Klatreparula

art av sporvefuglar
(Omdirigert frå Mniotilta)
Klatreparula
Foto: Tony Castro
Foto: Tony Castro
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiing: Gult er hekkeområdet, blått er vinterkvarter
Utbreiing: Gult er hekkeområdet, blått er vinterkvarter
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Parulafamilien Parulidae
Slekt: Mniotilta
Art: Klatreparula M. varia
Vitskapleg namn
Mniotilta varia

Klatreparula (Mniotilta varia) er ein liten sporvefugl i parulafamilien. Han hekkar i austlege Nord-Amerika, er ein langdistansetrekkfugl som overvintrar i sørlege område av USA, og over det meste av Mexico, Mellom-Amerika, Karibia og godt inn i nordlege Sør-Amerika.

Slektsnamnet Mniotilta kjem frå gammalgresk mnion, som tyder «tang», og tillo, «å plukke». Namngjevaren Vieillot omsette det første ordet feil, trudde mnion tydde «mose». Artsnamnet varia er frå latinsk varius, som tyder «har markeringar i ulike farger».[1]

Denne arten er ikkje så vel studert som mange andre i parulafamilien.[2]

Skildring endre

 
Klatreparula,
Foto: Flickr-brukar Mike's Birds

Klatreparula er 11 til 13 centimeter i kroppslengd med en masse på 8 til 15 gram.[2]

I samsvar med det engelske namnet har dei svart og kvit fjørdrakt. Begge kjønna har svarte og kvite kroner med eit breitt, kvitt augebryn, svarte striper ned mot ein kvit buk, svarte venger med to kvite vengband, ein svart hale, ein svart-kvit stripa rygg, grå-svarte bein og føter. Hannar i hekkedrakt har ein svart-kvit stripa hals og svart kinn, medan hoene har meir grått i kinn og kvitkremfarga hals og sider. Hofuglar og unge fuglar liknar, men med litt meir avdempa kontrastar i stripene enn hannar.

Denne songaren kan forvekslast med svarthetteparula (Setophaga striata) som òg har svart og kvitt i sommarfjørdrakta, men har ei solid svart hette, kvite kinn og oransje bein.[3]

Taksonomi endre

Linné skildra klatreparula (Mniotilta varia) i 1766. I systematikken er arten einsleg i slekta Mniotilta og har ingen underartar.

Han er kjent for å hybridisere med asurparula (Setophaga cerulea) og hemlokkparula (Setophaga fusca). Klatreparula blir trudd å vere nærskyld til slekta Setophaga.[4]

Habitat og distribusjon endre

Han lever vanlegvis i lauvskog i hekkeområdet, men blir meir ein habitatgeneralist i overvintringsområdet.[2]

Føretrekte skogtypar til hekking inkluderer lauvskog og blandeskog, og nokon gonger våtare område med sumpskog.

Overvintringshabitatet kan variere frå mangrovar til våt, tørr og tåkeskog. [2] Dei førekjem òg i kaffiplantasjar og hagar med skugge.[5]

Hannane er territoriale både i sommar- og vinterhabitat.

Utbreiing

Klatreparula hekkar i nordlege til austlege Nord-Amerika. Det spenner frå sørlege Nordvestterritoria og nordlege Alberta i vest, austover gjennom Canada til øya Labador, i dei austlege statane nord for Florida i USA og inn i nordaustre Texas. Overvintringa skjer i Florida, Mexico, Mellom-Amerika, Karibia og i dei søramerikanske landa Venezuela, Colombia og ned til nordlege Peru.[2] IUCN anslår omfanget av utbreiingsarealet til 11 500 tusen km2.[3]

Spontant i Noreg

Det finst berre ei godkjent registrering av myrteparula i Noreg. Den er frå september 2020, Hå kommune i Rogaland.[6][7] Han er elles ein sporadisk streiffugl i Storbritannia, Island, Færøyane og Irland.[4]

Bevaringsstatus

IUCN klassifiserer klatreparula som livskraftig (LC) på grunn av utbreiingsområde og populasjonsstorleik. Likevel er bestanden avtakande.[8] Tap av habitat og degradering, spesielt skogfragmentering, er dei viktigaste faktorane som medverkar til tilbakegangen.[2]

Levevis endre

Denne fuglen lever av insekt og andre leddyr, inkludert lepidopteranlarver, biller, maur og vevkjerringar. I motsetnad til andre songarar, beitar han liknande ei spettmeis eller ein trekrypar, han kryper opp og ned langs trestammar og greiner. Her søkjer han føda under eller i borken. Korte bein og lang baktå er tilpassingar til denne beitesmetoden. [2] Under trekket vil klatreparulaer nokon gonger delta i fleirartsflokkar.

Songen er rytmisk med høgfrekvente gjentakande wi-si wi-si wi-si wi-si wi-si eller skviky, skviky, skviky. Han har òg rop med varierande læte.[2]

Klatreparula er ein av dei første songarane som kjem hekkeområda. Egglegging kan ta til i midten av april lengst sør og i mai og tidleg juni lengre nord. Hannane er territoriale og forsvarar territoriet sitt, både ved å synge, jage konkurrentar bort og lokke ein hofugl.[2] Reiret blir lagt på bakken og dei legg 4–5 egg. Rugeperioden varer 10 til 12 dagar, og berre hofuglar gjer ruginga. I denne perioden kan hannar mate hoa. Begge foreldra tar omsut for ungane. Ungen forlèt reiret etter 8 til 12 dagar, og held seg rundt reiret medan dei forbetrar flygeevna. I denne tida blir foreldra verande i nærleiken.[2]

Reira blir ofte besøkt av brunhovudtrupial som er ein kjent reirparasitt på mellom anna klatreparula.[2]

Kjelder endre

Referansar
  1. Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London, United Kingdom: Christopher Helm. s. 257, 398. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 Kricher, J. C. (2020). Black-and-white Warbler (Mniotilta varia)), version 1.0. I Birds of the World (red A. F. Poole). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. Henta 3. oktober 2020
  3. 3,0 3,1 Harrison, Hal H. (1984). Wood warblers' world. New York: Simon and Schuster. s. 205–211. ISBN 978-0671477981. OCLC 10430019. 
  4. 4,0 4,1 Dunn, Jon; Garrett, Kimball (1997). A field guide to warblers of North America. National Audubon Society, National Wildlife Federation, Roger Tory Peterson Institute. Boston: Houghton Mifflin Co. s. 411–418. ISBN 978-0395783214. OCLC 36549138. 
  5. Sherry, Thomas W.; Johnson, Matthew D.; Williams, Kelly A.; Kaban, Jordana D.; McAvoy, Caroline K.; Hallauer, Amanda M.; Rainey, Shannon; Xu, Sen (2016). «Dietary opportunism, resource partitioning, and consumption of coffee berry borers by five species of migratory wood warblers (Parulidae) wintering in Jamaican shade coffee plantations». Journal of Field Ornithology (på engelsk) 87 (3): 273–292. ISSN 1557-9263. doi:10.1111/jofo.12160. 
  6. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 3. oktober 2019. 
  7. Ove Heimsvik (24. september 2020). «Fuglesensasjon på Jæren». Stavanger aftenblad. 
  8. IUCN (2016). «Mniotilta varia: BirdLife International». IUCN Red List of Threatened Species. doi:10.2305/iucn.uk.2016-3.rlts.t22721758a94729210.en. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Klatreparula