Springaren Tukthusen med variantar er utbreidd i Telemark, i Numedal, i Hallingdal og på Voss, under ulike namn. Nemninga Tukthusen er for det meste nytta i Telemark, der det òg finst ei lita vise over same tonen. Slåtten ser ut til å høyre heime i Numedal. Slåtten er truleg ein utbygd tvibeitslått. Anders Ødegard rekna med at slåtten var av dei eldste i dalen, og at han skreiv seg frå Ola Pålson, som levde tidleg på 1800-talet. Slåtten har og vore nytta i Krødsherad.

Slåttestev endre

Til denne slåtten har det knytt seg ei rekkje stev. Anders Ødegard hadde dette stevet:

Sur e` du nå`du griner og ler,
Sur e` du nå`du på meg ser.
Vond ha` je vøri, verre ske je bli,
høyrer du det, du fillesnurpa mi. (Flesberg)

Etter Kittil Dyrebu:

Hælt va` `o, skakk va`o, nesten va` o blind
enda så flaug `o både galær og grind.

Frå Hallingdal:

Ola so heite guten min
uttafor glaset titta`n inn.
Gå no ut og bed han inn,
skjenk han øl og brennevin.
Ola so heite guten min
uttafor glaset titta`n inn
inkji drikk`n brennevin,
inkji bruka`n ring.

Dette stevet finst og i Trysil.

Og endeleg frå Telemark (etter Aslak Brekke:

Trøyste og bere meg for kjering eg hev fått,
Ikkje kann ho spinne, ikkje hev ho rokk.
Tukthusen sko`kje bli ho for godt
tvo vendur mat og seks vendur hogg,
sea sko ho sit` og spinne på ein rokk.
Eg hev no fått ein sæling te mann
ingentingen vi`n, ingentingen kan`n.
han er so ussel som det gjeng an
drikk gjer`n jamnt og stel gjer`n au.
Eg skulle ynskje at`n ha vor dau.
so skulle eg få gifte meg på ny
då sko du sjå ei jente som va kry

Variantgruppa endre

Hardingfeleverket har slåttekrinsen under nr 514 (supplementsform 576). Gruppa kan delast inn etter opningstaka: Tre variantar opnar på låg d (variant a, c og f). To variantar på høg d (b og e), medan fire tek til på kvinten, lys a (d, g, h og nr 576).

  • d: Springar etter Tov Holte (Åttekrossen), etter Johannes Dale, Tinn [4][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK )G 1248). Denne forma er langt knappare enn variant c.

Supplementsform:

  • nr 576: Ola heite guten min, etter Olav Sataslåtten, Torpo. Nedskrift Sven Nyhus 1978 etter opptak. Denne forma er rekna som gamal i Hallingdal, men er noko prega av vestlandsspelet. Sataslåtten spela inn slåtten for Arne Bjørndal i 1959.