Wikipedia-diskusjon:Wikiprosjekt Grunnstoff

Flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset Guttorm 22. jun 2005 kl. 1241 (UTC)

Eg har laga ein Mal:Grunnstoff og testa han på Mal:Grunnstoff/Exemplicum. Malen skal gjera det enkelt å skriva infoboksar med eigenskapar i grunnstoff-artiklane. Gå gjerne og sjå koss det ser ut, åpna både malen og testsida i redigeringsmodus, og gje tilbakemelding om kva de syns. Viss det er semje om det, kan me samarbeida om å innføra malen på dei ulike grunnstoffa. For vidare diskusjon, sjå Diskusjon:Grunnstoff og Maldiskusjon:Grunnstoff. --Eddi (Snakk) 26. feb 2005 kl. 1951 (UTC)


No er det oppretta eit Wikipedia:Wikiprosjekt Grunnstoff for å organisera innhaldet i artiklar om grunnstoff betre. Me vonar at dette prosjektet kan vera med og fokusera innsatsen på dette området. Viss du har lyst til å bidra, meld deg som prosjektdeltakar og sjå på diskusjonssida kva som kan gjerast. --Eddi (Snakk) 3. apr 2005 kl. 1644 (UTC)


Innhald endre

Kva meiner de bør vera med i ein grunnstoffartikkel? Mange eigenskapar er vist i tabellen, men ein bør vel ha med litt om bruk, produksjon, historie og anna. Aalen22x 3. apr 2005 kl. 1529 (UTC)

I tillegg til det du nemner bør det stå noko om førekomst, reaktivitet, sambindingar, isotopar og namngjeving (norsk, engelsk, latin, ...) Kva med opplysningar om tryggleiken til stoffet? --Eddi (Snakk) 9. apr 2005 kl. 0343 (UTC)
Eg har sett opp eit forslag til struktur på artiklane (sjå prosjektsida), med infoboks, innleiing, avsnittsoverskrifter m.m. --Eddi (Snakk) 9. apr 2005 kl. 2113 (UTC)

Kategoriar endre

Eg har byrja å legga grunnstoffartiklane i kategoriar etter den kjemiske serien, men er usikker på om eg i tillegg burde legga dei direkte under kategori:grunnstoff og kategori:metall for metalla. Sånn eg ser det er det naturleg at jern ligg rett under metall, men kanskje ikkje at zirkonium gjer det. Aalen22x 3. apr 2005 kl. 1529 (UTC)

Eg tykkjer alle grunnstoffa bør kategoriserast direkte under kategori:grunnstoff, og i tillegg under dei kjemiske seriane, t.d. kategori:transisjonsmetall. Når det gjeld metall kan det henda det blir litt i overkant å ha tre kategoriar på kvart stoff, t.d. for zirkonium både grunnstoff, metall og transisjonsmetall. Eg føreslår at dei fleste metalla berre får to kategoriar, men at særleg godt kjende og historiske metall (t.d. gull, sølv og jern) kan ha tre kategoriar. --Eddi (Snakk) 9. apr 2005 kl. 1529 (UTC)

Flytting frå Metall til Uedle metall? endre

Kunne det hatt noko føre seg å flytta metalla i p-blokka (d.e. aluminium, gallium, indium, tinn, thallium, bly og vismut) frå Kategori:Metall til ein ny Kategori:Uedle metall? Dermed kunne Kategori:Metall verta ein meir uniform paraply-kategori for dei andre metall-kategoriane. Vil det i så fall vera praktisk, og vil det vera vitskapleg korrekt? Så kan ein på ny diskutera om kvart metall skal ha to eller tre kategoriar. --Eddi (Snakk) 24. jun 2005 kl. 1630 (UTC)

Det ville vera praktisk å flytta dei til Kategori:Uedle metall. Eg trur alle metalla i p-blokka er uedle, men det er óg mange av transisjonsmetalla. Derfor er eg usikker på kor riktig det blir. Aalen 28. juli 2005 kl. 18:13 (UTC)

Korrektulesing og finpuss endre

Etter å ha oppdaga feil i kodinga av elektronkonfigurasjon i en del artiklar (altså ikkje i malen), har eg ordna dette på alle plassar der grunnstoffmalen er brukt til no. I tillegg har eg flikka på formatering og korrigert ein del verdiar, særleg temperaturar, ioniseringspotensial og isotoptabell. Men eg er ganske sikker på at det framleis er både små og store feil i fleire av tala – det er berre slik det blir når så mange tal skal skrivast inn. Kunne me laga eit system for korrekturlesing med utgangspunkt i visse kjelder, og merka dei korrekturleste artiklane på noko vis? --Eddi (Snakk) 14. apr 2005 kl. 2205 (UTC)

Korrekturlesing er ein god ide. Har du forslag til kjelder me kan bruka? Eg pleier å finna tal i eit periodesystem frå VWR Sargent Welch, men det er ikkje alltid brukt SI-einingar. Aalen 15. apr 2005 kl. 1946 (UTC)

I tillegg til en: nyttar eg gjerne SI Chemical Data («SI Data») (Aylward G, Findlay T; 3. ed. 1994; John Wiley & Sons), som er basert på diverse andre kjelder, og som inneheld alt som trengst unnateke farge, hardhet, damptrykk, lydfart og isotopeigenskapar. Det vil seia, eg tek ikkje så mange tal direkte derfrå, men brukar dei gjerne for å sjå om en: heng på greip. Ofte har en: fleire desimalar, så eg let dei stå når det tydeleg er snakk om same talet. Når det manglar noko eller ser ut til å vera feil, prøver eg å finna det i SI Data eller søk på nettet.

Men for fellesskapet sin del og for at andre skal kunna gå artiklane i saumane, burde me kanskje ha ei felles, ikkje altfor lang liste over nokolunde pålitelege kjelder på nettet, som me kunne bruka til både artikkelskriving og etterkontroll. Eg byrjar på ei liste over kjelder nedanfor. Ved kontroll kan ein til dømes sjekka to uavhengige kjelder, og viss begge er like så er det greit, elles bør ein gjerne sjekka fire kjelder og la fleirtalet styra. (Det spørst vel korleis me kan avgjera kven som er uavhengige av kvarandre, men det får me kanskje ta på magekjensla.) Etter kontroll kan ein skriva kjelde(r) i HTML-kommentar ovanfor eller nedanfor infoboksen, eller rett ut nedst i artikkelen.

Ved nærare ettertanke trur eg riktignok me bør få på plass endå fleire grunnstoffartiklar, og leggja inn malen i dei me allereie har, før me brukar altfor mykje tid på kontroll. Kva tykkjer andre? --Eddi (Snakk) 8. mai 2005 kl. 1332 (UTC)

Det er fint å ha ei liste over kjelder. Eg er óg eining i at det viktigaste no er å få på plass artiklane. Aalen 18. mai 2005 kl. 1027 (UTC)

Kjelder på nettet endre

Mal for kunstige og ustabile grunnstoff endre

Ein del av dei tyngre grunnstoffa er så sjeldne / nyoppdaga / ustabile / farlege at dei ikkje er karakterisert fullt ut, og det kan bli mange eigenskapar som står tomme eller som (?) eller n.a. viss me brukar malen på desse. Etter idé frå nokre artiklar på en: meiner eg det kan vera praktisk med ein eigen mal for kunstige og ustabile grunnstoff. Eg skal sjå om det faktisk finst ein mal på en: som me kan ta utgangspunkt i, eller om dei berre brukar tabellar, men kom gjerne med forslag til innhaldet i ein slik «radioaktiv» mal.
Dette emnet er òg omtalt på Maldiskusjon:Grunnstoff, men eg føreslår at me tek diskusjonen her på prosjektsida inntil vidare. --Eddi (Snakk) 16. apr 2005 kl. 1416 (UTC)

Ugjorte eller pågåande gjeremål endre

Desse gjeremåla er henta frå målsetjingane på prosjektsida.

Laga artiklar om alle grunnstoffa endre

Grunnstoff sortert etter atomnummer (raude lenker viser kva som eventuelt manglar; dei blir blå etter kvart som artiklane er oppretta):

Ordna artiklane i kategoriar endre

Grunnstoffa bør kategoriserast direkte under kategori:grunnstoff, og i tillegg under dei kjemiske seriane.

Dei fleste metalla kan plasserast i to kategoriar, dvs. grunnstoff og ein av metallseriane. Særleg godt kjende og historiske metall (t.d. gull, sølv og jern) kan ha tre kategoriar, dvs. grunnstoff, metall og transisjonsmetall.

Vedlikehalda grunnstoffmalen og bruka denne i artiklar endre

Eksisterande artiklar der malen ikkje er brukt enno (stryk frå denne lista etter kvart som malen blir lagt inn):

Artiklar der malen er brukt (skriv opp i denne lista etter kvart som malen blir lagt inn):

Laga artiklar om dei kjemiske seriane endre

Vedlikehalda periodesystemet, grunnstofflista og isotoptabellen endre

Laga artiklar om gruppene, periodane og blokkene i periodesystemet endre

Tilbake til prosjektsiden «Wikiprosjekt Grunnstoff».