Al-Rastan (arabisk الرستن) er den tredje største byen i Homs guvernement,[2] 25 km nord for administrasjonssenteret Homs og 22 km frå Hama. Av stader i nærleiken finn ein Talbiseh og al-Ghantu i sør, al-Zaafaraniyah og al-Mashrafah i søraust, Murayj al-Durr i nordaust, Tumin i nord, Deir al-Fardis i nordvest og Kafr Nan og landsbygruppa Houla i vest.[3] Al-Rastan har eit folketal på nesten 40 000 i 2004.[1]

Al-Rastan
الرستن
by
Al-Rastan (på ein ås i bakgrunnen) og vasshjulet (i framgrunnen) skild av Orontes, 1930-åra
Land  Syria
Guvernement Homs
Distrikt Al-Rastan
Nahiyah Al-Rastan
Høgd 430 moh.
Koordinatar 34°55′N 36°44′E / 34.917°N 36.733°E / 34.917; 36.733
Areal 35 km²
Folketal 39 834  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Al-Rastan
34°55′00″N 36°44′00″E / 34.916666666667°N 36.733333333333°E / 34.916666666667; 36.733333333333
Wikimedia Commons: Rastan

Byen ligg same staden som den romerske byen Arethusa og somme av dei antikke ruinane finst framleis. Byen eksisterte som ein relativt liten, men strategisk by gjennom tidleg islamsk tid og under Det osmanske riket. Sidan starten på den syriske borgarkrigen, har al-Rastan vore eit stort senter for opprørarane, og har vore åstad for mange kampar mellom tryggingsstyrkane til dei syriske styresmaktene og opprørarar frå Den frie syriske armeen.

Al-Rastan ligg like sør for den store brua som knyter saman Homs og Hama.[4] Det totale landområdet til byen er 350 hektar.[5] Al-Rastan-dammen, ei stor demning i Orontes, ligg her og har skapt eit reservoar med kapasitet på 225 millionar m³. Dammen vert hovudsakleg nytta til kunstig vatning.[6] Det største mergelbrotet i Syria ligg i byen.[7] Byen vert i dag styrt av islamistar som køyrer ei hard linje og som er imot ei verdsleg regjering.

Historie endre

Antikken endre

Al-Rastan ligg der Arethusa låg i antikken. I følgje den romerske historikaren Appian,[8] vart byen grunnlagd av Selevkos I Nikator, som grunnla Selevkide-dynastiet på 200-talet fvt.[9] Dei fleste kjeldene er samde i at Selevkos namngav byen etter Arethusa i Gresk Makedonia, men andre hevdar han vart kalla opp etter ein landsby på Sicilia med same namn.[10] Arethusa var opphavleg ein innfødd syrisk by kalla «Arastan», nemnt i Konsilet i Nikea i 325. Til ein mindre grad vart namnet «Arastan» i bruk, særleg av dei innfødde innbyggjarar, i lag med «Arethusa».[11]

Han tente som den første hovudstaden i kongedømet Emesa sentralt i Syria,[12] ein vasall under Romarriket, midt på det første hundreåret fvt.[13] Den romerske historikaren Strabon sa at han var godt styrt under phylarch Sampsiceramus I mellom 64–63 fvt.,[14] fram til han vart erobra av den romerske generalen Pompeius mot slutten av det året.[15][16] Emesa tok kontroll over byen att i 46 fvt. då han var styrt av Iamblichus I.[8] Under den romerske borgarkrigen støtta innbyggjarane i byen Marcus Antonius mot Octavian. Likevel vart Arethusa ein sjølvstendig bystat etter sigeren til Octavian i slaget ved Actium i 31 fvt. fram til 20 fvt. då han igjen kom under Emesa sin kontroll. Statusen til byen vart mindre viktig etter kvart som den nærliggande byen Emesa (dagens Homs) voks fram som eit religiøst og politisk senter.[16]

Mot slutten av 300-talet evt., danna Arethusa og byane Apamea (dagens Qalaat al-Madiq), Epifania (dagens Hama) og Larissa (dagens Shaizar) den romerske provinsen Syria Secunda.[17] Seint på 300-talet, prøvde Marcus av Arethusa, ein lokal biskop, å omvende heidningane i Arethusa til kristendom med tvang, men vart slått attende. Etter dette fekk keisar Julian bygd tempelet i byen opp att og Markus vart torturert og drepen.[18]

Austromarriket offisielt slutta seg til kristendomen tidleg på 400-talet, vart Arethusa eit bispesete underlagt metropolitten i Apamea.[19] libanesiske kjelder som Giuseppe Simone Assemani og biskop Yusef al-Dibs hevdar at Maron, vernehelgenen til Den syrisk-maronittiske kyrkja, vart gravlagd i Arethusa i 410.[20] Dei fleste maronittiske kjeldene trur òg at Maronklosteret låg i byen.[21]

Islamsk tid endre

I følgje tidlege muslimske geografar[22] vart al-Rastan, trass i sterke festningsverk og ein stor garnison raskt erobra og så øydelagd av styrkane til Abu Ubaida under den muslimske erobringa av Syria i 634,[15] medan Umar ibn al-Khattab var kalif.[23] Tidleg i 945 slo dei Aleppo-baserte hamdanidane under Sayf al-Dawla ikhshidane under Abu al-Misk Kafur i eit avgjerande slag i al-Rastan, og frå her heldt dei fram mot og erobra Damaskus.[24] I følgje ei forteljing, vart kring 4 000 Ikshidide-soldatar teken til fange i tillegg til at hundrevis vart drepne i kamp eller drukna i Orontes.[25]

I 1115, medan artukideherskaren Ilghazi kvilte i al-Rastan på veg nordover til Diyarbakir, gjekk Khir Khan ibn Qaraja, seldsjukkar-herskaren i Homs, til åtak på leiren hans og hadde han ei kort stund som fange.[26][27]Saladin kom til al-Rastan i februar 1175, trekte krossfararane under Raymond of Tripoli seg attende frå kringsetjinga deira av Homs, som så vart erobra av Saladin, og førte det meste av Syria under Ajjubide-dynastiet sitt styre.[28] I 1226, under Ajjubide-dynastiet, vitja den den syriske geografen Yaqut al-Hamawi al-Rastan og skreiv at han var «ein liten og gammal by ... Han er no ein ruin, men restane syner framleis den tidlegare prakta.»[23]

Mamelukkane fekk kontroll over Syria i 1260-åra, og organiserte regionen i kongedøme underordna sultanatet i Kairo. Al-Rastan vart den sørlegaste byen i Mamlakat Hama («kongedømet Hama») nær grensa til Mamlakat Hims.[29] I eit stort slag ein stad mellom denne byen og Homs, slo mamelukkane under Qalawun dei invaderande mongolane frå Ilkhanatet i eit avgjerande slag i 1281.[30] Seinare, tidleg på 1300-talet, noterte Abu'l Fida at i al-Rastan var «kvar av husa så store at dei er nesten som ein landsby, med ruinar overalt som rundar av byggverk og murar.» Han noterte òg nokre få bogar, portar, delar av bymuren og ein vasskanal.[23]

Seint på 1500-talet eller tidleg på 1600-talet, under osmansk styre, vart karavanseraien Khan al-Rastan bygd like utanfor byen.[31] Abd al-Ghani al-Nabulsi, som var sufi-sjeik på 1600-talet, vitja den falske grava til den persiske sufimystikaren Abu Yazid al-Bistami ved al-Rastan (den faktiske grava ligg i Bistam) i 1678, og skreiv «over grava hans er det prakt og ærefrykt, og syner nærværet hans her.»[32] Khan al-Rastan vart vitja i 1745 av Edward Pococke som skildra han som ein «stor befesta karavanserai» som var i raskt forfall.[15]

Moderne tid endre

På byrjinga av 1800-talet var al-Rastan ein fattig landsby der innbyggjarane hovudsakleg dreiv med jordbruk.[33] Han dekkte den nordlegaste delen av ruinane i Arethusa.[34] Som Homs i denne perioden, var husa bygde av svart stein.[33] Dei vart skildra som små, falleferdige bustader med skifertak støtta opp av trebjelkar. Nokre få bygningar var frå mamelukk-tida med bogar med arkitekturstilen ablaq.[34]

Under den fransk-syriske krigen, var al-Rastan ein av basane til Salih al-Ali og hans lokale allierte og vart bomba av franske styrkar tidleg i 1920.[35] To sunnimuslimske jordbruksklanar, Firzat og Hamdan, dominerte al-Rastan på 1800-talet og tidleg på 1900-talet. Den førstnemnde klanen var etterkomarar etter Banu 'Abs som kom til Syria som ein del av armeen til Khalid ibn al-Walid midt på 600-talet. Eit medlem, sjeik Abd al-Qader, tente som mukhtar i al-Rastan seint i den osmanske og det franske mandat-perioden.[36]

Abd al-Qader var far til Mustafa Tlass som vart forsvarsminister under Hafez al-Assad i 1972. Hamdan hadde større innverknad på byen og identifiserte seg sjølv politisk med nasserist-trenten som apellerte til dei store massane i den arabiske verda i 1950- og 1960-åra.[36]

Den 23. mars 1961 bygde det bulgarske selskapet Techno-Impex ferdig Rastan-dammen medan Syria var ein del av Den sameinte arabiske republikken med Egypt. Demningar er i dag den tredje største i landet.[37]

Den syriske borgarkrigen endre

Al-Rastan var ein av dei første byane som deltok i det syriske opprøret mot regjeringa til Bashar al-Assad som førte til den syriske borgarkrigen. Midt i april 2011 var det store demonstrasjonar mot styresmaktene i al-Rastan og den nærliggande Talbiseh.[38] Den 28. april gjekk kring 50 lokale personar frå Ba'ath-partiet av frå organisasjonen i protest mot regjeringa og aktivistar i opposisjonen hevda at 17 demonstrantar vart drepne av tryggingsstyrkar.[39] Den 29. mai, gjekk den syriske hæren til åtak på byen, som varte den første veka av juni. 2. juni hevda lokale aktivistar at minst 52 sivile vart drepne, medan styresmaktene uttalte at fire av soldatane deira vart drepne i offensiven.[40]

I august 2011 var al-Rastan hovudsakleg kontrollert av Den frie syriske armeen (FSA), som bestod av avhopparar frå den syriske hæren og sivile frivillige.[41] I følgje Al Jazeera «mange avhopparane frå armeen kom frå Rastan.»[42] Eininga basert i byen kalla seg sjølv Khalid ibn al-Walid-bataljonen. FSA gjekk den månaden til åtak på lokale statspersonar og sympatisørar, og Shabiha-militsen, som støtta regjeringa, gjekk til åtak på opposisjonskontrollerte nabolag. Seint i september gjekk den syriske hæren, med støtte frå stridsvogner og helikopter, til åtak for å ta attende byen i ein fire dagar lang kamp. Den syriske hæren vann og FSA trekte seg attende.[41]

Den militante opposisjonen fekk kontroll att over byen i januar 2012 og kampane mellom di og tryggingsstyrkane starta opp att seint i månaden.[42] Den 31. januar vart ti aktivistar og slektningane deira drepne i al-Rastan då bygningen deira kollapsa etter eld frå den syriske hæren.[43] Den 6.februar rapporterte den lokale FSA-leiaren Ala'a al-Sheikh at minst 42 menneske var drepne av den syriske hæren i dei føregåande tre dagane.[44] Den 4. mars hadde FSA klart å drive den syriske hæren attende, men mange av soldatane deira trekte seg attende «av taktiske årsaker» i følgje den lokale kommandøren deira. Bomber frå hæren tok i følgje rapportar livet av tre menneske den dagen.[45] Den 14. mai, hevda kjelder frå opposisjonen at ni menneske vart drepne av bomber frå den syriske hæren, medan 23 soldatar vart drenpe etter at FSA gjekk til åtak på pansra kjøretøy frå den syriske hæren som var på veg mot byen. Eit medlem frå FSA sa at al-Rastan «var øydelagd».[42]

Demografi endre

I 1970 var folketalet i al-Rastan 7 509.[46] Han hadde eit folketal på 39 834 i 2004 i følgje ei folketeljing av Statistisk sentralbyrå i Syria (CBS). Det var i alt 6 066 hushaldningar.[1] Reuters estimerte i 2011–2012 at folketalet var kring 60 000.[40] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.[47]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2004 Arkivert 2020-08-05 ved Wayback Machine.. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Homs guvernement. (arabisk)
  2. Dei to største byane i Homs guvernement er i følgje Statistisk sentralbyrå i Syria i 2004 Homs (652 609 Arkivert 2020-08-05 ved Wayback Machine.) og Tadmur (51 323 Arkivert 2020-08-05 ved Wayback Machine.). (arabisk)
  3. Kart syner fleire stader kring al-Rastan. Rastan Map. Mapcarta.
  4. Bar'el, Zvi. Report: Assad's air force pounds folketal centers i Syria's Rastan. Haaretz. 4 mars 2012. Henta 30. juni 2014.
  5. الرستن جمال الطبيعة وأصالة التاريخ. E-Syria. 21. oktober 2009.
  6. Water for the Fields. Talis. Henta 30. juni 2014.
  7. Brittanica, s. 19.
  8. 8,0 8,1 Cohen, 2006, s. 101.
  9. Levick, s. 7.
  10. Den bysantinske historikaren Stephanos og franske historikarar er samde i at Arethusa vart namngjeven etter byen i Makedonia, medan Michael Avi-Yonah hevdar han kjem frå Arethuse på Sicilia. Cohen, 2006, s. 102.
  11. Cohen, 2006, s. 202.
  12. Butcher, s. 91.
  13. Levick, s. 12.
  14. Levick, s. 8.
  15. 15,0 15,1 15,2 Burton, s. 64.
  16. 16,0 16,1 Butcher, s. 92.
  17. Moosa, 2005, s. 7.
  18. Butcher, s. 380.
  19. Coleridge, s. 384.
  20. Moosa, 2005, s. 23.
  21. Moosa, 2005, s. 27.
  22. Istakhri og Abu'l Fida, sitert av le Strange, 1890, s. 519–520.
  23. 23,0 23,1 23,2 le Strange, 1890, s. 520.
  24. Houtsma, s. 676.
  25. Breasted, s. 84.
  26. Richards, s. 167.
  27. Houtsma, s. 466.
  28. Ibn al-Athir, s. 34.
  29. Ziadeh, 1953, s. 14.
  30. Amitai-Preiss, 2005, s. 195.
  31. Grube, 1978, s. 103.
  32. Sirriyeh, s. 128.
  33. 33,0 33,1 Bey, s. 290.
  34. 34,0 34,1 Walpole, s. 180.
  35. Moosa, 1987, s. 282.
  36. 36,0 36,1 Batatu, s. 152.
  37. Oron, s. 511.
  38. Syria demonstrations: Homs city sit-in 'dispersed by gunfire'. BBC News. 19. april 2011. Henta 20. mars 2014.
  39. Oweis, Khalid Yacoub. Syrian tanks deploy in town; hundreds detained Arkivert 2013-07-04 ved Wayback Machine.. Reuters. 4. mai 2011. Henta 20. mars 2014.
  40. 40,0 40,1 Oweis, Khalid Yacoub. Syria forces kill 11 civilians in Rastan: activists Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine.. Reuters. 2 June 2011. Henta 30. juni 2014.
  41. 41,0 41,1 Ajami, 2012, ch. Sarajevo on the Orontes.
  42. 42,0 42,1 42,2 Syrian troops 'killed' in Rastan clashes. Al Jazeera English. Sitert av Al Jazeera-korrespondenten Rula Amin. 14. mai 2012. Henta 1. juli 2014.
  43. Oweis, Khalid Yacoub. Syrian forces kill 10 in rebel town Arkivert 2014-12-10 ved Wayback Machine.. Reuters. 31. januar 2012. Henta 1. juli 2014.
  44. Weiss, Michael.Russia, Iran and Hizbollah are already intervening in Syria. Why aren't we? Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.. The Daily Telegraph. 6.februar 2012. Henta 1. juli 2014.
  45. Abedine, Saad. More blood shed as rockets fall on Rastan, fears grow in Homs Arkivert 2012-05-12 ved Wayback Machine.. CNN. 4 mars 2012. Henta 1. juli 2014.
  46. United States. Office of International Health. Division of Planning and Evaluation, 1977, s. 131.
  47. Assad Forces Renew Homs Assault. Reuters. 3. april 2014. Henta 30. juni 2014.