The Voice av Eimear Quinn

«The Voice»
Song av Eimear Quinn

Land Irland
Språk Engelsk
Utgjeve 1996
Sjanger folk, keltisk, new age
Lengd 03:02
Selskap Polydor (Europa)
CNR Music (Noreg)[1]
Tekstforfattar Brendan Graham
Låtskrivar(ar) Brendan Graham

«The Voice» (norsk 'stemma') er ein keltisk-inspirert song som vann Eurovision Song Contest 1996 for Irland. Songen vart framført av den irske songaren Eimear Quinn og var komponert av Brendan Graham. Graham står også bak Eurovision-vinnaren «Rock ’n’ Roll Kids‎» i 1994, og han har skrive teksta til Secret Garden sin verdshit «You Raise Me Up».

«The Voice» skaffa Irland sin sjuande og hittil siste siger i Eurovision Song Contest. Sjølv om den internasjonale finalen vart arrangert i Oslo i 1996, kom «The Voice» aldri inn på VG-lista. Men songen tok seg inn på singellistene i blant anna Irland, Storbritannia og Sverige.

Om songen endre

«The Voice» er ein keltisk-inspirert, melodisk låt, ein stil som var populær i midten av 1990-åra. Året før hadde Noreg vunne med «Nocturne» som også var ein song i keltisk musikkstil. Teksta handlar om at songaren ser seg sjølv som stemma som vaker over verda og effekten ho har på elementa som jord, luft og vatn.[2]

Eurovision Song Contest endre

«The Voice» var eit av åtte bidrag som deltok i den irske finalen i Dublin 3. mars 1998. I finalen kåra åtte regionale jurygrupper «The Voice» til ein klar vinnar med 105 poeng, og songen vart dimed det irske bidraget til Eurovision Song Contest i Oslo Spektrum laurdag 18. mai same år.[3]

I den internasjonale finalen var Irland det 17. bidraget på scena av 23 bidrag. Quinn stilla i lang, kvit kjole med gullbroderingar, og i tillegg til Kringkastingsorkestret vart hun akkompagnert av tradisjonelle irske slaginstrument, treblåsarar og strengeinstrument.

I byrjinga av avrøystinga kjempa fleire land om å liggje i teten, men etter kvart tok Irland leiinga og heldt på henne heilt til slutt. «The Voice» fekk til saman 162 poeng – 48 poeng framfor Noreg og «I evighet», som vart nummer to. Den norske juryen gav 10 poeng til det irske bidraget.[4]

Sigeren var den sjuande til Irland og den fjerde til Irland på berre fem år. Irland har ikkje vunne Eurovision Song Contest sidan, men hadde per 2021 framleis rekorden i talet på sigrar. Dette var også den andre sigeren til Brendan Graham som låtskrivar; han stod også bak «Rock ’n’ Roll Kids‎» som vann Eurovision Song Contest i 1994.

Etter sigeren endre

Sjølv om songen var i tråd med dåtidas musikkånd, vart ikkje «The Voice» nokon stor internasjonal hit. Songen nådde ein tredjeplass på den irske singellista, og ein niandeplass i belgiske Flandern, ellers fekk den liten suksess. Sjølv om finalen dette året gjekk av stabelen i Noreg, kom ikkje vinnarlåten inn på norske VG-lista. I staden vart det britiske bidraget Gina G og «Ooh Aah... Just a Little Bit» den store hiten i Europa dette året. Den britiske songen toppa hitlistene i Storbritannia, nådde ein tolvteplass i USA og klatra til ein femteplass på VG-lista.[5][6][7] Trass suksessen vart Gina G berre nummer åtte i Eurovision Song Contest dette året.

I 2021 avsløra Storbritannias prins Charles at «The Voice» er blant hans favorittlåtar.[8]

Listeplasseringar endre

Liste (1996) Høgaste
plassering
Veker
på lista
Debutdato
  Belgia, Flandern (Ultratop)[9] 9 10 15. juni 1996
  Belgia, Valonia (Ultratop)[10] 30 4 22. juni 1996
  Irland (Irish Singles Chart)[11] 3 10 16. mai 1996
  Nederland (Single Top 100)[12] 21 7 22. juni 1996
  Storbritannia (UK Singles Chart)[13] 40 2 15. juni 1996
  Sverige (Sverigetopplistan)[14] 31 7 31. mai 1996

Referansar endre

  1. «Eimear Quinn ‎– The Voice». Discogs.com. Henta 25. februar 2017. 
  2. «The Voice – lyrics». The Diggiloo Thrush. Henta 25. februar 2017. 
  3. «Irish National Final 1996». National Finals Page. Henta 25. februar 2017. 
  4. «Eurovision Song Contest 1996 – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 25. februar 2017. 
  5. «VG-lista for 'Just a Little Bit'». VG Nett. Henta 25. februar 2017. 
  6. «'Ooh Aah... Just a Little Bit' på den britiske singellista». The Official Charts Company. Henta 25. februar 2017. 
  7. «About Gina G». eurovision.tv. Henta 25. februar 2017. 
  8. «Prince Charles lists Eurovision 1996 winner "The Voice" as a favourite». wiwibloggs (på engelsk). 4. juli 2021. Henta 6. juli 2021. 
  9. «'The Voice' på Belgias singelliste». ultratop.be. Henta 25. februar 2017. 
  10. «'The Voice' på Belgias singelliste». ultratop.be. Henta 25. februar 2017. 
  11. «'The Voice' på den offisielle irske singellista (skriv 'Eimear Quinn' i søkefeltet)». The Irish Charts. Henta 25. februar 2017. 
  12. «'The Voice' på Nederlands offisielle singelliste». dutchcharts.nl. Henta 25. februar 2017. 
  13. «'The Voice' på den offisielle britiske singellista». Official Charts Company. Henta 25. februar 2017. 
  14. «'The Voice' på den offisielle svenske singellista». swedishcharts.com. Henta 25. februar 2017.