av di at alle grunnstoffa har innlagte isotopar på html-format. Men noe å tenkje på? --KRISTAGAα-ω 12. juli 2005 kl. 14:06 (UTC)

Det kan henda det er mogleg å endra det ytre rammeverket for isotoptabellen til wiki i malen, sjølv om isotoptabellvariablane i artiklane er html. Eg har nett laga ein Mal:Grunnstoff/Testmal som kan brukast til uforstyrrande og til dels risikabel eksperimentering med malen. Det er i første omgang ein kopi av malen slik han er no, men så kan ein leika med han som ein vil, saman med leikestoffet Mal:Grunnstoff/Exemplicum. Ein kan til dømes testa koss dette med wikitabell verkar for isotoptabellar, og eventuelt koss ein enklast skal endra denne variabelen i alle artiklane. --Eddi (Snakk) 12. juli 2005 kl. 16:05 (UTC)

Nei, eg trur ikkje det går an å kombinere wiki- og html-koding i ein og samme tabell. Så skal han endrast må alt endrast, for kvart grunnstoff. Det finst au automatiske omformarar, to av disse tre virkar bra: [1] [2] [3] (Ein må bare teste og sjå kven som gjør jobben best.) --KRISTAGAα-ω 12. juli 2005 kl. 16:41 (UTC)

No har eg endra isotoptabell-rammeverket til wiki-format i Mal:Grunnstoff/Testmal. Eg har samtidig endra Mal:Grunnstoff/Exemplicum slik at det er testmalen som blir brukt, men eg har latt variablane stå uendra, og isotoptabell-variabelen er framleis i html-format. Det ser likevel ut til å fungera. Kan du sjå om du får til det du hadde tenkt i tabellformatet ved å berre redigera malen? --Eddi (Snakk) 13. juli 2005 kl. 11:24 (UTC)

Jammen så funka det gitt. Da har eg lært noe nytt, wiki- og html-formatering lar seg kombinere. Ta ein kikk på testmalen nå, og si kva du synst. --KRISTAGAα-ω 13. juli 2005 kl. 13:10 (UTC)

Flotte greier! Eg skal sjå koss det verkar med wiki-format på isotoptabell-variabelen, og eventuelt leggja det inn i bruksrettleiinga lenger oppe og i blankoeksemplet Mal:Grunnstoff/Blank, så kan det brukast frå no av. Men det ser ut som me slepp å endra på dei artiklane som finst allereie. --Eddi (Snakk) 13. juli 2005 kl. 13:38 (UTC)
Eg prøvde å omforma isotoptabell-variabelen til wiki-format, men fekk det ikkje til å verka og gjekk attende til html-format. Det ser ut til å vera røyra (|) i wiki-formatet som uroar lista med variablar i kallet til malen. Viss ikkje det finst nokon omveg om røyrproblemet, lyt me visst senda tabellvariablar som html likevel. --Eddi (Snakk) 14. juli 2005 kl. 00:11 (UTC)

Standard bakgrunnsfarge i malen endre

Gråfargen som blei lagt inn som standard bakgrunnsfarge i malen (unntatt i den øvste boksen med periodesystem) passar ikkje heilt godt med alle tittel-bakgrunnsfargane. Sjå t.d. Hydrogen, Helium, Litium, Beryllium, Bor, Fluor, Aluminium, Scandium, Gadolinium, Thorium – alle ser ikkje like bra ut. Kan den nye standardfargen endrast litt, eller kan det leggjast inn kantar av noko slag rundt tittelboksane slik at det blir større kontrast med gråfargen? Om ønskeleg kan Mal:Grunnstoff/Testmal og Mal:Grunnstoff/Exemplicum brukast til prøving. --Eddi (Snakk) 12. juli 2005 kl. 16:05 (UTC)

Jepp, endra den bare tilbake til kvit. Det er ikkje store endringa, eg lot resten av den nye utsjånaden på rammene rundt stå. Kvitfarga kan lett skiftast ut med andre fargar viss ein vil. --KRISTAGAα-ω 12. juli 2005 kl. 16:33 (UTC)

Variabelnamna endre

Nokre av desse namna er ikkje nynorsk (hardhet -> hardleik, hardhetsskala -> hardleiksskala, fordampningsvarme -> fordampingsvarme, lydhastighet -> ljodfart). Eg har endra namna som vert viste, men namna åt variablane må også endrast ein eller annan gong. Det vert eit kjempearbeid å endra dei i kvar ein artikkel for hand - kjenner nokon ein snill bot som kan hjelpa? -- Arvind 22. okt. 2005 kl. 23:55 (UTC)
Ja, nokre av variabelnamna er dårlege, men dei er ikkje synlege i artiklane som nyttar malen, kun på sjølve malsida og i lista ovanfor. Der er det minimalt med trafikk, og eg meiner det ikkje er verdt bryet å endra dei, anten det skjer manuelt eller med robot. Eg har sjølvsagt ingenting imot om det blir gjort – så framt det skjer samtidig i malen og dei 75 artiklane som nyttar malen – men eg ser altså ikkje den store nytteverdien. Det blir for strengt å snakka om «må» her. (Dessutan bør denne diskusjonen flyttast lenger ned og ikkje stå innimellom instruksjonane.) --Eddi (Snakk) 23. okt. 2005 kl. 01:57 (UTC)

Alt for brei endre

Boksen er no alt for brei, er dette ein feil som har kome, eller er det tilsikta? --Ekko 06:39, 26 juli 2007 (CEST)

Tilbake til siden «Grunnstoff».