Ø er ein vokal som blir brukt til å skriva dansk, norsk, færøysk og sørsamisk. Han er den tjueåttande bokstaven i det norske alfabetet, eit tillegg til det latinske alfabetet.

Ø

Ø i Helvetica og Bodoni
Bruk
SkriftsystemLatinsk skrift
OpphavsspråkLatin
Fonetisk brukø
œ
UnicodeU+00F8
Historie
Utvikling
Utvikla frå Œ eller frå ligatur av O og I
  • Ø
Anna
SkriveretningVenstre til høgre
Alfabetet
A B C D E
F G H I J
K L M N O
P Q R S T
U V W X Y
Z Æ Ø Å

Bokstaven oppstod som ei samanskriving av o og e, der midstreken på E blei skriven tvers over O-en. Det gjorde en for å uttrykkje [ø] - ein lyd ein uttaler midt imellom dei to (dvs. at han er både runda som [o] og fremre som [e]). Ө er ein tilsvarande bokstav i det kyrilliske alfabetet, medan Ö blir brukt av fleire andre språk for same lyd.

På dansk og gammaldags norsk kan ø vera eit ord som tyder øy. Ein finn denne tydinga i norske stadnamn som Hankø, Vækerø og Tromsø, og i dei fleste danske øynamna, til dømes Læsø, Samsø og Hans Ø.

I mengdelære tyder Ø den tomme mengda.