The Wall Live in Berlin
The Wall – Live in Berlin Konsertalbum av Roger Waters | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 21. august 1990[1][2] | |
Innspelt | 21. juli 1990 | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Selskap | Mercury | |
Produsent |
| |
Roger Waters-kronologi | ||
---|---|---|
Radio K.A.O.S. (1987) |
The Wall – Live in Berlin | Amused to Death (1992)
|
Singlar frå The Wall – Live in Berlin | ||
|
The Wall Live in Berlin var ein enorm konsert i Berlin med påfølgjande konsertplate, der Roger Waters 21. juli 1990 spelte albumet The Wall i sin heilskap.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [3] |
The Rolling Stone Album Guide | [4] |
Historie
endreKonserten vart halden på Potsdamer Platz (ein stad som var ein del av «ingenmannsland» då Berlinmuren kryssa plassen) og var større enn Wall-konsertane Pink Floyd heldt tidleg på 1980-talet. Waters fekk bygd ein 170 meter lang og 25 meter høg mur over scenen.[5] Konserten var seld ut til over 200 000 menneske, men tryggingsgjerdet utanfor området vart rive ned og meir enn 100 000 fleire folk trengde seg inn. Konserten vart send på direkten til 35 land og 500 millionar menneske.
Konserten vart aleine finansiert av Waters, men han tente alt tilbake på salet av CD og video av konserten i etterkant. Alt overskotet gjekk derimot til World War Memorial Fund for Disaster Relief.
Opphavleg prøvde Waters å få gjesteartistar som Peter Gabriel, Rod Stewart, Joe Cocker, Bruce Springsteen og Eric Clapton med på konserten, men dei var anten oppteken eller avslo. På eit radioprogram i juli 1989 sa Waters «Kanskje eg til og med lèt Dave (David Gilmour) spele gitar». 30. juni 1990 før Pink Floyd gjekk på scenen ved Knebworth fortalte Gilmour at dei hadde fått dei rettslege løyva dei trengde for å gjere Berlin-konserten, men at dei ikkje hadde vorte kontakta. Eit par dagar seinare svarte Waters tilbake at «han ikkje kunne skjøne kor Gilmour hadde fått ideen om at han var invitert frå».
Gjesteartistane som til slutt vart med på konserten var mellom anna Ute Lemper, The Band, The Hooters, Van Morrison, Sinéad O'Connor, Cyndi Lauper, Marianne Faithfull, Scorpions, Joni Mitchell, Jerry Hall, Paul Carrack, Tim Curry og Bryan Adams.
Framføringa var fleire stader ganske forskjellig frå den originale produksjon til Pink Floyd av The Wall. Både «Mother» og «Another Brick in the Wall, Part II» hadde lengre solar med forskjellige instrument. «In the Flesh» hadde ein lengre intro, og «Comfortably Numb» hadde ein lengre duellerande solo mellom dei to gitaristane, i tillegg til eit ekstra refreng på slutten av songen. «The Show Must Go On» var ikkje tatt med i det heile tatt, medan både «The Last Few Bricks» og «What Shall We Do Now?» var med. «The Trial» hadde skodespelarar i dei forskjellige rollene, der Thomas Dolby spelte læraren, hengande frå muren.
Setliste
endre- «In the Flesh?» av Scorpions
- «The Thin Ice» av Ute Lemper & Roger Waters & the Rundfunk Orchestra & Choir
- «Another Brick in the Wall (Part 1)» av Roger Waters; saksofonsolo av Garth Hudson
- «The Happiest Days of Our Lives» av Roger Waters
- «Another Brick in the Wall (Part 2)» av Cyndi Lauper; gitarsoloar av Rick DiFonzo & Snowy White, synthsolo av Thomas Dolby
- «Mother» av Sinéad O'Connor & The Band; trekkspel av Garth Hudson, vokal av Rick Danko & Levon Helm; akustiske instrument av The Hooters.
- «Goodbye Blue Sky» av Joni Mitchell & the Rundfunk Orchestra & Choir ; fløyte av James Galway
- «Empty Spaces/What Shall We Do Now?» av Bryan Adams & Roger Waters & the Rundfunk Orchestra & Choir
- «Young Lust» av Bryan Adams, gitarsoloar av Rick DiFonzo & Snowy White
- «Oh My God - What a Fabulous Room» av Jerry Hall (intro til «One of My Turns»)
- «One of My Turns» av Roger Waters
- «Don't Leave Me Now» av Roger Waters
- «Another Brick in the Wall (Part 3)» av Roger Waters (etterfølgt av «The Last Few Bricks») & the Rundfunk Orchestra & Choir
- «Goodbye Cruel World» av Roger Waters
- «Hey You» av Paul Carrack
- «Is There Anybody Out There?» av Rundfunk Orchestra & Choir; klassisk gitar av Rick DiFonzo & Snowy White
- «Nobody Home» av Roger Waters & the Rundfunk Orchestra & Choir, gitarsolo av Snowy White
- «Vera» av Roger Waters & the Rundfunk Orchestra & Choir
- «Bring the Boys Back Home» av The Rundfunk Orchestra & Choir & Militærorkesteret til Den sovjetiske hæren
- «Comfortably Numb» av Van Morrison, Roger Waters & The Band & the Rundfunk Orchestra & Choir, gitarsoloar av Rick DiFonzo & Snowy White
- «In the Flesh» av Roger Waters, the Rundfunk Orchestra and Choir, og Militærorkesteret til Den sovjetiske hæren
- «Run Like Hell» av Roger Waters
- «Waiting for the Worms» av Roger Waters og Rundfunk Orchestra and Choir
- «Stop» av Roger Waters
- «The Trial» av Rundfunk Orchestra and Choir, med:
- Tim Curry som Anklagaren
- Thomas Dolby som Læraren
- Ute Lemper som Kona
- Marianne Faithfull som Mora
- Albert Finney som Dommaren
- «The Tide is Turning (After Live Aid)» av the Company (vokalar av Roger Waters, Joni Mitchell, Cyndi Lauper, Bryan Adams, Van Morrison og Paul Carrack) & the Rundfunk Orchestra & Choir.
Medverkande
endreThe Company
- Roger Waters: Vokal, bass, akustisk gitar på «Mother», rytmegitar på «Hey You»
- Scorpions:
- Klaus Meine: Vokal.
- Rudolf Schenker: Gitar.
- Matthias Jabs: Gitar.
- Francis Buchholz: Bass
- Herman Rarebell: Trommer
- Ute Lemper: Vokal
- Cyndi Lauper: Perkusjon, vokal
- Thomas Dolby: Synthesizer, vokal
- Sinéad O'Connor: Vokal
- The Band:
- Levon Helm: Vokal
- Rick Danko: Vokal
- Garth Hudson: Trekkspel, saksofon
- The Hooters: Akustiske instrument
- Joni Mitchell: Vokal
- James Galway: Fløyte
- Bryan Adams: Gitar og vokal
- Jerry Hall: Vokal
- Paul Carrack: Vokal
- Van Morrison: Vokal
- Tim Curry: Vokal
- Marianne Faithfull: Vokal
- Albert Finney: Vokal
The Bleeding Heart Band
- Rick DiFonzo: Gitar
- Snowy White: Gitar
- Andy Fairweather-Low: Bass, gitar, vokal
- Peter Wood: tangentinstrument
- Nick Glennie-Smith: tangentinstrument
- Graham Broad: Trommer
- Stan Farber: Korist
- Joe Chemay: Korist
- Jim Haas: Korist
- John Joyce: Korist
Andre
- Rundfunk orkester, dirigert av Michael Kamen.
- Rundfunk kor.
- Militærorkesteret til Den sovjetiske hæren
Merknadar
endre- Før konserten byrja vart det korte framføringar av The Hooters, The Band og The Chieftains, men ingen av desse songane vart gjeve ut.
- Under TV-sendinga av konserten forsvann straumen under den andre songen, «The Thin Ice» og «Another Brick in the Wall (Part 1)». Songane vart spelt på ny for innspelinga av videoen.
- «Mother» vart òg forstyrra av straumbrot. Roger Waters prøvde å få Sinéad O'Connor til å synge hennar del ein gong til, eller mime til songen, medan feilen vart fiksa. Ho vart fornærma av å bli bede om å mime, og kom ikkje tilbake for å gjere ein ny innspeling, som dei gjorde med «The Thin Ice». I staden nytta dei opptaket frå øvinga kvelden før.
- Jerry Hall vart kritisert for hennar del som groupie på sporet «One of My Turns».
- Kona sin del av «The Trial» måtte spelast inn på nytt i studio, fordi opptaka hadde for dårleg kvalitet.
- Konsertutgåva med Van Morrison av «Comfortably Numb» er nytta i Martin Scorsese-filmen The Departed.
Salslister
endreListe (1990) | Plassering |
---|---|
Den australske albumlista[6] | 10 |
Den austerrikske albumlista[7] | 25 |
Den kanadiske RPM-lista[8] | 12 |
Den nederlandske albumlista[9] | 15 |
Den franske albumlista[10] | 6 |
Den tyske albumlista[11] | 10 |
Den newzealandske albumlista[12] | 4 |
VG-lista[13] | 17 |
Den svenske albumlista[14] | 34 |
Den sveitsiske albumlista[15] | 11 |
UK Albums Chart[16] | 27 |
US Billboard 200[17] | 56 |
Salstrofé
endreRegion | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Australia (ARIA)[18] video |
Platina | 15 000^ |
Brasil (ABPD)[19] video |
Gull | 25 000* |
Canada (Music Canada)[20] album |
2× Platina | 200 000^ |
Canada (Music Canada)[21] video |
Platina | 10 000^ |
Sveits(IFPI Switzerland)[22] video |
Gull | 3 000x |
USA (RIAA)[23] video |
Platina | 100 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
endre- Schaffner, Nicholas. Saucerful of Secrets: The Pink Floyd Odyssey, 1991. ISBN 0-517-57608-2
- Fotnotar
- ↑ Barton, David (5. august 1990). «Time Catches Up With «Pandemonium»». Sacramento Bee.
- ↑ Jaeger, Barbara (10. august 1990). «Waters, Prince Heat Up August With New Albums». The Record (New Jersey).
- ↑ «Allmusic review».
- ↑ Cross, Charles R. (2004). «Roger Waters». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 864. ISBN 0-7432-0169-8.
- ↑ Schaffner, s. 308
- ↑ «Roger Waters – The Wall – Live in Berlin». Australian-charts.com. Hung Medien. Henta 25. mars 2013.
- ↑ «Roger Waters – The Wall – Live in Berlin». Austriancharts.at (på tysk). Hung Medien. Henta 25. mars 2013.
- ↑ «100 Albums». RPM 52 (23). 20. oktober 1990. ISSN 0033-7064. Arkivert frå originalen 15. mars 2016. Henta 25. mars 2013.
- ↑ «Roger Waters – The Wall – Live in Berlin». GfK Dutch Charts (på nederlandsk). Hung Medien. Henta 25. mars 2013.
- ↑ «Tous les «Chart Runs» des Albums classés depuis 1985 dans le Top Albums Officiel». InfoDisc (på fransk). Arkivert frå originalen 20. august 2008. Henta 24. mars 2013. Search for Roger WATERS and click OK.
- ↑ «Top 100 Longplay». Charts.de (på tysk). Media Control. Henta 25. mars 2013.
- ↑ «Roger Waters – The Wall – Live in Berlin». Charts.org.nz. Hung Medien. Arkivert frå originalen 2. september 2015. Henta 25. mars 2013.
- ↑ «Roger Waters – The Wall – Live in Berlin». Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 25. mars 2013.
- ↑ «Roger Waters – The Wall – Live in Berlin». Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 25. mars 2013.
- ↑ «Roger Waters – The Wall – Live in Berlin». Hitparade.ch (på tysk). Hung Medien. Henta 25. mars 2013.
- ↑ «1990-09-29 Top 40 Official UK Albums Archive | Official Charts». Official Charts Company. Henta 25. mars 2013.
- ↑ «The Wall: Live in Berlin – Roger Waters: Awards». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 25. mars 2013.
- ↑ «ARIA Charts – Accreditations – 2006 DVDs». Australian Recording Industry Association. Henta 25. mars 2013.
- ↑ «Brazilian video salstrofé – Roger Waters – The Wall – Live in Berlin» (på portugisisk). Associação Brasileira dos Produtores de Discos. Henta 25. mars 2013.
- ↑ «Canadian album salstrofé – Roger Waters – The Wall – Live in Berlin». Music Canada. Henta 25. mars 2013.
- ↑ «Canadian video salstrofé – Roger Waters – The Wall – Live in Berlin». Music Canada. Henta 25. mars 2013.
- ↑ «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Roger Waters; 'The Wall: Live in Berlin')». Hung Medien. Henta 25. mars 2013.
- ↑ «American video salstrofé – Roger Waters – The Wall – Live in Berlin». Recording Industry Association of America. Henta 25. mars 2013. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Video Longform, then click SEARCH