Øystre Slidre kommune

kommune i Innlandet fylke i Noreg
(Omdirigert frå Heggenes)

Øystre Slidre kommune ligg i Innlandet fylke og grensar i nord til kommunane Vågå og Nord-Fron, i nordaust til Sør-Fron og Gausdal, i søraust til Nord-Aurdal, i sørvest til Vestre Slidre, og i vest til Vang. Øystre Slidre vart eigen kommune i 1849, då kommunen Slidre vart kløyvd i Vestre og Øystre Slidre.

Øystre Slidre kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Adm.senter Heggenes
Areal 963 km²
 •  land 883 km²
 •  vatn 80 km²
Folketal 3 298  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Odd Erik Holden (Sp)
Kommunenr. 3453
Kart
Øystre Slidre kommune
61°14′11″N 9°08′37″E / 61.236388888889°N 9.1436111111111°E / 61.236388888889; 9.1436111111111
Wikimedia Commons: Øystre Slidre
Nettstad: www.oystre-slidre.kommune.no

Kommunen ligg i dalføret Valdres, mellom Hallingdalen og Gudbrandsdalen.

Sør i kommunen er det rike førekomstar av fyllittskifer som har vore utvunne i meir enn 200 år. I ein periode var skiferbrotet ein av dei største industriarbeidsplassane i Valdres. Skiferen er også avbilda på kommunevåpenet.

I tillegg til landbruk er turistnæringa viktig i kommunen, med den populære skistaden Beitostølen som største aktør.

Geografi

endre
 
Bitihorn med fylkesveg 51.

Dei fleste innbyggjarane bur i kommunesenteret Heggenes, Rogne, Skammestein, Volbu, Beito og på Beitostølen.

Folk frå Øystre Slidre er kalla øystreslidringar, medan folk frå Beito, Heggenes, Volbu og Rogne blir kalla høvesvis beitinga, heggebygdinga, vølbuinga og røgninga.

Fjellområdet Jotunheimen strekkjer seg inn i dei nordre delane av kommunen. Øystre Slidre måler 45.1 km på nord-sør aksen og 39.8 km på aust-vest aksen.

Det høgste punktet i kommunen er Øystre Rasletind med ei høgd på 2010 meter over havet. Ein annan kjent fjelltopp er Bitihorn. Om lag 73% av arealet i kommunen ligg over 900 meter over havet. Det lægste punket i kommunen er 410 meter over havet.

Vatn dekkjer 60 km² av kommunen, dei største innsjøane er Vinstri, Yddin, Vangsjøen, Javnin og Olevatn.

Kommunen ligg delvis i Jotunheimen og fjellvegen over Valdresflye til Gudbrandsdalen er eit velkjent verhardt parti. Denne vegen er ein del av den indre ruta for trafikk på aksen Bergen - Trondheim.

Næringsliv

endre

Landbruk har tradisjonelt vore den viktigaste næringa i Øystre Slidre, for det meste med hald av husdyr og produksjon av gras. Dei seinare åra har det vore satsa meir på turistnæring i form av nye anlegg, særleg på Beitostølen der det er bygd ei rekkje hytter og hotell.

Verdt å sjå i Øystre Slidre

endre
 
Hegge stavkyrkje

Bakgrunnsstoff

endre