Stavanger Støberi & Dok

norsk skipsverft

Stavanger Støberi & Dok var eit skipsverft og jernstøyperi som var i verksemd i åra 1871–1931 i Stavanger ved Spilderhaug, i Austre bydel. Detta var det første skipsverftet i Stavanger om bygde dampskip i jarn. Forgjengaren til det som skulle verta Stavanger Støberi & Dok vart grunnlagt av ingeniør Carl Brun allereie i 1851

Dei første åra heldt verftet til på Roaldsøy. Etter tre års drift fekk dei ei tomt i Spilderhaugvigen. Den gunstige plasseringa i den austre delen i byen i ei lun vik med gode hamneforhold, kom til å verta avgjerande for den framtidige lagnaden til føretaket.

13. juli 1881 vart det første dampskipet sjøsett. Det fekk namnet «Nora» og var konstruert og kontrahert av skipsreiar Thomas S. Falck. Føretaket var no vorten kraftig utvida. Dei hadde to tørrdokkar og eit mindre slipp, ballastskai og fleire vel utstyrde verkstadsbygningar.

I 1885 vart Noregs første jernseglskip, «Paulus», kontrahert av Det norske misjonsselskap, levert. I 1893 vart det første motorseglskipet i verda, «Reform», bygd ved verftet. I 1919 var det tilsett kring 700 personar ved Stavanger Støberi & Dok. I 1926 overtok banksambandet til føretaket administrasjonen av verkstaden, Stavanger Støberi & Dok var no i ei svak økonomisk forfatning. I 1930 var samanslåing av Stavanger Støberi & Dok og Rosenberg Mekaniske Verkstad eit faktum. Det meste av maskinar og utstyr ved verftet vart flytta til Buøy.

Hausten 2008 skreiv Erling Jensen bok om Stavanger Støberi & Dok og fartøya som vart bygde der. I 2019 utgav han eboka Dokken som omhandlar historia om verftet, skipa og dei lokale reiarane.

SkipEndra

Nr. Overlevert Namn Type Tonnasje Reiarlag Heimehamn Status
1 1881 DS «Nora» 308 brt Ths. S. Falck Stavanger Forlist?
2 1881 «Rask» 160 brt A. Jonassen Stavanger Ukjent
3 1882 DS «Kronprindsesse Victoria» Lasteskip 428 brt E. Berentsen Stavanger Forlist - 1917
4 1882 DS «Tryg» 336 brt K. Enoksen Bergen Forlist - 1898
5 1883 DS «Kong Olaf» Kystruteskip 547 brt Det Stavangerske Dampskibsselskab Stavanger Krigsforlist - 1944
6 1884 DS «Stamford» Lasteskip 503 brt Gjemre & Co., Newcastle Stavanger Forlist
7 1884 DS Fiskaren II Kystruteskip 475 brt Søggendals Dampskibsselskab Sokndal Hugga - 1938?
8 1885 DS «Agnar» 427 brt Ths. S. Falck Stavanger Forlist
9 1885 SS «Paulus» Bark 533 brt Det Norske Misjonsselskab Stavanger Forlist
10 1885 DS «Suldal» (1) Lokalrutebåt 41,71 brt Suldal Dampskibsselskab Stavanger Veteranbåt
11 1885 DS «Oscar II» Lokalrutebåt 80,39 brt Sandnæs, Stavanger & Høgsfjords Dampskibsselskab Sandnes Veteranbåt
12 1886 «Kong Sverre» 593 brt Det Stavangerske Dampskibsselskab Stavanger Hugga
13 1886 «Sulagutten» brt Ol Andreas Devold Ålesund
14 1889 DS «Agnes» Lasteskip 433 brt Harald Irgens Bergen Forlist
15 1889 DS «Jarl» Lasteskip 450 brt Sigval Bergesen Stavanger Forlist - 1950
16 1890 DS «Breifond» Lasteskip 421 brt Sigval Bergesen Stavanger Forlist - 1911
17 1890 DS «Aalesund» Lasteskip 435 brt Brørne Kraasbye Ålesund Krigsforlist - 1918
18 1890 DS «Suldal» (2) Lasteskip 439 brt Madsen & Jespersen Stavanger Forlist - 1915
19 1891 DS «Fulton» 488 brt Haldt & Isachsen Stavanger Hugga
20 1892 DS «Sunniva» Lasteskip 605 brt Haldt & Isachsen Stavanger Krigsforlist - 1917
21 1892 DS «Sandnæs» (1) Kystruteskip 167 brt Sandnæs Dampskibs-Aktieselskab Sandnes Forlist - 1951
22 1892 DS «Jotun» 532 brt Madsen & Jespersen Stavanger Forlist - 1939
23 1893 DS «Øibuen» Lokalrutebåt 41,84 brt Øernes Dampskibsselskab Stavanger Senka
24 1893 «Bien» 16 brt Kulkompagniet af 1871 Bergen
25 1893 MS «Reform» Skonnert 588 brt Thorstein Bryne Stavanger Ukjent
26 1894 «Hvepsen» 28 brt Kulkompagniet af 1871 Bergen
27 1894 «Slogen» 60 brt C. E. Rønneberg & Søn Ålesund
28 1894 DS «Ryfylke» Kystruteskip 528 brt Det Stavangerske Dampskibsselskab Stavanger Hugga
29 1896 DS «Habil» Lasteskip 632 brt Haldt & Isachsen Stavanger Krigsforlist - 1917
30 1897 DS «Stavanger» Kystruteskip 331,69 brt Det Stavangerske Dampskibsselskab Stavanger Krigsforlist - 1944
31 1898 DS «Argo» Lasteskip 411 brt Ths. S. Falck Stavanger Krigsforlist - 1940
32 1898 DS «Talkna» 105 brt Erich Lindøe Haugesund Hugga
33 1898 DS «Snefond» Lasteskip 369 brt Sigval Bergesen Stavanger Krigsforlist - 1917
34 1899 DS «Fjordbuen» Lokalrutebåt 76 brt Øernes Dampskibsselskab Stavanger Hugga - ca.1965
35 1899 DS «Skulda» ? 517 brt Ångfartygs AB Nornan Göteborg Hugga 1950
36 1900 DS «Alværsund» Kystruteskip 98 brt Alværsund & Manger Dampbåtlag Bergen Ukjent
37 1900 KNM «Farm» Marinefartøy 251 brt Den Kongelege Norske Marinen Horten Senka - 1982
38 1901 DS «Snyg» Lasteskip 346 brt Kr. Høgh-Hervig Haugesund Forlist 1903
39 1901 DS «Thyra» Lasteskip 712 brt William Hansen Bergen Hugga 1955?
40 1902 DS «Garibaldi» Lasteskip 768 brt C. Mathisen Bergen Krigsforlist - 1941
41 1902 DS «Arnvid» 104 brt H. W. Friis Ålesund Forlist 1940
42 1903 DS «Aladdin» Lasteskip 753 brt Ths. S. Falck Stavanger Krigsforlist - 1917
43 1903 DS «Sandnæs» (2) Kystruteskip 366 brt Sandnæs Dampskibs-Aktieselskab Sandnes Hugga - 1957
44 1903 DS «Edvard Grieg» Lasteskip 988 brt Vilhelm Torkildsen Bergen Krigsforlis - 1917
45 1904 DS «Belize» Lasteskip 1002 brt C. Mathisen Bergen Krigsforlist - 1917
46 1904 DS «Viator» Lasteskip 983 brt Haldt & Isachsen Stavanger Forlist - 1935
47 1905 DS «Dictator» Lasteskip 989 brt Haldt & Isachsen Stavanger Krigsforlist - 1941
48 1905 DS «Imperator» Lasteskip 982 brt Haldt & Isachsen Stavanger Hugga
49 1906 DS «Livingstone» Lasteskip 1002 brt C. Mathisen Bergen Hugga - 1963
50 1906 DS «Senator» Lasteskip 995 brt Haldt & Isachsen Stavanger Krigsforlist - 1941
51 1906 DS «Maurangar» Lasteskip 1024 brt H. Westfal-Larsen Bergen Krigsforlist - 1916
52 1906 DS «Sortland» Lasteskip 638 brt Vesteraalens Dampskibsselskab Stokmarknes Forlist - 1924
53 1907 DS «Marietta Di Giorgio» Lasteskip 988 brt C. Mathisen Bergen Krigsforlist - 1917
54 1907 DS «Geiranger» Lasteskip 1081 brt H. Westfal-Larsen Bergen Krigsforlist - 1915
55 1907 DS «Ravn» Lasteskip 997 brt S. L. Christie Bergen Krigsforlist - 1916
56 1908 DS «Eva» Lasteskip 1090 brt Theodor Nordbø Haugesund Krigsforlist - 1916
57 1908 DS «Stavangeren» Lasteskip 1002 brt Kornelius Olsen Stavanger Hugga - 1952
58 1909 DS «Bergen» Kystruteskip 486 brt Det Stavangerske Dampskibsselskab Stavanger Hugga - 1954
59 1909 DS «Alliance» Lasteskip 459 brt A. Chr. Hein & Søn Arendal Hugga
60 1909 DS «Aktiv» Lasteskip 456 brt A. Chr. Hein & Søn Arendal Krigsforlist - 1944
61 1909 DS «Alert» Lasteskip 460 brt A. Chr. Hein & Søn Arendal Forlist?
62 1910 DS «Avanti» Lasteskip 453 brt A. Chr. Hein & Søn Arendal Krigsforlist - 1914
63 1910 DS «Hjelmeland» Lokalrutebåt 191 brt Det Stavangerske Dampskibsselskab Stavanger Hugga - 1959
64 1911 DS «John Knudsen» Lasteskip 527 brt John August Knudsen Haugesund Krigsforlist - 1917
65 1912 DS «Escondido» Lasteskip 1066 brt C. Mathisen Bergen Krigsforlist - 1917
66 1912 DS «Erich Lindøe» Lasteskip 1087 brt Peder Lindøe Haugesund Krigsforlist - 1916
67 1913 DS «Gansfjord» Lasteskip 1087 brt Kornelius Olsen Stavanger Hugga
68 1913 DS «Sjømanden» Lasteskip 1077 brt Georg T. Monsen Stavanger Forlist - 1915
69 1914 DS «Kristiansand» Kystruteskip 484 brt Arendals Dampskibsselskab Arendal Forlist - 1914
70 1914 DS «Sandnæs» (3) Kystruteskip 578 brt Sandnæs Dampskibs-Aktieselskab Sandnes Hugga
71 1915 DS «Lysefjord» Lasteskip 1091 brt Kornelius Olsen Stavanger Krigsforlist - 1943
72 1915 DS «Aardal» Lasteskip 332 brt Nordre Bergenhus Amts Dampskibe Bergen Forlist - 1931
73 1915 DS «Vilja» Lasteskip 1049 brt Ditlev-Simonsen Kristiania Krigsforlist - 1917
74 1916 DS «Roar» Lasteskip 1251 brt K. M. Pedersen Kragerø Hugga
75 1917 DS «Idræt» Lasteskip 1068 brt Georg T. Monsen Stavanger Forlist
76 1918 DS «Konsul Olsen» Lasteskip 1308 brt Bugge & Olsen Larvik Krigsforlist - 1941
77 1918 DS «Einar» Lasteskip 1312 brt Louis Paulsen & Co Kristiania Forlist - 1918
78 1919 DS «Hindøy» Lasteskip 1315 brt Erling Samuelsen Kristiania Forlist - 1945
80 1920 DS «Patria» Lasteskip 1326 brt Madsen & Jespersen Stavanger Krigsforlist - 1940
81 1920 DS «Tico» Lasteskip 1310 brt Brødrene Lothe Haugesund Hugga
82 1921 DS «Older» Lasteskip 1324 brt A/S Rederiet Odfjell Bergen Hugga
83 1921 DS «Slotholm» Lasteskip 1316 brt A/S Malm Kristiania Staal Kristiania Hugga
84 1922 DS «Gudrid» Lasteskip 1328 brt Bachke & Co. Trondheim Hugga
85 1922 DS «Bill» Lasteskip 1324 brt J. W. Johannessen Oslo Hugga
86 1923 DS «Granero» Lasteskip 1318 brt Hans Kiær & Co Drammen Forlist - 1933
87 1924 DS «Asgerd» Lasteskip 1308 brt Jens B. Marcussen Askerøya Krigsforlist - 1940
88 1925 DS «Audun» Lasteskip 1304 brt Jens B Marcussen Askerøya Hugga - 1963
89 1925 DS «Ellavore» Lasteskip 1302 brt Lundegaard & Stray Farsund Krigsforlist - 1940
90 1929 DS «Rogaland» Kystruteskip 902 brt Det Stavangerske Dampskibsselskab Stavanger Veteranskip
91 1930 DS «Vardvik» Lasteskip 1305 brt Erling Marcussens Rederi Lyngør Hugga - 1965

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra