Norsk Hydro

(Omdirigert frå Hydro)

Norsk Hydro (OSE: NHY) er eit norsk energiselskap, ofte omtala berre som Hydro. Hydro har 25 000 tilsette, fordelt på verksemd i over 30 land. Selskapet er organisert i divisjonar for Energi og Aluminium. Selskapet er eit Fortune 500-selskap og inngår òg i Dow Jones-indeksen for berekraftige selskap i tillegg til FTSE4Good-indeksen.

Norsk Hydro


Org.formAllmennaksjeselskap
Org.nr.914778271
BransjeAluminiumsindustri, energibransje
Skipa2. desember 1905
DotterselskapNorsk Hydro Deutschland, Hydro Energi, Hydro Aluminium, Norsk Kraftaktieselskab, De Norske Salpeterverker, Yara International
HovudkontorOslo
LandNoreg
Produktaluminium, aluminiumlegering, fornybar energi
Grunnleggjar(ar)Sam Eyde
StyreleiarDag Mejdell
Adm.dir.Hilde Merete Aasheim (2018)[1]
Resultat13 930 000 000 norsk krone (2021)[2]
Nettstadhttps://hydro.com (norsk)
Norsk Hydro sitt fabrikkanlegg på Herøya i Porsgrunn. Gunneklevfjorden i forgrunnen.

Om lag to tredelar av eigarinteressene i Norsk Hydro er på norske hender. Den norske staten eig 43,8 prosent av selskapet.

Hovudkontoret ligg på Vækerø i Oslo, der Svein Richard Brandtzæg leier selskapet. I Noreg har Hydro fabrikkar på Rjukan, Porsgrunn, Vennesla, Karmøy, Høyanger, Årdal, Sunndalsøra, Holmestrand, Magnor og Raufoss.

Historie

endre
 
Aksje i Norsk Hydro-Elektrisk Kvælstofaktieselskab for 180 Kroner Guld = 250 francs, skriven ut 1. juli 1912 i Notodden, i original signert av Knut Agathon Wallenberg for styret, frå 1914 svensk utenriksminister.

Selskapet vart grunnlagd den 2. desember 1905 av Sam Eyde og Kristian Birkeland med det fulle namnet Norsk Hydro-Elektrisk Kvælstofaktieselskab. Den svenske Wallenberg-familien hjelpte til med å finansiere det nye selskapet. Selskapet var basert på eit patent av Birkeland. Ein lysboge vart nytta til å laga nitrogenbasert kunstgjødsel. Til dette trengde ein elektrisk energi, som vart skaffa ved å byggja ut Svelgfossen ved Notodden.

I 1951 byrja selskapet å produsera magnesium. Det vart vedteke å byggja eit smelteverk for aluminium på Karmøy i 1963. Etter den fyrste konsesjonstildelinga for norsk kontinentalsokkel i 1964 har Hydro bygd opp ei stor petroleumsverksemd. Verksemda førte til ei satsing på petrokjemi. Satsinga på aluminium vart forsterka i 1986 då lettmetalldivisjonen vart fusjonert med Årdal og Sunndal Verk. I 2002 vart tyske Vereinigte Aluminium Werke kjøpt opp. I 2004 vart landbruksseksjonen skilt ut som eit eige selskap og børsnotert under namnet Yara International ASA. Hydro dreiv òg ei tid med fiskeoppdrett. Oppdrettsverksemda vart seld til nederlandske Nutreco i 2000.

Divisjonar

endre

Olje og energi

endre

Hydro Olje & Energi var operatør for 15 olje- og gassinstallasjonar fram til 2007, då avdelinga slo seg saman med Statoil og danna StatoilHydro. I 2003 var selskapet sin gjennomsnittlege eigenproduksjon på 530 000 fat olje pr. dag. Det var norsk kontinentalsokkel som var selskapets hovudbase, men Hydro dreiv i tillegg med petroleumsverksemd i Angola, Canada, Russland og Libya. Selskapet var ansvarleg for utbygginga av naturgassfeltet «Ormen Lange-feltet» utanfor Midt-Noreg.

Selskapet har òg verksemd knytt til vasskraft og vindkraft. I tillegg vert det drive med handel knytt til energi over heile Europa.

Hydro Aluminium

endre

Hydro Aluminium er mellom dei tre største aluminiumsselskapa i verda og har 27 000 tilsette, i hovudsak i Noreg og Tyskland. Selskapet driv med både aluminiumproduksjon og vidareforedling av aluminium. Arbeidet inkluderer både valsing, ekstrudering og støypte komponentar.

Anna verksemd

endre

Avdelinga for «Andre virksomheter» er definert å liggja utanfor Hydro sine to kjerneområde. Her ligg aktivitetar som Hydro Polymers (petrokjemi), fiskeforprodusenten Biomar, Hydro Business Partner og skadeforsikringsselskapet Industriforsikring.

Kjelder

endre
  1. «Hydro-sjefen går av»; vitjingsdato: 14. mars 2024; kortnamn på forfattar: Annvor Seim Vestrheim; språk på verket: nynorsk; utgjevingstidspunkt: 14. mars 2024; sitat: – Eg gler meg til å ta fatt på neste steg for Hydro saman med våre 32 000 dyktige og engasjerte medarbeidarar, seier Kallevik. Han tek over for Aasheim 13. mai..
  2. https://www.hydro.com/en-NO/media/hydro-at-a-glance/; vitjingsdato: 1. juni 2022.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Norsk Hydro