Al-Jazira i Mesopotamia

(Omdirigert frå Øvre Mesopotamia)

Øvre Mesopotamia er namnet nytta på høglandet og den store sandura nordvest i Irak, nordaust i Syria og søraust i Tyrkia som i dag er kjend med det tradisjonelle arabiske namnet Al-Jazira (arabisk الجزيرة[1]). Det strekkjer seg sør frå fjella i Anatolia, aust frå åsane på venstresida av Eufrat, vest frå fjella på høgresida av Tigris og omfattar Sinjarsletta. Området strekker seg ned Tigris til Samarra og ned Eufrat til Hit. Khabur renn over 400 km på tvers av sletta frå Tyrkia i nord til ho munnar ut i Eufrat. Dei store busetnadane er Mosul, Deir ez-Zor, Ar-Raqqah, Al-Hasakah, Al-Busayrah, Diyarbakır og Qamishli. Den vestlege, syriske delen fell i stor grad saman med Al-Hasakah guvernement og er omtalt som «brødkorga til Syria».[2] Den austlege, irakiske delen omfattar og strekkjer seg noko forbi det irakiske Ninewa guvernement. I nord omfattar sletta dei tyrkiske provinsane Şanlıurfa, Mardin og delar av provinsen Diyarbakır.

Al-Jazira
slette
Al-Jazira-regionen i Midtausten.
Land  Syria,  Irak
Kart
Øvre Mesopotamia
36°28′00″N 42°06′00″E / 36.466666666667°N 42.1°E / 36.466666666667; 42.1

Geografi endre

Namnet «Al-Jazira» vart nytta i muslimske kjelder om den nordlege delen av Mesopotamia, som i lag med Sawād utgjorde Al-‘arāq (Irak). Namnet tyder 'øy', og synte ein gong til landet mellom dei to elvane Eufrat og Tigris. Historisk sett refererte namnet til eit område så lite som Sinjarsletta som kjem ned frå Sinjarfjella, og så mykje som heile platået aust for kystfjella. I før-abbasidisk tid har grensa i aust og vest svinga, og stundom omfatta det som no er nordlege område av Syria i vest og Adiabene i aust.

Al-Jazira er karakteristisk ei sandur eller elveslette og skil seg markant frå Den syriske ørkenen og det lågareliggande, sentrale Mesopotamia, men området omfattar eroderte åsar og elvar som kryssar seg. Regionen er delt inn i fleire delar. I nordvest ligg den største saltsletta i verda, Sabkhat al-Jabbul. Lenger sør ligg ein sandørken som strekkjer seg frå Mosul til nær Basra, og dette minnar om Den tomme fjerdedelen, der temperaturane kan nå 58 °C om sommaren. Seint på 1900- og tidleg på 2000-talet har denne regionen vore plaga med tørke.

Historie endre

Førhistorie endre

Al-Jazirah er eit særs viktig arkeologisk område. Det er i dette området ein har funne dei første teikna på jordbruk og temming av dyr, og dermed startpunktet til dei første sivilisasjonane og den moderne verda. Al-Jazirah omfattar fjellet Karaca Dağ sør i Tyrkia, der den næraste slektningen til moderne kveite framleis veks vilt. Somme stader langs breidda av den øvre Eufrat (t.d. Abu Hureyra, Mureybet) kan ein sjå kontinuerleg overgang frå jeger-samlar-kulturen (basert på jakt og hausting og maling av viltveksande korn) til ein økonomi basert på dyrking av kveite (framleis ville variantar), bygg og belgfrukter frå kring 9000 fvt. Temming av geiter og sauer følgde i løpet av få generasjonar, men vart ikkje omfattande før enno eit tusenår var gått. Veving og keramikk følgde kring to tusen år seinare.

Frå Al-Jazirah spreidde kunnskapen om jordbruk og temming av ville dyr seg først til resten av Levanten og så til Nord-Afrika, Europa og austover gjennom Mesopotamia til Pakistan (sjå Mehrgarh).

 
Monumentale steinbygningar ved Göbekli Tepe, kring 9 000 fvt.

Tidlegare arbeidde arkeologar ut frå den trua at jordbruk var ein føresetnad for ein fastbuande livsstil, men utgravingar i Al-Jazirah overraska forskarane då dei viste at innbyggjarane her var fastbuande alt før jordbruket kom (sjå natufisk kultur). Fleire overraskingar følgde i 1990-åra då ein fann megalittiske strukturar ved Göbekli Tepe søraust i Tyrkia. Dei tidlegaste av desse tilsynelatande rituelle byggverka er frå før 9 000 fvt. — over fem tusen år eldre enn Stonehenge — og dermed den klårt eldste kjende megalittiske strukturen i verda. Så langt vi veit i dag, fanst det ikkje noko veletablert jordbrukssamfunn på denne tida. Jordbruket verka å vere eksperimentelt og berre eit lite tillegg til jakta og innsamlinga. Så anten var dei fastbuande jegerane og samlarane rike nok og mange nok til å organisere og utføre eit slikt stort felles byggeprosjekt, eller så eksisterte alt jordbrukssamfunna mykje tidlegare enn ein til no har trudd. Göbekli Tepe ligg berre 32 km frå Karaca Dağ.

Spørsmåla som ein har fått ved Göbekli Tepe har ført til intense og kreative diskusjonar blant arkeologane i Midtausten.[3][4] Utgravingane av Göbekli Tepe er pågåande, og berre kring 5 % er gravne fram så langt.

Tidleg historie endre

For meir om dette emnet, sjå Assyria.

Øvre Mesopotamia er hjartet i det gamle Assyria. Frå 2200-talet fvt. var det ein del av Det akkadiske riket. Då riket braut saman danna dei nordlege akkadiarane Assyria, og frå 2000 fvt. fram til 608 fvt. var det ein viktig del av den assyriske nasjonen og Det nyassyriske riket. Regionen fall til dei assyriske, sørlege slektningane, babylonarane i 608 fvt., og frå 539 fvt. vart det ein del av det persiske Akamenide-dynastiet der det vart kjend som Athura (persisk for Assyria). Frå 330 fvt. vart det styrt av det greske Selevkideriket og grekarane forvanska namnet til Syria. Det fall så til parthiarane og romarane og vart namngjeve Assyria av begge. Området vart framleis kalla Assuristan (Assyria) under det persiske Sasanide-dynastiet fram til den arabiske islamske erobringa på 600-talet evt. då det fekk namnet al-Jazira.

Sidan før arabisk og islamsk tid har al-Jazira vore eit økonomisk blømande område med forskjellige jordbruksprodukt (frukt og korn), i tillegg til eit produktivt produksjonssystem (næringsmiddelforedling og veving). Sidan regionen låg ved grensa til dei sasanidiske og bysantinske områda vart det eit viktig handelssenter.

Al-Jazira omfattar dei romerske og austromerske provinsane Osroene og Mesopotamia, i tillegg til dei parthianske/persiske provinsane Assuristan, Arbayestan, Nisibis og Mosul.

Islamske rike endre

 
Al-Jazira og inndelingane (Diyar Bakr, Diyar Mudar og Diyar Rabi'a) i Umayyade- og Abbaside-periodane.

Erobringa av området fann stad under det tidlege kalifatet som lét den generelle styringa av regionen vere i fred, utanom å pålegge folkesetnaden jizya-skatt. Under Mu‘awiyah (guvernør av Syria og seinare grunnleggaren av Umayyade-kalifatet), vart styret av al-Jazira ein del av styret til Syria. Under det tidlege islamske riket (t.d. umayiadane), vart styret av Jazira ofte delt med Armenia og Aserbajdsjan.

Velstanden i regionen og det rike jordbruket gjorde al-Jazira ettertrakta for leiarane av dei tidlege arabiske armeane. Forskjellige erobrarar prøvde, utan resultat, å knyte saman dei forskjellige byane i dei tidlegare sassanidiske provinsane, i tillegg til den nyerobra bysantinske provinsen Mesopotamia, til sitt eige styre.

Kontrollen over regionen vart i røynda styrt frå Bagdad. Då Abbaside-kalifatet vart oppretta vart al-Jazira direkte underlagt styret i Bagdad. På denne tida var al-Jazira ein av dei skatterikaste provinsane i Abbaside-riket.

I den tidlege historia til islam vart al-Jazira eit senter for kharijitt-rørsla, og måtte stadig kuast av forskjellige kalifar. Seinare kalla eit lokalt dynasti, hamdānidane, seg etterkomarane etter kharijitane, og oppretta ein sjølvstyrt stat med to greiner i al-Jazira og Nord-Syria. Då makta til hamdānidane forsvann kom området igjen i teorien under makta til kalifane av Bagdad, medan det i røynda vart kontrollert av Buyid-brørne som hadde erobra sjølve Bagdad.

I tida etter dette kom al-Jazira under muslimske dynasti som ikhshididane og zengiane, og så Ajjubide-dynastia (t.d. Saladin). Den seinare utviklinga av området vart styrt av Mosul og Nisibis, som begge var viktige handels- og produksjonssenter. Seint på 1100-talet vart regionen erobra og kontrollert av seldsjukkar og vart seinare underlagt seldsjukkane av Rum og Det osmanske riket då osmanarane erstatta seldsjukkane av Rum i Vesleasia.

Moderne historie endre

Regionen har vore det tradisjonelle heimlandet til dei innfødde assyrarane, arameisk-talande kristne etterkomarar av dei gamle mesopotamiarane. Tusenvis av assyriske flyktningar gjekk inn i syriske Al-Jazira frå Tyrkia under det assyriske folkemordet under fyrste verdskrigen. I tillegg flykta kring 24 000 assyriske kristne inn i området i 1933, etter Simele-massakren i Mosul-området nord i Irak.[5]

Noverande situasjon endre

Djezirah er ein av fire bispedøme i den syrisk-ortodokse kyrkja. Dei andre er i Aleppo, Homs-Hama og Damaskus.[6]

Mange har utvandra frå området dei siste 40 åra. Hovudfaktorane har vore tørke og utvandringa til dei assyriske kristne på grunn av religiøse konfliktar.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. assyrisk ܓܙܪܬܐ‏, Gazerṯo
  2. «The next battlefield», The Economist, Oct 27th 2012 
  3. Sjå diskusjon på «So Fair a House: Göbekli Tepe and the Identification of Temples in the Pre-Pottery Neolithic of the Far East». JSTOR. 
  4. «Göbekli Tepe: Series Introduction». Genealogy of Religion. 12. oktober 2011. Arkivert frå originalen 18. oktober 2011. Henta 29. mars 2014. 
  5. Ray J. Mouawad, «Syria and Iraq – Repression: Disappearing Christians of the Middle East» «Middle East Quarterly» Winter 2001 http://www.meforum.org/article/17
  6. Mouawad, Ray J. (2001) «Syria and Iraq – Repression: Disappearing Christians of the Middle East" Midtausten Quarterly 8(1):

Bibliografi endre

  • Moore, Andrew M. T.; Hillman, Gordon C.; Legge, Anthony J. (2000). Village on Eufrat: From Foraging to Farming at Abu Hureyra. Oxford: Oxford University Press. ISBN 0-19-510806-X.
  • Peter M. M. G. Akkermans; Glenn M. Schwartz (2003). The archaeology of Syria: from complex hunter-gatherers to early urban societies (c. 16,000-300 fvt.). Cambridge University Press. s. 72–. ISBN 978-0-521-79666-8. Henta 27. juni 2011.
  • Istakhri, Ibrahim. Al-Masālik wa-al-mamālik, Dār al-Qalam, Cairo, 1961
  • Brauer, Ralph W., Boundaries and Frontiers in Medieval Muslim Geography, Philadelphia, 1995
  • Ibn Khurradādhbih. Almasalik wal Mamalik, E. J. Brill, Leiden, 1967
  • Lestrange, G. The lands of the eastern caliphate. Cambridge: Cambridge University Press, 1930
  • Mohammadi Malayeri, Mohammad. Tārikh o Farhang-i Irān dar Asr-e Enteghaal, Tus, Tehran, 1996
  • Morony, Michael G. Irak after the Muslim Conquest, Princeton, 1984