Nederlandsk geografi

Nederlandsk geografi er uvanleg sidan mange landområde er demd opp av mange dike og ligg under havnivå. I tillegg er landet eit av dei tettast folkesette landa på jorda, rangert på 15. plass, men av desse har berre tre land meir enn 10 millionar innbyggjarar. Nederland er derfor særs urbanisert.

Kart over Nederland
Nederland utan dike eller over havnivå.

Nederland er særs flatt, og ein finn berre moderate høgder heilt søraust i landet.

Landskap endre

Landet kan generelt delast inn i to område:[1]

  • det låge og flate landområdet i vest og i nord. Desse landområda, inkludert dei oppdemde polderane, elvedeltaa, utgjer om lag halvparten av arealet og er mindre enn ein meter over havnivå, og mange område ligg til og med under havnivå. Ei rekkje dike mot havet og sanddyner vernar Nederland mot havet, og dike langs elvane vernar mot flaum.
  • dei høgare landområda med mindre åsar i aust og i sør. Sjølv desse områda er stort sett flate og berre lengst sør vert landskapet noko meir kupert ved foten til Ardennane. Her ligg Vaalserberg, det høgaste punktet i landet med 322,7 meter over havet.

Flaumar endre

I tidlegare år har kystlinja langs Nederland vorte endra mange gonger, både på grunn av menneskeskapte endringar og på grunn av naturkatastrofar. Flaumen som kanskje gjorde størst innverknad i historisk tid var stormen i 1134 som danna øygruppa Zeeland i sørvest. St. Elizabeth-flaumen i 1421 førte til at fleire dike brast og danna den 72 km² store flodsletta Biesbosch i sør. Den mest nylege flaumen var Nordsjøflaumen i 1953 der 1 836 menneske mista livet. Etter dette vart Deltaprosjektet sett i verk.

Katastrofane vart delvis verre på grunn av menneskeleg påverknad. Innbyggjarane drenerte relativt høgtliggande myrområde for å dyrke dei opp. Dette førte til at den opptørka torva vart pressa saman og heile terrengnivået sokk. Sidan overflata sokk måtte bøndene utføre meir drenering og torva vart enno meir samanpressa. Dette er enno eit problem i dag. Fram til 1800-talet vart torva i tillegg tatt opp, tørka og nytta til brensel, noko som berre auka problemet.

For å verne mot flaum har det vorte gjort ei rekkje tiltak heilt sidan tidleg i mellomalderen. På det første 1000-talet e.kr. vart landsbyar og gardar bygd på menneskeskapte åsar kalla terps. Seinare vart desse kopla saman med hjelp av dike. På 1100-talet dukka det opp lokale byrå kalla waterschappen eller hoogheemraadschappen som hadde som virke å oppretthalde vassnivået og verne ein region mot flaum. Desse byråa eksisterer framleis. Etter kvart som terrenget sokk, voks dika og etter kvart vart dei ein del av eit innfløkt system. På 1200-talet vart vindmøller nytta til å pumpe vatn ut av området under havnivå. Vindmøllene vart seinare nytta til å drenere innsjøar og dei vidkjende polderane vart oppretta. I 1932 vart Afsluitdijk bygd ferdig og stengde den tidlegare Zuiderzee frå Nordsjøen og oppretta IJsselmeer. Han vart ein del av det større Zuiderzeeprosjektet der fire polderar på totalt 2 500 km² vart danna.[2]

Deltaprosjektet endre

 
Satellittbilete av Nederland
For meir om dette emnet, sjå Deltaprosjektet.

Etter Nordsjøflaumen i 1953 vart Deltaprosjektet oppretta for å gjere slutt på flaumfaren ein gong for alle. Prosjektet starta i 1958 og stod først ferdig i 2002. Det offisielle målet med prosjektet var å redusere flaumfaren i Zeeland til ein gong per 10 000 år, og for resten av landet til ein gong per 4 000 år. Dette fekk ein til med å byggje 3 000 km lange dike ute ved kysten og 10 000 km med indre dike, kanalar, elvedike og «deltahøgder», og i tillegg lukke alle estuara i Zeeland. Deltaprosjektet er eit av dei største byggprosjekta gjennom historia og vert av American Society of Civil Engineers rekna som eit av dei sju moderne underverka i verda.

Nederland er eit av dei landa som har lide mest av klimaendringar. Ikkje berre er stigande havnivå eit problem, men endringar i vêrmønsteret har ført til oftare flaum i elvane. [3]

Elvar endre

For meir om dette emnet, sjå Elvar i Nederland.

Landet er delt inn i to delar av dei tre store elvane Rhinen, hovudgreina hennar Waal og Maas. Desse elvane fungerer som naturlege barrièrar mellom tidlegare len og er derfor ofte kulturelle skilje. Fram til nyleg har elvane òg vore eit religiøst skilje med katolikkar i sør og kalvinistar i nord.

Den sørvestlege delen av Nederland er faktisk eit massiv elvedelta frå desse elvane og to av sideelvane til Schelde (Westerschelde og Oosterschelde). Berre ei større grein av Rhinen renn nordover og det er IJssel som munnar ut i IJsselmeer, den tidlegare Zuiderzee.

Klima endre

 
Kystsanddyner vernar store delar av Nederland frå flaum

Nederland er kjend for kanalane og vindmøllene sine, men landet er verken spesielt fuktig eller vindfullt. Det er hovudsakleg kystområda som har noko vind å snakke om, og dei kan om vinteren få storm når lågtrykka går inn over Nordsjøen. Dei indre områda har derimot lite vind, og i middel har Utrecht mindre vind enn Paris. Vinden merkar ein likevel mest om vinteren når temperaturane ligg like over frysepunktet. Den fuktige lufta gjer sitt til at det kjennest enno kaldare enn det er.

Nederland er flatt og har ingen store fjellkjeder aust eller sør for seg, så landet er òg utsett for den kalde Sibirlufta frå aust om vinteren. Desse kuldeperiodane kan vare fleire veker, og kanalane kan fryse til. Dei er derimot mest vanleg i nordaustlege delar av landet, mot grensa av Tyskland. Delar av Nederland ligg lågare enn havoverflata, og er berre verna av dika på kysten og i kanalane. Ved særs kraftig uvêr i Nordsjøen har dette tidlegare ført til stormflod og store flaumkatastrofar, den siste var Nordsjøflaumen i 1953.

Nærleiken til Nordsjøen hindrar som regel høge temperaturar om sommaren, men når den sørlege kontinentallufta strøymer nordover kan det bli varmt sjølv på kysten. Dei sørvestlege kystområda får som regel mest nedbør om hausten, men dei våtaste områda i Nederland er nasjonalparken Hage Veluwe som har 800-900 mm i året.

Natur endre

Nederland har 20 nasjonalparkar og hundrevis av andre naturreservat. Dei fleste er eigd av Staatsbosbeheer og Natuurmonumenten og inkluderer innsjøar, lyngheilandskap, skogar, sanddyner og andre habitat.

I 1871 vart den siste gamle originale skogen (Beekbergerwoud) hogd ned og dei fleste skogane i dag er planta monokulturar av tre som furu og tre som opphavleg ikkje høyrde heime i Nederland.

Statistikk endre

Nederlandsk geografi
Geografiske koordinatar: 52°21′N 4°52′E / 52.350°N 4.867°E / 52.350; 4.867
Areal:  
  totalt: 41 526 km²
  land: 33 883 km²
  vatn: 7 643 km²
Landegrenser, totalt: 1 027 km
grenseland: Belgia (450 km), Tyskland (577 km)
Kystlinje: 451 km
Maritime krav:
  Økonomisk sone: 200 nautiske mil (370 km)
  Territorialfarvatn: 12 nautiske mil (22 km)
Høgder:  
  lågaste punkt: Zuidplaspolder (Nieuwerkerk aan den IJssel) 7 muh
  høgaste punkt: Vaalserberg 321 m
Naturressursar: naturgass, fruktbar jord, petroleum
Arealbruk:  
  dyrkbark mark: 25%
  permanente avlingar: 3%
  permanent enger: 25%
  skogområde: 8%
  anna: 39% (1996)
Irrigert land: 6 000 km² (1996 estimat)
Naturfarar: Flaum frå elvane og sjøen er ein konstant trugsel. Det omfattande systemet av dike, demningar og sanddyner vernar om lag ein halvdel av landet frå flaum under dei kraftige haust- og vinterstormane frå nordvest.
Miljøproblem: Vassforureining i form av tungmetall, organisk avfall og næringsstoff som nitrat og fosfat. Luftforureining frå køyretøy og raffineri. Sur nedbør.
Internasjonale miljøavtalar:  
  delaktig i avtalar som omhandlar: Luftforureining, Antarktisk miljøvernsprotokoll, Antarktis-avtalen, biologisk mangfald, klimaendringar, ørkenspreiing, utryddingstrua dyreartar, miljømodifisering, miljøfarleg avfall, havrett, dumping til sjøs, bevaring av marint liv, forbod mot atomprøvespreningar, vern av ozonlaget, skipsforureining, tropisk tømmer, våtmarksområde, kvalfangst.
  signert, men ikkje ratifisert: Luftforureining ved persistente organiske stoff, biologisk mangfald og Kyotoavtalen.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Welschen, Ad: Course Dutch Society and Culture, International School for Humanities and Social Studies ISHSS, Universiteit van Amsterdam, 2000-2005.
  2. «Kerngegevens gemeente Wieringermeer». www.sdu.nl. Henta 21. januar 2008. 
  3. Colin Nickerson (5. desember 2005). «Netherlands relinquishes some of itself to the waters». Boston Globe. Henta 10. oktober 2007. 

Bakgrunnsstoff endre