National Museum of African American History and Culture

National Museum of African American History and Culture (NMAAHC) er eit museum ved Smithsonian Institution som ligg ved National Mall i Washington, D.C. i USA. Det blei skipa i desember 2003 og opna på den faste staden sin i september 2016 med ein seremoni leia av president Barack Obama.

National Museum of African American History and Culture

StadWashington
Skipa16. desember 2003
MuseumstypeHistorisk
Kart
National Museum of African American History and Culture
38°53′28″N 77°01′58″W / 38.891111111111°N 77.032777777778°W / 38.891111111111; -77.032777777778

Ein kan føra tilbake tankar om å etablera eit føderalt eigd museum om afroamerikansk historie og kultur til 1915, men det moderne presset for ein slik organisasjon byrja ikkje før på 1970-talet. Etter år utan suksess byrja eit meir seriøst lovpålegg i 1988 som førte til autorisasjon av museet i 2003. I 2006 blei det funne ein eigedom, og i 2009 blei eit bygningsdesign sendt inn av Freelon Group/Adjaye Associates/Davis Brody Bond vald ut. Bygginga byrja i 2012, og museet blei fullført i 2016.

NMAAHC er verdas største museum vigd afroamerikansk historie og kultur.[1] I det første heile driftsåret sitt blei det rangert som det fjerde mest besøkte Smithsonian-museet. Museet har meir enn 40 000 gjenstandar i samlinga si, med rundt 3500 av dei stilte ut. Bygningen på 33 000 m² og 10 etasjar (fem over og fem under bakken) og utstillingane hans har vunne kritisk ros.

Bygging endre

Museet under konstruksjon i 2014.
NMAAHC Monumental Stair

Fyrste spadestikk for museet fann stad 22. februar 2012.[2][3] President Barack Obama og museumsdirektøren Lonnie Bunch var nokre av talarane under seremonien.[2] Skodespelaren Phylicia Rashād var seremonimeister, og det blei gjort musikk- og diktframføringar av Denyce Graves, Thomas Hampson og Heritage Signature Chorale.[2]

Byggverket i september 2015

NAAMHC blei det djupaste museet på National Mall. Ein grov seg 24 meter ned for å leggja fundamentet, medan sjølve bygningen berre går 24 meter ned.[4]

Kranselaget for museet fann stad i oktober 2014.[5] Same månaden annonserte Smithsonian at National Museum of African American History and Culture hadde teke imot 162 millionar dollar i gåver av den totale byggekostnaden på 250 millionar. For å støtta innsamlinga av midlar sa Smithsonian at dei ville bidra med ein del av det som mangla for å få bygningen ferdig.[6]

Heile stålstrukturen og all sement over bakken var ferdig i januar 2015. Ein byrja setja inn glas i vindauge og curtain walls same månaden, og glasdelane var ferdige 14. april 2015. Same dag blei dei fyrste av 3600 bronsefarga panel til kledning av bygningen installerte.[5]

Opning endre

Ava DuVernay fekk i oppdrag av museumet å skapa ein film som hadde debut ved opninga av museumet 24. september 2016. Denne filmen, August 28: A Day in the Life of a People (2016), skildra seks viktige hendingar i afro-amerikansk historie som alle fann stad på 28. august.[7] Filmen er 22 minutt lang og har opptredenar frå Lupita Nyong'o, Don Cheadle, Regina King, David Oyelowo, Angela Bassett, Michael Ealy, Gugu Mbatha-Raw, André Holland og Glynn Turman. Han tek for seg kong Vilhelm IV si godtaking av UK Slavery Abolition Act i 1833, lynsjinga av 14 år gamle Emmett Till i Mississippi 1955, utgjevinga av den fyrste Motown-låten som nådde toppen av hittlista, «Please Mr. Postman» av The Marvellettes, Martin Luther King, Jr. sin tale «I Have a Dream» i 1963, komet av Hurricane Katrina i 2005 og kvelden då dåverande senator Barack Obama tok imot demokratane sin nominasjon til å bli president ved Democratic National Convention 2008.[7]

24. september 2016 opna president Barack Obama formelt det nye museumet i lag med fire generasjonar av familien Bonner, frå 99 år gamle Ruth Bonner, som var dotter av ein rømd slave, til oldebarnet hennar Christine. Saman med Obama ringde Ruth og familien hennar i klokka Freedom Bell for å opna museet.[8][9][a] Klokka kom frå den fyrste baptistkyrkja danna av og for afroamerikanarar, i 1776 i Williamsburg i Virginia,[10] som på den tida hadde forbod for svarte mot å samlast eller preika.[11][8][9][b]

Meir enn 600 000 menneske vitja museet i dei fyrste tre månadane.[13][c]

Etter seks månader hadde 1,2 millionar menneske vitja NMAAHC, slik at det var det fjerde mest vitja Smithsonian-museet.[18] Dei vitjande var i gjennomsnitt seks timar ved museet;[19] dobbelt så lenge som ein hadde rekna med då museet opna.[18][18]

Smithsonian kunngjorde at 3 millionar menneske hadde vitja museet i det fyrste fulle året det var ope. I gjennomsnitt vitja 8 000 menneske museet kvar dag, dobbelt så mykje som ein hadde forventa.[20] Dei høge tala på vitjande førte til ein god del slitasje på museet.[21]

Samling og utstillingar endre

 
Statue av Benjamin Banneker

Frå før 1900-talet endre

  • Fleire gjenstandar frå «São José Paquete Africa», eit slaveskip som gjekk ned utanfor kysten av Sør-Afrika og blei arkeologisk undersøkt i 2015. Vraket tilhøyrer sørafrikanske Iziko Museums, og er på langtidslån til NMAAHC.[22][23]
  • Gjenstandar som tilhøyrde Harriet Tubman, mellom anna bestikk, ei salmebok og eit sjal av lin og silke ho blei gjeven av dronning Victoria av Storbritannia. Tilknytte gjenstandar er eit fotografi av Tubman (eit av svært få som finst), og tre postkort med bilde frå gravferda til Tubman i 1913.[24]
     
    Ashley's Sack
  • Ashley's Sack, ein handbrodert matpose frå midten av 1800-talet gjeven av ei slavemor, Rose, til den ni år gamle dottera hennar, Ashley, då Ashley blei seld vekk.[25]
  • Eit merke frå 1850, brukt av ein afroamerikanar i Charleston i Sør-Carolina, som viste at brukaren var ein slave.[26]
  • Fot- og handjern frå Sørstatane (Deep South) brukt før 1860.[26]
  • Klede brukte av afroamerikanske slavar.[27]
  • Ein heim frå Poolesville, Maryland frå 1874. Bustaden blei bygd av familien Jones, som var frigjevne slavar. Jones-familien skipa seinare ein busetnad for svarte i nærleiken.[26]
  • Ein bibel som tilhøyrde Nat Turner, som leia eit slaveopprør i Virginia i 1831.[28][29]
  • Eit brev av Toussaint L'Ouverture, leiaren for den haitiske revolusjonen og slaveopprøret i 1791.[26]
  • Ein pengeboks brukt av Richard Allen, grunnleggjaren av African Methodist Episcopal Church.[30]
  • Historiske gjenstandar frå svarte katolske samfunn, mellom anna St. Augustine Church og Sisters of the Holy Family i New Orleans.[30]
  • Ei slavehytte frå Edisto Island i Sør-Carolina som blei flytta til museumet og rekonstruert der.

1900- og 2000-talet endre

 
‘Whites Only’ – toalett og røykerom for menn frå Southern Railway Company Coach No. 1200 frå 1923, gjort om til ei segregert vogn i 1940
  • Ei jernbanevogn frå Chattanooga i Tennessee, brukt av afro-amerikanske passasjerar i Jim Crow-tida. Pete Claussen og Gulf & Ohio Railways (selskapet han grunnla i 1985) donerte over 222 000 dollar for å restaurera vogna, som opphavleg blei bygd av Pullman Company i 1922.[31]
  • Skrivebordet til Robert Sengstacke Abbott, redaktør for Chicago Defender, ei afro-amerikansk avis skipa i 1905.[32]
  • Ein segregert drikkefontene frå Jim Crow-tida med skiltet «colored», det vil seia berre for «farga».[26]
  • Kjolar og andre klede av mote designeren Ann Lowe. Lowe designa klede for Du Pont-familien, Roosevelt-familien ogRockefeller-familien. Ho utforma også klede for den rike etikette- eksperten og sosietetskvinna Emily Post og familien hennar, og skapte bryllaupskjolen til Jacqueline Bouvier for giftarmålet hennar med John F. Kennedy i 1953.[27]
  • Ei gjenskaping av ein del av Mae's Millinery Shop, ein hattebutikk opna av Mae Reeves i 1942, ei av dei fyrste føretaka i Philadelphia med ei afro-amerikansk kvinne som eigar.[33]
  • Purple Heart-medaljen og bagasjekassen til James L. McCullin, ein medlem av Tuskegee Airmen.[32]
  • Eit PT-13D Stearman biplan brukt som treningsfly av United States Army Air Forces, og brukt i 1944 til å trena medlemmar av Tuskegee Airmen.[34]
  • Eit skilt frå ein buss i Nashville i Tennessee frå Jim Crow-tida som viser kva for sete er for «farga».[26]
  • Eit vakttårn og ei celle frå Louisiana State Penitentiary (Angola) kjend gjennom mykje av 1900-talet som eit grusamt, valdeleg fengsel der afro-amerikanske inmsette blei behandla verre enn slavar. NMAAHC-kuratoren Paul Gardullo sa at desse dokumenterte korleis haldningane til slaveri blei overførte til fengselssystemet etter slavetida i Deep South. Museumsdirektøren Lonnie Bunch sa at sjølv om ein del forskarar var bekymra for at desse gjenstandane ville vera kontroversielle, var oppgåva til museet å fortelja om afro-amerikanske opplevingar. Vakttårnet på 20 fot (6,1 m) er del av ei utstilling omg segregering, medan cella på 6 gonger 9 fot (1,8 gonger 2,7 m) er del av ei anna utstilling om stadar. Begge er frå Camp A, den eldste delen av fengselet. Cella blei bygd oppå tidlegare slavekvarter.[35]
  • Ein spesiallaga King Super 20 altsaksofon som Charlie Parker in spelte på frå 1947 til han døydde i 1955.[36][37][38]
  • Allan Rohan Crite sitt måleri Stations of the Cross (1947)[30]
  • David Driskell sitt verk Behold Thy Son (1956)[30]
  • Kista med glaslok som opphavleg blei brukt til å visa og gravleggja liket til 14 år gamle Emmett Till, som var offer for rasistisk motivert tortur og drap i Mississippi. Døden til Til var ein katalysator for borgarretsrørsla.[39][40]
  • Kjolen Rosa Parks var i ferd med å sy den dagen ho blei arrestert for å nekta å gje setet sitt til ein kvit mann på ein buss i Montgomery i Alabama 1. desember 1955. Dette førte til bussboikotten i Montgomery, og handlinga hennar var eit av dei fyrste døma på sivil ulydnad i denne rørsla.[27]
  • Ein Selmer-trompet som tilhøyr jazzmusikaren Louis Armstrong.[26]
  • Boksehanskane til Muhammad Ali.[40] Hovudvern brukt av Cassius Clay (seinare kjend som Muhammad Ali).[32]
  • Ein kjole som tilhøyrde songaren og skodespelaren Pearl Bailey.[27]
  • Cape og jumpsuit som tilhøyrde soulsongaren James Brown.[26]
  • Moog-synthesizeren og MPC-beatmaskinen brukt av hip-hop-produsenten J Dilla.[41]
  • Kokkejakke brukt av Leah Chase, ein kokk frå New Orleans kjend som «Queen of Creole Cuisine».[42]
  • «Mothership», ein skulptur på 1 200 pund (540 kg) av aluminum og akrylglas skapt av funksongaren George Clinton og brukt under opptredenane til banda hans Parliament og Funkadelic. Den opphavlege Mothership-skulpturen blei kasta i 1983; dette er ei erstatting laga av Clinton på midten av 1990-talet og brukt i rundt fem år.[43]
  • Ei samling kostyme uforma av Geoffrey Holder til musikalen The Wiz frå 1976 (etter L. Frank Baum si bok The Wonderful Wizard of Oz).[27] Kostyma vann Tony-prisen for beste kostymedesign, stykket vann prisen for beste musikal og Holder vann prisen for beste musikalregi.
  • Ein raud Cadillac-kabriolet som tilhøyrde rock and roll-songaren Chuck Berry.[32]
  • Forsterkar, høgtalarar og turntable brukt av Tony Crush eller DJ Tony Tone frå Cold Crush Brothers.[32]
  • Fleire måleri og terrakottaskulpturar frå Barnett-Aden Collection, donert av BET-grunnleggjaren Robert L. Johnson.[44][d]
  • Turnutstyr brukt av OL-vinnaren Gabby Douglas under Sommar-OL 2012. Douglas var den fyrste afro-amerikanaren, og den fyrste ikkje-kvite nokonsinne, til å vinna mangekamp i turn for kvinner. Ho var også den fyrste amerikanske turnaren som vann både lag- og individuelt gull ved same OL.[51]
  • Handjerna brukte av politi i Cambridge i Massachusetts til å arrester den afro-amerikanske professoren ved Harvard University Henry Louis Gates Jr. i 2009 for å prøva å koma seg inn i sin eigen heim.[35]
  • Hip Hop Smithsonian, ei samling fotografi av hiphop-artistar samla av Bill Adler.
  • Valkampkontoret frå Barack Obama sin presidentkampanje i 2008 frå Falls Church i Virginia.[52]
  • Eit par handmåla joggesko med tittelen Obama 08 av kunstnarent Van Taylor Monroe.
  • NBA-spelaren Kobe Bryant sin uniform som han brukte under NBA-finalen i 2008 , året han blei utnemnd til MVP. Bryant og kona hans Vanessa var også grunnleggjande bidragsytarar til museet.[53]

Leiarskap endre

Lonnie Bunch III var direktør for museet frå planleggingsstadiet. Han blei utnemnd i 2005, og handsama gjenstandssamlingar, vandreutstillingar, planlegging og konstruksjon. 28. mai 2019 blei Bunch vald til sekretær for Smithsonian Institution. Han blei den fyrste afroamerikanske leiaren for institusjonen. Den mellombels direktøren av NMAAHC var historieprofessoren Spencer Crew.[54] Diktaren og professoren Kevin Young blei utnemnd til direktør i september 2020.

Kafeteria endre

Sweet Home Café er ein kafeteria med plass til 400[55] som ligg inne i National Museum of African American History and Culture.[42] Jerome Grant er hovudkokk, og restaurant blir driven av Restaurant Associates i samarbeid med Thompson Hospitality.[55][42] Joanne Hyppolite, kurator for kulturuttrykk ved NMAAHC, har tilsyn med restauranten i tillegg til utstillingane om mat og matstell ved museet.[56] Kafeteriaen opna 24. september 2016.[55] Han kom til semifinalen for Best New Restaurant ved James Beard Award i 2017.[57]

Under utforminga av museet var Smithsonian påverka av Mitsitam Café ved National Museum of the American Indian.[56] Denne kafeteriaen var blitt utvikla for å gjera museumvitjarar kjende med mattradisjonane til amerikanske urfolk. Mitsitam Café var både populær og vann kulinariske prisar,[58] i tillegg til å vera lønsam. Matforskaren Jessica B. Harris forska på afroamerikansk matskikk frå kolonitida til samtida, og la fram ein ide om ulike stasjonar som kunne representera ulike tradisjonar.[42] Albert Lukas, ein kokk ved Sweet Home Café, reiste rundt i USA i to år for å finna oppskrifter og intervjua både profesjonelle kokkar og folk med erfaring i å laga mat heime.[42] Ein kommite av kokkar, kuratorar og historikarar brukte endå to år på å utarbeida konseptet, designet og menyen til etetsdaden.[56] Den endelege menyen blei utforma ikkje berre for å visa dei ulike mattypane afroamerikanarar har ete i ulike regionar og til ulike tider, men også for å visa påverknaden til afroamerikanarar på amerikansk matlaging, både i heimar og innan haute cuisine.[58]

 
The Contemplative Court

Merknadar endre

  1. Ruth Bonner var dotter av Elijah B. Odom frå Mississippi, ein rømd slave som levde gjennom tida kjend som Reconstruction og den seinare segregeringstida.[9]
  2. Minst 17 kyrkjer i USA ringte med klokkene sine på tidspunktet då museet opna.[12]
  3. Samanlikningar med andre museum er vanskelege ettersom dei kan ha ulik storleik, eller vera laga for at vitjande skal vera der lenger (slik at nye vitjande må venta). Med desse forbeholda hadde det nyleg renoverte National Museum of American History 720 000 vitjande dei fyrste tre månadane det opna i 2007-2008;[14] det nyleg renoverte National Portrait Gallery og Smithsonian American Art Museum fekk eit estimert tal på 322 000 vitjande i dei tre fyrste månadane det opna i 2007;[14][15] National Museum of the American Indian hadde 820 000 vitjande dei tre fyrste månadane det opna i 2004;[14] International Spy Museum (ikkje eit Smithsonian-museum) hadde eit utrekna vitjartal på 300 000 dei tre fyrste månadane det opna i 2002;[16] and the United States Holocaust Museum (ikkje eit Smithsonian-museum) hadde eit utrekna vitjartal på 360 000 dei tre fyrste månadane det opna i 1993.[17]
  4. Kunstsamlinga Barnett-Aden dokumenterte afroamerikansk kultur, historie og levesett frå 1800 til 1972. Alle verka i samlinga er laga av afroamerikanarar. Samlinga blei laga av dr. James V. Herring, ein kunstprofessor ved Howard University, og Alonzo J. Aden, den fyrste kuratoren ved Howard University sitt Gallery of Art.[45] Aden grunnla Barnett-Aden Gallery (med namn etter mora, Naomi Barnett Aden)[46] i okober 1943,[47] og bygde opp samlinga saman med Herring.[45] Aden døydde brått 13. oktober 1961,[48] og Herring den 29. mai 1969.[49] Samlinga blei delt i tre, men det meste av henne gjekk til ein ven av Aden, Adolphus Ealey.[50] National Museum of African American Art i Florida kjøpte Ealey sin del i 1989, og Johnson kjøpte samlinga i 1997 etter at museet gjekk konkurs.[45]

Kjelder endre

  1. «13 destinations for African-American history and culture». National Geographic Society. May 23, 2019. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Cohen, Patricia (February 22, 2012). «Making Way for a Dream in the Nation's Capital». The New York Times. Henta February 22, 2012. 
  3. Trescott, Jacqueline (February 22, 2012). «African American Museum Groundbreaking Showcases Living History». The Washington Post. Henta February 22, 2012. 
  4. Sernovita, Daniel J. (December 26, 2013). «Behind the Fences of the Smithsonian's African American Museum». Washington Business Journal. Henta December 27, 2013. 
  5. 5,0 5,1 Sinha, Vandana (February 2, 2016). «Lonnie Bunch's 10-year trek to showcase African-American history». Washington Business Journal. Henta February 3, 2016. 
  6. McGlone, Peggy (October 20, 2014). «Smithsonian Announces $1.5 Billion Fundraising Effort». The Washington Post. Henta October 21, 2014. 
  7. 7,0 7,1 Davis, Rachaell (September 22, 2016). «Why Is August 28 So Special To Black People? Ava DuVernay Reveals All In New NMAAHC Film». Essence. 
  8. 8,0 8,1 Limbong, Andrew (August 31, 2017). «Ruth Bonner, Woman Who Helped Open Smithsonian African-American Museum, Dies». NPR. Henta September 1, 2017. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Contrera, Jessica (September 25, 2016). «Descended from a slave, this family helped to open the African American Museum with Obama». The Washington Post. Henta September 1, 2017. 
  10. «A Long Silent Bell Rings, Representing Unfinished Work of Freedom & Equality». NBC News (på engelsk). Henta 1. september 2017. 
  11. Contrera, Jessica (24. september 2016). «African-American Museum Opening: 'This place is more than a building. It is a dream come true.'». The Washington Post. Henta September 24, 2016. 
  12. Blakemore, Erin (21. september 2016). «Historic Bell Helps Ring in New African American History Museum». Smithsonian Magazine. Henta 2. juni 2019. 
  13. Freed, Benjamin (13. desember 2016). «More Than 600,000 People Have Already Visited the Smithsonian's African American History Museum». Washingtonian. Henta 14. desember 2016. 
  14. 14,0 14,1 14,2 «Visitor Statistics». Smithsonian Institution. 2016. Henta 14. desember 2016. 
  15. Trescott, Jacqueline (23. mai 2008). «Some People Would Die to Wind Up at This Museum». The Washington Post. s. C1. 
  16. Trescott, Jacqueline (23. november 2004). «Indian Museum Attracts Healthy Crowd in First Month». The Washington Post. s. C1. 
  17. Kastor, Elizabeth (2. juli 1993). «Tourists in the Hall of Horror». The Washington Post. s. B1. 
  18. 18,0 18,1 18,2 McGlone, Peggy (March 23, 2017). «Crowds at African American museum are expected to get even bigger». The Washington Post. Henta March 24, 2017. 
  19. Lefrak, Mikaela (October 2, 2018). «Why The African American Museum Won't Get Rid of Timed Entry Tickets Yet». WAMU Radio. Henta June 2, 2019. 
  20. Johnston, Windsor (September 24, 2017). «National Museum Of African American History And Culture Celebrates 1 Year». NPR. Henta September 25, 2017. 
  21. Kennicott, Philip (September 22, 2017). «The African American Museum a year later: Still the hottest ticket in town». The Washington Post. Henta September 25, 2017. 
  22. Sanders, Sam (May 31, 2015). «Wreck of a 221-Year-Old Slave Ship Is Confirmed Off South Africa». NPR. Henta June 14, 2015 
  23. Taylor, Kate (January 23, 2011). «The Thorny Path to a National Black Museum». The New York Times. s. A1. Henta June 14, 2015. 
  24. Trescott, Jacqueline (March 11, 2010). «Collector Donates Harriet Tubman Artifacts to African American History Museum». The Washington Post. Henta January 30, 2012. 
  25. Cantu, Leslie (December 29, 2015). «'Filled with my love' Slave artifact to be displayed in new Smithsonian museum». Summerville Journal Scene. Henta February 20, 2017. 
  26. 26,0 26,1 26,2 26,3 26,4 26,5 26,6 26,7 Trescott, Jacqueline (4. september 2009). «Lonnie Bunch, Gathering Pieces for National Museum of African American History». The Washington Post. Henta 30. januar 2012. 
  27. 27,0 27,1 27,2 27,3 27,4 Givhan, Robin (May 23, 2010). «Black Fashion Museum Collection Finds a Fine Home With Smithsonian». The Washington Post. Henta January 30, 2012. 
  28. Trescott, Jacqueline; Judkis, Maura (February 22, 2012). «National Museum of African American History and Culture Groundbreaking». The Washington Post. Henta January 30, 2012. 
  29. Kennicot, Philip; McGlone, Peggy (October 1, 2016). «The African American Museum in 11 objects». Toronto Star. s. IN8. 
  30. 30,0 30,1 30,2 30,3 Menachem, Wecker (February 17, 2017). «At new Smithsonian African-American history and culture museum, Catholic stories emerge». National Catholic Reporter. Arkivert frå originalen 8. mars 2022. Henta June 2, 2019. 
  31. Trescott, Jacqueline (February 2, 2011). «National Cathedral, Renwick Gallery Win Federal Funds». The Washington Post. Henta July 5, 2015. 
  32. 32,0 32,1 32,2 32,3 32,4 Clough, G. Wayne (July–August 2012). «The Collections of the African American History and Culture Museum Await Their New Home». Smithsonian Magazine. Arkivert frå originalen 19. april 2013. Henta January 30, 2012. 
  33. Wang, Hansi Lo (September 18, 2016). «Mae Reeves' Hats Hang At National Museum Of African American History And Culture». National Public Radio. Henta June 25, 2017. 
  34. Edwards, Owen (November 2011). «The Tuskegee Airmen Plane's Last Flight». Smithsonian Magazine. Arkivert frå originalen 19. april 2013. Henta January 30, 2012. 
  35. 35,0 35,1 Cohen, Patricia (July 8, 2013). «Relics of a Notorious Prison Go to Black History Museum». The New York Times. Henta July 8, 2013. 
  36. «Charlie Parker's Alto Saxophone». Smithsonian. November 17, 2019. Henta November 17, 2019. 
  37. «Charlie Parker "Bird" Legend Series Alto Saxophone Mouthpiece». Neff Music. July 15, 2011. Henta November 17, 2019. 
  38. «The Long Journey of Charlie Parker's Saxophone». Smithsonian.com. October 24, 2019. Henta November 2, 2019. 
  39. Trescott, Jacqueline (August 27, 2009). «Smithsonian's African American History Museum Acquires Emmett Till Casket». The Washington Post. Henta January 30, 2012. 
  40. 40,0 40,1 «A Dream Comes True». CBS News. September 11, 2016. Henta September 12, 2016. 
  41. Kutner, Max (July 25, 2014). «The Legacy of Hip-Hop Producer J Dilla Will Be Recognized Among the Collections at the Smithsonian». Smithsonian Magazine. Henta July 31, 2014. 
  42. 42,0 42,1 42,2 42,3 42,4 Severson, Kim (November 28, 2016). «Museum Cafeteria Serves Black History and a Bit of Comfort». The New York Times. Henta 16. januar 2017. 
  43. Fawcett, Kristin (June 10, 2014). «Watch George Clinton's P-Funk Mothership Get Reassembled For Its Museum Debut». Smithsonian Magazine. Henta June 30, 2014. 
  44. Clabaugh, Jeff (4. februar 2015). «Robert Johnson Donates Art to African American History Museum». Washington Business Journal. Henta 7. februar 2015. 
  45. 45,0 45,1 45,2 Iverem, Esther; Allen, Henry (2. oktober 1997). «Prized Art Will Return to District». The Washington Post. s. B1, B4. 
  46. O'Sullivan, Michael (6. februar 2009). «A Quietly Subversive Display of Black Power». The Washington Post. Henta 3. februar 2016. 
  47. «New Gallery Emphasizes Negro Art». The Washington Post. 31. oktober 1943. s. L8. 
  48. «Obituaries». The Washington Post. 16. oktober 1961. s. B3. 
  49. «J.V. Herring, Head of Art at Howard U.». The Washington Post. 3. juni 1969. s. C4. 
  50. Hall, Carla; Shirley, Don (13. oktober 1978). «Art in Search of A Gallery». The Washington Post. s. B3. 
  51. «Gymnast Gabrielle Douglas Donates Olympic Items to Smithsonian's New Black History Museum». Associated Press. January 30, 2013. Arkivert frå originalen July 7, 2019. Henta January 30, 2012. 
  52. Gambino, Megan (January 29, 2009). «Obama Campaign Office Acquired by NMAAHC». Smithsonian Magazine. Henta August 20, 2013. [daud lenkje]
  53. «Statement on the Death of Basketball Icon and Museum Founding Donor Kobe Bryant». National Museum of African American History and Culture. January 28, 2020. 
  54. Dwyer, Colin (May 28, 2019). «Lonnie Bunch III Set To Become Smithsonian Institution's First Black Secretary». NPR. Henta May 28, 2019. 
  55. 55,0 55,1 55,2 Spiegel, Anna (September 15, 2016). «Inside the African American History Museum's Sweet Home Cafe with Carla Hall». Washingtonian. Henta January 16, 2017. 
  56. 56,0 56,1 56,2 Consul, Wilma (October 11, 2016). «African-American Museum Cafe Serves Up Black History With Every Forkful». NPR. Henta January 16, 2017. 
  57. Shen, Maxine (June 22, 2017). «Revealed: This Year's James Beard Foundation Awards Restaurant and Chef Semifinalists». Food and Wine. Arkivert frå originalen 8. mars 2022. Henta March 19, 2017. 
  58. 58,0 58,1 Rhodan, Maya (September 15, 2016). «Even the Café Is Historical at the New Smithsonian Museum of African American History and Culture». Time. Henta January 16, 2017. 

Litteratur endre

Bakgrunnsstoff endre