Tema:Samiske språk
VELKOMMEN TIL TEMASIDA OM SAMISKE SPRÅKendre
Innleiing
Dei samiske språka er ei gruppe finsk-ugriske språk (i den uralske språkfamilien) som blir tala av samar i nordlege område i Noreg, Sverige, Finland og Russland (på Kola-halvøya). Dei mest ulike av dei samiske språka er heilt uforståelege seg imellom, men tilgrensande dialektar er alltid forståelege. Difor er det vanleg å seie at dei samiske språka dannar eit dialekt-kontinuum. Det største samiske språket er nordsamisk. Dei næraste slektningane til dei samiske språka er dei austersjøfinske.
endre
Utvald artikkel
Samisk språkhistorie er historia til dei samiske språka, frå tida då det finsk-samiske urspråket vart splitta i eit nordleg samisk og eit sørleg austersjøfinsk urspråk, for omtrent 2000 år sidan. Den eldste språklege kjelda for noko samisk språk er frå 1557, då ein engelsk sjøfarande, Stephen Borough, skreiv opp ei liste på 95 samiske ord på Kolahalvøya. Dei første samiske tekstane er sørsamiske, ei ABC-bok og ei messebok frå 1619. Dei samiske språka har endra seg relativt lite sidan dette, og vi reknar at moderne samisk tar til då.
endre
Utvald biografi...
Lene Antonsen (fødd i 1962) er ein samisk språkforskar frå Tromsø i Noreg. Ho er tilsett som førsteamanuensis i samisk ved Institutt for språk og kultur ved UiT Noregs arktiske universitet. Lene Antonsen er cand.philol. med ei hovudoppgåve om språkendring i bøyingsverket i Kåfjorddialekten av nordsamisk frå 2007, og ph.d. med ei avhandling (2018) om samisk språkteknologi, begge frå UiT, og med finsk, arkeologi og pedagogikk i fagkrinsen. Ho er og utdanna trykkar frå Brundalen videregående skole i Trondheim, og har arbeidd som samisklærar, først i Karasjok, og deretter som leiar for Gáivuona sámi giellaguovddáš
endre
Visste du at...
endre
Hovudtema på Nynorsk Wikipedia
|