Nye Veier AS/Nye Vegar AS, er eit norsk statsaksjeselskap stifta 4. mai 2015.[4] Selskapet overtok frå 1. januar 2016 ansvaret for utbygging og drift av visse motorvegar frå Statens vegvesen. Selskapet er etablert som ein byggherreorganisasjon og skal i første omgang ha ansvar for å byggja ut Europaveg 39 mellom Kristiansand og Ålgård, Europaveg 18 og Europaveg 6 i Trøndelag og Mjøsregionen.[5]

Nye Vegar

Org.formAksjeselskap
Org.nr.915488099
BransjeVegarbeid, Infrastrukturplanlegging
Skipa4. mai 2015
EigarSamferdsledepartementet
HovudkontorKristiansand
LandNoreg[1]
Adm.dir.Ingrid Dahl Hovland (januar 2016)[2][3]
Nettstadhttp://www.nyeveier.no/

Samferdsledepartementet forvaltar eigarinteressene til staten, og samferdsleministeren er generalforsamlinga til selskapet.

Styreleiar er Rolf G. Roverud og øvrige styremedlemmar er Dag Morten Dalen, Eli Giske, Siri B. Hatlen og Harald V. Nikolaisen.[6] Hovudkontoret er lagt til Kristiansand.[7][8][9]

Skriveform endre

Kort tid etter lanseringa av Nye Veier vart namnevalet kritisert frå Noregs Mållag,[10] sidan skriveforma vei er bokmål/riksmål, medan «veg» er tillate både på bokmål og nynorsk. For å stagga denne kritikken har følgjeleg det offisielle namnet fått eit tillegg i Nye Vegar, som er nynorsk for Nye Veier.[11]

Kjelder endre

Referansar
  1. Norsk senter for forskningsdata, Forvaltningsdatabasen ID 57387, Wikidata Q7061260 
  2. «Ingrid Dahl Hovland ansatt som administrerende direktør i Nye Veier AS». regjeringen.no. 5. oktober 2015. Henta 6. august 2020. 
  3. «Aanesland blir Nye Veier-sjef»; vitjingsdato: 6. august 2020; kortnamn på forfattar: Christian Aarhus; utgjevingstidspunkt: 18. desember 2019.
  4. «Nøkkelopplysninger fra Enhetsregisteret - Brønnøysundregistrene». w2.brreg.no (på norsk). 
  5. «Velkommen - Nye Veier AS». Nye Veier AS (på norsk bokmål). 
  6. «Rolf G. Roverud styreleder i regjeringens nye veiselskap». Regjeringen.no (på norsk). 4. mai 2015. 
  7. «Nye veier AS lokaliseres i Kristiansandsregionen». Regjeringen.no (på norsk). 27. juni 2015. 
  8. «Kristiansand kommune - Feiret at Kristiansand får veiselskapet». www.kristiansand.kommune.no. 
  9. «Nye Veier AS har flyttet inn i sitt nye hovedkontor i Kristiansand - Nye Veier AS». Nye Veier AS (på norsk bokmål). 16. november 2015. Arkivert frå originalen 5. mars 2016. Henta 5. februar 2018. 
  10. ”Nye vegar” byrd ikkje byggjast på bokmål åleine, arkivert frå originalen 5. januar 2016, henta 26. september 2018 
  11. «Nye Veier AS/Nye Vegar AS». Regjeringen.no (på norsk). 21. mai 2015. 

Bakgrunnsstoff endre