Opna hovudmenyen

Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1963

Skeid vart noregsmeister etter at dei vann over Fredrikstad med 2–1 den 27. oktober. Det måtte spelast ekstraomgangar for å kåre ein vinnar. Målskårarar for Skeid var Kai Sjøberg som skåra i det 50. minutt og Pål Sætrang i det 118. minutt. For Fredrikstad skåra Terje Høili i det 19. minutt.

58. NM i fotball for menn
Sesong1963
TittelforsvararGjøvik-Lyn
Finaledato27. oktober
VinnarSkeid (6. tittel)
FinalistFredrikstad
FinaleresultatSkeid - Fredrikstad 2–1
ArenaUllevaal Stadion i Oslo
FinaledommarKåre Furulund
Tilskodarar31 444
1962
1964

31 444 tilskodarar såg kampen som vart spelt på Ullevaal Stadion i Oslo. Dommar var Kåre Furulund. Dette var sjette gongen Skeid vann ein noregsmeisterskap.

Skeids vinnarlag: Kjell Kaspersen, Kjell Wangen, Frank Olafsen, Finn Thorsen, Finn Tøraasen, Erik Mejlo, Terje Gulbrandsen, Bjørn Elvenes, Kai Sjøberg, Pål Sætrang og Terje Kristoffersen. Finn Haglund, Jan Mathisen, Jan «Jonas» Gulbrandsen.

Fredrikstad FK mønstra målvakta Kai Henriksen, backane Kjell Andreassen og Per Martinsen, halfane Roar Johansen, Hans Jakob Mathisen, Rolf Olsen og løparrekka Bjørn Borgen, Per Kristoffersen, Terje Høili, Arne Pedersen (kaptein) og Jan Aas.

3. rundeEndra

   

4. rundeEndra

 

KvartfinalarEndra

SemifinalarEndra

FinaleEndra

KjelderEndra