Dansk kunst er biletkunst skapt i Danmark eller av danske kunstnarar. Tradisjonen går tusenvis av år tilbake, med viktige gjenstandar solvogna frå Trundholm frå 1000-talet f.Kr. Mange av dei tidlege periodane kan vanlegvis reknast til den vidare nordiske kunsten frå Skandinavia. Kunst frå det som i dag er Danmark er del av den nordiske bronsealderen, og deretter norrøn og vikingkunst. Dansk mellomaldermåleri er nest berre kjent frå kyrkjefreskar som dei frå 1500-talsmålaren kjend som Elmelunde-meisteren.

Christen Købke, Udsigt fra Dosseringen ved Sortedamssøen mod Nørrebro, 1838. Dannebrog er ofte avbilda i dansk kunst frå denne perioden.

Reformasjonen forstyrra i stor grad danske kunstnariske tradisjonar, og gjorde med eitt slag at målarar og bilethoggarar stod utan store marknader. Hoffet og aristokratiet ønskte hovudsakleg portrett, vanlegvis av importerte kunstnarar, og det var først på 1700-talet at eit stort tal danskar blei utdanna i moderne stilar. I ein lengre periode etter dette blei kunst i Danmark anten importert frå Tyskland og Nederland eller danske kunstnarar studerte i utlandet og produserte verk som sjeldan var inspirerte av Danmark sjølv. Frå slutten av 1700-talet endra situasjonen seg radikalt. Frå og med den danske gullalderen byrja ein distinkt tradisjon for dansk kunst som har bløma fram til i dag. På grunn av generøse kunstsubsidiar har dansk samtidskunst stor produksjon per innbyggar.

Sjølv om det vanlegvis ikkje er eit stort senter for kunstproduksjon eller eksportør av kunst, har Danmark vore relativt vellykka med å halda på kunsten sin; spesielt den relative milde naturen til den danske reformasjonen, og mangelen på følgjande omfattande ombygging og ominnreiing av kyrkjer, har ført til at Danmark med andre skandinaviske land har uvanleg rike overlevingar av mellomalderske kyrkjemåleri og inventar. Ein periode då nordisk kunst øvde sterk innverknad over resten av Nord-Europa var i vikingtida, og det er mykje att av denne kunsten, både i steinmonument som står urørt rundt på landsbygda, og gjenstandar gravne ut i moderne tid.

Nordisk bronsealder

endre
 
Gundestrup-kjelen

Lurar frå bronsealderen er ein særskild type stort, kurvande horn, vanlegvis laga av bronse, og ofte dekorerte. 35 av dei 53 kjende eksemplara av desse er danske myrfunn, svært ofte funne parvis.

Eit mogleg utanlandsk funn i Danmark er Gundestrupkjelen, eit rikt dekorert sølvkar som ein trur stammar frå 100-talet f.Kr.[1] Kjelen blei funnen i ei myr nær grenda Gundestrup nordaust på Jylland i 1891. Han er no ved Nationalmuseet i København, og er det største kjende dømet på europeisk sølvarbeid frå denne perioden. Sølvsmedarbeidet på platene er svært dyktig utført. Stilen og arbeidet peiker mot eit trakisk opphav, medan bileta verker keltiske, så det er mogleg han ikkje viser lokale stilar.

Norrøn kunst

endre

Den germanske jernalderen frå rundt år 400 til år 800 er representert gjennom Gallehus-horna, som ein no berre kjenner frå teikningar etter at dei blei stolne og smelta ned i 1802, og fleire funn frå våpenofringar, til dømes ved Illerup Ådal, der ein har funne rundt 15 000 gjenstandar som blei ofra i tida 200–500.

Danske funnstader har gjeve namn til to av dei seks hovudstilane av norrøn kunst, jellingstilen frå 900-talet og den påfølgjande mammenstile (900-1000-talet), men andre stilar er også representerte i Danmark. Ein kjenner berre til ei dansk skipsgrav, Ladbyskibet. Elles er bilete frå runesteinane ved Jelling truleg dei best kjente danske verka frå denne perioden. Det er lite att av den opphavlege målinga ein brukte på desse steinane, men kopiar av den største steinen ved Nationalmuseet i København og i museet i Jelling er blitt dekorerte i sterke fargar baserte på pigmenta ein har funne på originalen.[2]

Kyrkjefreskar frå mellomalderen

endre
 
Gotiske freskar i Elmelunde kyrkje

Det finst kyrkjefreskar (dansk kalkmalerier) i rundt 600 kyrkjer i Danmark, noko som truleg er den største konsentrasjonen av overlevande kyrkjefreskar nokon stad i verda.[3] Dei fleste av dei stammar frå mellomalderen. Dei var gøymde i fleire hundreår etter reformasjonen, då dei blei dekte med kalk, og blei fyrst synte fram att og restaurerte på 1800- og 1900-talet. Av annan mellomalderkunst er dei danske gotiske måleria frå 1400- og 1500-talet av større interesse, ettersom dei blei laga i ein stil som var typisk for danskfødde målarar.[4] Dei nytta ei Biblia pauperum-tilnærming, og synte mange av dei mest populære sogene frå Det gamle og Det nye testamentet i typologiske samansetjingar.

Renessansen til 1700-talet

endre
 
Landskap med nordlys - forsøk på å måla Aurora Borealis av Jens Juel på 1790-talet.

Dansk panelmåleri og måla treskjering frå seinmellomalderen var for det meste i nordtyske stilar, eller sterkt påverka av dei, særleg av dei frå Hamburg og andre hansabyar. I samband med reformasjonen slutta religiøs målarkunst nesten heilt opp, og i lang tid blei dei viktigaste portretta av kongefamilien måla av utanlandske kunstnarar, som Hans Holbein den yngre sitt portrett av Kristina av Danmark. Albrecht Dürer sitt portrett av far hennar, Kristian II av Danmark, måla i Brussel i 1521, har ikkje overlevd.

Det Kongelige Danske Kunstakademi blei skipa i 1754 etter europeisk mønster, med føremål om å utvikla ein nasjonal skule og gjera det mindre nødvendig å henta kunstnarar frå andre land. Etter ein utviklingsperiode kom studentane ved akademiet til å leia skapinga av ein særskild dansk kunststil. Johannes Wiedewelt var leiar for akademiet frå 1772 til 1777 og frå 1780 til 1789. Han var ein nyklassisistisk bilethoggar som hadde studert i Italia og Frankrike, følgde fotspora til far sin som hoffbilethoggar, og er hugsa for minnesmerke og hagedekorasjonar som monumentet for kong Fredrik V i Roskilde domkyrkje og eit marinemonument i Holmens kyrkjegard. Den fyrste målaren til å leia akademiet var svenskfødde Carl Gustaf Pilo (ca. 1711–1793), ein portrett- og historiemålar i den storslåtte stilen, og den neste var Nikolaj Abraham Abildgaard (1743–1809), ein tidlegare student som utvikla ein nyklassisistisk stil. Leiande danske kunstnarar som underviste ved akademiet var mellom anna Christian August Lorentzen og Jens Juel, som seinare også blei leiar. Dei fleste leiande kunstnarane i Danmark i det neste hundreåret blei opplærte ved akademiet og vende ofte tilbake for å undervisa der. Dermed fanst ikkje spenninga mellom akademisk kunst og andre stilar i så stor grad i dansk kunsthistorie på same måte som i land som Frankrike, England og andre land.

 
Ganymede og ørna av Bertel Thorvaldsen, 1817

Ein student frå Abildgaard si tid ved akademoiet var Bertel Thorvaldsen (1770–1844), den klart best kjende danske bilethoggaren, som i lag med italienske Canova var kjend i heile Europa som ein leiande nyklassisistisk bilethoggar. Blant verka hans finst ein serie av kolossale statuar av Kristus og dei tolv apostlane hans, og gjenoppbygginga av Vor Frue Kirke i København. Han henta for det meste motiv for verka sine (relieff, statuar og byster) frå gresk mytologi, men han skapte også portrett av viktige persinar, som i gravmonumentet for pave Pius VII i Peterskyrkja i Roma. Ein kan sjå verk av han i fleire europeiske land, men det finst ei større samling ved Thorvaldsen Museum i København. Han heldt til i Roma i fleire år, og spelte ei viktig rolle i å oppmuntra unge danske kunstnarar til å ha opphald i byen. Ein annan viktig nyklassisitisk kunstnar frå akademiet var målaren Asmus Jacob Carstens, som seinare oppheldt seg i Italia eller Tyskland.

Skipinga av Den Kongelige Porcelænsfabrik i København i 1775 var eit anna kongeleg initiativ som var typisk for monarkia i denne perioden. Denne verksemda har likevel overlevd dei fleste tilsvarande slike skipingane, og er i dag ein del av ei større, internasjonalt kjend gruppe som også omfattar Kosta Glasbruk, skipa av to offiserar i 1742, og Orrefors Glasbruk, skipa i 1898.

Gullalderen

endre
 
Christoffer Wilhelm Eckersberg, Kvinne foran et spejl, 1841. Fransk nyklassisisme omforma til Biedermeier-stil.

Rundt byrjinga av 1800-talet utvikla den danske gullalderen seg med ein særmerkt nasjonal stil for fyrste gongen sidan mellomalderen. Perioden varte til midten av hundreåret. Målarstilen har trekk frå den nederlandske gullalderen, særleg når det gjeld landskapsmåleri,[5] og framstiller eit nordleg lys som er mjukt, men tillet sterke fargekontrastar. Scenar i desse måleria er typisk ein idealisert versjon av røyndommen, men er samstunder upretensiøse, slik at dei verker meir realistiske enn dei faktisk er. Interiørscenar, ofte små portrettgrupper, er også vanlege, med ei tilsvarande behandling av enkle hushaldsgjenstandar og møblar, ofte frå venar av kunstnaren. Dansk kunst blei sjeldan sett utanfor Danmark, og mykje av han er framleis i landet. Den dansk-opplærte leiaren av tysk romantisk måleri, Caspar David Friedrich, var likevel viktig i å spreia påverknad frå denne stilen til tysk kunst.

Christoffer Wilhelm Eckersberg, som hadde studert i Paris hjå Jacques-Louis David og blei vidare påverka mot nyklassisismen av Thorwaldsen var ein viktig figur. Eckersberg underviste ved Akademiet frå 1818 til 1853, og var leiar frå 1827 til 1828. Han var ein viktig påverknad på den neste generasjonen, då landskapsmåleri blei viktig.[6][7] Han underviste dei fleste leiande kunstnarane i denne perioden, mellom anna:[8]

 
Et selskab af danske kunstnere i Rom, måla av Constantin Hansen i 1837. Arkitekten Bindesbøll ligg på bakken. Frå venstre til høgre er Constantin Hansen, Martinus Rørbye, Wilhelm Marstrand, Albert Küchler, Ditlev Blunck og Jørgen Sonne avbilda.
  • Wilhelm Bendz (1804–1832), hugsa for sine mange teknisk velutførte portrett av medkunstnarar som Ditlev Blunck og Christen Christensen, ein scene frå ein anatomitime ved akademiet og gruppeportretta Et Tobaksselskab og Kunstnernes Bord i det Finckske Kaffehus.
  • Constantin Hansen (1804–1880), som var djupt interessert i litteratur og mytologi, og inspirert av Niels Laurits Høyen, utvikla nasjonale historiemåleri basert på norrøn mytologi og måla fleire portrett, mellom anna det historiske Den grundlovgivende Rigsforsamling.
  • Christen Købke (1810–1848), påverka av Niels Laurits Høyen, ein kunsthistorikar som hevda ei nasjonalistisk tilnærming til kunst og bad kunstnarar om å finna motiv frå folkelivet i sitt eige land i staden for i andre land, som Italia.
  • Wilhelm Marstrand (1810–1873), ein svært produktiv kunstnar som meistra ei rekkje ulike sjangrar, særleg hugsa for kjende verk knytte til dansk historie og kultur: scenar frå stover og gater i København i ungdomstida han, festlege høve og offentlege liv i Roma; ei mengd representative portrett av borgarar og oppfinnarar, og monumentale bestillingsverk for universiteta og monarkiet.
  • Martinus Rørbye (1803–1848), hugsa for sjangermåleri frå København, for landskapsmåleri og arkitektoniske måleri, i tillegg til mange skisser han laga under reiser til land som sjeldan blei vitja på hans tid.

Blant andre kunstnarar kan nemnast C.A. Jensen (1792–1870), som nesten heilt spesialiserte seg innan portrett.

Mot slutten av denne perioden blei målarstilen, særleg innan landskapskunst, omfatta av det politiske spørsmålet kring Schleswig-Holstein, ei svært viktig sak for danskane.

Seint 1800-tal

endre
 
P.C. Skovgaard: Frederiksborg slott

Dansk målarkunst heldt fram med mange av karakteristikkane frå gullalderen, men kom gradvis nærare stilar frå resten av Europa, særleg Tyskland. Kunstnarar var:

  • Jørgen Roed (1808–1888), som måla mange portrett og fleire altartavler og religiøse bilete, mellom anna Jesu Korsfæstelse for den restaurerte kyrkja i Frederiksborg slott
 
Carl Bloch, Gethsemane
  • Johan Lundbye (1818–1848), hugsa for dyre- og landskapsmåleria sine, særleg frå Sjælland, som det store Kystparti ved Isefjord
  • P.C. Skovgaard (1817–1875), hovudsakleg kjend for landskapsmåleri og for den særlege rolla han spelte i å framstilla dansk natur, å hjelpa til med utviklinga av ei særskild dansk kunstform, og den veksande interessa si for å avbilda atmosfære og lys.

Elisabeth Jerichau-Baumann (1819–1881) var fødd i Żoliborz (Jolibord) ein forstad til Warszawa, og flytta til Danmark då ho gifta seg med den danske bilethoggaren Jens Adolf Jerichau i 1846. Ho er best kjend for portretta sine, og fekk i oppdrag av den danske kongefamilien å måla portretta deira, til misnøye blant lokale kunstnarar. Den milde erotisismen i nokre av måleria hennar blei også mistrudd av mange i samtida, men ho tok seg ikkje nær av det, kanskje trygg fordi nokre av ektemannen sine skulpturar også var erotiske i natur.[9]

Carl Heinrich Bloch (1834–1890) var ein uvanleg dansk historiemålar. Han tok for det meste for seg bibelske motiv, og utvikla den akademiske stilen sin i Italia før han vende tilbake til København i 1866. Han fekk i opprdag å laga 23 måleri til kapellet i Frederiksborg slott med scenar frå livet til Jesus, som er blitt svært populære illustrasjonar. I over 40 år har Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage gjort mykje nytte av måleria til Carl Bloch, særleg dei frå Frederiksborg slott, i sine kyrkjebygningar og trykksaker.

Edvard Eriksen (1876–1959) er best kjend som bilethoggaren bak Den lille havfrue i København, ein statue som byggjer på eventyret til Hans Christian Andersen som han fullførte i 1913.[10]

Skagen- og Fyn-målarane

endre
 
Hip, hip, hurra! av P.S. Krøyer, 1888

I 1871 vitja Holger Drachmann (1846–1908) og Karl Madsen (1855–1938) Skagen heilt nord på Jylland, der dei snart bygde opp ein av dei mest sukssesrike kunstnarkoloniane i Skandinavia, Skagensmålarane. Til gruppa kom P.S. Krøyer (1851–1909), Carl Locker (1851–1915), Laurits Tuxen (1853–1927), norske Christian Skredsvig (1854–1924) og Michael (1849–1927) og Anna Ancher (1859–1935). Alle saman måla naturomgjevnadane og lokale folk. Symbolisten Jens Ferdinand Willumsen (1863–1958) vitja også Skagen-gruppa.[11]

Noko seinare, ved byrjinga av 1900-talet, utvikla det seg eit liknande fenomen på øya Fyn med påverknad frå Johannes Larsen (1867–1961) og inspirasjon frå Theodor Philipsen. Fynboerne eller Fyn-målarane inkluderte Peter Hansen, Fritz Syberg, Jens Birkholm, Karl Schou, Harald Giersing, Anna Syberg, Christine Swane og Alhed Larsen.


Modernisme og ekspresjonisme

endre
 
Vilhelm Hammershøi: Interiør med ung læsende mand, 1898

Theodor Philipsen (1840–1920) blei gjennom sin personlege kontakt med Paul Gauguin den einaste danske impresjonisten i sin generasjon.[12]

L.A. Ring (1854–1933), som er kjend for si tilknyting til dansk symbolisme, spesialiserte seg i måleri av landsbyliv og landskap frå Sør-Sjælland.[13]

Paul Gustave Fischer (1860–1934) var ein romantisk impresjonistisk målar som spesialiserte seg på bygatescenar og fargesterke badekomposisjonar.

Vilhelm Hammershøi (1864–1916) var rekna som litt av ei gåte i levetida si, men er no særleg hugsa for sine lågmælte måleri av interiør, vanlegvis tomme rom (som Støvkornenes dans i solstrålerne), men av og til med ein einsam figur.[14]

 
Harald Giersing: Fodboldspillere. Sofus header, 1917

I mellomkrigstida utvikla dansk ekspresjonistisk landskapsmåleri seg, med Jens Søndergaard og Oluf Høst som hovudrepresentantar. Parallelt tok yngre kunstnarar som Niels Lergaard, Lauritz Hartz og Karl Bovin i bruk dei lyse franske fargane og formalismen frå modernismen, og grunnla Corner-gruppa i 1932. På rundt same tid blei Edvard Weie, den svenske kunstnaren Karl Isakson, Olaf Rude, Kræsten Iversen, Oluf Høst og Niels Lergaard tiltrekte av naturvenleiken på Bornholm og den mykje mindre øya Christiansø. Desse grunnla den såkalla Bornholm-skulen med basis i den permanente utstillinga på Bornholm Kunstmuseum nær Gudhjem. Målarar av natur og kvardagsliv som Erik Hoppe og Knud Agger skipa den vellukka kunstnarsamansluttinga Grønningen.[15]

Sigurd Swane (1879–1973) var opphavleg påverka av fauvistane i Paris då han byrja ei rekkje måleri av skoglandskp med mykje grønt, gult og blått. Han måla seinare fleire lysrike landskap medan han budde på ein gard i Odsherred på Nordvest-Sjælland.[16]

Harald Giersing (1881–1927) var instrumental i å utvikla den klassiske modernistiske rørsla i Danmark i tida 1910–1920.[17]

Vilhelm Lundstrøm (1893–1950), ein av dei største modernistane, tok fransk kubisme til Danmark. Han er hugas for sine stilleben med appelsinar og for kubistiske aktscenar. I dei seinare verka sine hadde han utvikla ein mykje lausare moderne kunst med kontrastar i farge og form.[18]

Richard Mortensen (1910–1993) var ein viktig surrealistisk målar inspirert av Vasilij Kandinskij. Han var med på å grunnleggja kunstnargruppa Linien, og var også medlem av Grønningen. Dei seinare ekspresjonistiske verka hans har store, klare, sterkt farga flater.[19]

Asger Jorn (1914–1973) var ein dansk kunstnar, bilethoggar, forfattar og keramikar. Han la ut på lange reiser for å finna inspirasjon utanfor Danmark, Etter å ha møtt kunstnarar som Constant Nieuwenhuys, Appel og Dotremont blei han ei drivande kraft i COBRA-gruppa, der han peikte seg ut innan keramikk, men også heldt fram med oljemåleri.[20]

Dansk design blei internasjonalt kjent i tiåra etter andre verdskrigen, særleg for møblar, med ein nyskapande stil som tidvis blir kalla dansk modernisme. Stilen er ein forløpar for den generelle skandinavisk design-stilen som seinare blei masseprodusert og selt over heile verda av IKEA. Viktige danske modernistiske designerar var Finn Juhl (1912–1989), Hans Wegner (1914–2007) og Arne Jacobsen (1902–1971).

Samtidskunst

endre

Det finst samlingar av moderne kunst mellom anna ved Louisiana Museum nord for København og ved Nord-Jylland kunstmuseum i Aalborg. Statens Museum for Kunst og Glyptoteket i København har kunstskattar frå både dansk og internasjonal kunst.

 
Per Kirkeby: freske (utan namn) i Den Sorte Diamant i København (1999)
  • Richard Winther (1926–2007) byrja kunstnarkarrieren sin då han var 10. Han er rekna som ein av grunnleggjarane av Linien II-rørsla. Fleire kjende samtidskunstnarar er blitt påverka av Richard Winther. Mange av måleria hans er utført på lerret og masonitt (treplater), men for å forenkla kunsten sin nytta han både færre fargar og gjekk over til å måla på papp.
  • Per Kirkeby (1938–2018) har laga nyekspresjonistisk kunst på masonitt, lerret, tavler og papir, i tillegg til ulike skulpturar og tilmed arkitektur. Han var fyrst interessert i popkunst, og dei fargerike bileta hans er blitt stilte ut fleire stader, som ved Tate Modern i London.[21]
  • Merete Barker (f. 1944) bruker skisser og fotografi frå sine mange reiser som grunnlag for uttrykksfulle måleri der det kan vera vanskeleg å skilja mellom natur og kultur.[22]
  • Elmgreen & Dragset har samarbeidd sidan 1995.[23] Danske Michael Elmgreen (f. 1961) og norske Ingar Dragset (f. 1968) har nytta institusjonskritikk, sosialpolitikk, performance og arkitektur, og forvandla kvardagsobjekt og situasjonar med subversiv humor.[24]
  • Tal R, f. 1967 i Israel, lager ville, fargerike måleri med ein redusert palett av svart, kvitt, rosa, grønt, raudt, gult og brunt.[25][26]
  • Olafur Eliasson (f. 1967) har fått mykje interesse for utstillingar i offentlege rom som New York City Waterfalls (2008), Weather Project ved Tate Modern i London i 2003 og Take Your Time ved MoMA i New York i 2008.[27][28]
  • Jeppe Hein (f. 1974) har laga interaktive kunstverk eller installasjonar som ofte blir aktiverte av tilskodaren.
  • Jens Galschiøt (f. 1954) er ein politisk kunstnar som har laga skulpturar og happenings som kan ta for seg brot på menneskerettar, med verk som my inner beast i fleire land i Europa[29] og Pillar of Shame i Kina,[30] Mexico og Brasil.

Kjelder

endre
  1. Encyclopædia Britannica
  2. Jellingstenen - en del af historiekanonen. From EMU.dk. Arkivert 16. november 2009 ved Wayback Machine. Henta 26. oktober 2009.
  3. Kalkmalerier i de danske landsbykirker from VisitDenmark Arkivert 19. juli 2011 ved Wayback Machine.. In Danish. Henta 15. august 2009.
  4. Wall Paintings in Danish Churches from Panoramas.dk Arkivert 28 November 2009 ved Wayback Machine.. Retrieved 12 August 2009.
  5. Dutch paintings, and landscapes, dominated in the 18th century Danish collections that we have records of. North, 308-9
  6. Christoffer Wilhelm Eckersberg. From National Gallery of Art. Arkivert 8. april 2010 ved Wayback Machine. Henta 3. november 2009.
  7. Boime, 504-5
  8. Visual Arts from Danish Ministry of Foreign Affairs. Henta 3. november 2009.
  9. Albert Ellery Berg, (1884), The Drama, Painting, Poetry, and Song, P.F. Collier, New York. digitized by Google.
  10. Edvard Christian Johannes Eriksen. From Gravsted.dk. Henta 27. oktober 2009.
  11. Art Encyclopedia: Skagen. Henta 9. desember 2008.
  12. Visual Arts from Danish Ministry of Foreign Affairs. Henta 7. desember 2008. Arkivert 10. mars 2010 ved Wayback Machine.
  13. LAURITS ANDERSEN RING from ArtScandinavia.dk. Henta 7. desember 2008. Arkivert 19. mai 2008 ved Wayback Machine.
  14. The weird soul of Danish painting from City A.M. Henta 6. desember 2008.
  15. Expressionism from denmark.dk. Henta 9. desember 2008. Arkivert 3. mars 2016 ved Wayback Machine.
  16. Art Encyclopedia: Sigurd Swane. Henta 7. desember 2008.
  17. Harald Giersing. Henta 7. desember 2008.
  18. Lundström from Obro Art Gallery biographies. Henta 7. desember 2008.
  19. Richard Mortensen Biography from serdar-hizli-art.com. Arkivert 5 May 2011 ved Wayback Machine. Henta 9. desember 2008.
  20. Asger Jorn from CoBrA Fine Art. Henta 7. desember 2008. Arkivert 2008-08-20 ved Wayback Machine.
  21. "Per Kirkeby exhibition", Tate Modern Arkivert 25. mai 2009 ved Wayback Machine.. Henta 4. mars 2010.
  22. Carnegie Art Award 2000. Merete Barker. Retrieved 7 December 2008. Arkivert 28. oktober 2007 ved Wayback Machine.
  23. "Elmgreen & Dragset", Frieze Foundation Arkivert 4. oktober 2009 ved Wayback Machine.. Henta 4. mars 2010.
  24. "Elmgreen & Dragset", Vitoria Miro. Arkivert 19. juli 2011 ved Wayback Machine. Henta 4. mars 2010.
  25. «"Tal R: The Sum", Camden Arts Gallery.». Arkivert frå originalen 28 September 2011. Henta 4 March 2010. 
  26. Patricia Ellis, "About Tal R and his art", Saatchi online Arkivert 6. mai 2011 ved Wayback Machine.. Henta 4. mars 2010.
  27. Take Your Time. Olafur Eliasson. From MoMA Arkivert 7. desember 2012 ved Wayback Machine.. Henta 27. januar 2010.
  28. Works at Olafur Eliasson Arkivert 17. desember 2009 ved Wayback Machine.. Henta 27. januar 2010.
  29. "jens galschiøt:my inner beast", aidoh.dk.
  30. "jens galschiøt: The color orange ", thecolororange.net.

Bibliografi

endre
  • Boime, Albert; Art in an age of civil struggle, 1848–1871, Volume 4 of Social history of modern art, University of Chicago Press, 2008, ISBN 0-226-06328-3, ISBN 978-0-226-06328-7. Google books
  • North, Michael; The Transfer and Reception of Dutch Art in the Baltic Area during the Eighteenth Century: The Case of the Hamburg Dealer Gerhard Morrell, in In His Milieu; Essays on Netherlandish Art in Memory of John Michael Montias, ed. Amy Golahny, Mia Mochizuki, and Lisa Vergara, Amsterdam University Press, 2007, ISBN 978-90-5356-933-7

Bakgrunnsstoff

endre