Finkefamilien
Finkar er ca. 200 artar av sporvefuglar i familien Fringillidae. Dei er hovudsakleg frøetande songfuglar. Dei fleste lever på den nordlege halvkula, men ein underfamilie er endemisk for den neotropiske regionen, ein til Hawaii, og ein underfamilie - monotypisk på genus-nivå - finst berre i den palearktiske regionen. Det vitskaplege namnet Fringillidae kjem frå det latinske ordet 'fringilla' for bokfink (Fringilla coelebs) - ein medlem av den siste underfamilien - og han er vanleg i Europa.
Finkefamilien | |
Fuglar frå finkefamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Finkefamilien Fringillidae Vigors, 1825 |
Mange fuglar i andre familiar har òg ofte vore kalla finkar. Til dømes praktfinkar for astrildar i fangenskap, og darwinfinkar på Galapagosøyane, som gav prov på naturleg utval, er no anerkjende for å vere tanagarar. Vierfink er ein art utan nærskylde og er si eiga slekt og eigen distinkte familie Urocynchramidae.
Nokre finkeartar blir smugla over landegrenser og selt som eksotiske kjæledyr.
Skildring
endreDei klassiske finkane varierer i storleik frå paramosisik på 9,5 centimeter og 8,4 gram til gullkjernebitar med sine nesten 23 cm og 80 g. Dei har vanlegvis kraftige, korte nebb, som blant nokre artar kan vere ganske store, men hawaiifinkar er kjende for det breie spekteret av nebbformer og storleikar utvikla gjennom adaptiv stråling. Alle finkar har 9 utvikla handsvingfjører, primærer, det mest vanlege er 10 primærer for andre sporvefuglar. Den grunnleggjande farga på fjørdrakta er brunleg, nokre gonger grønaktig, og mange har store mengder svart, medan kvit fjørdrakt er generelt fråverande unntatt som vengeband eller andre signalmerke. Lyst gult og raudt karotenoidpigment er vanleg i denne familien, og dermed er blå strukturelle farger er ganske sjeldne, ettersom det gule pigmentet slår den blå farga over til grønt. Eit unntak er dei to blåfinkeartane på Kanariøyane. Mange, men slett ikkje alle finkar har sterk kjønnsdikromatisme, hoene manglar vanlegvis dei lyse karotenoidteikningane som hannar blant mange artar har.[1]
Typiske habitat for finkar ligg i skogsområde, men nokre kan leve høgt til fjells og jamvel i ørkenar. Dei er primært frøetarar, men eufoniaer og klorofoniaer inkluderer betydelege mengder leddyr og bær i dietten, og hawaiifinkar har utvikla seg til å nytte eit breitt spekter av matkjelder, inkludert nektar. Dietten til finkeungar inneheld ei varierande mengd små leddyr. Finkar har ein hoppande flukt som dei fleste andre små sporvefuglar, med vekslande utbrot av kraftige vengeslag følgt av glideflukt med lukka venger. Dei fleste syng bra, og fleire blir ofte haldne som burfuglar; mest kjend av desse er den domestiserte kanariirisken. Dompap har tydelege og korte songstrofer, men fuglane er kjende for å lære andre songar som dei høyrer. Dompapar syng lærde songar med presisjon sjølv om dei ligg ein halvtone høgare enn melodien opphavleg plystra til dei.[2] Reira er kurvforma og blir vanlegvis bygd i tre, meir sjeldan i buskar, mellom steinar eller på liknande underlag.[1]
Artslista
endreFinkar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]
Slekt Fringilla
- Bokfink, Fringilla coelebs
- Tenerifeblåfink, Fringilla teydea
- Grancanariablåfink, Fringilla polatzeki
- Bjørkefink, Fringilla montifringilla
Slekt Chlorophonia, 5 artar av klorofoniaer
Slekt Euphonia, 27 artar av eufoniaer
Slekt Mycerobas
- Pirolkjernebitar, Mycerobas icterioides
- Gullkjernebitar, Mycerobas affinis
- Flekkjernebitar, Mycerobas melanozanthos
- Einerkjernebitar, Mycerobas carnipes
Slekt Coccothraustes
- Tåkekjernebitar, Coccothraustes abeillei
- Gulbrynkjernebitar, Coccothraustes vespertinus
- Kjernebitar, Coccothraustes coccothraustes
Slekt Eophona
- Orientkjernebitar, Eophona migratoria
- Gråkjernebitar, Eophona personata
14 slekter med 23 artar av hawaiifinkar, (draktfuglar, Drepanidinae):
- Haleakalafink, Melamprosops phaeosoma
- Akikiki, Oreomystis bairdi
- Oahuklatrefink, Paroreomyza maculata
- Mauiklatrefink, Paroreomyza montana
- Palila, Loxioides bailleui
- Laysanfink, Telespiza cantans
- Nihoafink, Telespiza ultima
- Karnevalsfink, Palmeria dolei
- Blodapapane, Himatione sanguinea
- Iiwi, Drepanis coccinea
- Ou, Psittirostra psittacea
- Papegøyefink, Pseudonestor xanthophrys
- Kauainukupuu, Hemignathus hanapepe
- Mauinukupuu, Hemignathus affinis
- Akiapolaau, Hemignathus wilsoni
- Anianiau, Magumma parva
- Smalnebbamakihi, Chlorodrepanis virens
- Oahuamakihi, Chlorodrepanis flava
- Tjukknebbamakihi, Chlorodrepanis stejnegeri
- Hawaiiklatrefink, Loxops mana
- Akekee, Loxops caeruleirostris
- Hawaiiakepa, Loxops coccineus
- Mauiakepa, Loxops ochraceus
Slekt Carpodacus, 26 rosenfinkar
Slekt Pinicola
- Konglebit, Pinicola enucleator
Slekt Pyrrhula
- Nymfedompap, Pyrrhula nipalensis
- Kvitkinndompap, Pyrrhula leucogenis
- Oransjedompap, Pyrrhula aurantiaca
- Rustnakkedompap, Pyrrhula erythrocephala
- Mandarindompap, Pyrrhula erythaca
- Asordompap, Pyrrhula murina
- Dompap, Pyrrhula pyrrhula
Slekt Rhodopechys
- Rosenvengfink, Rhodopechys sanguineus
Slekt Bucanetes
- Trompeterfink, Bucanetes githagineus
- Steinfink, Bucanetes mongolicus
Slekt Agraphospiza
- Raudfink, Agraphospiza rubescens
Slekt Pyrrhoplectes
- Gullnakkefink, Pyrrhoplectes epauletta
Slekt Callacanthis
- Sherpafink, Callacanthis burtoni
Slekt Procarduelis
- Magentafink, Procarduelis nipalensis
Slekt Leucosticte, 6 fjellfinkar
Slekt Haemorhous
- Husrosenfink, Haemorhous mexicanus
- Purpurfink, Haemorhous purpureus
- Raudkronerosenfink, Haemorhous cassinii
Slekt Rhodospiza
- Svartnebbfink, Rhodospiza obsoleta
Slekt Rhynchostruthus
- Gullvengfink, Rhynchostruthus socotranus
- Somalifink, Rhynchostruthus louisae
Slekt Chloris
- Grønfink, Chloris chloris
- Orientfink, Chloris sinica
- Himalayafink, Chloris spinoides
- Vietnamfink, Chloris monguilloti
- Yunnanfink, Chloris ambigua
Slekt Linurgus
- Pirolfink, Linurgus olivaceus
Slekt Linaria
- Bergirisk, Linaria flavirostris
- Tornirisk, Linaria cannabina
- Gråhovudsisik, Linaria yemenensis
- Rustgumpsisik, Linaria johannis
Slekt Acanthis
- Gråsisik, Acanthis flammea
- Brunsisik, Acanthis cabaret
- Polarsisik, Acanthis hornemanni
Slekt Loxia
- Furukrossnebb, Loxia pytyopsittacus
- Skottekrossnebb, Loxia scotica
- Grankrossnebb, Loxia curvirostra
- Vrifurukrossnebb, Loxia sinesciuris
- Hispaniolakrossnebb, Loxia megaplaga
- Bandkrossnebb, Loxia leucoptera
Slekt Chrysocorythus
- Lyngirisk, Chrysocorythus estherae
Slekt Carduelis
- Stillits, Carduelis carduelis
- Sitronirisk, Carduelis citrinella
- Korsikairisk, Carduelis corsicana
Slekt Serinus
- Gulirisk, Serinus serinus
- Kanariirisk, Serinus canaria
- Raudpanneirisk, Serinus pusillus
- Syriairisk, Serinus syriacus
- Gulkroneirisk, Serinus flavivertex
- Krattirisk, Serinus canicollis
- Svarthetteirisk, Serinus nigriceps
- Svarthovudirisk, Serinus alario
- Karooirisk, Serinus leucolaemus
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «Finch» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juni 2011
Referansar
endre- Birkhead, Tim (7. mars 2011). The Wisdom of Birds: An Illustrated History of Ornithology. Bloomsbury Publishing PLC. ISBN 0747598223.
- Clement, Peter; Harris, Alan & Davis, John (1993): Finches and Sparrows: an identification guide. Christopher Helm, London. ISBN 0-7136-8017-2
- Newton, Ian (1973): Finches (New Naturalist series). Taplinger Publishing. ISBN 0-8008-2720-1
- ↑ 1,0 1,1 Newton (1973), Clement et al. (1993)
- ↑ Birkhead, Tim (2011)
- ↑ Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
Bakgrunnsstoff
endre- Videoar, bilete og lydopptak av finkar hos Internet Bird Collection