Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1984

Fredrikstad vart noregsmeister etter at dei vann over Viking med 3-2. Dette var tiande gongen Fredrikstad vann ein noregsmeisterskap. Det ellevte cupmesterskapet kom ikkje før 22 år senere, i 2006.

79. NM i fotball for menn
Sesong1984
TittelforsvararMoss
Finaledato28. oktober, 4. november (omkamp)
VinnarFredrikstad (10. tittel)
FinalistViking
SemifinalistarBrann og Odd
FinaleresultatFredrikstad - Viking 3-3 eeo, 3-2 (omkamp)
ArenaUllevaal Stadion
FinaledommarPer Arne Larsgård, Einar Halle (omkamp)
Tilskodarar23 668 og 15 993 (omkamp)
1983
1985

1. runde endre

   

2. runde endre

   

3. runde endre

   

4. runde endre

 

Kvartfinalar endre

Semifinalar endre

Finale endre

Det måtte spelast to finalekampar før Fredrikstad kunne kårast som noregsmeister. Den første finalekampen den 28. oktober enda uavgjort med resultatet 3-3. Målskårarar for Fredrikstad var Jørn Andersen i det 42. minuttet, Vidar Hansen i det 78. minuttet og Per Egil Ahlsen frispark til FFK og for en suser frå 30 meter i det 96. minuttet. Målskårarar for Viking var Jan Erik Audsen i det 22. minutt, Isak Arne Refvik i det 80 minutt og Gary Goodchild i det 107. minutt. 23 668 tilskodarar såg kampen på Ullevaal Stadion. Dommar var Per Arne Larsgård.

Omkampen vart spelt på Ullevaal den 4. november. Målskårarar for Fredrikstad var Jørn Andersen i det 4. minutt, Per Egil Ahlsen på straffe i det 18. minutt og Terje Jensen i det 68. minutt. Målskårarar for Viking var Kjell Lundal i det 63. minutt og Nils Ove Hellvik i det 69. minutt. Det var berre 15 993 tilskodarar på den avgjørende finalekampen. Dommar var Einar Halle.

Fredrikstads vinnarlag: Jan Erik Olsen, Lars Sørlie, Per Egil Ahlsen, Hans Deunk, Espen Engebretsen, Jan Erik Audsen, Terje Jensen, Reidar Lund, Vidar Hansen, Jørn Andersen, Atle Kristoffersen, Vidar Kristoffersen, Morten Thomassen, Arild Andreassen, Tom Espen Fingarsen, Åge Wiggo Hansen og Henning Johannesen.

Kjelder endre