Springaren Sønnstaulen finst først og fremst i Telemark, der han er knytt til den eldste tradisjonen i Tinn. Namnet på slåtten er etter spelemannen Knut Sønnstaul, son av Brynjulv Olsson, første spelemann i området. Knut var bestefar til Knut Dale. Slåtten er og kalla Kjosen, noko som tyder på at han og finst i tradisjon etter Jon Kjos. Han ber dette namnet i Seljord. Nærliggjande former av slåtten finst i Hallingdal, der han oftast er kalla Kåte-Reiar eller Vissebrøten. Dette er ein gamal Tvibeitslått som har vore kjend i fleire område. Namnet Kåte-Reiar knyt slåtten til Sigdal med.

Variantgruppa

endre

Hovudgruppa har nr 475 i hardingfeleverket. Tre variantar står under nr 420.

420:

475:

.