Vika i sagalitteraturen

Vika eller Viken (norrønt Vikin) var i mellomalderen eit namn på dei norske landområda kring Oslofjorden og Skagerrak: Ranríki (eit gamalt norsk namn på nordre luten av Båhuslen, det vil seie landet mellom Svinesund og Uddevalla[1]), Vingulmǫrk, Vestfold og Grenland. Namnet Viken er støtt å sjå i norrøn sagalitteratur, ofte utan referanse til kva og kor dette eigentleg er. Dette tyder på at folk i samtida var innforstått med kor dette området låg. I Heimskringla, Fagerskinna og Historia Norvegiæ kan ein lese fleire ulike skildringar av Viken, både geografiske og politiske. Viken var eit skandinavisk grenseområde der både norske, svenske og framfor alt danske kongar hevda sin interesse. Sagaene gir mest informasjon om Viken når dei fortel om politiske konflikar og avgjerder, anten innåt i Noreg, eller mellom skandinaviske kongar.

Kart over Vika i mellomalderen.

Det kan vere at namnet Viken opphavleg var den norrøne nemninga på heile det havområdet som fekk det tysk-nederlandske namnet «Skagerrak» på eit seinare tidspunkt. Såleis kan det ha vore havområdet Viken som har vorte opphavet til namnet på landområdet Viken. I vikingtida og tidleg i mellomalderen har truleg namnet Viken vore nytta på heile landområdet på austsida av dette hav- og fjordområdet nordover frå Göta älv i den noverande byen Göteborg i Sverige, og sørover til Lindesnes på vestsida. Men på 1200-talet vart Agder rekna til Vest-Noreg, og då gjekk grensa mellom Viken og Vest-Noreg ved ein stad som vart kalla Rygjarbit, og som ein i dag er uviss på plasseringa av, men som kan ha vore på kysten mellom vår tids Kragerø og Lyngør, eller ein eller annan plass på vår tids grense mellom Agder og Telemark.[2]

Viken i HeimskringlaEndra

Snorre si soge om dei norske kongane, Heimskringla, nemner fyrst Viken i soga om Harald Hårfagre i samband med forteljingane om Haralds erobringar av nye område. Her nyttar Snorre uttrykket «aust i Viken»[3]. Nemninga «aust i Viken» er truleg å forstå som aust for resten av Noreg, ettersom Harald kom vestfrå og la til i Tønsberg, som er vest i Viken. Områda som blir omtala i samanheng med Viken er her – i tillegg til Tønsberg – Romerike og Vestfold heilt til Grenmar, og Vingulmork heilt til Svinesund, der riket til sveakongen byrja[4] Her vert det altså skapt eit bilete av Viken som ikkje berre femner om kystlandet frå Grenmar til Svinesund, men òg store delar av innlandet.

Snorre fortel i soga om Olav Tryggvason at danekongen Harald Blåtann la Viken under seg etter at den norske kongen Harald Gråfell døydde i om lag år 970. Harald Blåtann skal da ha gjeve Harald Grenske (Grenske tyder «den grenlandske»), far til Olav Haraldsson, Viken i len. Det Viken som det forteljast om her, er «Vingulmork, Vestfold og Agder til Lindesnes»[5]. Etter at Olav Tryggvason hadde falle ved Svolder i om lag år 1000, fekk den danske kongen Svein styringa over Viken. Snorre fortel av det området som Svein skulle styre, strekte seg frå Svinesund til Lindesnes,[6] altså om lag det same området som Harald Grenske fekk nokre år tidlegare.

Flere skildringar av utstrekninga på Viken finst i soga om helgenkongen Heilag-Olav, Olav Haraldson, som vart Sankt Olav etter at han vart drepen under slaget på Stiklestad. Då Olav Haraldsson heldt ting med bøndene i Viken, skal alle folka der, heilt fram til Svinesund, der området til sveakongen byrja, ha gått over frå danekongen til kong Olav. Det kan med andre ord sjå ut til at Svinesund fortsatt var austgrensa for Viken på Olav Haraldssons tid, slik som ved Olav Tryggvassons fall nokre år tidlegare. Snorre fortel også Olav Haraldsson drog til Ranrike og heldt ting med folka der. Ein bonde som heitte Brynjolv Ulvalde stod opp på tinget og sa at Göta elv frå gamal tid var grensa mellom rika til den norske, svenske og danske kongen, sjølv om sveane lenge hadde hatt makta heilt til Svinesund. Brynjolv meinte ranrikingane helst ville tene den norske kongen.[7]

Olav Haraldssons freistnad på å leggje Ranrike under seg vart med dette ein freistnad på å utvide Viken austover. Bonden Brynjolvs tale kan tyde på at det har vore ei utbreidd meining om at Göta elv var den «rette» grensa mellom rika til dei nordiske kongane, og dette kan tyde på Viken kan ha strokke seg heilt sør til Göta elv. Tydelegvis skilde ein mellom vikværinger og göter. Møtet mellom Olav Haraldsson og Ragnvald jarl ved elva seinare[8] kan tyde på at det var Göta elv som var rekna som grensa mellom desse to folka.

Seinare fortell soga om Heilag-Olav om den dansk-engelske kongen Knut den mektige si tilegning av Noreg i 1028. Knut skal ha halde ting med bøndane og vorte tatt til konge over heile landet. På denne ferda inngjekk Knut venskap med den sørvestlandske høvdingen Erling Skjalgsson, og dei avtalte at Erling skulle få styringa over landet mellom Stad og Rygjarbit[9].

Neste gang Heimskringla nemner utstrekninga på Viken, er i soga om Magnus Erlingsson. Far til MagnusErling Skakke, reiste til Danmark for å få støtte av den danske kong Valdemar. Avtala deira gjekk ut på at Valdemar skulle hjelpe Magnus å leggje Noreg under seg, mot at Valdemar skulle ha «Viken nord til Rygjarbit», ettersom forfedrane til Valdemar hadde hatt dette riket[10]. Avtala er òg nemnd nokre kapittel seinare, og då kan ein lesa at Valdemars krav er «Viken frå aust og til Rygjarbit»[11].

Viken i FagerskinnaEndra

Forfattaren av verket Fagerskinna nemner Viken for fyrste gong når han fortel om oppgjeret etter slaget ved Svolder i 999 eller 1000, der Olav Tryggvasson fall. Partane som sigra i slaget, norske Eirik jarl, danske kong Svein og svenske kong Olav, skulle dela Noreg mellom seg, og Svein fekk «Vika heilt aust til Lindesnes».[12] Snorre skriv, som nemnt i føre avsnittet, om det same oppgjeret i soga om Olav Tryggvason. Det går fram av hans forteljing at kong Svein skulle ha området frå Svinesund til Lindesnes,[13] slik at Snorre og Fagerskinna ser ut til å vera omtrent på linje her, sjølv om det ikkje går fram av soga kva forfattaren av Fagerskinna heldt for å vera austgrensa til Vika. 

Seinare i Fagerskinna kan ein lesa om regjeringstida til Olav Haraldsson. Forfattaren skriv berre kort at Olav la under seg hele Noreg fra Elva.[14] Dette er eigentlig berre ein kortversjon av Snorres forteljing i Olav den helliges saga i Heimskringla, så ein ser at dei to forfattarane har same informasjon her òg.

Fagerskinna omtaler òg avtalen mellom Valdemar og Erling Skakke, men her er ordlyden «alt land som ligg mellom Lindesnes og Danmark».[15] Her har altså Snorre og forfattaren av Fagerskinna ha ulike oppfatningar. Kva som er den austlege grensa for Vika, er ikkje nemnd konkret i sagaene, men uttrykksmåtane «mellom Lindesnes og Danmark» i Fagerskinna og «frå aust» i Heimskringla kan moglegvis referera til den svensk-danske grensa ved Göta elv. I så fall er det eit stort Vika som kong Valdemar kravde på Magnus Erlingssons tid (1160-åra). I Heimskringla er kravet rett nok litt meir moderat. Det er likevel tydeleg at Vika fortsatt var rekna som eit eige rike, og at dei danske kongane fortsatt hadde sterke interesser i området.

Viken i Historia NorvegiæEndra

I Historia Norvegiæ, som truleg er den eldste av alle kongesagaene, skrive rundt 1170, blir utstrekninga av Viken fastslått å vera «frå danskegrensa til den staden som er kalla Rygjarbit»[16]. Rygjarbit er no eit ukjend sted, truleg ein plass mellom dei noverande fylka Aust-Agder og Telemark. Omgrepet «danskegrensa» refererar moglegvis til Göta elv, som ble rekna som ei slags treriksgrense mellom Noreg, Sverige og Danmark.

Viken vert også nemnd i samanheng med Tryggve Olavsson, far til kong Olav Tryggvason. Forfattaren fortel at Tryggve herska i Grenland og la Viken under seg.[17]

Viken i andre sogerEndra

I Historia de antiquitate regum norvagiensium er Viken berre nemnd ein gong, i samanheng med sigeren til Olav Haraldsson over Svein jarl i slaget ved Nesjar.[18] Forfattaren skriv ikkje noko om utstrekninga til området. Det same gjeld Ågrip; Håkon Toresfostre drog aust til Viken då han flykta frå syskenbarnet Magnus Berføtt;[19] ellers er det lite å høyre om området. Det er altså framfor alt Heimskringla og Fagerskinna som er hovudkjeldene til kva utstrekningaViken kan ha hatt, og til utviklinga i tida fram til regjeringstida til Magnus Erlingsson.

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. [snl.no: Ranrike
  2. snl.no: Viken
  3. Snorre, Harald Hårfagres saga: 62-63 (kapittel 12-13)
  4. Snorre, Harald Hårfagres saga: 63 (kapittel 13)
  5. Snorre, Olav Tryggvasons saga: 138 (kapittel 15)
  6. Snorre, Olav Tryggvasons saga: 210 (kapittel 113)
  7. Snorre, Olav den helliges saga: 251 (kapittel 61)
  8. Snorre, Olav den helliges saga: 255 (kapittel 67)
  9. Snorre, Olav den helliges saga: 251 (kapittel 61)
  10. Snorre, Magnus Erlingssons saga: 654 (kapittel 2)
  11. Magnus Erlingssons saga: 668 (kapittel 23)
  12. Fagerskinna: 151 (kapittel 25)
  13. Snorre, Olav Tryggvasons saga: 210 (kapittel 113)
  14. Fagerskinna: 171 (kapittel 29)
  15. Fagerskinna: 390 (kapittel 108)
  16. Historia Norvegiæ: 20
  17. Historia Norvegiæ: 31
  18. Historia de antiquitate regum norvagiensium: 63
  19. Ågrip: 411 (kapittel 40

LitteraturEndra

  • Fagerskinna, omsett av Edvard Eikill, Saga Bok, Stavanger 2008
  • Historia de antiquitate regum norvagiensium. I: Norges historie, Historien om de gamle norske kongene, Historien om danenes ferd til Jerusalem. Omsett av Astrid Salvesen, Aschehoug, Oslo 1990
  • Historia Norvigiæ. I: Norges historie, Historien om de gamle norske kongene, Historien om danenes ferd til Jerusalem. Omsett av Astrid Salvesen, Aschehoug, Oslo 1990
  • Snorre Sturlasson Norges Kongesagaer, omsett av Anne Holtsmark og Didrik Arup Seip, Gyldendal norsk forlag, Oslo 1979
  • Ágrip af Nóregs konunga sögum. I: Fornmanna sögur, volum I. Konungliga norræna forfreda felags, Kaupmannahøfn 1835