Insekt

(Omdirigert frå Vassinsekt)

Insekt (frå latin in secta, 'i delar', etter kroppssegmenteringa deira) er ei gruppe seksfota leddyr som er utbreidd over heile verda. Det er skildra godt over ein million ulike artar, 15 000 av dei er registrerte i Noreg. Talet på skildra artar aukar med om lag 3500 i året, og ein reknar med at det reelle artstalet ligg mellom tre og hundre millionar artar.

Insekt
Fluge sett frå undersida
Fluge sett frå undersida
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Bilaterale dyr Bilateria
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Linnaeus, 1758

Ein finn insekt dei fleste stader på land og i ferskvatn, kor dei spelar særs viktige roller økologisk. Dei er både viktige predatorar på andre virvellause dyr og viktige matorganismar for større dyr. Mange blomsterplantar er dessutan avhengige av insektpollinatorar for å kunna øksla seg.

Insekt er òg dei dyra som skapar flest problem for menneske. Kvart år vert ein tredel av avlingane i verda øydelagd av insekt av eit eller anna slag.[1] Mange sjukdomar vert òg spreidde via insekt, mellom anna malaria.

Sidan insekta er så enormt mangfaldige, talrike og økologisk viktige, er studiet av dei rekna som eit eige fag, entomologien.

Anatomi

endre
 
A - hovud, B - thorax, C - abdomen. 1) Antenner 2) Nedre ocelli (augeflekk) 3) Øvre ocelli 4) Fasettaugo 5) Hjerne 6) Prothorax 7) Ryggarterie 8) Trakéa 9) Mesothorax 10) Metathorax 11) Første vengjepar 12) Andre vengjepar 13) Mage 14) Hjarta 15) Eggstokk 16) Baktarm 17) Anus 18) Vagina 19) Nervestreng 20) Malpigiske røyr (ekskresjons- og vassbalanseorgan) 21) Fotpute 22) Klør 23) Tarsus 24) Tibia 25) Femur 26) Trochanter 27) Formage (kro) 28) Thorakisk ganglion 29) Coxa 30) Spyttkjertel 31) Sub-esophagt ganglion 32) Munndelar

Insekt er delte inn i tre segment; hovudet, thorax eller mellomkroppen og abdomen eller bakkroppen. Dei er dekte med eksoskjelett og pustar med trakéar. Gruppa skil seg frå andre hexapodar ved å ha munndelane sine på utsida av hovudet.

Hovudet

endre

Hovudet til insekta har seks samanvaksne segment, fem av desse med omdanna lemer. På det fyrste segmentet har insekta eit par antenner som mellom anna vert nytta til å registrera kjemiske luktsignal (feromon) frå andre insekt. Systema som vert brukte tilsvarar luktesansen hjå virveldyr.

Vidare ber hovudet eit par fasettaugo, store augo som er sett saman av mange mindre augeflekker som saman dannar eit bilete. Dette gjev ikkje god biletoppløysing, men dyra kan sjå over store område og er særs gode til å oppdaga snøgge rørsler. Mange insekt har i tillegg 1-3 små einskilde augeflekker (ocelli) heilt fremst på hovudet.

Munndelane til insekta er heilt grunnleggjande sett saman av ei overleppe labrum, eit par mandiblar, eit par maxillar (omdanna lemer til å skjera, suga eller flytta maten inn i munnen med) og ei underleppe labium. Dette grunnmønsteret har vorte utvikla til ei rekkje ulike variantar, frå sugemunnar hjå mygg til bitemunnar hjå mellom anna lopper og grashopper. Korleis munndelane ser ut varierer med levesettet til det einskilde insektet

Mellomkroppen

endre
 
Augestikkaren Somatochlora arctica sit og kviler på eit strå.

Mellomkroppen til insekta har tre segment med kvart sitt beinpar. Desse beina inneheld sanseorganar for opptak av lyd, men vert òg nytta til å gå eller hoppa med.

Dei fleste insekta har i tillegg venger på dei to siste segmenta sine. Desse vert brukte til å flyga med, og ser ulike ut hjå ulike grupper insekt. Den primitive gruppa Paleoptera, som omfattar augestikkarar og døgerfluger, brukar båe vengjepara til å flyga med, og kan ikkje falda dei inn over bakkroppen. Dei fleste insekta har derimot denne evna.

Hjå nokre grupper, som sumarfuglar, vert båe vengjepara nytta under flukta. Andre, som biller, brukar berre det bakarste paret; det fyrste er omdanna til hardare dekkvenger som verkar som eit skjold for flygevengjene når dei ikkje vert brukte. Tovenger som fluger og mygg brukar det fyrste vengjeparet til å flyga med, og har fått det andre omdanna til halterar eller køllevenger - navigasjonsorgan. Insekt er dei einaste virvellause dyra som er i stand til flyga.

Dei insekta som manglar venger vert delte inn i primært og sekundært vengjelause insekt ut frå om dei har hatt forfedrar med venger evolusjonshistorisk. Primært vengjelause insekt omfattar mellom anna sølvkre, medan lopper er gode døme på sekundært vengjelause kryp.

Bakkroppen

endre

Bakkroppen til insekta har elleve segment, men ofte er somme av desse redusert vekk eller samanvaksne. Her finn ein ingen ekstremitetar, men mange av dei viktigaste kroppsfunksjonane til dyret går føre seg her. Mellom anna sit fordøyingssystemet og forplantningsorgana her.

Insekt pustar med trakèar, som er små hole røyrer som går i nettverk gjennom insektskroppen. Luft frå atmosfæren vert dregen inn i trakèane gjennom opningar som sit parvis bakarst på dyret, og vert teken opp av dei einskilde cellene undervegs gjennom insektet. Somme vasslevande insekt har gjeller som er i samband med trakèsystemet.

Livssyklus

endre

Livssyklusane til insekt kan grovt sett delast inn i tre kategoriar.

Ametabole insekt er dei minst vanlege, og finst berre hjå primitive grupper utan venger. Her er den einaste skilnaden på larve og vaksen storleiken, ved somme høve òg talet på kroppssegment. Ein finn ametaboli hjå mellom anna sølvkre og spretthalar.

Hemimetabole insekt har tre utviklingsstadium: Egg, nymfe og imago eller vakse insekt. Nymfestadiet skil seg frå det vaksne insektet på at dei manglar mellom anna venger og kjønnsorgan. Utviklinga frå nymfe til vaksen skjer gjennom ein serie skalskifte, og er ein gradvis prosess. Mellom anna augestikkarar, kakerlakkar, teger og grashopper er hemimetabole.

Holometabole insekt har fire distinkte stadium i livet sitt; egg, larve, puppe og imago. Dette er den klårt vanlegaste forma, og me finn han mellom anna hjå tovenger, biller, årevenger og sumarfuglar.

Evolusjonær suksess

endre
 
Ein primitiv maur innkapsla i rav.

Insekta er, både i samla biomasse, tal på individ og tal på artar, den mest dominerande gruppa dyr på landjorda. Dette gjer at ein reknar dei som den største evolusjonære suksesshistoria innanfor fleircella organismar. Mest truleg er det fleire årsaker som ligg bak dette.

For det fyrste var insekta tidleg ute med å utnytta ei rekkje nisjar då dei fyrst tok steget frå vatn til landjorda. Flesteparten av desse nisjane er dei framleis fullstendig dominerande i; den relativt vesle storleiken deira gjer at dei kan nytta fleire nisjar enn det større dyr kan.

Dei var òg dei fyrste dyra som lærte seg å flyga; allereie dei eldste kjende fossile insekta me kjenner hadde venger. Kvar desse vengjene utvikla seg frå er uklårt, men ein teori går på at dei kjem frå trakègjeller av eit slag ein framleis ser i nymfestadium hjå augestikkarar og døgerfluger. Andre trur dei opphavleg var utvekstar frå øvst på gangbeina og såleis analoge (homologe?) til gjellene hjå mange storkreps.

Dei fyrste kjende insekta me finn er frå tidleg Devon, om lag 400 millionar år sidan. Molekylære data og sporfossil tyder på at gruppa oppstod om lag for 430 millionar år sidan, i Silurtida. Det vert observert ein stor auke i artsmangfald i fossillag frå Karbon, kor ein mellom anna har funne døgerfluger, kakerlakkar og grashoppar. I løpet av Mesozoikum (trias, jura og krit) var alle ordenane me kjenner frå i dag utvikla.

Då dei dekkfrøa blomsterplantane utvikla seg i krittida, auka mangfaldet mellom insekt vidare. Insektfaunaen ein finn frå denne tida er anatomisk sett særs lik moderne insekt, det er òg her dei fyrste ravfossila tek til å dukka opp. Seinare artsdanning hjå insekt har i stor grad vore produkt av koevolusjon, fyrst og fremst med plantar men òg med andre dyr i samtida.

Systematikk

endre

Insecta vert i dag rekna som ei klasse innanfor leddyra, truleg med avstamming innanfor krepsdyra. Ein delar klassa inn i tre underklasser; to av dei er primært vengjelause (Archaeognatha og Zygentoma; små grupper som m.a. omfattar sølvkre) medan dei flygande insekta og etterkomarane deira vert plasserte i Pterogyta. Denne gruppa vert vidare delt inn i Palaeoptera («gamal-venger», augestikkarar og døgerfluger, flygande insekt som har flygemusklane sine fest direkte til vengjene) og Neoptera («ny-venger», omfattar 22 ordenar, mellom anna biller, tovenger, årevenger, rettvenger, kakerlakkar, nebbmunnar, sumarfuglar, termittar og steinfluger).

Dei største gruppene insekt er biller, tovenger (fluger, mygg og knott) og årevenger (kvefsar og maur).

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Insekt

Kjelder

endre
  • Brusca & Brusca: Invertebrates, Sinauer Associates 2002
  • Miller & Harley: Zoology, McGraw-Hill 2007
  1. Brusca & Brusca: Invertebrates, side 593