Wollweber-gruppa
Wollweber-gruppa var ein kommunistisk sabotasjeorganisasjon som skulle sabotera fascistisk og polsk skipsfart i Skandinavia og Nord-Europa. Organisasjonen vart grunnlagd og leia av tyskaren Ernst Wollweber, og styrt av den sovjetiske tryggingstenesta – NKVD. Offisielt var namnet Organisasjonen mot fascismen og til forsvar for Sovjetunionen.
Organisasjonen bygde opp sabotasjegrupper i fleire nordeuropeiske hamnebyar. Medlemmane var først og fremst kommunistiske sjøfolk og hamnearbeidarar. I Noreg hadde den grupper i Oslo, Bergen og Narvik, desse gruppene utførte 23 kjende sabotasjeaksjonar mot tyske skip i 1937–38. Under det tysk-sovjetiske ikkje-angrepspakta i perioden 1939-41 utførte organisasjonen aksjonar bak dei finske linjene.
Wollweber-gruppene vart rivne opp i dei fleste land i 1940, Ernst Wollweber måtte rømma til Sverige, og vart arrestert der. Martin Rasmussen Hjelmen vart arrestert i Sverige, utlevert til Gestapo i Noreg, og seinare avretta i Tyskland i 1944. I Oslo heldt organisasjonen fram under leiing av sjømannen Asbjørn Sunde, og under hans dekknamn «Osvald» vart organisasjonen den dominerande sabotasjeorganisasjonen i Noreg i perioden 1941—44, med 39 utførte sabotasjehandlingar mot den tyske okkupasjonen.[1]
Wollweber-gruppa
endreFritz Karl «Ernst» Wollweber var ein framståande tysk kommunist. Han var ein av leiarane i sjømannsopprøret i Kiel som førte til slutten av den første verdskrigen. Etter krigen steig han i det kommunistiske hierarkiet og vart i 1931 leiar av den tyske avdelinga av det kommunistkontrollerte internasjonale sjømannsforbundet – ISH.
I 1935 var det klårt kva som var i ferd med å skje i Tyskland. Likevel såg dei europeiske landa på kommunistane som ein større fare enn nazistane, og førte ein ettergjevnadspolitikk mot Tyskland, medan Sovjetunionen vart isolert. På Kominterns 7. kongress vart arbeidd gjennom fagopposisjonen (kommunistiske fagforeiningar) oppgjeve, og eit meir aktivt arbeid mot fascismen gjennom folkefront-politikken vart lansert.
I november 1935 vart Wollweber kalla inn til Moskva og fekk i oppgåve å danna ein «kamporganisasjon» mot Tyskland. Den viktigaste oppgåva skulle vera å hemma skipsfarten til fascistane, gjennom sabotasjeaksjonar. Hovudkvarteret til organisasjonen vart lagt til Oslo. Her treffer Wollweber sjømannen Martin Hjelmen, som får ansvaret for det «nord-atlantiske området».
Eit av dei første praktiske problema organisasjonen møtte var konstruksjon av bombar og innkjøp av sprengstoff. Detta vart løyst ved at kontaktar ved den store malmgruven i Kiruna stal dynamitt frå anlegget, og sende den med malmbanen til Narvik eller Luleå, og vidare med skip til ulike nordeuropeiske hamner. Der tok operasjonsgruppene seg av sprengstoffet, og plasserte det ut i tyske og tysk-allierte båtar. I Kiruna fanst det òg ein teknisk begava kontakt som konstruerte effektive bombar og minar til organisasjonen.
Den første kjende vellukka sabotasjeaksjonen skjedde i september 1937, og fram til årsskiftet 1938/39 utførte organisasjonen over 30 aksjonar. I samarbeid med Gestapo hadde europeisk politi klart å rulla opp gruppene i København, Antwerpen og Rotterdam, men organisasjonen var intakt. Likevel stoppar sabotasjeaktiviteten opp. Ein av grunnene til stoppen kan ha vore at organisasjonen trong tid til å utvikla meir effektive miner. I november 1938 starta utrenskningene i NKVD, og dei fleste av Wollwebers kontaktar vart «fjerna». Seinare vart organisasjonen sett under sterkt press frå politiet, og Sovjet starta ein omlegging av sin politikk mot Tyskland som resulterte i ein ikkeangrepspakt mellom landa i august 1939.
Martin Hjelmen vart arrestert i Sverige i februar 1940. Etter den tyske invasjonen i Noreg rømde Wollweber til Sverige, der han vart arrestert, og organisasjonen vart i praksis oppløyst i dei fleste land. Unntaket var Noreg, der Asbjørn Sunde heldt fram det som skulle verta den meste aktive sabotasjeorganisasjonen på norsk jord.
Osvald-gruppa
endreI Oslo sat Asbjørn Sunde med ein intakt organisasjon, men utan sentrale personar i leiinga og utan kontakt med Moskva eller økonomiske midlar. Det var i den første fasen til krigen ikkje aktuelt å samarbeida med Noregs Kommunistiske Parti. NKP var prega av at okkupasjonsmakta hadde ei ikkjeangrepspakt med Sovjet, og gjorde det første krigsåret lite eller inkje ting for å reisa kamp mot okkupantane. NKPs illusjonar om høva under tyskarane vart broten 16. august 1940 då Gestapo slo til mot partiet, arresterte leiarane og beslagla papir, blant anna til medlems- og abonnentarkiv, slik at tyskarane fekk eit godt oversyn over partiorganisasjonen. Aksjonen mot kommunistpartiet hadde liten innverknad på Wollweber-gruppa eller Osvald-gruppa som den seinare skulle kallast, etter eit av Sundes dekknamn, «Osvald».
Like etter Tysklands angrep på Sovjet – 22. juni 1941 – drog kurerar frå den sovjetiske legasjonen i Stockholm til Oslo med ordre om å starta motstandskampen. Her traff dei representantane for kommunistpartiet som meinte at tida ikkje var inne for motstand. Kurerane drog attende med uforretta sak.
I mellomtida hadde Sunde halde organisasjonen ved like og gjort klar lager med sprengstoff rundt om i landet. 20. juli 1941 fortok dei den første jarnbanesabotasjen, og det var starten på ein serie av aksjonar. Gruppa si «aktive motstandslinje» stod då i opposisjon til NKPs linje, til Milorg og andre deler av Hjemmefronten som ynskte ein meir passiv motstand. Men gruppa var ikkje utan støtte. London-regjeringa gav økonomiske bidrag via «vestkant-organisasjonen» 2A, og gruppa utførte ein del oppdrag for Milorg og Politigruppa, m.a. likvidasjonar, og Osvald-gruppa hadde eit nært samarbeide med politigruppe 2AP som gav verdifull informasjon om planane til tyskarane, agentar osb.
Vinteren 1942 starta NKP oppbygging av militære grupper, den såkalla «Nasjonalgarden». Samstundes hadde Sunde møte med leiaren til kommunistpartiet Peder Furubotn. Arbeidet med Nasjonalgarden mislukkast, og den vert innlemma i Milorg-systemet. Kontakten mellom Furubotn og Sunde held likevel fram. Sunde etablerte eit opplæringssenter for sabotørar i Rukkedalen og rekrutterer eit nettverk av sabotørar i området Torpo-Gol og Rukke-Nesbyen, ned Hallingdal og derfrå til Oslo og Bergen. I september 1942 avtalte Sunde at han skulle halda vaktmannskap til sentralforlegningen til kommunistpartiet i Hemsedal mot å få praktisk og finansiell støtte. Sunde vart NKPs militære leier, og med partiet i ryggen vart organisasjonen meir slagkraftig.
I slutten av oktober 1942 angreip Gestapo NKP-forlegningen i Hemsedal, men Sunde hadde fått varsel frå Politigruppa og partileiinga klarte å flykta, men etterlét seg ein del papir.
Fram til Osvald-gruppa vart nedlagd i 1944, etter ordre frå Moskva, hadde den utført 39 kjende aksjonar i Noreg.[2] Erik Gjems-Onstad meinte gruppa under Sundes leiing gjennomførte 200 sabotasjeaksjonar.[3]
Aksjonar
endreOversyn over ein del kjende aksjonar gjennomført av Wollweber- og Osvald-gruppa. Lista er ikkje komplett, og ulike kjelder kan vera usamde om detaljar som datoar og liknande. Kjelde for dette oversynet er Lars Borgersrud si bok Naudsynt innsats – sabotørane som skapte den aktive motstanden og Arnfinn Moland si bok Hjemmefrontens likvidasjonar under den tyske okkupasjonen av Noreg 1940-1945.
Skipsaksjonar
endre?? september 1937 | Første aksjon føregjekk i Antwerpen, uidentifisert skip |
?? september 1937 | Brannbombe i det italienske skipa Alfredo Orani, plassert i Antwerpen eller Rotterdam, ukjent resultat |
18 november 1937 | Italiensk skip Boccaccio senka i Den engelske kanalen |
29 januar 1938 | Brannbombe i det polske skipa Batory, oppdaga |
?? mars 1938 | Tysk skip Saar sprengt, skadar |
02 mars 1938 | Japansk skip Tajima-maru sprengt i Bremen, skadar |
19 mars 1938 | Tysk skip Claus Böge senka i Nordsjøen vest for Esbjerg |
09 april 1938 | Brannbombe i det polske skipa Batory, funnet etter avgang frå København |
13 mai 1938 | Brannbombe i det tyske skipa Nordeney, funnet i Hamburg |
22 mai 1938 | Sprengning av dei spanske skipa Cierzo og Abrego i Fredrikshavn, skadar |
23 juni 1938 | Brannstiftelse mot tysk skip Hestia i Passarges i Spania |
27 juni 1938 | Sprengning av det tyske skipa Feronia i Kielkanalen, skader |
30 juni 1938 | Italiensk skip Aventino senka i Middelhavet mellom Tripolis og Tunis |
30 juni 1938 | Sprengladning funne i det italienske skipa Felce i Taranto |
24 juli 1938 | Japansk skip Kasii-maru sprengt i Den engelske kanalen, totalskade |
07 august 1938 | Brannstiftelse mot tysk skip Reliance på hamna i Hamburg, totalforlis |
22 september 1938 | Sprengning av det tyske skipa Phila i Königsberg, skader |
Sprengning av det tyske skipa Deutschland ved Newfoundland |
Finland
endreSovjet startar vinterkrigen ved angrep på Finland 30. november 1939. «Wollweber-gruppa» får i oppdrag å utføra sabotasjeoppdrag bak dei finske linjene. Aksjonane vert avblåst etter fredsslutningen 12. mars 1940.
01 mars 1940 | Jarnbanesabotasje mot linja Torneå-Kemi, ukjent resultat. |
15 mars 1940 | Jarnbanesabotasje mot linja i Vasaområdet, ukjent resultat. |
Noreg
endreAksjonane i Noreg starta etter Tysklands angrep på Sovjetunionen 22. juni 1941 og haldne fram inntil «Osvald-gruppa» vart demoblisert hausten 1944, etter ordre frå Moskva.
10 april 1940 | Panikkdagen i Oslo vert utløyst av Wollwebers Oslo-gruppe |
20 juli 1941 | Jarnbanesabotasje ved Nyland stasjon i Oslo. Skadar på skinnegangen. |
29 juli 1941 | Jarnbanesabotasje mot Kværner bru, Lodalen i Oslo. Oppdaga. |
19 august 1941 | Sprengningsforsøk mot Löwenbraü, tysk bordell/restaurant i Oslo. Oppdaga |
24 september 1941 | Jarnbanesabotasje ved Frogner, Leirsund. Oppdaga. |
28 september 1941 | Jarnbanesabotasje ved Blaker, Rånåfoss. Oppdaga. |
?? desember 1941 | Brannbombe mot bensinstasjonen ved Østbanestasjonen (Oslo-ø). Ukjent resultat. |
2 februar 1942 | Sprengning av jernbanestasjonane Oslo-vest og Oslo-øst som protest mot at Quisling vert utnemnd som ministerpresident |
21 februar 1942 | Likvidasjonsforsøk mot torturisten Einar Dønnum. Mislukka. |
25 februar 1942 | Sprengningsforsøk mot oljelager på Vippetangen i Oslo. Mislukka |
19 mars 1942 | To tyske patruljebåtar sprengt i Oslo hamn. Senka. |
26 mars 1942 | Likvidasjon av mistenkt angiver Kolbjørn Braathen på Årnes på oppdrag frå Milorg.[4] Likvidasjonen vart utført av Reidar Kristoffersen.[5] |
31 mars 1942 | Brannbombe mot Norma Prosjektilfabrik Oslo. Mislukka. |
1 april 1942 | Sprengning av Condor (fly), tysk bomba/værvarslingsfly på Værnes, Stjørdal |
13 april 1942 | Sprengning av ammunisjonslager på Oslo hamn. Resultat vart skadar på anlegget. |
?? juli 1942 | Brannbomber mot bensinstasjonar på Skøyen og Oslo Aust. Resultat ukjent. |
15 juli 1942 | Brannbombe mot N. Jacobsens Elektriske Verkstad i Gøteborggata, Oslo. Skadar. |
22 juli 1942 | Aksjon mot Oslo Kretsfengsel, løslatelse av dei to fangane Jens Ropstad og Rolf Henry Karlson, oppdrag frå Politigruppa (2AP). |
5 august 1942 | Brannbomber mot Henni Snikkarverkstad og Lunner Trevare i Lunnar. Nedbrent |
20 august 1942 | Likvidasjonsforsøk mot stapolege Hans Eng etter oppdrag frå Milorg og Politigruppa. Mislukka. |
21 august 1942 | Sprengning av Kontoret til statspolitiet for Oslo og Aker. Torturisten Ivar Tofteberg omkom. |
23 september 1942 | Brannbombe mot Grua Sag på Grua. Nedbrent. |
31 mars 1943 | Likvidasjon av dei to mistenkte angivere Finn Roald «Monsen» Andersen og Charles Anderson i Løvenskioldsgate 17 i Oslo. Oppdrag frå Milorg. |
20 april 1943 | Angrip arbeidskontoret i i Pilestredet i Oslo og set det i brann. Milorg mislukkast i Heimdalsgaten. |
6 juni 1943 | Likvidasjon av oberleutnant Karl Wermann på Raufoss. |
18 august 1943 | Samordna sprengningsaksjon mot seks punkt på jernbanenettet på Austlandet. |
18 august 1943 | Brannbombe mot Kussius metallvarefabrikk på Bryn i Oslo. Mislukka. |
7 september 1943 | Jarnbanesabotasje mot Kværner bru. Resulterer i at tog sporar av og store skadar. |
20 september 1943 | Brannbombe mot Politiindentaturen i Sofiesgate i Oslo. Oppdrag frå Milorg og XU. Mislukka. |
27 september 1943 | Brannbombe mot Øvre Eiker Forsyningskontor. Skadar, delvis mislukka |
27 september 1943 | Brannbombe mot Lo Bruk, Øvre Eiker og Vikstrand Bruk, Nedre Eiker. Nedbrent |
7 oktober 1943 | Likvidasjonsforsøk mot Henry Rinnan i Trondheim på oppdrag frå SOE. Mislukka grunna angiveri. |
7 oktober 1943 | Tysk troppetog sprengt av skinnegangen ved Mjøndalen. NKP stoppar sprengningen av Vallø oljeraffineri ved Tønsberg etter anmodning frå Milorg |
12 oktober 1943 | Sprengningsaksjon mot kraftnettet rundt Oslo, ved blant anna Liertoppen, Bryn og Norderhov. Ukjent resultat |
24 november 1943 | Jarnbanesabotasje ved Heldal utanfor Bergen. Oppdaga |
26 november 1943 | Samordna jarnbanesabotasje på linjene rundt Oslo, Gamlebyen, Strand, Sandvika, Bekkelaget, Nordstrand, Lysaker og Skarpsno |
20 januar 1944 | Dynamittyveri og sprengning av sprengstofflager ved Haukås i Bergen |
25 februar 1944 | Jarnbanesabotasje mot Sangelia bruovergang i Ål, skadar på brukonstruksjon og skinnegang |
11 mars 1944 | Sprengning av NSB sit verkstad på Sundland i Drammen. Vellukka |
15 mars 1944 | Bankaksjon mot Aker Sparebank, Holtet i Oslo. Resultat kr 12 000 |
27 mars 1944 | Forsøk på kidnapping av angiveren Oskar Strømstad på Gjøvik. Mislukka |
1 april 1944 | Tjuveri av 600 kilo tobakk frå Langaards Tobakksfabrikk, Thereses gate 31 B, Oslo. Oppdrag frå Milorg |
4 april 1944 | Forsøk på tjuveri av rasjoneringskort frå Akar forsyningsnemnd på Bryn, mislukka |
5 april 1944 | Gjentek rasjoneringskortaksjonen, vellukka denne gongen |
5 april 1944 | Skuddveksling med politiet ved Møllergata 19, Rolf «Sancho» Andersen vart arrestert |
10 april 1944 | Mislykker forsøk på å frigjera Rolf Andersen frå Ullevål sjukehus |
11 april 1944 | Nytt forsøk på å frigjera Rolv Andersen, vellukka denne gongen |
17 april 1944 | Bankaksjon mot Modum Sparebank, resultat kr 157 000. Sprengning av Geithus jernbanebro, totalskade |
27 april 1944 | Jarnbanesabotasje mot Haverstingtunellen, skadar på skinnegangen |
1 mai 1944 | Likvidasjon av Günter "Gunnar Borgen" Scheskat utanfor Sollia, Eina |
?? mai 1944 | Tjuveri av rasjoneringskort frå Finsand forsyningskontor i Ådal. Vellukka |
5 mai 1944 | Forsøk på beslaglegging av arkiva til arbeidstenesta på Ringerikes meieri, mislukka |
5 mai 1944 | Likvidasjon av stapomann Karsten Tank Lorange, Gjøvik |
6 mai 1944 | Innbrott og beslag av arkiv på lensmannskontoret i Lunnar |
8 mai 1944 | Jarnbanesabotasje mot Bjerke bru, Ask på Ringerike. Totalskade |
15 mai 1944 | Likvidasjonsforsøk mot lensmann Arnold Kjærvik på Lunner, mislukka |
16 mai 1944 | Øydelegging av arkivet til Arbeidskontoret i Tønsberg |
22 mai 1944 | Øydelegging av arkivet til Arbeidstenesta i Drammen |
25 mai 1944 | Brannstiftelse mot Møllefoss Bruk, Hen Dampsag, Rud Sag på Ringerike. Disse sagene leverte trelast til Wehrmacht og Luftwaffes flyplass på Eggemoen |
30 mai 1944 | Sprengning av ASEA Per Kura i Oslo, totalskade |
06 juni 1944 | Samordna jarnbanesabotasje på Ringerike, med sprengning av jernbanebruene på Tyristrand, Hval og Hensfoss, delvis vellukka |
29 juli 1944 | Bankaksjon mot Oslo Filialen til sparebank på Damplass, mislukka |
29 juli 1944 | Bankaksjon mot Drammen Sparebank, mislukka |
10 august 1944 | Bankaksjon mot Eiker Sparebank, mislukka |
07 september 1944 | Bankaksjon mot Holla Sparebank, utbytte kr 191 000 |
18 september 1944 | Skuddveksling ved Ask stasjon |
?? september 1944 | Likvidasjon av ein gruppemedlem med psykiske problem i Drammensmarka.[4] |
25 oktober 1944 | Likvidering av angiveren Walter Pedersen i Bergen, oppdrag frå Saborg og SOE |
09 november 1944 | Bankaksjon mot Bergen Filialen til bank i Laksevåg, vellukka. Oppdrag frå Saborg og SOE |
25 november 1944 | Skuddveksling med tyskarar i Hyggen-marka |
27 november 1944 | Skuddveksling med tyskarar i Heggedal |
Kjelder
endre- Borgersrud, Lars (1991) Naudsynt innsats – sabotørane som skapte den aktive motstanden, Universitetsforlaget, ISBN 82-00-22529-1
- Denne artikkelen bygger på «Wollweber-gruppen» frå Wikipedia på bokmål, den 2. februar 2017.
- Referansar
- ↑ Asbjørn Sunde: Menn i mørket. Dreyer Forlag. Oslo (1947) Side 245-248.
- ↑ Sunde 1947, side 245.
- ↑ Krigskrossen og Osvald-gruppa (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 13. desember 2014, henta 2. februar 2017
- ↑ 4,0 4,1 Hjemmefrontens likvidasjonar under den tyske okkupasjonen av Noreg 1940-1945.
- ↑ Lars Borgersrud
Bakgrunnsstoff
endre- Borgersrud, Lars (2001) Fiendebilete Wollweber - Svart propaganda i kald krig, Forlaget Oktober, ISBN 82-495-0050-4