Lappsporv

art av sporvefuglar
(Omdirigert frå Calcarius lapponicus)
Lappsporv
Lappsporvhann
Lappsporvhann
Lappsporvhoe
Lappsporvhoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: EN Sterkt truga[1]Utbreiinga av lappsporv
Utbreiinga av lappsporv
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Busksporvfamilien Emberizidae
Slekt: Calcarius
Art: Lappsporv C. lapponicus
Vitskapleg namn
Calcarius lapponicus

Lappsporv (Calcarius lapponicus) er ein robust, mellomstor sporvefugl med leveområde i nordlege Europa og Asia, og i nordlegste Nord-Amerika. Han var tidlegare klassifisert i busksporvfamilien, men er no ein del av ein familie av arktiske artar i Calcariidae.

Utsjånad endre

Den vaksne hannen måler 15,5-16 cm på lengda og hoa er noko mindre. Lappsporven utmerker seg med ei lang bakklo, som er lengre enn sjølve baktåa og mindre bøygd enn på dei andre busksporvane. På den vaksne hannen er isse, kinn, strupe og øvre del av brystet heilsvart. Frå nebbrota strekker seg ein lys augebrynsstrek som går bakom dei svarte øyredekkfjørene og ned på halsen. Nakken er rustbrun. Rygg, skuldrrar og vengedekkfjør er spraglete i svart og rustbrunt. Undersida er kvit med rustgul tone. Sidene er teikna med svarte flekkar. På hoa manglar det svarte på hovudet, strupen og kroppssidene, og fargane er i det heile bleikare og meir rustbrune. Ho har eit svartflekka lyst bryst.

Utbreiing og taksonomi endre

Lappsporven er ein trekkfugl som har eit bortimot sirkumpolart hekkeområde frå Skandinavia sine fjell, over det arktiske Eurasia, i Alaska, Canada, det nordlegaste USA (dei samla 48 statane), og Grønland sin vestkyst. Han overvintrar på steppene i Russland og Sentralasia frå Svartehavet og aust til Nord-Korea og Japan, i USA, i Danmark, på dei britiske øyane og utmed kystane i det nordlege Vest-Europa.

Lappsporven vert delt inn i tre til fem underartar.

  • C. l. alascensis (Ridgway, 1898) - hekkar på Aleutane og Pribiloføyane, og i Alaska og det vestre Canada. Overvintrar i USA så langt sør som til det nordlege Texas.
  • C. l. lapponicus inkl. subcalcaratus (Brehm, 1826) - hekkar frå Skandinavia og det nordlege Russland til Beringsundet, det nordlege Canada og Grønland. Overvintrar i det sentrale USA, på steppene i Russland og Sentralasia og vest til Europa.
  • C. l. coloratus (Ridgway, 1898) inkl kamtschaticus (Portenko, 1937) – hekkar i det austlege Sibir, på Kamtsjatkahalvøya og på Kommandørøyane. Overvintrar mellom anna i Japan.

Norsk utbreiing og habitatval endre

Lappsporven hekkar vanleg i fjelltraktene i Sør-Noreg frå Setesdalsheiane i den nordlegaste delen av Aust-Agder og Hardangervidda og nordaustover mot Dovrefjell og Sylane ved svenskegrensa. I Møre og Romsdal hekkar arten også somme stader ute ved kysten. I Nord-Noreg er fuglen utbreidd nordover langs fjellkjeda mot Sverige i Nordland og Troms. I Finnmark til Varangerhalvøya og Kirkenes. I Nordland og Troms også spreidd somme stader langs kysten. I Finnmark finst fuglen spreidd som hekkefugl i kystområda, men den største bestanden finst på Finnmarksvidda. I fjellområda i Sør-Noreg hekkar lappsporven frå 650 moh. til 1200-1300 moh., vanlegast i vierregionen 1000-1200 moh. Lappsporven trivst best i karrig fjellterreng med krekling, dvergbjørk og ein del vier, men også i kanten av større myrkompleks som er omgjevne av meir karrig vegetasjon. Arten finst også i område med store steinar som vert brukte som sangpostar. I Finnmark kan arten hekke opp tll 600 moh., på Varangerhalvøya opp til 300 moh. Den norske hekkebestanden er truleg på 200 000-500 000 par. Dei fleste av desse finst i fjelltraktene i Sør-Noreg og i Finnmark.[2]

Populasjonen gjekk sterkt attende i perioden 2002 til 2012. Forskarane meinte at nedgangen kan vere relatert til klimaendringar.[3]

Trekktilhøve endre

Lappsporvane flyg ut av landet i september-oktober. Norske fuglar overvintrar truleg i steppeområda i Asia, og arten har dermed ei søraustleg trekkretning. Om våren kjem fuglane til Sør-Noreg frå midten av april og til fjelltraktene frå byrjinga av mai. Til Finnmark kjem lappsporvane i midten eller i siste halvparten av mai.

Galleri endre

Kjelder endre

Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av lappspurv Calcarius lapponicus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 12. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 12. mars 2022. Henta 12. mars 2022. 
  3. Norsk institutt for naturforskning: Færre fugl i fjellet Henta 28. november 2021