Emma Christine Matthiasen (2. november 18908. mai 1975) var ein norsk-dansk bilethoggar.

Emma Matthiasen

Statsborgarskap Noreg, Danmark
Fødd 2. november 1890
Christiania
Død

8. mai 1975 (84 år)
København

Yrke bilethoggar
Emma Matthiasen på Commons
Bilethoggaren Emma Matthiasen som barn, fotografert rundt år 1900 saman med syskena Dagmar og Thyge. Fotograf: Christoffer Gade Rude. Bildet inngår i Oslo Museums Byhistoriske samling.
Gamle Hønefoss kyrkje, med ei altartavle som i 1952 fekk ei ny ramme med figurar utforma av Emma Matthiasen. Kyrkja brann ned til grunnen i 2010. Fotograf: Hans Olav Lien.

Matthiasen levde mykje i Danmark, og var difor påverka av si tids danske samtidskunst. Den danske påverknaden vart framheva i samtidig omtale av det kunstnariske virket hennar:

«Det som utmerker Emma Matthiasens kunst er nettopp sansen for den strenge og klare form, som i forbindelse med en overmåte følsom og meget vakker overflatebehandling gir ganske delikate stoffvirkninger og en livfull karakteristikk.»[1]

Familie endre

Matthiasen var dotter av avdelingssjef Wictor Wiggo Matthiasen (1843–1915) og Caspara Louise Christophersen (1855–1932). Ho var gift med den danske pianisten Uno Browall.[2][3]

Kunstnarisk verksemd endre

Matthiasen var utdanna i ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole og Kunstakademiet i Kristiania. Deretter studerte ho vidare i København under Einar Utzon Frank frå 1919 til 1927.[2][4] Utzon-Frank hadde i denne perioden to andre norske elevar, høvesvis Anne Grimdalen og Asbjørg Borgfelt.[5]

Matthiasen debuterte som kunstnar i 1920 på Charlottenborg Forårsudstilling i København.[3] I 1921 debuterte ho på den norske Haustutstillinga.[4] I 1922 laga ho ei portrettbyste av forfattaren Gunnar Larsen som vart innkjøpt av Nasjonalgalleriet i Oslo.[6] I 1927 vart guteportrettet Hans Jacob støypt i bronse; bysta vart innkjøpt av Nasjonalgalleriet same år. To år seinare laga ho eit bronseportrett av Else Lorentzen som Nasjonalgalleriet kjøpte inn for midlar frå Benneches legat.[7] I verket Norsk kunsthistorie (Gyldendal, 1983) vert portrettet av Else Lorentzen framheva:

„«Else Lorentzen» (1929) er med sin utsøkte materialbehandling og detaljering et klassisk, for ikke å si klassistisk, toppstykke innenfor norsk portrettkunst.“[5]

I krigsåra 1940–45 oppheldt Matthiasen seg på nytt i Danmark. Ho hadde også kortare studiereiser til Italia og Hellas 1924, 1925 og 1926. I 1950 besøkte ho Paris. Ho var periodevis busett i Danmark fram til ho døydde i 1975.[2]

Matthiasen vart ein anerkjend kunstnar som fekk ei rekkje offentlege og private utsmykkingsoppdrag. Ho modellerte ein bronsemedalje som markerte 80-årsdagen til geologen Waldemar Christopher Brøgger i 1931.[8] Ho var ein av kunstnarane som vart utvald til utsmykkingsoppdrag i det nye rådhuset i ein konkurranse som vart gjennomført i 1937–1938. I 1945 vart bysta til Matthiasen av arkitekt Arnstein Arneberg avduka i Oslo rådhus.[9][10] Seinare fekk ho i oppdrag å utforme 17 små relieff i bronse til himlingen på den søre balkongen på Rådhuset. Desse relieffa var på plass i 1950, og førestiller havfruer, havmenn, fugl og fiskar.[11] Då myntforskaren Hans Holst fylte 60 år i 1951 vart det laga ein medalje i bronse med portrett modellert av Matthiasen, og gravert og prega av Øivind Hansen.[12] Både medaljen som markerte jubileet til Holst og ein medalje med portrett av professor Gunnar Rudberg frå 1930 vart innkjøpt av Nasjonalgalleriet i Oslo i 1951.[13]

Bysta til Matthiasen av Elias Kræmmer (Anthon B.Nilsen) vart avduka i Svelvik i 1955 i samband med hundreårsjubileet for hans fødsel.[14]

I 1955 vart portrettet til Matthiasen av politikaren Aldor Ingebrigtsen (1888-1952) avduat i Televerkets bygg i Tromsø. To år seinare vart monumentet hennar over Ingebrigtsen reist på gravstaden hans på Tromsø gravlund; dette arbeidet var eit bestillingsverk for Nord-Troms Arbeidarparti.[15] I 1960 vart minnesmerket hennar over ordførar Alfred Hansen avduka i Bruparken i Tromsdalen.[2]

I 1961 vart skulpturen hennar Havfruen plassert på Slattum i Nittedal.[16] I 1963 kjøpte Molde kommune inn skulpturen Mor med liten gutt, som vart plassert i Alexandria-parken.[17] Jenteportrettet Duck vart modellert i 1942, men fyrst støypt i bronse i 1967, etter at Nasjonalgalleriet hadde kjøpt det frå kunstnaren i 1966.[7]

Bruvik kyrkje har eit portalrelieff utforma av Matthiasen.[18] Ho har utført fleire utsmykkingsarbeid i og ved norske kyrkjer; et granittrelieff som førestiller erkeengelen Mikael flankert av apostelen Johannes og profeten Moses finnast i Glemmen nye kyrkje i Fredrikstad.[19][4] I 1966 vart monumentet hennar over Leiv Tveit, som var grunnleggjar av og styrar for Bakkebø institusjon for psykisk utviklingshemma barn og unge, avduka ved Bakkebø kyrkje i Egersund.[20] Ei granittgruppe utført av Matthiasen finnast på Bragernes kyrkjegard i Drammen.[21] Ho har også portrettert skodespelaren Tore Segelcke.[22]

Matthiasen vart sjølv portrettert av bilethoggaren Hanna Jessen.[1]

Leiketøy og livbergingsdokke endre

På 1950- og 1960-talet vart Matthiasen engasjert av Åsmund S. Lærdal til å modellere leikedokker for firmaet hans i Stavanger. Lærdal var kvalitetsbevisst og knytta til seg fleire andre framståande kunstnarar til å utforme ulike produkt for verksemda si, som starta som eit forlag, deretter vart leiketøysprodusent for så å ende opp som utviklar og produsent av livbergingsutstyr. Då livbergingsdokka, som seinare fekk namnet Resusci Anne, skulle få sitt visuelle uttrykk, vedtok Lærdal å basere andletet til dokka på ei kjend dødsmaske av ei jente som drukna seg i Seinen i Paris på 1800-talet. Han engasjerte då Matthiasen til å modellere dokkeandletet med dødsmaska som utgangspunkt.[23]

Prisar og utmerkingar endre

Verv endre

Emma Matthiasen vart ei rekkje gongar på 1930-, 1940- og 1950-talt vald inn til Tilsynsrådet for Kunstnernes Hus i Oslo, som representant for bilethoggarane.[24] I 1950 var ho medlem av kunstnarjuryen som valde ut arbeid til «Den offisielle finske utstilling» i Oslo.[25] Medlemmane av juryen og andre norske bilethoggarar var også representert på denne utstillinga, og Matthiasen deltok med fem skulpturar.[25]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Meyer, Ulla (1943). Norske kvinner: 150 portretter. Jacob Dybwads forlag. s. 134. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Emma Matthiasen – Norsk kunstnerleksikon». Store norske leksikon (på norsk). Henta 12. august 2017. 
  3. 3,0 3,1 «373 (Hvem er Hvem? / 1973)». runeberg.org (på norsk). Henta 12. august 2017. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Amtrup, Aage (1987). Galleri Fredrikstad: skulpturer og minnesmerker. Fredrikstad kommune. s. 80–81. 
  5. 5,0 5,1 Berg, Knut 1925-2007 (1983). «Bind 6: Mellomkrigstid». Norges kunsthistorie. Gyldendal. s. 298–299. ISBN 8205122709. 
  6. Schieldrop, Edgar B. (1935). «Matthiasen, Emma Christine». Gyldendals konversasjonsleksikon. Gyldendal. 
  7. 7,0 7,1 Guleng, Mai Britt; Lange, Marit; Lathion, Jacques (1997). Norsk skulptur: katalog. Nasjonalgalleriet. s. 117–120. ISBN 8290744455. 
  8. «Waldemar Christopher Brøgger – Norsk biografisk leksikon». Store norske leksikon (på norsk). Henta 12. august 2017. 
  9. «Arnstein Arneberg – Norsk biografisk leksikon». Store norske leksikon (på norsk). Henta 12. august 2017. 
  10. Rådhuset i Oslo: fører gjennom bygningen. s.n. 1952. s. 12. 
  11. «eMuseum». kio.emuseum.com. Arkivert frå originalen 13. august 2017. Henta 12. august 2017. «Etter å ha vært blant de innkjøpte i konkurransen i 1937-38 om utsmykking av Oslo rådhus fikk Matthiasen i oppdrag å utføre 17 mindre bronsefigurer til feltene under himlingen på sørfasadens balkong. Arbeidene framstår nærmest som relieffer og består av flere replikker av motivene havfrue, havmann, flyndre, torsk og flyvende gås. I 1945 utførte Matthiasen for øvrig bronseportrettet av rådhusarkitekt Arnstein Arneberg (1882–1961) til plassering inne i bygningens såkalt lange galleri, til venstre for inngangen til Rådhushallen.» 
  12. «Hans Holst – Norsk biografisk leksikon». Store norske leksikon (på norsk). Henta 12. august 2017. 
  13. Guleng, Mai Britt; Lange, Marit; Lathion, Jacques (1997). Norsk skulptur: katalog. Nasjonalgalleriet. s. 117–120. ISBN 8290744455. 
  14. «Kremmer, Høyremann og forfatter». Dagsavisen (på norsk). 6. oktober 2014. Henta 12. august 2017. 
  15. «Aldor Ingebrigtsen – Norsk biografisk leksikon». Store norske leksikon (på norsk). Henta 12. august 2017. 
  16. «Den lille havfrue på Slattum - Nittedalsporten.no». www.nittedalsporten.no (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 13. august 2017. Henta 12. august 2017. 
  17. Korsbrekke, Berit; Strømme, Arne (1993). Tause minner: en historisk vandring blant skulpturer og bautasteiner i Molde kommune. Kommunen. s. 42–43. ISBN 8290393520. 
  18. «374 (Hvem er Hvem? / 1973)». runeberg.org (på norsk). Henta 12. august 2017. 
  19. «Glemmen nye kirke - Norges Kirker». www.norgeskirker.no (på norsk). Henta 12. august 2017. 
  20. «Byste av Leiv Tveit [Egersund byhistoriske leksikon]». www.dalanefolke.museum.no (på norsk). Henta 12. august 2017. 
  21. Høel, Leif 1922-1997; Alsvik, Henning 1911-1995 (1955). Drammen i bilder. Lyche. s. 57. 
  22. Rønneberg, Anton (1949). Nationaltheatret gjennom femti år. Gyldendal. s. 289. 
  23. Tjomsland, Nina 1934- (1990). Hjertet i arbeidet: Lærdals første 50 år. Lærdal. s. 27–28. 
  24. Hellandsjø, Karin; Glambek, Ingeborg; Schmedling, Olga; Gjessing, Steinar (1980). Kunstnernes hus 1930-1980. Kunstnernes hus. s. 224–226. ISBN 8299064201. 
  25. 25,0 25,1 Den offisielle finske kunstutstilling, Oslo 1950: malerier, skulptur, tegninger, grafikk, 7.jan.-5.febr. 1950. 1950. s. 2 og 5. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Emma Matthiasen