EØS

Frihandelsavtale mellom den Europeiske Union (EU) og det Europeiske Frihandelsforbundet (EFTA)
(Omdirigert frå EØS-avtalen)

Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS) er eit frihandelsområde i Europa som vart etablert via EØS-avtalen, ein folkerettsleg avtale mellom Den europeiske unionen (EU) og tre av medlemslanda i Det europeiske frihandelsforbundet (EFTA). EØS utvidar den indre marknaden i EU med dei tre EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som saman utgjer éin marknad styrt av dei same grunnreglane. Desse reglane har som føremål å gjere fri flyt av personar, varer, tenester og kapital mogeleg i den europeiske fellesmarknaden, inkludert å fritt kunne velje opphald i kvart land i området. Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet vart etablert 1. januar 1994 etter at EØS-avtalen tredde i kraft.

EU-land██ EØS-land██ Mellombels EØS-land (Kroatia)EFTA-land██ EØS-land██ Tidlegare signatarstat (Sveits)

EØS-avtalen er ein kommersiell traktat og skil seg frå EU-traktatane på nokre hovudområde. Ifølgje artikkel 1 er føremålet å «fremje ei kontinuerleg og balansert styrking av handel og økonomisk relasjon». EFTA-medlemmene deltek ikkje i den felles landbrukspolitikken eller den felles fiskeripolitikken i EU. Retten til å fritt reise mellom EØS-landa og dei relevante vedtektene om tryggingstiltak er identiske med dei som gjeld mellom medlemmer av EU. Retten og reglane som gjeld i alle EØS-land, inkludert dei som ikkje er medlemmer av EU, er spesifisert i direktiv 2004/38/EF og i EØS-avtalen. EØS-avtalen er dynamisk av di nye reglar for den indre marknaden skal utformast og gjerast gjeldande for heile EØS. Avtalen har også klausular som inneber at nye område kan bringast inn, eller at eksisterande område kan takast ut.

Då EØS tredde i kraft i 1994, utgjorde partane 17 statar og to europeiske fellesskap: Det europeiske økonomiske fellesskapet (EØF) og det no nedlagde europeiske kol- og stålfellesskapet. Medlemskapet har vakse til 30 statar per 2020: 27 EU-medlemsland, i tillegg til tre av dei fire medlemslanda i EFTA (Island, Liechtenstein og Noreg). Avtalen er førebels brukt med omsyn til Kroatia – det resterande og nyaste EU-medlemslandet – i påvente av ratifisering av tiltredinga av alle EØS-partar. Ein EFTA-medlem, Sveits, har ikkje slutta seg til EØS, men har eit sett bilaterale sektoravtalar med EU som gjer det mogeleg å delta i den indre marknaden.

Bakgrunn endre

På slutten av 1980-talet byrja EFTA-medlemslanda, leidd av Sverige, å sjå på alternativ for å verte med i det då eksisterande europeiske økonomiske fellesskapet (EØF), forløparen til Den europeiske unionen (EU). Årsakene til dette var mangfaldige. Fleire forfattarar siterer den økonomiske nedgangen på starten av 1980-talet, og den påfølgjande adopsjonen til EØF av «Europa 1992-agendaen», som ei hovudårsak. Desse forfattarane argumenterer frå eit liberalt mellomstatleg perspektiv og hevdar at store multinasjonale selskap i EFTA-land, særleg Sverige, pressa på for EØF-medlemskap som truga med å flytte produksjonen til utlandet. Andre forfattarar peiker på slutten av den kalde krigen, noko som gjorde det mindre politisk kontroversielt å slutte seg til EØF for nøytrale land.[1]

I mellomtida likte ikkje Jacques Delors, som var president i Europakommisjonen på den tida, ideen om at EØF skulle utvidast med fleire medlemsland, då han frykta at det ville hindre evna til samfunnet i å fullføre interne marknadsreformer og etablere pengeunion. Han føreslo eit europeisk økonomisk område i januar 1989, som seinare vart kalla det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, slikt det er kjent som i dag.[1]

EØS-avtalen vart underskriven i Porto 2. mai 1992, men kom formelt ikkje i kraft av di Sveits vraka framlegget i ei folkerøysting. Noreg, Finland, Sverige og Austerrike skreiv under på avtalen i 1992, men etter fleire forhandlingsrundar tredde han først i kraft frå 1. januar 1994. Då EØS tredde i kraft, var EØS-partane 17 statar og to europeiske fellesskap: Det europeiske økonomiske fellesskapet (EØF), som seinare vart absorbert i det breiare rammeverket til EU, og det no nedlagde europeiske kol- og stålfellesskapet. Medlemskapet har vakse til 30 statar per 2020: 27 EU-medlemsland, i tillegg til tre av de fire medlemslanda i EFTA (Island, Liechtenstein og Noreg). Avtalen er førebels brukt med omsyn til Kroatia – det resterande og nyaste EU-medlemslandet – i påvente av ratifisering av tiltredinga av alle EØS-partar.

Då EØS vart etablert i 1994, hemma likevel fleire utviklingar truverdet til avtalen. Først og fremst avviste Sveits EØS-avtalen i ei nasjonal folkerøysting den 6. desember 1992, noko som hindra full EU-EFTA-integrasjon innan EØS. Vidare hadde Austerrike søkt om fullt EØF-medlemskap i 1989, og vart etterfølgt av Finland, Noreg, Sverige og Sveits mellom 1991 og 1992. Den norske EU-tiltredinga vart avvist i ei norsk folkerøysting og Sveits fraus sin EU-søknad etter at EØS-avtalen vart avvist i ei sveitsisk folkerøysting. Motstandarar av EØS i Noreg hevda at inngåinga av EØS-avtalen ville stri mot utfallet av folkerøystinga om norsk medlemskap i EU frå 1972 og kravde ei ny folkerøysting om Noreg skulle innlemmast i EØS. Stortinget avviste dette og stemte inn EØS-avtalen med naudsynt fleirtal før Stortingsvalet 1993.[2] Hadde stortingshandsaminga av EØS vorte utsett til etter valet, ville ikkje EØS-avtalen fått naudsynt fleirtal i Stortinget.[3]

Fallet av jernteppet hadde gjort EU mindre nølande med å akseptere desse høgt utvikla landa som medlemsland, sidan det ville avlaste presset på budsjettet til EU når dei tidlegare sosialistiske landa i Sentral-Europa skulle verte med.[1]

Organ endre

EØS-samarbeidet byggjer på to pilarar, der EU og EFTA utgjer dei to pilarane. Samarbeidet har fire felles organ, der representantar frå EFTA/EØS-landa og representantar for EU møtest. Det dreier seg om EØS-rådet og EØS-komiteen, som kan reknast som ei overbygning mellom dei to pilarane. I tillegg kjem Parlamentarikarkomiteen for EØS og Den konsultative komitéen for EØS (partane frå arbeidslivet).

Topilar-systemet i EØS[4]
EFTA Den europeiske unionen
Overbyggande organ
Island, Liechtenstein, Noreg EØS-rådet Presidentskapet i Rådet/

Den europeiske utanrikstenesta

EFTAs faste komite EØS-komiteen Den europeiske utanrikstenesta
Parallelle organ for overvaking og kontroll
EFTA-overvakingsorganet ESA (Utøvande organ) Europakommisjonen
EFTA-domstolen (Domstolar) EU-domstolen
Rådgjevande organ
EFTA-parlamentarikarkomiteen Parlamentarikarkomiteen for EØS Europaparlamentet
EFTA-konsultative komiteen Den konsultative komitéen for EØS Det europeiske økonomiske og sosiale utvalet

Utforming av reglar endre

EFTA/EØS-landa kan ikkje delta i avgjerdsprosessane i EU. Desse landa får likevel lov til å delta i saksbehandlinga når Europakommisjonen skal leggje fram forslag til nye rettsakter som skal innlemmast i avtalen.[5]

EFTA-landa handsamar sakene i sine nasjonale politiske system. I Noreg konsulterer regjeringa Stortinget ved å leggje saka fram for Europautvalet.[6]

For at ei rettsakt skal kunne innførast i rettssystema i EFTA-landa, må framlegget bli vedteke handsama i EØS-komiteen son består av medlemmer frå EFTA og EU. Komiteen møter normalt sju gonger i året i Brussel. Vedtaket i komiteen vert gjort ved semje. Dersom partane ikkje vert samde, vert det ikkje noko vedtak. Kvart EFTA-land har vetorett i den faste EFTA-komitéen. Den same vetoretten gjeld ikkje for landa på EU-sida. EØS-komiteen kan ikkje hindre at EU-vedtaket vert gjort gjeldande i EU.[7]

Dersom EØS-komiteen ikkje godtek eit EU-vedtak innanfor dei områda som avtalen gjeld, kan EU ta heile det aktuelle området ut av avtalen. Mogelegvis har frykt for at dette skal kunne skje og medføre uoverskodelege verknader, vore ei av årsakene til at Noreg enno ikkje har brukt reservasjonsretten i avtalen.[treng kjelde]

Stortinget kan leggje ned veto mot ei rettsakt som er vedteken i EØS-komiteen, dersom nasjonale statsrettslege vilkår ikkje er innfridde.[8] Det vil typisk vere dersom traktaten er særleg viktig og derfor krev samtykke frå Stortinget etter Grunnloven § 26 (2).[9]

Medlemsskap endre

2. mai 1992 vart EØS-avtalen underskriven i Porto av dei då sju statane i det europeiske frihandelsforbundet (EFTA), det europeiske fellesskapet (EF) og dei tolv medlemslanda på den tida. Den 6. desember 1992 avviste veljarane i Sveits ratifiseringa av avtalen i ei konstitusjonell mandatavrøysting, og oppheva effektivt søknaden om EF-medlemskap som vart send inn tidlegare på året. Sveits er i staden knytt til EU gjennom ei rekkje bilaterale avtaler. 1. januar 1995 slutta tre tidlegare medlemmer av EFTA – Austerrike, Finland og Sverige – seg til EU, som hadde erstatta det europeiske fellesskapet etter at Maastricht-traktaten tredde i kraft 1. november 1993. Deltakinga til Liechtenstein i EØS vart forseinka til 1. mai 1995. Alle europeiske statar som blir medlem av EU skal, eller dersom dei vert medlem av EFTA kan, søkje om å bli part i EØS-avtalen i høve artikkel 128 i avtalen.

EØS-avtalen presiserer at medlemskap er ope for medlemslanda anten i EU eller EFTA. EFTA-statar som er part i EØS-avtalen deltek i den indre marknaden i EU utan å vere medlemmer av EU eller tollunionen i EU. Dei vedtek det meste av EU-lovgjevinga om den eine marknaden, med nokre tydelege unntak, inkludert lover om felles landbrukspolitikk og felles fiskeripolitikk. Avgjerdsformingsprosessane i EØS gjer det mogeleg for EØS-EFTA-medlemslanda å påverke og bidra til ny EØS-politikk og lovgjeving på eit tidleg stadium. Tredjelandsvarer er ekskludert for desse statane på opphavsreglar.

Traktatar endre

Forutan 1992-traktaten vart det underteikna 1 endringsavtale, i tillegg til 3 traktatar for å mogeleggjere tiltreding av nye medlemmer av EU.

Traktat Underskrive Tredde i kraft Opphavlege signatarar Merknad
EØS-avtalen 2. mai 1992 1. januar 1994 19 statar + EØF og EKSF Tredde i kraft som justert av 1993-protokollen
Justerande protokoll 17. mars 1993 1. januar 1994 18 statar + EØF og EKSF Tillèt ikrafttreden utan Sveits
Deltaking av ti nye statar 14. oktober 2003 6. desember 2005 28 statar + EF Som følgje av utvidinga av EU i 2004
Deltaking av to nye statar 25. juli 2007 9. november 2011 30 statar + EF Som følgje av utvidinga av EU i 2007
Deltaking av éin ny stat 11. april 2014 ikkje i kraft 31 statar + EU Som følgje av utvidinga av EU i 2013

Ratifisering av EØS-avtalen endre

Stat Underskrive
[10][11][12]
Ratifisert
[11]
Tredde i kraft[11] Trekte seg ut Merknader
  Austerrike 2. mai 1992 15. oktober 1992 1. januar 1994 EU-medlem (frå 1. januar 1995)
Gjekk inn i EØS som EFTA-medlem[12]
  Belgia 2. mai 1992 9. november 1993 1. januar 1994 EU-medlem
  Bulgaria[13] 25. juli 2007 29. februar 2008 9 November 2011 EU-medlem
  Danmark 2. mai 1992 30. desember 1992 1. januar 1994 EU-medlem
  Estland[14] 14. oktober 2003 13. mai 2004 6. desember 2005 EU-medlem
  EU 2. mai 1992 13. desember 1993 1. januar 1994 Opphavleg som Det europeiske økonomiske fellesskapet
og Det europeiske kol- og stålfellesskapet
  Finland 2. mai 1992 17. desember 1992 1. januar 1994 EU-medlem (frå 1. januar 1995)
Gjekk inn i EØS som EFTA-medlem[12]
  Frankrike 2. mai 1992 10. desember 1993 1. januar 1994 EU-medlem
  Hellas 2. mai 1992 10. september 1993 1. januar 1994 EU-medlem
  Island 2. mai 1992 4. februar 1993 1. januar 1994 EFTA-medlem
  Irland 2. mai 1992 29. juli 1993 1. januar 1994 EU-medlem
  Italia 2. mai 1992 15. november 1993 1. januar 1994 EU-medlem
  Kroatia[15] 11. april 2014 24. mars 2015[16] Nei EU-medlem (frå 1. juli 2013)
Førebels søknad (som deltakande ikkje-EØS-stat) frå 12. april 2014[15]
  Kypros[14] 14. oktober 2003 30. april 2004 6. desember 2005 EU-medlem
(Implementeringa av avtalen er «sett på vent» i territorium kjende som Nord-Kypros)
  Latvia[14] 14. oktober 2003 4. mai 2004 6. desember 2005 EU-medlem
  Liechtenstein 2. mai 1992 25. april 1995 1. mai 1995 EFTA-medlem
  Litauen[14] 14. oktober 2003 27. april 2004 6. desember 2005 EU-medlem
  Luxembourg 2. mai 1992 21. oktober 1993 1. januar 1994 EU-medlem
  Malta[14] 14. oktober 2003 5. mars 2004 6. desember 2005 EU-medlem
  Nederland 2. mai 1992 31. desember 1992 1. januar 1994 EU-medlem
  Noreg 2. mai 1992 19. november 1992 1. januar 1994 EFTA-medlem
  Polen[14] 14. oktober 2003 8. oktober 2004 6. desember 2005 EU-medlem
  Portugal 2. mai 1992 9. mars 1993 1. januar 1994 EU-medlem
  Romania[13] 25. juli 2007 23. mai 2008 9. november 2011 EU-medlem
  Slovakia[14] 14. oktober 2003 19. mars 2004 6. desember 2005 EU-medlem
  Slovenia[14] 14. oktober 2003 30. juni 2005 6. desember 2005 EU-medlem
  Spania 2. mai 1992 3. desember 1993 1. januar 1994 EU-medlem
  Storbritannia 2. mai 1992 15. november 1993 1. januar 1994 31. januar 2020 Tidlegare EØS- og EU-medlem. EØS dekte (med nokre unntak) Gibraltar og Akrotíri og Dekélia i tillegg til (for avgrensa føremål) dei tre kroneiga (Isle of Man, Jersey, Bailiwick of Guernsey). EØS-avtalen og EØS-reglane heldt seg gjeldande i overgangsperioden fram til 31. desember 2020.[17]
  Sverige 2. mai 1992 18. desember 1992 1. januar 1994 EU-medlem (frå 1. januar 1995)
Gjekk inn i EØS som EFTA-medlem[12]
  Sveits[12] 2. mai 1992 Nei Nei EFTA-medlem
EØS-ratifisering avvist i ei folkerøysting i 1992
Fjerna som avtalepart i 1993-protokollen
  Tsjekkia[14] 14. oktober 2003 10. juni 2004 6. desember 2005 EU-medlem
  Tyskland 2. mai 1992 23. juni 1993 1. januar 1994 EU-medlem
  Ungarn[14] 14. oktober 2003 26. april 2004 6. desember 2005 EU-medlem

Framtidige utvidingar endre

Artikkel 28 i EØS-avtalen seier at kvar europeiske stat som vert medlem av EU, skal søkje om å verte part i EØS-avtalen. På same måte kan Sveits, og kvar europeiske stat som vert medlem av EFTA søkje om å verte part i avtalen. Vilkåra for tiltreding er fastsette i ein avtale mellom søkjarstaten og avtalepartane.[18]

I samband med utvidinga av EU med 10 nye land 1. mai 2004 vart vilkåra for tiltredinga av desse landa forhandla i EØS-avtalen. Utvidinga av EØS-avtalen vart handsama i Stortinget 29. januar 2004. Det vart då fremja forslag om å seie opp avtalen, som fekk berre ei stemme (Kystpartiet). SV og SP hadde alternative forslag, men desse fall, og avtalen vart til slutt vedteken mot den eine stemma frå Kystpartiet.

1. januar 2007 vart Romania og Bulgaria medlemmer av EU. Dei vart provisoriske medlemmer av EØS 1. august 2007, og fulle medlemmer 9. november 2011. På same måte vart Kroatia EU-medlem 1. juli 2013 og provisorisk EØS-medlem 12. april 2014. Alle EØS-land må ratifisere avtalen før fullt medlemskap.[19]

Uttrekkinga av Storbritannia endre

Storbritannia stemte i ei folkerøysting i 2016 for å trekkje seg ut av EU.

Ein forskingsartikkel frå 2013 presentert for parlamentet i Storbritannia føreslo ei rekkje alternativ til EU-medlemskap som framleis ville gje det tilgjenge til den indre marknaden i EU, inkludert vidare EØS-medlemskap som EFTA-medlemsland, eller den sveitsiske modellen av ei rekkje av bilaterale traktatar som dekkjer vedtektene i den indre marknaden.[20] Storbritannia var medgrunnleggjar av EFTA i 1960, men slutta å vere medlem då det vart medlem av Det europeiske fellesskapet. I det første møtet sidan Brexit-avrøystinga reagerte EFTA med å seie både at det var ope for at Storbritannia returnerte og at dei hadde fleire saker å jobbe seg gjennom[21] sjølv om den norske regjeringa seinare uttrykte atterhald.[22] I januar 2017 kunngjorde Theresa May, dåverande britisk statsminister, ein 12-punktsplan med forhandlingsmål og stadfesta at regjeringa i Storbritannia ikkje ville søkje vidare permanent medlemskap i den indre marknaden.[23] Storbritannia kan få løyve av andre medlemsland til å slutte seg til EØS og EFTA, men eksisterende EØS-medlemmer som Noreg kan ha bekymringar om å ta risikoen for å opne ei vanskeleg forhandling med EU som kan føre til at dei mister sine noverande føremoner.[24] Den skotske regjeringa har sett på medlemskap i EFTA for å halde på tilgangen til EØS.[25] Likevel har andre EFTA-statsr uttalt at berre suverene statar er kvalifiserte for medlemskap, så Skottland kunne berre verte med dersom det vart uavhengig av Storbritannia.[26]

EØS-EFTA-statane (Noreg, Island, Liechtenstein) underteikna ein separasjonsavtale med Storbritannia 28. januar 2020, som er forstått å segle dei EØS-relevante delane av utmeldingsavtalen mellom EU og Storbritannia.[17] Utmeldingsavtalen fastsette ein overgangsperiode, etter den formelle utmeldinga av Storbritannia den 31. januar 2020 og fram til 31. desember 2020, der både Storbritannia og dei andre EØS-medlemmene vart bundne av dei eksisterande forpliktingane som stammar frå internasjonale avtalar inngått av EU, inkludert EØS-avtalen.[17] I januar og februar 2020 utelukka regjeringa i Storbritannia ei framtidig tilpassing til reglane for den indre marknaden, og utelukka EØS-medlemskap etter slutten av overgangsperioden 31. desember 2020.[27][28][29]

EØS og EU-spørsmålet endre

Eksistensen av EØS-avtalen kom til å spele ei viktig rolle i høve folkerøystinga om norsk EU-medlemskap i 1994. På den eine sida vart det argumentert med at ein ikkje trengte EU-medlemskap av di Noreg gjennom EØS allereie var tilslutta den indre marknaden. På den andre sida vart det argumentert med at EØS-avtalen gjorde Noreg til «nesten-medlem» og at det einaste staten mangla å kunne påverke og delta som fullverdig medlem var eit medlemskap i EU.

Kritikk av EØS-avtalen endre

EØS-avtalen vert kritisert av både tilhengjarar og motstandarar av norsk EU-medlemskap. I og med at veto-tilgangen ikkje er brukt, er det hevda at avtalen i praksis (men altså ikkje formelt) har overført suverenitet til EU. Professor i offentleg rett, Eivind Smith, brukte på denne bakgrunnen uttrykket «konstitusjonell katastrofe» om avtalen i ei høyring i Stortinget den 5. mai 1997.

Både tilhengjarar og motstandarar av norsk EU-medlemskap peiker på suverenitetsproblema med avtalen. Motstandarar ønskjer å tre ut for å ta attende den reelle suvereniteten, medan tilhengjarar meiner det berre er ved EU-medlemskap at Noreg sjølv kan påverke rammevilkåra. EØS-avtalen vert òg kritisert fordi han inneber at Noreg gjennom ein traktat har slutta seg til dei fire fridommane i EU og det som er hevda å vere eit marknadsliberalistisk system.

Nokre EU-motstandarar ønskjer at Noreg skal tre ut av EØS-avtalen og basere seg på bilaterale frihandelsavtaler etter mønster frå Sveits. Det er vorte peikt på at dersom Noreg seier opp EØS-avtalen, så vil handelsavtalen av 1972 ta over i og med at denne framleis er gjeldande. EØS-avtalen har likevel støtte frå EU-motstandarar som legg vekt på at han sikrar Noreg marknadstilgjenge, skjermar fisk og landbruk, gjev ei viss mogelegheit til påverknad gjennom deltaking i komitear og held landet utanfor den felles forsvars- og utanrikspolitikken i EU. At avtalen omfattar mange viktige samarbeidsområde vert òg vektlagt.

Ei undersøking frå 2021 før Stortingsvalet 2021 viste at nordmenn hadde vorte meir skeptiske til EØS-avtalen. 44 prosent av respondentane svarte at dei var for avtalen, ein nedgang frå 67 prosent nokre månader tidlegare.[30] Forskaren Øyvind Svendsen kommenterte at den aukande skepsisen kunne ha samanheng med at aktuelle kontroversielle politiske tema over tid hadde påverka opinionen, som implementeringa av ACER og utbygginga av vindkraft.[31]

EØS-midla endre

 
Nedslagsfeltet (lyseblått) for EØS-midla i perioden 2009–2014.

I EØS-avtalen har EFTA-landa (Island, Liechtenstein og Noreg) forplikta seg til å bidra økonomisk til å redusere økonomiske og sosiale ulikskapar innan EØS. Opphavleg var ordninga avgrensa til dei fem første åra etter at EØS-avtalen tredde i kraft, men EFTA-statane gav etter for kravet til EU om å føre ordninga vidare etter at perioden hadde gått ut. I perioden frå 2004 til 2009 vart 1,3 milliardar euro gjorde tilgjengelege for prosjektfinansiering i dei då 15 mottakarlanda i Sentral- og Sør-Europa.

I tillegg til finansieringsordninga («EEA Grants») har Noreg eit eige bidrag («Norway Grants»). Overføringane har auka kraftig etter at EU utvida i 2004, 2007 og 2013. Til dømes bidrog Noreg med kring 200 millionar kroner årleg dei første fem åra frå avtalen starta, medan bidraget i dag ligg på nesten 4,3 milliardar kroner årleg.[2] Noreg står for kring 97 prosent av bidraga frå EFTA-landa. Landet som fekk mest stønad i 2015 var Polen, etterfølgt av Romania.[32]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Bache, Ian and Stephen George (2006) Politics in the European Union. Second Edition. Oxford: Oxford University Press: 543–548.
  2. 2,0 2,1 «EØS». Store norske leksikon. 23. juni 2021. Henta 21. april 2022. 
  3. «Ble EØS-avtalen vedtatt på demokratisk vis?». FriFagbevegelse. 8. oktober 2012. Henta 22. april 2022. 
  4. regjeringen.no (26. juni 2013). «EØS-organene». Regjeringen.no (på norsk). Henta 14. august 2021. 
  5. regjeringen.no (17. mars 2021). «Hva EØS-avtalen omfatter». Regjeringen.no (på norsk). Henta 11. september 2021. 
  6. «Europautvalget». Stortinget (på norsk). 22. august 2018. Henta 11. september 2021. 
  7. regjeringen.no (4. mars 2021). «EØS-komiteen». Regjeringen.no (på norsk). Henta 11. september 2021. 
  8. «Avtale om Det europeiske økonomiske samarbeidsområde - Lovdata». lovdata.no. Henta 11. september 2021. «Artikkel 103» 
  9. EØS-rett. Senter for Europa-rett, Universitetet i Oslo. s. 103. ISBN 82-00-22469-4. OCLC 37293452. 
  10. Av den opphavlege avtalen, eller ein etterfølgjande avtale for deltaking av den særskilde staten i EØS.
  11. 11,0 11,1 11,2 «Agreement details». Council of the European Union. Henta 7. juli 2013. 
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 12,4 «Agreement on the European Economic Area». European Union. 8. januar 2010. Henta 27. oktober 2014. 
  13. 13,0 13,1 «Agreement details». Council of the European Union. 25. juli 2007. Henta 7. juli 2013. 
  14. 14,00 14,01 14,02 14,03 14,04 14,05 14,06 14,07 14,08 14,09 «Agreement details». Council of the European Union. 14. oktober 2003. Henta 27. oktober 2014. 
  15. 15,0 15,1 «Agreement details». Council of the European Union. Henta 23 April 2014. 
  16. «Hrvatski sabor». Sabor.hr. Arkivert frå originalen 6. august 2020. Henta 7 May 2017. 
  17. 17,0 17,1 17,2 «Frequently asked questions on EFTA, the EEA, EFTA membership and Brexit». EFTA. Henta 2 February 2020. 
  18. «Avtale om Det europeiske økonomiske samarbeidsområde - Lovdata». lovdata.no. Henta 20. april 2022. 
  19. Kroatia med i EØS
  20. «Leaving the EU – RESEARCH PAPER 13/42» (PDF). House of Commons Library. 1. juli 2013. Henta 19. mai 2015. 
  21. «The Latest: Lithuania says UK must say if decision is final». CNBC. 27. juni 2016. Arkivert frå originalen 3. juli 2016. Henta 18. september 2016 – via Associated Press. 
  22. Norway's European affairs minister, Elisabeth Vik Aspaker, told the newspaper Aftenposten: "It's not certain that it would be a good idea to let a big country into this organisation. It would shift the balance, which is not necessarily in Norway’s interests". Patrick Wintour (9. august 2016). «Norway may block UK return to European Free Trade Association | World news». The Guardian. Henta 17. august 2016. 
  23. Wilkinson, Michael (17 January 2017). «Theresa May confirms Britain will leave Single Market as she sets out 12-point Brexit plan». The Daily Telegraph. Arkivert frå originalen 11. januar 2022. Henta 18. januar 2017. 
  24. Wintour, Patrick (3. september 2017). «Efta court chief visits UK to push merits of 'Norway model'». The Guardian. Henta 16 March 2018. 
  25. «Sturgeon hints the Scottish Government could seek Norway-style EU relationship». 17. november 2016. Henta 17 November 2016. 
  26. Johnson, Simon (16 March 2017). «Iceland: Scotland could not start applying for EFTA until after independence». The Daily Telegraph. Arkivert frå originalen 11. januar 2022. Henta 24. mars 2017. 
  27. «No EU regulation alignment post-Brexit, warns Sajid Javid». ITV News (på engelsk). 18. januar 2020. Henta 8 February 2020. 
  28. «UK Government can't guarantee 'frictionless trade' after Brexit, admits Michael Gove». belfasttelegraph (på engelsk). ISSN 0307-1235. Henta 8. februar 2020. 
  29. Payne, Sebastian (2. februar 2020). «Boris Johnson to reject regulatory alignment in EU trade talks». Financial Times. Henta 8. februar 2020. 
  30. «Karl Petter elskar EØS, men nordmenn har vorte meir skeptiske». NRK. 26. august 2021. Henta 21. april 2022. 
  31. «Dramatiske EØS-tall: Stor skepsis». E24. 12. august 2021. Henta 21. april 2022. 
  32. «Dette går nokon av EØS-midlane til». NRK. 23. juni 2015. Henta 21. april 2022. 

Bakgrunnsstoff endre