Alan John Percival Taylor (25. mars 19067. september 1990) var ein framståande britisk historikar. Han er særleg kjend for boka The Origins of the Second World War, der han mellom anna hevda at sterkaste kimen til utbrotet av andre verdskrigen i september 1939 låg i det utilstrekkelege i Versailles-traktaten, og ikkje i ein målbevisst plan frå Adolf Hitler si side. Seinare gav han ut bestseljaren English History 1914–1945. I England var Taylor frå 1950-åra ein allment kjend aktør i både avis- og kringkastingsmedia.

A.J.P. Taylor
Statsborgarskap Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 25. mars 1906
Birkdale
Død

7. september 1990 (84 år)
London

Yrke moderne historikar, universitetslærar, journalist
Språk engelsk
Politisk parti Det britiske arbeidarpartiet
Medlem av Slovenias akademi for vitenskap og kunst, Inner Temple, British Academy, American Academy of Arts and Sciences
A.J.P. Taylor på Commons

Liv endre

Taylor vart fødd i Birkdale og voks opp i Lancashire der han gjekk på ymse kvekar-skular og på ein skule i York. I 1924 byrja han studere moderne historie ved Oriel College i Oxford. Dei rike foreldra hans hadde radikale, venstreorienterte synspunkt, oppfatningar som han vidareførte. Foreldra hans var pasifistar som ope gjekk mot fyrste verdskrigen, og sende sonen sin til kvekar-skular for slik å protestere mot krigen.

På 1920-talet var mor hans medlem av Komintern, og ein onkel var mellom skiparane av det britiske kommunistpartiet. Mora, Constance Taylor, var suffragette, feminist og tala for fri kjærleik, noko ho praktiserte gjennom ei rad utanomekteskaplege forhold. Det mest kjende forholdet hadde ho med Henry Sara, ein kommunist som i mange år på sett og vis var Taylor sin surrogat-far. Taylor sjølv vart, medan han var på Oriel, rekruttert til Kommunistpartiet av ein venn av familien. Frå 1924 til -26 var han medlem av Kommunistpartiet, han braut så med partiet for den, etter hans syn, ineffektive posisjonen den samtidige generalstreiken vart møtt med. Etter han forlet Kommunistpartiet var han resten av livet ein ihuga tilhengar av Arbeidarpartiet (Labour). Trass i brotet med kommunistane vitja han Sovjetunionen i 1925 og på ny i 1934, og var mykje imponert ved begge desse høva.

Taylor tok eksamen ved Oxford i 1927. Han byrja etterkvart å forske på samlinga av Italia, eit arbeid som resulterte i hans fyrste bok; The Italian Problem in European Diplomacy 1847-49, eit verk som kom ut i 1934. Seinare arbeidde han på eit stort verk om keisardømmet Austerrike-Ungarn. I boka The Habsburg Monarchy 1809-1918, som kom ut i 1941, hevdar Taylor at Habsburg-keisarane såg på rika dei rådde over einast som ein reiskap til å føre utanrikspolitikk, dei evna såleis aldri å kunne byggje ein sann nasjonalstat. For å halde riket saman søkte leiarskapen tilflukt i å spele dei etniske gruppene ut mot einannan, samt fremje tysk og madjarsk hegemoni over dei andre folkegruppene i Austerrike-Ungarn.

Taylor underviste i historie ved universitetet i Manchester til 1938, då han fekk ei stilling ved Magdalen College i Oxford. Denne stillinga hadde han til 1964, då han vart nekta å fornye åremålet sitt. Sidan underviste han ved både Institute of Historical Research, University College og Polytechnic College of North London, alle tre institusjonane ligg i London. I Oxford var han ein usedvanleg populær forelesar; han var nøydd å starte leksjonane sine klokka 8.30 for å unngå at romet skulle vere overfylt.

Tidleg i 1930-åra var Taylor med i ei venstreorientert pasifistforeining kalla Manchester Peace Council, ei gruppering som han dann og vann var offentleg talsmann for. Fram til 1936 var han motstandar av britisk opprusting, ettersom han meinte at eit opprusta Storbritannia ville kome til å alliere seg med Tyskland mot Sovjetunionen. Etter 1936 gjekk han derimot inn for britisk opprusting, då for å møte det han såg som nazi-trusselen, han tala då for ein britisk-sovjetisk allianse for å ha overtaket på Tyskland. I 1938 fordømde han München-avtalen på fleire folkemøte.

Andre verdskrigen og den kalde krigen endre

Under andre verdskrigen gjorde Taylor teneste i heimevernet. Samstundes vart han kjend med austeuropeiske statsmenn i eksil; den tidlegare presidenten i Ungarn, Mihaly Karolyi, og presidenten i Tsjekkoslovakia; Edvard Beneš. Vennskapane med desse hjelpte han til å forstå regionen dei kom frå. Vennskapen med Beneš og Karolyi kom også til uttrykk i dei vennlege portretta han gav av dei, særleg Karolyi, som han portretterte som ein helgenaktig figur. På same tid arbeidde han for PWE som ein ekspert på Sentral-Europa, og innimellom tala han i radioen og på ulike møte. Gjennom krigsåra prøvde han å få britiske styresmakter til å anerkjenne Josip Broz Tito sine partisanar som legitim regjering i Jugoslavia. Andre verdskrigen forsterka dei pro-sovjetiske kjenslene til Taylor, og han vart alltid takksam for Den raude hær si rolle i øydelegginga av Nazi-Tyskland. Frå 1941 var han overlukkeleg over at Sovjetunionen vart Storbritannias allierte, då det var i samsvar med hans eige ynskje om ein britisk-sovjetisk allianse. Etter 1945 var han svært skuffa over at Storbritannia valde USA og ikkje Sovjetunionen som sin viktigaste allierte.

Livet gjennom var Taylor positiv til den utanrikspolitikken Sovjetunionen førte, sjølv om han var sterkt kritisk til stalinismen. Han var mykje kritisk til undertrykkinga i Sovjetunionen. I 1948 deltok han på og gjorde sitt beste for å sabotere ein stalinistisk kulturkongress i Wroclaw i Polen. Taylor skulda USA for den kalde krigen, og i 1950- og 1960-åra var han ein av dei leiande i kampen for atomnedrusting.

Taylor sitt spesialfelt var sentraleuropeisk og britisk historie, framom alt diplomathistorie under Habsburg-dynastiet og Otto von Bismarck. Han hyste sterke antityske synspunkt, og vart i 1944 forbigåande nekta sendetid hos BBC, etter han i ein serie radioforedrag gav til kjenne sine antityske kjensler. I boka The Course of German History, utgjeven i 1945, hevda han at nasjonalsosialismen var ei uunngåeleg fylgje av all tysk historie, med røter heilt tilbake til dei tyske stammesamfunna. Taylor var ein tidleg forkjempar for den såkalla Sonderweg-tolkinga av tysk historie; tysk kultur og samfunn utvikla seg gjennom hundreåra på ein måte som gjorde Nazi-Tyskland uunngåeleg. Særleg skulda han tyskarane for ein uavbroten «Drang nach Osten», mot dei slaviske folkegruppene heilt sidan Karl den store sine dagar. Nazistane si rase-imperialisme var for Taylor eit framhald av ein politikk som alle tyske herskarar hadde ført. Boka var ein suksess både i heimlandet og i USA.

Offentleg intellektuell endre

Taylor var ein framifrå skribent, som skreiv fleire dusin bøker og hundrevis av artiklar. Han tok til med dette i 1931, då han var bokmeldar for Manchester Guardian, frå 1957 var han spaltist i The Observer. I 1963-64 var han spaltist i Daily Express, der han i sin fyrste artikkel skulda fleirtalet av tyskarane for framleis å vere nazistar i hjartet, og argumenterte for at EEC var lite meir enn eit forsøk frå Tyskland i å oppnå ved handel det landet hadde mislukkast å vinne med våpen under dei to verdskrigane.

Gjennom desse skriveria utvikla han termen etablissementet for å skildre eliten i Storbritannia. Den 29. august 1953 publiserte han i New Statesman ei bokmelding om ein biografi over William Cobbett. I denne skreiv Taylor at «etablissementet trekker inn rekruttar utanfrå, så snart dei er klare til å tilpasse seg standardane og verte respektable. Ingenting er meir behageleg i livet enn å slutte fred med etablissementet – og ingenting meir fordervande». Taylor var motstandar av det britiske imperiet, og gjekk mot at Storbritannia skulle delta i NATO og EEC, og han kravde at Storbritannia skulle trekke seg tilbake frå Nord-Irland. I 1975 argumenterte han i ein tale i Dublin at det ville vore det beste for Storbritannia om regjeringa i London ville late IRA, som han såg på som fridomskjemparar, utvise heile den protestantisk-unionistiske befolkninga, nett slik Tsjekkoslovakia gjorde med dei etniske tyskarane i Sudetenland, etter andre verdskrigen.

På 1950-talet oppstod eit vennskap mellom Taylor og Lord Beaverbrook, og fyrstnemnde skreiv om sistnemnde. Beaverbrook var ein konservativ person som kom inn i politikken som støttespelar for Arthur Bonar Law. Law var nær knytt til eliten i Nord-Irland, Beaverbrook trufast støttespelar for det britiske imperiet. Trass i at Taylor gjennom sine skriveri uttrykte avsky for dei fleste politikarane, var han fascinert av politikk og politikarar og pleidde kontaktar med dei som sat med makt. Ved sidan av Beaverbrook, som Taylor treivst godt i lag med, var Michael Foot favoritt-politikaren hans, ein kar Taylor ofte omtala som den største statsministeren Storbritannia aldri hadde.

Utanrikspolitisk var Taylor motstandar av Vest-Tyskland, han såg landet som ein farleg nynazistisk stat. I 1956 demonstrerte han mot Suez-krisa, men ikkje mot at Sovjetunionen knuste den ungarsk revolusjonen same året. Han meinte invasjonen berga Ungarn frå at admiral Miklos Horthy kom til makta att. Han støtta Israel, som han oppfatta som eit moderne sosialdemokrati, truga av reaksjonært arabisk diktaturstyre. Han fordømde både Koreakrigen og Vietnamkrigen. I 1950 vart han hindra å kome til i BBC, då han prøvde kringkaste ein radiotale imot britisk deltaking i Koreakrigen.

Taylor var fryktlaus i å fremje upopulære saker. I 1980 trekte han seg frå det britiske akademiet, i protest mot at kunsthistorikaren og den tidlegare sovjetspionen Anthony Blunt vart ekskludert, i hans augo eit utslag av mccarthyisme. I eigenskap av historikar fremja han mindre hemmeleghald i statsstyringa og kjempa for fleire privateigde fjernsynsstasjonar. Erfaringane med BBC hadde fått han til å sjå verdet i å ha tilgang til fleire kringkastarar. Graderinga av regjeringsdokument vart elles senka frå 100 års hemmeleghald til 30 år, Taylor hadde gått inn for 20 år som ein passande regel.

Historiefilosofi endre

Taylor hadde ei populistisk innstilling til historiefaget. Han meinte at historie skulle vere open for alle og var glad i merkelappane som folkets historikar og kvarmanns historikar. Framstillingane hans var spekka med ironi og humor som skulle både underhalde og opplyse. Han likte å undersøke historia frå sjeldne vinklingar, og avsløre det han oppfatta som pompøst hos historiske aktørar. Særleg var han kjend for sin taylorismer; vittige og epigrammatiske og somme gongar kryptiske utsegner som var meint å avsløre det han oppfatta som absurditetar og paradoks i moderne internasjonale kontaktar. I fjernsynsprogrammet hans om Benito Mussolini i 1970 sa han at diktatoren «heldt fram med arbeidet sitt, ved å gjere ingenting».

Taylor var ein av dei historikarane som tidleg deltok på fjernsyn. Han byrja som paneldeltakar i BBC-prgrammet «In the news» åra 1950-54. Her fekk han ry som ein deltakar med ein argumenterande stil. Frå 1955 til 1961 deltok han i det konkurrerande programmet «Free Speech» på ITV. Desse åra laga og leia han nokre halvtimes historieleksjonar over ymse tema, program som nådde eit stort publikum.

Taylor deltok fleire gongar i debattar med den høgre-orienterte historikaren Hugh Trevor-Roper. Dei to hadde vore venner, men i 1957 søkte begge det same ledige professoratet i Oxford. Den konservative statsministeren, Harold Macmillan, tildelte Trevor-Roper stillinga.

I 1954 gav Taylor ut meisterverket The Struggle for Mastery in Europe 1848-1918 ei bok han fylgde opp med The Trouble Makersi 1957. Den siste boka var ein kritisk studie av britisk utanrikspolitikk, og gav oppreising til folk som hadde kritisert utanrikspolitikken til regjeringa. The Trouble Makers var den boka han var aller mest nøgd med. I 1961 kom han ut med den boka som vekte mest strid; The Origins of the Second World War, eit verk som gav han ry som revisjonist.

Sosialisten Taylor såg på det eksisterande kapitalistiske systemet som galt både av praktiske og moralske grunnar. Han hevda at status quo i Vesten hindra framveksten av eit internasjonalt system basert på rettferd og moral. Status quo opplevde han som utruleg ustabilt, med ein hang mot det tilfeldige. Eit tema som ofte kjem att i arbeida hans er rolla til det tilfeldige i utviklinga av historia. Hans syn var at leiarar ikkje skaper historie; i staden reagerer dei på hendingar. Hendingane i fortida var ei fylgje av ein serie blunderar og feilgrep som stort sett låg utanfor det nokon kontrollerte. I den grad nokon let noko skje i historia, så var det einast gjennom mistaka deira. I sin bestseljarbiografi om Bismarck hevda han at jarnkanslaren hadde samla Tyskland meir ved eit tilfelle enn etter ein plan.

Om opphavet til andre verdskrigen endre

Taylor vekte mykje strid då han i 1961 gav ut boka The Origins of the Second World War. I boka hevda han at krigen som braut ut mellom Tyskland på den eine sida, og Polen, Storbritannia og Frankrike på den andre, ikkje kom av ein medviten plan frå Hitler si side. Boka opnar med ei utsegn om at altfor mange ukritisk hadde godteke det han kalla Nürnberg-tesa, ei tese som sa at andre verdskrigen var resultatet av ein kriminell konspirasjon i ein liten gjeng beståande av Hitler og hans næraste samansvorne. Taylor oppfatta «Nürnberg-tesa» som altfor passande til altfor mange aktørar og hevda ho skygde for det ansvaret leiarar i andre statar hadde for krigen, og ho fritok det tyske folk for medansvar og slik gjorde Vest-Tyskland til ein respektabel kaldkrigs-alliert i maktkampen mot Sovjetunionen.

Taylor si tese gjekk derimot ut på at Hitler ikkje var den demoniske figuren folkemeininga hadde, men ein utanrikspolitisk normal tysk statsleiar. Med sitat frå den tyske historikaren Fritz Fischer hevda Taylor at utanrikspolitikken var den same som i Weimar-republikken og Det andre riket. Dessutan hevda han at Hitler ikkje berre var ein vanleg tysk leiar, men også ein vanleg vestleg leiar. Som ein vanleg vestleg statsleiar var Hitler korkje betre eller verre enn Gustav Stresemann, Neville Chamberlain og Edouard Daladier. Argumentet hans var at Hitler ynskte å gjere Tyskland til den sterkaste makta i Europa, men han korkje ville, ei heller planla krig. Krigsutbrotet i 1939 var eit uheldig utfall av feilgrep frå alle involverte.

Taylor skildra Hilter som ein grådig opportunist utan andre verdisyn enn jakt etter makt, i tillegg til antisemittisme. Han hevda at Hitler ikkje hadde noko slags program og at utanrikspolitikken gjekk ut på å gripe sjansar som baud seg. Heller ikkje Hitlers antisemittisme rekna han som unik, han hevda at millionar av tyskarar og austerrikarar var like antisemittiske som Hitler og det var ingen grunn til å skilje ut Hitler for å ha same meining som millionar andre.

Hovudproblemet med mellomkrigs-Europa såg Taylor i ein mangelfull Versailles-traktat. Avtalen var tilstrekkeleg byrdefull til å sikre at ein overveldande majoritet av tyskarar alltid ville hate den, men utilstrekkeleg byrdefull til å hindre Tyskland at atter ein gong vart ei stormakt. Versailles-traktaten var såleis destabiliserande, for før eller seinare ville den ibuande makta til Tyskland, som alliansemaktene i 1918-19 hadde avslått å øydeleggje, uunngåeleg reise seg mot Versailles-traktaten og det internasjonale systemet etablert av Versailles, eit system Tyskland rekna som urettvist og inga interesse hadde i å verne. Sjølv om Taylor meinte at andre verdskrigen ikkje var uunngåeleg og at Versailels-traktaten ikkje på nokon måte var så streng som til dømes John Maynard Keynes meinte, gjorde den mangelfulle fredsavtalen krig meir sannsynleg enn motsett.

Reaksjonane på The Origins of the Second World War var nærast utan unnatak negative då boka kom ut i 1961. Verket utløyste ein storm av kontroversar og debattar som varte i fleire år. Sterkast var kritikken mot Taylor sine argument for appeasement-politikken som ein rasjonell politisk startegi, av hans mekaniske skildring av ei verd dømd til krig, og av Hitler som ein normal leiar og underkjenninga av nazi-idelogien.

Dei fleste historikarar har i hovudsak slutta seg til Taylor sine kritikarar, men erkjenner at The Origins of the Second World War er eit vasskilje i historiografien om opphavet til andre verdskrigen. Historikarar har mellom anna rost Taylor for å:

  • Vise at appeasement-politikken var populær og ei vidareføring av britisk utanrikspolitikk etter 1933, og skaka den vanlege oppfatninga om at fredspolitikarane (appeasers) var ein liten klikk som hadde kuppa den britiske regjeringa og ført ein politikk i strid mot haldninga i allmenta.
  • Skildre leiarane som rådde i 1930-åra som verkelege menneske som prøvde å handtere reelle vanskar og problem.
  • Vere ein av dei fyrste historikarane som presenterte Hitler som eit menneske og ikkje ein tulling, rett nok eit menneske med moralsk fråstøytande haldningar.

Seinare år endre

I tida etter kontroversane med The Origins of the Second World War rekna mange Taylor for diskreditert som historikar, noko som vart undertreka då University of Oxford ikkje forlenga undervisningskontrakten i 1964. Men året etter kom han tilbake i sentrum med boka English History 1914-1945, hans einaste verk som omhandla sosial og kulturell historie, der han gav ei kjærleg skildring av tida mellom 1914 og -45. Boka vart ein enorm bestseljar og selde fleire eksemplar på eitt år enn det samtlege utgåver av Oxford History of England hadde gjort. Trass i at det var mykje å skammast over i britisk historie, særleg vedkomande Irland, var Taylor stolt av å vere britisk og endå meir å vere engelsk. Han likte å framheve sin bakgrunn frå det non-konformistiske miljøet i Nord-England, og såg seg sjølv som berar av ein sterk tradisjon av annleistenkande, noko han oppfatta som det mest ærerike i soga til England.

I boka War by Timetable frå 1969 leita Taylor etter grunnane til fyrste verdskrigen. Han kom til at sjølv om alle stormaktene ynskte å auke si eiga makt samanlikna med andre si, søkte ingen av dei krig føre 1914. Alle stormaktene trudde at om ein hadde evna til å mobilisere eigne hærstyrkar snøggare enn nokon av dei andre, ville det verke avskrekkande og så ein kunne fremje eigen utanrikspolitikk. Generalstabane i stormaktene utarbeidde nøyaktige timeplanar for å kunne mobilisere fortare enn alle rivalane. Då krisa braut ut i 1914 skapte trongen til å mobilsere fortare enn mogelege fiendar ei uunngåeleg rørsle i retning krig, trass i at ingen europeisk statsmann ville ha krig. Taylor påstod dermed at 1914-leiarane vart fanga av logikken i mobiliseringsplanane, planar, som med sine tidfestingar, hadde til mål å skulle skreme nokon frå å gå til krig.

Sluttord endre

Taylor var ein framifrå litterær stilist, noko som tillet han å fri seg frå mange av sine freidige tankar, til dømes at hovudgrunnen til 1. verdskrigen var ein sving i feil retning av sjåføren til erkehertug Franz Ferdinand i Sarajevo i 1914. Synspunkta hans kom frå ein spissfindig, særeigen og glødande individualist som utfordra fasttømra førestillingar.

Kjelder endre