Sparkle in the Rain
Sparkle in the Rain Studioalbum av Simple Minds | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 6. februar 1984 | |
Innspelt | September–oktober 1983 | |
Studio | Monnow Valley Studio i Rockfield og The Town House i London. | |
Sjanger | New wave | |
Lengd | 44:41 | |
Selskap | ||
Produsent | Steve Lillywhite | |
Simple Minds-kronologi | ||
---|---|---|
New Gold Dream (81/82/83/84) (1982) |
Sparkle in the Rain | Once Upon a Time (1985)
|
Singlar frå Sparkle in the Rain | ||
|
Sparkle in the Rain er det sjette studioalbumet til det skotske rockebandet Simple Minds, gjeve ut i februar 1984[1] på Virgin i Storbritannia og A&M i USA.
Albumet vart eit stort gjennombrot for bandet og gjekk heilt til topps på UK Albums Chart den 18. februar 1984,[2] og nådde topp 20 i fleire land verda over, som New Zealand,[3] Nederland,[4] Sverige,[5] Canada,[6] Sveits,[7] Tyskland,[8] Noreg,[9] og Australia. Albumet fekk stort sett god kritikk i Storbritannia og USA,[10] og selde til dobbel platinaplate i Storbritannia.[11]
Bakgrunn
endreDen musikalske retninga mot ein meir stadion-orientert stil kom fram under ei rekkje konsertar sommaren 1983, der Simple Minds spelte for store publikum i Europa.[12] Frontmannen Jim Kerr gjekk attende til ein naturleg hårstil og usminka andlet, og let «kva dei no skulle seie kome frå musikken.»[12] «Desse konsertane tok oss attende til den råaste tilstanden me kunne ha, trur eg», sa Kerr. «På stader som det, 50 000 folk, er det ikkje rom for diskresjon, og det er ikkje behov for det heller, og ingen der vil ha det.»[13] Dette føresåg at bandet kom til å kome i direkte kontakt med U2 for første gongen på den belgiske rockefestivalen Torhout-Werchter. Dei to banda kom godt overeins då dei møttest.[13] Kerr sa «me såg mykje av oss sjølve i dei og omvendt,» og nekta for skuldinga om at Simple Minds berre var eit band som følgde den «nye rocken» leia av U2.[14] «Me får stadig høyre at me var påverka av dei, men dei var like påverka av oss. Det kan vere i ein mykje meir subtil forstand, i dynamikken eller i nokre av lydane.»[13]
Ein ny song, «Waterfront», vart framført av bandet som utvalde «spesialgjester» på ein U2-konsert i Dublin i august 1983.[14] kort tid etter såg bandet seg om etter ein produsent for det komande albumet sitt. Dei prøvde først å få tak i Alex Sadkin frå Compass Point All Stars, som hadde arbeidd med Grace Jones, men han var oppteken.[15] Steve Lillywhite hadde derimot ønskt å arbeide med bandet ei stund, og han fekk jobben.[15]
Innspeling
endreI september 1983 reiste Simple Minds til Monnow Valley Studio i Rockfield, nær Monmouth i Wales,[16] for tre veker for å arbeide på nokre nye songar. Lillywhite vart med dei dei to siste vekene for å møte musikarane og føreslå nokre endringar i musikken.[17] Desse songane bestod av kring seks spor utvikla av bandet i eit platestudio kalla The Chapel i Lincolnshire i januar,[16][17] og andre lydklipp spelte inn i Nomis Studios i London før dei spelte i Dublin.[17] Dei fleste songane vart dramatiske endra i Rockfield.[17] Trommeslagaren Mel Gaynor var no blitt fulltidsmedlem i bandet og alle medlemmane i bandet bidrog til låtskrivinga.[18]
Gruppa flytta til Townhouse Studios i London i oktober,[16] Som produsent skilde Lillywhite seg ut frå Peter Walsh, som hadde produsert dei førre albuma, med å «kjenne på augneblikket» heller enn å følgje «førestillingar om korleis han ønskte at albumet skulle bli».[19] Han la òg meir vekt på at bandet arbeidde på musikken i lag, slik at dei i større grad påverka kvarandre under låtkrivinga enn dei hadde gjort tidlegare.[19]
Burchill samanlikna produksjonsstilen til Lillywhite med stilen og veremåten til filmregissøren Werner Herzog.[20] Studioarbeidet byrja vanlegvis klokka 11 om føremiddagen, og bandet syntest innspelingsprosessen vart repeterande, då dei måtte spele inn kvart spor mange gonger.[21] Dette første til at gruppa vart anspent og distrahert,[22] og Lillywhite bad dei stundom forlate studioet så han kunne arbeidde med miksinga.[21] Arbeidstittelen på albumet var Quiet Night of the White Hot Day,[23] som til slutt overlevde som ei tekstlinje på songen «White Hot Day».[24]
Musikk og tekst
endreSparkle in the Rain er generelt eit rockeorientert album og skil seg frå new wave-estetikken frå den kritikarroste føregangaren New Gold Dream (81–82–83–84).[25] Før albumet kom ut skildra Kerr Sparkle in the Rain som ei «kunstplate—kunst utan tårer med massevis av musklar».[23]
MacKenzie Wilson i AllMusic skildra seinare musikkstilen på albumet som: «Synth-rytmar bankar over new wave-ters-akkordane på gitaren til Charlie Burchill og dei svimlande basslinjene.»[26]
Utgjeving
endreFor å kunne gje albumet ut verda over samstundes, ønskte ikkje Simple Minds å gje albumet ut før jula 1983,[23] og valde i staden å gje ut Sparkle in the Rain den 6. februar 1984.[27] Den første britiske trykkinga av albumet kom på kvit vinyl, medan den kanadiske førsteutgåva var på klår vinyl. Alle andre utgåver var på vanleg svart vinyl.[28] Albumet gjekk rett inn på toppen av UK Albums Chart som den første førsteplassen deira,[2] og låg inne på lista i 57 veker. Berre Once Upon a Time låg lengre inne på lista.[29] Albumet nådde 14. plassen i Canada,[6] der det selde til gullplate for 50 000 selde eksemplar.[30] Albumet låg to veker på toppen av Den newzealandske albumlista, andreplassen i Sverige,[5] og Nederland.[4]
Det vart gjeve ut tre singlar frå Sparkle in the Rain som alle nådde topp 40 i Storbritannia. Den første var «Waterfront», som gjekk til topps i New Zealand.[31] Denne nådde òg 13. plassen på UK Singles Chart, og låg inne på lista i ti veker.[32] I dag er det ein av signaturlåtane deira.[33] Før albumet kom ut kom singelen «Speed Your Love to Me», som nådde tjuandeplassen i Storbritannia.[25] Den siste singelen «Up on the Catwalk», gjorde det dårlegare og nådde berre 27. plassen då han kom ut i mars 1984[25].
Virgin Records gav ut Sparkle in the Rain med ommastra lyd[34] den 21. oktober 2002. Kring 2006 vart åtte demoar frå albumet lekt på Internett.[35]
16. mars 2015 kom albumet ut ei luksusutgåve med fire CD-ar og DVD i ein boks. Denne inneheld B-sider og remiksar på plate 2, og konsert- og radioopptak på plate 3 og 4. DVD-en inneheld både DVD-Video og DVD-Audio. DVD-Video-laget inneheld ein kringlydmiks av albumet i både 5.1 DTS (24/96 - 1509 kbit/s) og 5.1 Dolby Digital (448 kbit/s), i lag med ein ny, høgoppløyseleg (LPCM stereo 24bit/96 kHz) stereomiks. DVD-Audio-låget inneheld ein ny, høgoppløyseleg (24/96), MLP-stereomiks og ein høgoppløyseleg (24/96), MLP-5.1-miks, i tillegg til tre musikkvideoar for singlane, og tre TV-framsyningar. Desse nye miksane vart laga av Steven Wilson i 2014 og mastra av Abbey Road Studios av Andrew Walter.
Samstundes med boksen kom ei Blu-Ray Audio-plate med den originale stereomiksen frå 1984 i lag med steroemiksen til Wilson frå 2014 og 5.1-kringlydmiksane.
Mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [36] |
Encyclopedia of Popular Music | [37] |
The Great Rock Discography | 8/10[38] |
Q | [39] |
Record Collector | [40] |
Rolling Stone | [41] |
The Rolling Stone Album Guide | [42] |
Sparkle in the Rain fekk stort sett god kritikk då det kom ut.[10] I USA skreiv Parke Puterbaugh for Rolling Stone og gav albumet fire av fem stjerner. Han skildra plata som det beste bandet hadde gjeve ut til då og at spelinga deira «vev eit komplekst nett av lyd frå dei mest usannsynlege partar: kyrkjeaktige, staccato klaverinstrument, blondeaktige arpeggio-gitarlinjer og svevande slør av feedback; og metalliske trommer.»[41] Puterbaugh oppsummerte Sparkle in the Rain som «Roxy Music-går-2001».[41]
Don Watson i NME meinte at ein så stor, rockeorientert stil kom negativt ut samanlikna med andre band, og kalla dei «U3» i meldinga si.[43] Den Toronto-baserte radiostasjonen CFNY-FM stemnde Sparkle in the Rain fram som det tredje beste albumet i 1984 etter Mirror Moves av The Psychedelic Furs og U2 sitt The Unforgettable Fire, men føreEcho & the Bunnymen sitt Ocean Rain og Frankie Goes to Hollywood sit Welcome to the Pleasuredome.[44]
I ei seinare melding for AllMusic gav MacKenzie Wilson albumet fire og ei halv av fem stjerner og sa at albumet var «det beste dei har laga så langt, og fangar eit tjukt havlandskap av strålande tekstar. Sparkle in the Rain er eit glimt av det som skulle kome frå Simple Minds.»[26]
Sparkle in the Rain vart oppført som det 100. beste skotske albumet i 2003 av avisa The Scotsman.[45]
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Simple Minds (Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Mel Gaynor, Michael MacNeil); utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Up on the Catwalk» | 4:45 |
2. | «Book of Brilliant Things» | 4:21 |
3. | «Speed Your Love to Me» | 4:24 |
4. | «Waterfront» | 4:49 |
5. | «East at Easter» | 3:32 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Street Hassle» | Lou Reed | 5:14 |
7. | «White Hot Day» | 4:32 | |
8. | «'C' Moon Cry Like a Baby» | 4:19 | |
9. | «The Kick Inside of Me» | 4:48 | |
10. | «Shake Off the Ghosts» (Instrumental) | 3:57 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Up on the Catwalk» | 4:45 | |
2. | «Book of Brilliant Things» | 4:21 | |
3. | «Speed Your Love to Me» | 4:24 | |
4. | «Waterfront» | 4:49 | |
5. | «East at Easter» | 3:32 | |
6. | «Street Hassle» | Lou Reed | 5:14 |
7. | «White Hot Day» | 4:32 | |
8. | «'C' Moon Cry Like a Baby» | 4:19 | |
9. | «The Kick Inside of Me» | 4:48 | |
10. | «Shake Off the Ghosts» | 3:57 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Waterfront» (Edit) | 4:47 | |
2. | «Hunter and the Hunted» (Live) | Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Michael MacNeil | 5:57 |
3. | «Waterfront» (Extended) | 5:52 | |
4. | «Speed Your Love to Me» (Edit) | 4:05 | |
5. | «Bass Line» | 4:42 | |
6. | «Speed Your Love to Me» (Extended) | 7:18 | |
7. | «Up on the Catwalk» (Edit) | 4:05 | |
8. | «A Brass Band in Africa» | 5:08 | |
9. | «Up On The Catwalk» (Extended) | 7:30 | |
10. | «A Brass Band in African Chimes» | 9:24 | |
11. | «Waterfront» (Single Version) | 4:03 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Shake Off the Ghosts (Intro)» (Live - Barrowland Glasgow 28/02/84) | 1:21 | |
2. | «Waterfront» (Live - Barrowland Glasgow 28/02/84) | 8:09 | |
3. | «Up on the Catwalk» (Live - Barrowland Glasgow 28/02/84) | 5:47 | |
4. | «Book of Brilliant Things» (Live - Barrowland Glasgow 28/02/84) | 8:07 | |
5. | «Glittering Prize» (Live - Barrowland Glasgow 28/02/84) | Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Michael MacNeil | 6:06 |
6. | «The American» (Live - Barrowland Glasgow 28/02/84) | Brian McGee, Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Michael MacNeil | 7:14 |
7. | «King is White and in the Crowd» (Live - Barrowland Glasgow 28/02/84) | Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Michael MacNeil | 7:19 |
8. | «Speed Your Love to Me» (Live - Barrowland Glasgow 28/02/84) | 5:36 | |
9. | «Someone Somewhere in Summertime» (Live - Barrowland Glasgow 28/02/84) | Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Michael MacNeil | 6:05 |
10. | «Promised You a Miracle» (Live - Barrowland Glasgow 28/02/84) | Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Michael MacNeil | 7:10 |
11. | «Big Sleep» (Live - Barrowland Glasgow 28/02/84) | Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Michael MacNeil | 7:38 |
12. | «New Gold Dream (81–82–83–84) / Take Me to the River / Light My Fire» (Live - Barrowland Glasgow 28/02/84) | Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Michael MacNeil, Al Green, Mabon «Teenie» Hodges, Jim Morrison, Robbie Krieger, John Densmore, Ray Manzarek | 12:41 |
13. | «Love Song / Glory» (Live - Barrowland Glasgow 28/02/84) | Brian McGee, Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Michael MacNeil | 9:12 |
14. | «Waterfront» (Radio One Session, London 1983) | 4:40 | |
15. | «The Kick Inside of Me» (Radio One Session, London 1983) | 5:39 | |
16. | «New Gold Dream (81–82–83–84)» (Radio One Session, London 1983) | Charlie Burchill, Derek Forbes, Jim Kerr, Michael MacNeil | 5:06 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Up On The Catwalk» (5.1. Surround Mix/Hi-Res Stereo Mix/Dolby Digital 5.1 Surround Mix) | 4:46 | |
2. | «Book Of Brilliant Things» (5.1. Surround Mix/Hi-Res Stereo Mix/Dolby Digital 5.1 Surround Mix) | 4:22 | |
3. | «Speed Your Love to Me» (5.1. Surround Mix/Hi-Res Stereo Mix/Dolby Digital 5.1 Surround Mix) | 4:25 | |
4. | «Waterfront» (5.1. Surround Mix/Hi-Res Stereo Mix/Dolby Digital 5.1 Surround Mix) | 4:49 | |
5. | «East at Easter» (5.1. Surround Mix/Hi-Res Stereo Mix/Dolby Digital 5.1 Surround Mix) | 3:33 | |
6. | «Street Hassle» (5.1. Surround Mix/Hi-Res Stereo Mix/Dolby Digital 5.1 Surround Mix) | Lou Reed | 5:15 |
7. | «White Hot Day» (5.1. Surround Mix/Hi-Res Stereo Mix/Dolby Digital 5.1 Surround Mix) | 4:34 | |
8. | ««C» Moon Cry Like a Baby» (5.1. Surround Mix/Hi-Res Stereo Mix/Dolby Digital 5.1 Surround Mix) | 4:21 | |
9. | «The Kick Inside of Me» (5.1. Surround Mix/Hi-Res Stereo Mix/Dolby Digital 5.1 Surround Mix) | 4:49 | |
10. | «Shake Off the Ghosts» (5.1. Surround Mix/Hi-Res Stereo Mix/Dolby Digital 5.1 Surround Mix) | 3:59 | |
11. | «Waterfront» (Promo Video) | 4:49 | |
12. | «Speed Your Love To Me» (Promo Video) | 4:24 | |
13. | «Up On The Catwalk» (Promo Video) | 4:47 | |
14. | «Waterfront» (Top Of The Pops 24/11/83) | 4:04 | |
15. | «Speed Your Love to Me» (Live, Oxford Road Show 30/01/84) | 5:02 | |
16. | «Up on the Catwalk» (Live, Oxford Road Show 30/04/84) | 3:32 |
Medverkande
endre- Jim Kerr – vokal
- Charlie Burchill – akustisk og elektrisk gitar
- Derek Forbes – bass, vokal
- Mel Gaynor – trommer, vokal
- Mick MacNeil – klaverinstrument, vokal
- Andre medverkande
- Kirsty MacColl – vokal på «Speed Your Love to Me» og «Street Hassle»
Produksjon
endre- Produsent – Steve Lillywhite
- Koordinasjon – Gemma Corfield
- Lydteknikar – Howard Gray
- Assisterande lydteknikar – Paul Cook og Gavin McKillop
- Studioteknikarar – Matt Dunn og Paul Kerr
- Produksjon av omslaget – Assorted Images
- Management – Bruce Findley og Robert White i Schoolhouse Management.
Salslister
endreListe (1984) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[46] | 15 |
Canada (RPM)[47] | 14 |
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[48] | 2 |
New Zealand (RIANZ)[3] | 1 |
UK (OCC)[49] | 1 |
UK release date | Song | Peak position | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
UK [32] |
NZ [31] |
IRE [50] | |||||
4. november 1983 | «Waterfront» | 13 | 1 | 5 | |||
9. januar 1984 | «Speed Your Love to Me» | 20 | 46 | 9 | |||
12. mars 1984 | «Up on the Catwalk» | 27 | 44 | 16 |
Salstrofé
endreRegion | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Canada (Music Canada)[51] | Gull | 50 000^ |
Frankrike (SNEP)[52] | Gull | 100 000* |
New Zealand (RMNZ)[53] | Gull | 7 500^ |
Storbritannia (BPI)[54] | Platina | 300 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sparkle in the Rain» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Adam Sweeting (1999). Simple MInds (first utg.). Sidgwick & Jackson. ISBN 0-283-99581-5.
- Hogg, Brian (1992). Sleeve Notes - Glittering Prize 81/92. Virgin Records.
- ↑ «Record News». NME (London, England: IPC Media): 29. 4. februar 1984.
- ↑ 2,0 2,1 «1984 Top 40 Official UK Albums Archive: 18th February 1984». Henta 26. august 2007.
- ↑ 3,0 3,1 «SIMPLE MINDS - SPARKLE IN THE RAIN (ALBUM)». Henta 9. august 2017.
- ↑ 4,0 4,1 «Simple Minds - Sparkle in the Rain - Charts». dutchcharts.nl. Henta 6. september 2020.
- ↑ 5,0 5,1 «Simple Minds - Sparkle in the Rain - Charts». swedishcharts.com. Henta 6. september 2020.
- ↑ 6,0 6,1 «RPM Chart Archives». RPM. 31. mars 1984. Henta 6. september 2020.
- ↑ «Simple Minds - Sparkle in the Rain». hitparade.ch. Henta 6. september 2020.
- ↑ «Simple Minds - Sparkle in the Rain». charts.de. Henta 6. september 2020.
- ↑ «Simple Minds - Sparkle in the Rain - Charts». norwegiancharts.com/. Henta 6. september 2020.
- ↑ 10,0 10,1 «Simple Minds - History». Simple Minds Tribute Band. Arkivert frå originalen 27. februar 2014. Henta 6. september 2020.
- ↑ Sweeting (1988), p. 146
- ↑ 12,0 12,1 Sweeting (1988), p. 132
- ↑ 13,0 13,1 13,2 Sweeting (1988), p. 133
- ↑ 14,0 14,1 Sweeting (1988), p. 134
- ↑ 15,0 15,1 Sweeting (1988), p. 135
- ↑ 16,0 16,1 16,2 «Simple Minds - Timeline». Dream Giver Redux. Henta 9. september 2020.
- ↑ 17,0 17,1 17,2 17,3 Sweeting (1988), p. 136
- ↑ Hogg (1992)
- ↑ 19,0 19,1 Sweeting (1988), p. 137
- ↑ Sweeting (1988), p. 138
- ↑ 21,0 21,1 Sweeting (1988), p. 139
- ↑ Sweeting (1988), p. 140
- ↑ 23,0 23,1 23,2 Sweeting (1988), p. 143
- ↑ ««White Hot Day» - Lyrics». Dream Giver Redux. Henta 9. september 2020.
- ↑ 25,0 25,1 25,2 Sweeting (1988), p. 145
- ↑ 26,0 26,1 Wilson, MacKenzie. «Sparkle in the Rain – Simple Minds». AllMusic. Arkivert frå originalen 1. mars 2013. Henta 8. september 2020.
- ↑ «Sparkle In The Rain - Track Listing». simpleminds.com. Henta 6. september 2020.
- ↑ «Sparkle in the Rain: Information». Dream Giver Redux. Henta 9. september 2020.
- ↑ «Simple Minds - Albums - Chart Stats». Official Charts Company. Henta 6. september 2020.
- ↑ «Simple Minds - Sparkle in the Rain - Canadian Gold Album Award». gottahaverockandroll.com. Henta 6. september 2020.
- ↑ 31,0 31,1 «charts.nz - Discography Simple Minds». Hung Medien. Henta 5. september 2020.
- ↑ 32,0 32,1 «Simple Minds - Singles». Official Charts Company. Henta 9. september 2020.
- ↑ «Sparkle in the Rain - Album information». Last.fm. Henta 9. september 2020.
- ↑ Tangari, Joe (15. april 2004). «Simple Minds: Reel to Real Cacophony». Pitchfork Media. Henta 9. september 2020.[daud lenkje]
- ↑ «Simple Minds - Sparkle in the Rain - Demos 1983». Symphony of Ghosts. Henta 9. september 2020.
- ↑ Kellman, Andy. «Sparkle in the Rain – Simple Minds». AllMusic. Henta 15. september 2018.
- ↑ Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 0-85712-595-8.
- ↑ Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Discography (1st utg.). Edinburgh: Canongate Books. s. 970. ISBN 1-84195-985-5.
- ↑ Cameron, Keith (April 2015). «Shine On». Q (345): 117.
- ↑ Elliott, Mark (March 2015). «Simple Minds – Sparkle In The Rain». Record Collector (438). Henta 15. september 2018.
- ↑ 41,0 41,1 41,2 Puterbaugh, Parke (12. april 1984). «Simple Minds: Sparkle In The Rain». Rolling Stone (419). ISSN 0035-791X. Arkivert frå originalen 1. oktober 2007.
- ↑ DeCurtis, Anthony; Henke, James; George-Warren, Holly, red. (1992). «Simple Minds». The Rolling Stone Album Guide (3rd utg.). Random House. ISBN 0-679-73729-4.
- ↑ Sweeting (1988), p. 144
- ↑ «The Best Music of '84: Compiled exclusively by the CFNY audience» (PDF). CFNY-FM. Henta 6. september 2020.
- ↑ «100 best Scottish albums - Nos 76-100». The Scotsman. Johnston Press. 16. oktober 2003. Henta 6. september 2020.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book Ltd. ISBN 0-646-11917-6. Note: Used for Australian Singles and Albums charting from 1974 until Australian Recording Industry Association (ARIA) created their own charts in mid-1988. In 1992, Kent back calculated chart positions for 1970–1974.
- ↑ «RPM Chart Archives». RPM. 31. mars 1984. Henta 10. august 2017.
- ↑ «Simple Minds - Sparkle In The Rain». Henta 10. august 2017.
- ↑ «Official Charts > Simple Minds». The Official UK Charts Company. Henta 9. august 2017.
- ↑ «The Irish Charts – search the charts > Simple Minds». Irish Recorded Music Association. Henta 9. september 2020.
- ↑ «Canadian album salstrofé – Simple Minds – Sparkle in the Rain». Music Canada. Henta 6. september 2020.
- ↑ «Les Certifications depuis 1973: Albums». Infodisc.fr. Henta 6. september 2020. (select «Simple Minds» from drop-down list)
- ↑ «New Zealand album salstrofé – Simple Minds – Sparkle in the Rain». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 9. september 2020.
- ↑ «British album salstrofé – Simple Minds – Sparkle in the Rain». British Phonographic Industry. Henta 6. september 2020. Enter Sparkle in the Rain in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go