Malvern Hills er ei åsrekkje i dei engelske grevskapa Worcestershire, Herefordshire og eit lite område nord i Gloucestershire, som dominerer den omliggande landsbygda og byane og landsbyane i Malvern. Frå den høgaste toppen i åsane har ein flott utsyn over Severndalen med åsar i Herefordshire og dei walisiske fjella, delar av tretten grevskap, Bristolkanalen og katedralane i Worcester, Gloucester og Hereford. Malvern Hills har vorte utpeikt av Countryside Agency som eit Område av særleg ven natur, og er den mest populære turistattraksjonen som er gratis i Vest-Midlands. I 2006 vart Worcestershire County Council, landrådet, gjeve 770 000 pund av lotterifondet Heritage Lottery Fund [1] for å restaureringsarbeid og bevaring av området. Forvaltinga av høgdedraga er underlagt Malvern Hills Conservators.

Malvern Hills
Area of Outstanding Natural Beauty
Malvern Hills i juni, mot nord
Land  England
Grevskap Gloucestershire, Herefordshire, Worcestershire
Stad West Midlands
Høgaste punkt
 - stad Worcestershire Beacon
 - høgd 425 moh.
Geologi Vulkansk, metamorft, prekambrium
Planter bregne, gulltorn, blåklokke
Dyr musvåk, songlerke
Styre Malvern Hills Conservators
Malvern Hills AONB Partnership
Kart
Malvern Hills
52°05′00″N 2°20′00″W / 52.083333333333°N 2.3333333333333°W / 52.083333333333; -2.3333333333333
Wikimedia Commons: Malvern Hills
Nettstad: www.malvernhillsaonb.org.uk

Geografi endre

 
Lokalisering av Malvern Hills innanfor England

Malvern Hills går nord og sør i omtrent 13 km mellom Great Malvern og landsbyen Colwall og med utsyner over elva i Severndalen i aust og med åsryggane Cotswolds bortanfor. Det høgaste punktet for høgdedraga er Worcestershire Beacon som er 425 meter over havet (OS Grid referanse SO768452). Åsane er berømte for deira naturlege mineralkjelder og brønnar, noko som var grunnen for utviklinga av Great Malvern som kurbad tidleg på 1800-talet. Vatn frå Malvern blir tappa og selt kommersielt i stort mengd både i Storbritannia og verda over.

Det er tre overgangar over åsryggene, Wyche ved vegen A438 nord for åsen Raggedstone og vegen A449 akkurat nord for Herefordshire Beacon, ei bygdeborg frå jernalderen på toppen av høgda. Staden vert rekna å gå tilbake til tida før år 0 og har vorte omfattande utvida i tida etter av ei festning frå mellomalderen. Dei omfattande jordverka har derimot vorte ståande klart synleg den dagen i dag og har forma åsen.

Geologi endre

Malvern Hills har forma ein del av dei aller eldste bergartene i England, hovudsakleg magmatisk- og metamorf bergarter frå sein prekambrium, det vil seie rundt 600 millionar år gammal. Malvern Line eller Malvern Lineament er det namnet som er gjeve til ein nord-sørleg retta aksialt lineament som går gjennom Malvern Hills og strekkjer seg sørover mot Bristol og nordover forbi Kidderminster. Han består av ei rekkje av forkastingar og foldar som har den effekten at han fører gammal bergarter opp til overflata. Ved å vere hard magmatisk berg har dei motstådd erosjonen betre enn det omliggande landet og har gjeve skarp linje av åsar og der Malvern Hills er den mest framståande. Denne linja er rekna som markeringa av ytterkanten av to terranar – to ein gong fråskilde fragment av jordskorpa som i dag er sameint som eit stykke – Wrekin-terranet i vest og Charnwood-terranet i aust.

Det er ei særs lita grotte i nærleiken av ryggen til åsane kalla for Clutter's Cave (eller Waum's Cave etter kjelda som ein gong låg nedanfor han.)

Historie endre

Namnet Malvern – opphavleg gjeve for åskammen som ein heilskap – er av brytonisk (gammelwalisisk) opphav, moel fryn i tydinga «nakne eller skalla åsen». Høgdene på åsane var gode forsvarspunkt. Herefordshire Beacon er kjent som British Camp, «den britiske leiren», som leivningane av ei stor bygdeborg frå jernalderen og ligg på toppen av åsen. I mellomalderen låg høgdene innanfor den kongeleg jaktskogen der det vart jakta på hjort.

Malvern Ridge marker grensa mellom dei angelsaksiske kongedømma Hwicce og Magonsætan. Åsryggen forma òg den tradisjonelle fylkesgrensa mellom Herefordshire og Worcestershire. Munkane ved klostret i Great Malvern tappa på flaske det første kjeldevatnet ved Holy Well («Heilage brønnen») i 1622. Det er den tidlegaste dokumentasjonen av vatn på flaske i Storbritannia.

I 1884 vart Malvern Hills Conservators etablert ved ein lov frå Det britiske parlamentet for å verne dei naturlege aspekta til åsane og verne dei frå inntrenging og utbygging. Likevel hadde det på denne tida alt byrja igangsett steinbryting i stor stil. Steinverk var i gang på 1870-talet ved Tank Quarry og ved Little Malvern av Pyx Granite Company. Konservatorar for åsane dreiv lobbyverksemd i parlamentet for å få ei lov som avgrensa utnytting og rovdrift og sjølv om ei andre lov vart vedteke i 1924 var forskrifta i stor grad ikkje effektiv. Steindrift heldt fram til 1966 og landskapet vart ugjenkalleleg endra.[2] Steindrifta har òg skap habitat for froskar, padder, salamanderar og andre små dyr. Dei nye klippene har gjeve stader som eignar seg for reirbygging for falker og andre fuglar. Ein del av områda der dei har vore steindrift har det vore fleire ulukker.

Malvern Hills i kulturen endre

Malvern Hills var inspirasjonen og settinga for det berømte religiøse og politiske diktet om Piars Plowman («Per Plogmann») frå 1362 skriven av ein William Langland. Den tidlegaste poetiske visinga til Malvern Hills skjer i diktet And on a Maye mornynge on Malverne hyllast.[3] William Langland, den antekne forfattaren, var moglegvis utdanna ved klostret i Great Malvern.

Den engelske komponisten Edward Elgar, som sjølv var frå området, hadde mange spaserturar, sykla, og etter sigande fauk drake over åsane. Han skreiv ein kantate i 1898 kalla Caractacus som hadde referansar til ei populær legende om den keltiske krigsherren Caratacus si siste forsvarstilling ved bygdeborga. I 1934, i løpet av den siste sjukdomen til komponisten, fortalde han til ein ven: «Om du nokon gong etter at eg er daud høyrer nokre plystre denne melodien (opningstemaet til hans cellokonsert) på Malvern Hills, ikkje bli redd. Det er berre meg.» [4]

Komponistane Herbert Howells og Ivor Gurney pleidde òg å ta lange spaserturar saman ved Cotswold Hills og området, blant anna det storslegne utsyna av Malverns, hadde ein gjennomgåande inspirasjon for musikken deira. Howells dedikerte det første viktige verket sitt, Pianokvartett i a-moll (1916), til «åsane av Chosen (Churchdown) og Ivor Gurney som kjenner det».[5]

I boka Early British Trackways («Tidlege britiske stigar») hevda Alfred Watkins at han trudde at ein «ley line» (ein påstådd oppstilt geografisk linje av eksempelvis oldtidsstader) gjekk gjennom Malvern Hills via fleire brønnar, blant anna St Ann's Well, Holy Well, Walms Well og St. Pewtress Well.[6]

Poeten W.H. Auden underviste i tre år ved The Downs School i Colwall i Malvern Hills. Han var tre år ved skulen på 1930-talet og skreiv nokre av sine fremste tidlege kjærleiksdikt der, inkludert This Lunar Beauty; Let Your Sleeping Head; My Love, Fish in the Unruffled Lakes; og Out on the Lawn I Lie in Bed. Han skreiv òg eit langt dikt om åsane og utsikta frå dei, kalla ganske enkelt The Malverns.

J.R.R. Tolkien fann inspirasjon i landskapet her. Han vart introdusert til området av C. S. Lewis som førte han hit for å møte George Sayer, rektor i engelsk ved Malvern College. Seyer hadde vore student av Lewis og vart biografen hans, og saman med dei gjekk Tolkien turar i Malvern Hills. Utdrag frå Hobbiten og Ringenes Herre vart innspelt på band i Malvern i 1952 heime hos George Seyer. Innspelingane vart seinare utgjeve på LP-plate.[7] På omslagsteksten for J.R.R Tolkien Reads and Sings his The Hobbit & The Fellowship of the Rings, skreiv George Sayer at Tolkien ville gjenoppleve boka som då dei spaserte og samanlikna delar av Malvern Hills til dei fiktive Kvite fjella i Gondor.[8]

Malvern Hills er bakteppet for Penda's Fen, eit britisk fjernsynsteater skrive av David Rudkin og regissert av Alan Clarke for BBCs dramaserie Play for Today. Det fortel historia om Stephen, ein son av ein prest som har visjonar om englar, Edward Elgar og kong Penda, den siste heidenske herskaren av England.[9] Den siste scena i stykket kor hovudpersonen har ein oversanseleg oppleving av «Englands mor og far» er plassert ved Malvern Hills.[10]

«Malvern Hills» er den tredje novella hos den japansken-engelske forfattaren Kazuo Ishiguros samling Nocturnes (2009).

Kjelder endre

  1. Heritage Lottery Awards[daud lenkje].
  2. Tank Quarry Malvern
  3. Skeat, W. W. (1886): Langland, Piar sine the Plowman, Clarendon Press
  4. Elgar - Hi sine Music Cello Concerto
  5. Bua, Anthony: Ivor Gurney: A Biographical outline Arkivert 2015-03-06 ved Wayback Machine.
  6. Watkins, A. (1921): Early British Trackways, Moats, Mounds, Camps, and Sites.
  7. Humphrey, C. (1977): Tolkien: A Biography New York: Ballantine Books. ISBN 0-04-928037-6
  8. Sayer, G: J.R.R Tolkien Reads and Sings his the Hobbit and the Fellowship of the Rings, Caedmon 1979 (basert på innspelingar frå august 1952 av George Sayer)
  9. Rolinson, D. (2005): Alan Clarke, Manchester University Press, ISBN 0-7190-6830-4 Screenonline: Penda's Fen (1974)
  10. Rudkin, David (1998): Sacred Disobedience: an expository study of dramaa til hi 1959-96 by David Ian Rabey, Oxford, Routledge, ISBN 90-5702-126-9

52°05′N 2°20′W / 52.083°N 2.333°W / 52.083; -2.333