Opna hovudmenyen
Noreg inndelt etter Köppen si klimaklassifisering. Kjelde: Meteorologisk Institutt

Klimaet i Noreg er overraskande temperert for eit land som ligg så pass langt nord, særleg viss ein samanliknar Noreg med andre landområde på same breiddegrad. Årsaka til dette er den varme Golfstraumen, som fører varmt havvatn nordover langs heile vestkysten av Noreg, i kombinasjon med vestavind.

NedbørEndra

Vestlandet er det våtaste området i heile Europa, og eit av dei våtaste områda i verda utanfor tropane. Lågtrykka kjem ofte rett inn mot Vestlandet og fører med seg mykje mild og fuktig luft frå havet. Når ein i tillegg har orografisk heving langs Langfjella i Sør-Noreg, kan ein få svært våte forhold. Våtast er det i eit belte 50-60 km inn frå kysten. Målestasjonen med høgaste årleg nedbørsnormal er Brekke i Sogn og Fjordane med 3575 mm. Indre Matre i Kvinnherad har nedbørsrekorden for et døger med 229,6 mm. Denne vart nesten slått i november 2005 då det kom 223,0 mm på stasjonen Opstveit like ved. Desse stasjonane ligg midt i det nemnde nedbørsbeltet, og vidare austover frå denne maksimalsona minkar nedbøren gradvis. Inne i fjordane kan det vere svært tørt i forhold på grunn av dei høge fjella som vernar desse områda. Lærdal har til dømes berre 491 mm i løpet av eit normalår.

Langfjella vernar Austlandet frå dei store nedbørsmengdene i vest, og denne delen av landet har vesentleg mindre nedbør (om ein ser bort i frå dei indre fjordstrøka av Vestlandet), vanlegvis rundt 1000 mm i året. Dette betyr òg at Austlandet har fleire dagar med sol og varmare vêr. Indre strøk nord i Sør-Noreg er dei tørraste områda i heile landet. Skjåk har høge fjell både nord, vest og sør for seg, og frå aust kjem det vanlegvis lite nedbør. Dette fører til ein årsnedbør på berre 278 mm. Den lågaste årsnedbøren som nokon gong er målt vart registrert i dette området, det skjedde i Hjerkinn i Dovre i 1914 med berre 64 mm. Finnmarksvidda og Aust-Finnmark får òg lite nedbør, om lag 400 mm i året. Desse områda er både verna av fjellområde i vest og sør, samtidig som den kaldare lufta i dette området ikkje inneheld like mykje fukt som lenger sør.

Kystområda frå Lindesnes til Vardø har om lag 200 dagar i året med målbar nedbør. Talet på dagar med minst 3 mm nedbør er 77 i Oslo (Blindern), 96 i Kristiansand (Kjevik), 158 i Bergen (Florida), 93 i Trondheim (Værnes) og 109 i Tromsø (Langnes).

TemperaturEndra

Lofoten er dei nordlegaste områda i verda der alle månadane i året har ein døgnmiddeltemperaur over 0 °C. Havstraumane i Nord-Atlanteren vert derimot svekka jo lenger nord ein kjem, og på Finnmarksvidda finn ein dei lågaste temperaturane i landet. Det kan òg bli kaldt i nordlege fjell- og dalstrøk på Austlandet. Røros har til dømes målt temperaturar på -50 °C. Våren er tida på året då temperaturskilnadane mellom nord og sør er størst, og samtidig tida då temperaturskilnadane mellom dag og natt er størst i heile landet.

Dei månadlege middeltemperaturane varierer frå -17,1 °C i januar i Karasjok til 17,3 °C i juli i Oslo (Studenterlunden). Den høgaste årlege middeltemperaturen i landet er på 7,7 °C i SkudeneshavnKarmøy, medan den lågaste er -3,1 °C i SihcajarviFinnmarksvidda, ein skilnad på 10 °C. Om lag same temperaturskilnad er det mellom Skudeneshavn og Athen i Hellas.

Den høgaste temperaturen som er målt i Noreg er 35,6 °C i Nesbyen, og den lågaste temperaturen er -51,4 °C i Karasjok. Den høgaste månadlege middeltemperaturen vart målt i Oslo i juli 1901 og var på heile 22,7 °C, medan den lågaste månadlege middeltemperaturen kom i Karasjok i februar 1966 med -27,1 °C.

Den gjennomsnittlege minimumstemperaturen i januar er -6,8 °C i Oslo, -4,8 °C i Kristiansand, -0,4 °C i Bergen og -6,5 °C i Trondheim og Tromsø. Den gjennomsnittlege maksimumstemperaturen i juli er 21,5 °C i Oslo, 20,1 °C i Kristiansand, 17,6 °C i Bergen, 18,4 °C i Trondheim og 15,3 °C i Tromsø.

Klimadata for enkelte stasjonar i Noreg, basert på perioden 1961-1990 (temperaturane er døgnmiddel)
Stad Høgd over havet Temperatur (°C) Årleg nedbør Vekstsesong
(dagar)
Sommar
(dagar)
Snø >25 cm
(dagar)
Jan Jul år
Blindern/Oslo 94 m -4.3 16.4 5.7 763 mm 188 133 30
Lillehammer 242 m -9.1 14.7 2.9 660 mm 165 108 110
Geilo/Hol 810 m -8.2 11.2 1.0 700 mm 127 67 162
Sognefjellhytta/Lom 1413 m -10.7 5.7 -3.1 860 mm 58 0 244
Kristiansand 22 m -0.9 15.7 7.0 1380 mm 205 145 21
Sola/Stavanger 7 m 0.8 14.2 7.4 1180 mm 215 144 0
Florida/Bergen 12 m 1.3 14.3 7.6 2250 mm 215 143 3
Molde/Romsdal 20 m 0.5 13.5 6.7 1640 mm 195 120
Værnes/Trondheim 12 m -3.4 13.7 5.0 892 mm 180 114 14
Nordøyan fyr/Vikna 33 m 0.5 12.5 6.0 800 mm 188 98 1
Svolvær/Lofoten 10 m -1.5 13.0 4.7 1500 mm 165 87 19
Langnes/Tromsø 8 m -3.8 11.8 2.9 1000 mm 139 65 160
Honningsvåg/Nordkapp 10 m -4.5 10.3 2.0 765 mm 115 40 110
Kirkenes 10 m -11.5 12.6 -0.2 450 mm 125 65 140
Longyearbyen/Svalbard 28 m -14.6 6.5 -6.0 210 mm 50 0 34
Vekstsesong: Talet på dagar i året med døgnmiddeltemperatur på minst 5 °C
Sommar: Talet på dagar i året med døgnmiddeltemperatur på minst 10 °C.
Snø: Talet på dagar med minst 25 cm snødekke på bakken, basert på perioden 1971–2000.
Snødata frå nærliggande stasjonar: Skrova er brukt for Svolvær, Repvåg for Honningsvåg, Neiden for Kirkenes
og Svalbard lufthamn (1976–2000) er brukt for Longyearbyen.
Tromsø: Snødata er frå ein stasjon 100 m.o.h., Langnes har litt mindre snø.
Honningsvåg er på sørsida av Magerøya, så Nordkapplatået (307 m.o.h.) er om lag 2–3 °C kaldare.

Som ein kan sjå i tabellen har Noreg store klimavariasjonar. Maritimt klima (i Köppen si klimaklassifisering Cfb) langs store delar av kysten, som i Bergen; fuktig kontinentalklima (Dfb) på Austlandet, som i Oslo; subarktisk maritimt klima (Cfc) som i Svolvær. subarktisk klima (Dfc) som i Kirkenes og arktisk tundra klima (ET) som i Longyearbyen og nordaustkysten frå Nordkapp til Vardø. I tillegg har dei fleste fjellområda alpint klima.

Nyleg oppvarmingEndra

Temperaturane har vore høgare dei siste åra. Ser ein på dei siste 15 åra, frå 1991 til 2005, er middeltemperaturen for januar 1 til 2,5 °C høgare enn i tabellen over, medan julitemperaturane er 0,5 til 1 °C høgare. Døgnmiddeltemperaturane for januar, juli og heile året er då i Oslo/Blindern -2,3 °C, 17,3 °C og 6,6 °C. For Bergen/Florida 2,8 °C, 15,1 °C og 8,2 °C, og for Trondheim/Værnes -0,7 °C, 14,8 °C og 5,9 °C. Tromsø får ein døgnmiddeltemperatur i januar på -2,6 °C, medan julitemperaturen berre aukar til 12,2 °C. Vintrane har altså blitt ein god del mildare, og snødekket har minka litt i låglandet der temperaturane ofte har vore rundt frysepunktet (inkludert dei fleste større byane).

KjelderEndra

  • Norwegian Meteorological Institute ([1]).
  • Bjørbæk, G. 2003. Norsk vær i 110 år. N.W. DAMM & Sønn.
  • Førland, E.. Variasjoner i vekst og fyringsforhold i Nordisk Arktis. Regclim/Cicerone 6/2004.
  • University of Oslo. Almanakk for Norge Gyldendal fakta.