Stellerand

art av andefuglar
(Omdirigert frå Polysticta stelleri)
Stellerand
Hannfugl
Hannfugl
Hoe
Hoe
Utbreiing og status
Status i verda: VU Sårbar
Status i Noreg: VU Sårbar[1]Hekking - mørkegrønt Overvintring - lysegrønt
Hekking - mørkegrønt Overvintring - lysegrønt
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Overfamilie: Anatoidea
Familie: Andefamilien Anatidae
Underfamilie: Anatinae
Slekt: Polysticta
Art: Stellerand P. stelleri
Vitskapleg namn
Polysticta stelleri

Stellerand (Polysticta stelleri) ei dukkand i andefamilien. Ho er nærskyld med ærfuglen, men er plassert i si eiga slekt Polysticta. Arten overvintrar mellom anna i Varangerfjorden i Finnmark og er der òg kjend som dyng-é.

Stelleranda hekkar i kystområde i arktisk Russland og i nordlegaste Alaska. Dei hekkar hovudsakleg på tundra, i deltaområde ved elvemunningane til dei arktiske elvane. Det finst to populasjonar, ein atlantisk som trekker vestover og overvintrar langs kysten av Kolahalvøya, òg dels inn i Finnmark og Austersjøen, og ein annan langt større stillehavspopulasjonen som trekker sør for Beringstredet, ved nordlege Kurilane og Aleutane. Utanom hekkesesongen samlast dei i store flokkar, mytegrupper kan innehalde meir enn 50 000 individ.

Skildring endre

Stellerender har ei kroppslengde på 43 til 48 centimeter og veg 690 til 970 gram.[2] Arten viser ein uttalt kjønnsdimorfisme: hos hannen er hovudet mest kvitt, kroppsidene er kvite oppe, gradvis oransjebrune og til kastanjebrunt og svart mot under- og bakkroppen. Oversida er mørk, armdekkfjørene er kvite, spegelen er mørkt stål-blågrønt med breitt kvitt endeband. I nærleiken av nebbrota er det ein diffust avgrensa skittengrøn tygleflekk, bakhovudet har ein mørkare grøn flekk. Auget er omgjeve av ein svart augeflekk. Hannar har òg ein svart halsring og eit svart felt bakover ryggen. Svarte skulder- og tertiærfjører med kvite kantar er langstrekte slik at dei fell over dei folda vengene. Begge kjønna har blågrått nebb.

Hoa er litt mindre enn hannar og har mørk brun med iaugefallande vengspegl i blått og kvitt som minnar om stokkandhoa sitt. Men ho kan lettast forvekslast med dei mindre hofuglane av kvinand og svartand på grunn av liknande storleik og mørkebrun fjørdrakt.[2]

Ungane har ei mørk, sepiabrun dundrakt med merkbart tjukk og relativt lang dun i augeområdet, ei augestripe og dessutan er strupeområdet og halsen er gulbrune. Undersida av kroppen er skittenkvit.[treng kjelde] Juvenile stellerender av begge kjønn har ei raudbrun fjørdrakt som hoene, med spetta eller flekka underside. Hannar får kvitkanta fjører på skuldrene og kremgult på brystet og flankane. I den andre fjørdrakta liknar unge hannar allereie i stor grad på dei vaksne hannane. Overgangane mellom dei enkelte fargeområda er likevel framleis diffuse og mindre tydeleg teikna. Dei små og midterste armdekkarane er framleis gråbrune.

Stellerender har kroppsbygging og åtferd som minnar grasender. Ei stellerand kan ta frå bakken til oppstigande flukt utan å bruke beina til å vinne fart.[2]

Utbreiing og habitat endre

Hekkeutbreiinga av arten ligg i Arktis mellom den russiske Jamalhalvøya og Alaska.

Stillehavspopulasjonen hekkar aust for elva Khatanga, på tundra nær havet, særlig elvedeltaet til Olenjok, Lena, Jana og Indigirka. Hovuddistribusjonssenteret ligg aust for Khatanga-elva. Store bestandar finst til dømes i deltaet til dei sibirske elvane Lena og Indigirka. Populasjonen på nordlege Alaska-kysten er liten samanlikna med den sibirske og er konsentrert rundt Point Barrow. Utanom hekketida held stillehavspopulasjonen seg i Nord-Stillehavet frå Alaska via Aleutane, Kamtsjatka sør til Kurilane. Nokre gongar i løpet av denne tida når ho òg den nordlege japanske kysten og migrerer sør langs kysten av Nord-Amerika til den kanadiske provinsen British Columbia.

Den atlantiske populasjonen hekkar på Tajmyrhalvøya, Gydanhalvøya og Jamalhalvøya. Moglegvis sporadisk så langt nordvest som på Svalbard.[3] Overvintringsstadene inkluderer Varangerfjorden, Kolahalvøya, i Austersjøen ved kysten av sørlege Finland sør mot og utanfor den litauiske byen Palanga. Stellerender er svært sjeldne streiffuglar i Sentral- og Vest-Europa og i austlege Nord-Amerika.

Stelleranda bruker tundraen som hekkeområde, dei trekker i store flokkar frå våren til forsommaren. Dei kjem til Beringsundet rundt midten av juni.

Hekkehabitatet er på tundra ved små tundrasjøar og dammar, oftast mellom kystlinja og 20 til 30 kilometer inn frå kysten, nokre gongar meir enn 100 km frå havet. Reirplassen ligg på tørr forhøgning der terrenget er prega av myr eller torvmyr med gras av t.d. storr-slekta. Hekking kan skje i små grupper. Kullet er vanlegvis av fem til åtte egg, som er lys olivenfarga. Hoa rugar åleine i 26 til 27 dagar. Hannen blir verande tett på hoa fram til ruginga startar, men forlèt ho deretter for å samlast i flokkar.

Føde endre

I hekkehabitatet et dei mygglarver av fjørmygg, steinfluger og anna, og mest animalsk føde som biller, buksymjarar, muslingar og tanglopper.

Stelleranda dukkar godt. I vintermånadene ser dei ofte etter mat tett pakka saman og dukkar ofte i store flokkar samtidig. Ho held seg vanlegvis under vatn i eit halvt minutt på kvart dukk, og dukkar ned til mellom 5 til 10 meters djupne. Dietten består av krepsdyr, pigghudingar og blautdyr.

Kjelder endre

Referansar
  1. Artsdatabanken Raudliste faktaark stellerand Polysticta stelleri (Pallas, 1769) Henta 9. januar 2022
  2. 2,0 2,1 2,2 Fredrickson, (2020)
  3. Petersen, Margaret R., et al. “Breeding and Moulting Locations and Migration Patterns of the Atlantic Population of Steller’s Eiders Polysticta Stelleri as Determined from Satellite Telemetry.” Journal of Avian Biology, vol. 37, no. 1, Nordic Society Oikos, Wiley, 2006, pp. 58–68, http://www.jstor.org/stable/3677696.

Bakgrunnsstoff endre