Kjell Magne Bondevik si fyrste regjering var ei regjering som styrde Noreg frå 17. oktober 1997 til 17. mars 2000. Regjeringa var ei mindretalsregjering og ei koalisjonsregjering, eit samarbeid mellom dei politiske partia Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre som hadde 42 av 165 representantar på Stortinget. Regjeringa vart gjerne kalla Sentrumsregjeringa, av di det var sentrumspartia eller mellompartia i norsk politikk som samarbeidde.

Sentrumsregjeringa kom til makta etter Stortingsvalet 1997. Dei tre sentrumspartia gjekk til val på å skipa regjering saman etter valet. Eit samarbeid med Høgre, som desse partia hadde vore i regjering med før, vart gjort vanskeleg av politisk usemje om saker som EU og miljøvern. Statsminister Thorbjørn Jagland sa før valet at han ville gå av dersom oppslutninga om Arbeidarpartiet vart mindre enn ved Stortingsvalet 1993. Då dette skjedde, og Jagland gjekk av, fekk Kjell Magne Bondevik i oppdrag å skipa regjering basert på sentrumssamarbeidet.

Regjeringa var den fyrste i norsk historie som gjekk av etter at den hadde møtt sterk motstand i Stortinget på ei miljøsak; gasskraftsaka. Statens Forurensingstilsyn (SFT) hadde stilt strenge utsleppskrav til planlagde nye gasskraftverk. Opposisjonspartia, Arbeidarpartiet og Høgre kravde at regjeringa skulle lempa på desse utsleppskrava. Bondevik stilte kabinettspørsmål og vart nedstemt i Stortinget.

Desse sat i den første Bondevik-regjeringa:


Statsrådar i:

Utanriksdepartementet

Finansdepartementet

Justisdepartementet

Samferdselsdepartementet

Forsvarsdepartementet

Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Fiskeridepartementet

Sosialdepartementet

Planleggings- og samordningsdepartementet

Kommunal- og arbeidsdepartementet

Kommunal- og regionaldepartementet

Nærings- og handelsdepartementet

Kulturdepartementet

Olje- og energidepartementet

Barne- og familiedepartementet

Landbruksdepartementet

Miljøverndepartementet

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

Kjelder

endre