Virgin Atlantic Airways

(Omdirigert frå Virgin Atlantic)

Virgin Atlantic Airways, til dagleg kalla Virgin Atlantic, er eit britisk flyselskap som vart grunnlagt av forretningsmannen Richard Branson i 1984.

Virgin Atlantic Airways


Skipa1984
HovudkontorCrawley
LandStorbritannia
Grunnleggjar(ar)Richard Branson
Nettstadhttps://www.virginatlantic.com/ (engelsk)
Virgin Boeing 747-400.

Flyselskapet opererer langdistanseflygingar mellom London og Nord-Amerika, Karibia, Afrika, Asia og Australia. Hovudkontoret ligg på London Heathrow (LHR), med eit senter på London Gatwick (LGW).

Historie endre

Virgin sin føregjengar, British Atlantic Airways, byrja flygingar mellom England og Falklandsøyane i 1982. Richard Branson kjøpte selskapet i 1984 og byrja flygingar til Nord-Amerika 22. juni 1984. Dei første ruteflygingane gjekk føre seg med eit enkelt Boeing 747-200-fly mellom London Gatwick og Newark, og tok over ein liten marknadsdel frå Freddie Laker si mislukka «Skytrain»-verksemd.

Virgin vs. British Airways endre

Virgin har heile tida vore ein konkurrent og rival til British Airways. I januar 1991 fekk Virgin tillating frå britiske luftfartsstyresmakter til å operere frå Heathrow og byrja flygingar i juli 1991. Ein av dei viktigaste årsakene var BA sin «dirty tricks» kampanje mot Virgin. I 1992 skreiv BA sin Public Relation Director David Burnside ein artikkel i BA News (BA si interne avis) der han påstod at Branson sine protestar mot British Airways var mest for å oppnå merksemd. Branson gjekk til rettssak mot British Airways og kravde erstatning. BA inngjekk forlik medan selskapet sine juristar lette etter bevis. Saka enda med at BA fekk bøter. Richard Branson vart tilkjent ein halv million pund og ytterlegare tilkjent 110 000 pund til selskapet, Branson delte sin halve million med sine tilsette, og kvar tilsett fekk 166 pund i ein såkalla «BA bonus». På 90-talet vart Virgin Atlantic sine jetfly målte med orda «No-Way BA/AA» som eit mottiltak mot samanslåinga av British Airways og American Airlines. I 1997, som ei fylgje av British Airway si kunngjering om at dei var tenkt å fjerne det britiske flagget frå halerora til fordel for non-figurative bilete, laga av kunstnarar frå alle land der BA flaug. BA møtte blanda kjensler, tildels motstand hjå kundane sine då dei fjerna britane si stoltheit, «Union Jack» frå flya sine haleror. Dette utnytta Virgin ved å fjerne sin logo, «the Scarlet Lady» til fordel for «Union Jack».

Forholdet til British Airways vart monaleg betra ved skifte av øvste leiar då Rod Eddington avløyste Robert Ayling, som hadde hatt ei nøkkelrolle i «ureint spel»-saka.

Saka fekk stor merksemd i Storbritannia. I ei bok, skrive av Martyn Gregory, Dirty Tricks er heile historia vorte dokumentert.

I desember 1999 vart 49 % av Virgin Atlantic selt til Singapore Airlines for 600 millionar pund, som svarte til 7,2 milliardar kroner.

I august 2002 vart Virgin det fyrste flyselskapet som tok i bruk det nye Airbus A340-600.

Ulukker og hendingar endre

Virgin har ikkje hatt nokon alvorlege ulukker av noko slag, men tre mindre hendingar med systemsvikt er registrert mellom 1984 og 2005. men ingen har forårsaka ulukke som førte til tap av menneskeliv.

Destinasjonar endre

Virgin Atlantic har per januar 2005 regelmessig ruteflyging til fylgjande byar:

Også Dubai er planlagt frå mars 2006.

Flåte endre

Virgin Atlantic sin flåte omfattar fylgjande flytypar (pr. oktober 2005):

I november 2003 introduserte Virgin «Upper Class Suite», i «Business Class» med liggestolar i full kroppslengd. Denne typen stolar er installert i alle av selskapet sine Boeing 747-400- og Airbus 340-600-fly. Omtrent halvparten av Airbus A340-300-flya i Virgin-flåten vil få dette installert i løpet av 2005. Resten av flyparken vil enten bli selde eller avskrivne.

Selskapet har tre ulike klassar å tilby passasjerane: Økonomi, «Premium Økonomi» og «Upper Class».

Virgin sine fly har alle kvinnenamn, som: «Ladybird», «Island Lady» og «Ruby Tuesday». Andre har fått namn etter selskapet sine destinasjonar, som «Maiden Tokyo» og «California Girl».

Underhaldning om bord endre

I selskapet sine fly vert det gjeve tilbod om underhaldning som omfattar fritt val innan 50 heilaftans filmar, 60 ulike CD-innspelingar og nesten 200 timar fjernsynsunderhaldning. I tillegg er det eit stort tal videospel der passasjerane kan spele mot kvarandre.

Sjå òg endre

Litteratur endre

  • Gregory, Martyn. Dirty Tricks: British Airways' Secret War Against Virgin Atlantic. New York: Virgin, 2000. ISBN 0-7535-0458-8

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Virgin Atlantic Airways