Monument av KEiiNO

«Monument»
Song av KEiiNO
Land Noreg
Språk Engelsk, nordsamisk
Utgjeve 14. januar 2021[1]
Sjanger Elektropop, elektronisk dansemusikk, rap, joik, folk
Lengd 03:05
Selskap KEiiNO AS
Låtskrivar(ar) Tom Hugo Hermansen, Alexander Nyborg Olsson, Fred Buljo, Alexandra Rotan og Rüdiger Schramm

«Monument» er ein norsk elektropopsong frå 2021 med gruppa KEiiNO. Songen er skriven av dei tre medlemmane i gruppa Tom Hugo Hermansen, Fred Buljo og Alexandra Rotan, saman med Alexander Nyborg Olsson og Rüdiger Schramm. Låten vart utgjeven 14. januar 2021 og kom på andreplass i Melodi Grand Prix 2021. Hausten same år kåra fanorganisasjonen OGAE «Monument» til det beste ikkje-vinnande bidraget frå ein nasjonal Eurovision-utveljing i 2021.

Om songen endre

«Monument» vart skriven sommaren 2020 av KEiiNO saman med låtskriveren Alexander Nyborg Olsson og tyske Rüdiger Schramm.[2] Ifølgje Tom Hugo Hermansen skreiv dei låten i ei enkel hytte langs norskekysten, og han vart produsert av Hermansen og Rüdiger Schramm i Berlin og Kristiansand.[2] For å gje låten eit «monumentalt lydbilete», omfattar innspelinga eit live band, ei rekkje lydsampel og strykarar frå musikarar i Kristiansand Symfoniorkester.[2]

Det same låtskrivarlaget stod òg bak «Spirit in the Sky», som gruppa vann Melodi Grand Prix med i 2019. Låten vann òg telefonavrøystinga i Eurovision Song Contest same år, men enda på ein sjetteplass samanlagt etter å ha vorte nummer 18 i juryavrøystinga.«Spirit in the Sky» toppa seinare VG-lista og gjekk inn på hitlister over heile Europa.[3] Ifølgje Hermansen vart «Monument» skriven med tanke på å kunne slå an hos både sjåarane og juryane i ein eventuell Eurovision-finale.[4]

Hausten 2020 vart «Monument» plukka ut av NRK til å delta i finalen i Melodi Grand Prix 2021. KEiiNO vart offentleggjort som deltakarar 11. januar, og «Monument» vart sloppen tre dagar seinare.[5] Gruppa framførte låten fyrste gong live under den fyrste delfinalen laurdag 16. januar 2021.[6]

Melodi Grand Prix endre

«Monument» var eit av 26 bidrag som deltok i Melodi Grand Prix 2021, der vinnaren fekk representere Noreg i Eurovision Song Contest i Nederland i mai 2021. Låten var direktekvalifisert til MGP-finalen laurdag 20. februar 2021, men gruppa framførte songen under pausen i den fyrste delfinalen ein månad tidlegare. I finalen enda «Monument» på andreplass, bak vinnaren TIX og «Fallen Angel».[7]

Mottaking endre

Norske musikkmeldarar var stort sett positive til låten, og både Dagbladet og NRK gav songen terningkastet 5, medan VG gav terningkast 3. Musikkmeldaren i Dagbladet Anders Grønneberg skildra «Monument» som «rivende, mystisk og drømmende med glassklar kvinnevokal. Her viser KEiiNO en stolthet, kraft og storhet som kan gi dem billett til finalen i Nederland i mai».[8] Musikkmeldaren i NRK Espen Borge meinte songen var ein «intens og kompromissløs dance-låt som satser en del på at Europa også i 2021 lar seg sjarmere av urfolkspråk fra det vakre nord».[9] Meldaren i VG var meir lunken og karakteriserte songen som meir «hardkjernet elektronisk pop enn 'Spirit in the Sky'», men la til: «Den mangler fullt et he-lo e loi-la. Og et refreng en virkelig husker».[10]

Etter utgjevinga kom «Monument» inn på den norske topplista på Spotify og nådde ein åttandeplass på den offisielle hitlista i Noreg, VG-lista.[11][12]

OGAE Second Chance Contest endre

Kvart år arrangerer fanorganisasjonen OGAE ein konkurranse for songar som ikkje vann sin nasjonale finale til Eurovision Song Contest. Tevlinga heiter OGAE Second Chance Contest og har vorte organisert årleg sidan 1987. Tevlinga går ut på at deltakarland med nasjonale finalar deltek med eitt av dei ikkje-vinnande bidraga.[13] Den norske Grand Prix-klubben valde «Monument» som det norske bidraget.[14] Til saman deltok 14 låtar i OGAE Second Chance Contest 2021.

Tevlinga er berre ei digital hending, og OGAE-klubbane røyster på bidraga i Eurovision-stil, altså i poenga 1–8, 10 og 12 poeng. «Monument» vann ein klår siger med 441 poeng, 88 poeng føre Eric Saade og «Every Minute» frå Sverige i Eurovision Song Contest.[15] Dette var fjerde gongen Noreg vann tevlinga; sist gong var i 2013 med Adelén og «Bombo».[16]

Tekst og tema endre

Låtskrivaren Alexander Nyborg Olsson har sagt at «Monument» handlar om viktige augneblikk og sentrale personar i ein livssyklus. «Sangen handler om dem som beriker andres liv uten å motta medaljer eller å få gater oppkalt etter seg».[2]

Musikkvideo endre

I oktober og november 2020 spela KEiiNO inn ein offisiell musikkvideo til «Monument», og videoen vart sloppen 4. februar 2021.[17][18] Videoen vart spela inn fleire stader i Noreg. Den norske naturen spelte hovudrolla, og fleire hundre reinsdyr hadde ei birolle i videoen.[18]

Bidragsytarar til musikkvideoen endre

  • Foto: Tobias Aasgaarden og Natural Light Earth
  • Produsentar: Tom Hugo og KEiiNO
  • Redigerer: Alex Holm
  • Farge- og ljosjustering: Håvard Småvik
  • Styling: Cårejånni Enderud

Innspelingsstadene var Lindesnes, Lysebotn, Haukeli, Vøringsfossen, Skåla, Slogen, Hoddevik, Vestkapp, Lofoten, Kautokeino og Alta.[17]

Bidragsytarar endre

Ifølgje krediteringar på Tidal.[19]

  • Rüdiger Schramm – produsent, låtskrivar, tekstforfattar, programmering, deltakande musikar
  • Tom Hugo – produsent, låtskrivar, tekstforfattar, ansvarleg produsent, deltakande musikar, vokal
  • Alexander Nyborg Olsson – låtskrivar, tekstforfattar
  • Alexandra Rotan – låtskrivar, tekstforfattar, vokal
  • Fred Buljo – låtskrivar, tekstforfattar, vokal
  • Andrea Christiane Berglihn – deltakande musikar, fiolin
  • Armando Toledo Aribu – deltakande musikar, fiolin
  • Håvard Kværne Hansen – deltakande musikar, trommer
  • Kjell Åge Stoveland – deltakande musikar, bratsj
  • Leonardo Sesenna – deltakande musikar, cello
  • Markus Bastøe – deltakande musikar, gitar
  • Thomas Berlin – deltakande musikar, programmering
  • Georg Tanderø – mastering, studiopersonell
  • Christer André Cederberg – lydmikser, studiopersonell
  • Jaran Gustavson – innspeling, studiopersonell

Listeplasseringar endre

Liste (2021) Høgaste

plassering

Noreg (VG-lista)[20] 8

Utgjevingshistorikk endre

Region Dato Format Merke Ref.
Diverse 14. januar 2021 Digital nedlasting, strøyming KEiiNO AS, distribuert av Caroline International [5]

Kjelder endre

  1. «Monument – Single by KEiiNO». Apple Music. Henta 6. februar 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Q&A: KEiiNO will sing "Monument" in Norway's Melodi Grand Prix 2021» (på engelsk). 11. januar 2021. Henta 6. februar 2021. 
  3. Sand, Camilla (11. januar 2021). «Her er de første ti artistene i MGP 2021» (på norsk bokmål). Henta 3. februar 2021. 
  4. Johannessen, NTB-Gitte (11. januar 2021). «Keiino stiller opp i Melodi Grand Prix på ny: – Vi krever ingen spesialbehandling». Henta 6. februar 2021. 
  5. 5,0 5,1 «Monument – Single by KEiiNO». Apple Music. Henta 6. februar 2021. 
  6. «KEiiNO – MONUMENT (Live Melodi Grand Prix Semi Final 1 2021)». NRK/KEiiNO via YouTube. 16. januar 2021. Henta 6. februar 2021. 
  7. Borge, Espen (20. februar 2021). «Tix vant MGP» (på norsk bokmål). Henta 21. februar 2021. 
  8. Grønneberg, Anders (15. januar 2021). «Burde aldri vært med» (på norsk). Henta 3. februar 2021. 
  9. Borge, Espen (16. januar 2021). «En kveld full av overraskelser» (på norsk bokmål). Henta 3. februar 2021. 
  10. «Blåsemafian til MGP-finalen: − Utrolig fett» (på norsk). 16. januar 2021. Henta 3. februar 2021. 
  11. «Keiino - MONUMENT - Spotify Chart History». Henta 6. februar 2021. 
  12. «'Monument' på VG-lista». VG Lista. 6. februar 2021. Henta 6. februar 2021. 
  13. «OGAE Second Chance Contest» (på engelsk). 15. april 2020. Henta 27. september 2021. 
  14. Thomassen, Morten (1. mars 2021). «Norges representant i OGAE Second Chance Contest valgt -» (på norsk bokmål). Henta 27. september 2021. 
  15. «OGAE Second Chance Contest 2021: Norway's KEiiNO wins with "Monument"» (på engelsk). 26. september 2021. Henta 27. september 2021. 
  16. «OGAE Second Chance Contest History» (på engelsk). 11. august 2016. Henta 27. september 2021. 
  17. 17,0 17,1 «KEiiNO - MONUMENT (Official Music Video) Norway MGP 2021». KEiiNO via YouTube. 4. februar 2021. Henta 6. februar 2021. 
  18. 18,0 18,1 «KEiiNO slipper musikkvideo til 'Monument'» (på norsk bokmål). ESCNorge. 4. februar 2021. Henta 6. februar 2021. 
  19. «Credits / MONUMENT / Keiino – TIDAL». Henta 24. januar 2021. 
  20. «KEiiNO». Henta 27. september 2021.