Norske Legion1.jpg

Den norske legion, på tysk SS-Freiwilligen-Legion Norwegen, var ei avdeling i den tyske militære eliteavdelinga Waffen-SS under andre verdskrigen som vart oppretta etter initiativ frå NS-leiaren Vidkun Quisling og Josef Terboven etter at Det tredje riket gjekk til åtak på Sovjetunionen den 22. juni 1941, og som bestod av norske soldatar. Den norske legion vart nedlagd i mai 1943.

HistorikkEndra

 
Vidkun Quisling, «Fører» i Nasjonal samling (NS), overrekker fane til Jonas Lie, NS' politiminister og leier (SS-Standartenführer) av 1. Politikompani, på Slottsplassen i Oslo 7. september 1942, nokre dagar før avreisen tll Østfronten.
Foto: Riksarkivet
Fil:Den Norske Legion WWII Nazi poster and Hirden flag at Norway's Resistance Museum in Oslo, photo 2017-11-30 b.jpg
«Med Waffen-SS og Den Norske Legion mot den felles fienden.....mot bolsjevismen», propagandistisk verveplakat teikna av Harald Damsleth. Flagget med solkors og sverd er for NS' paramilitære troppar i Hirden.
Foto: Fra Hjemmefrontmuseet, 2017

Opphavleg var det planar om å stilla med ein styrke på 30 000 mann, men etter to månader hadde 1 700 meldt seg, og ved årsskiftet 1941/42 hadde 1 900 allereie meldt seg. Av desse var 1 000 mann allereie under opplæring ved Celle i Niedersachsen i Tyskland. Verving vart vanskelegare etter at USA kom med i krigen. Frå januar 1942 vart det oppretta ein eigen rekruttskole på Grefsrud i Holmestrand, opphavleg for fire kompani, men detta vart same året redusert til eitt kompani, før skulen vart lagd ned året etter.

Det var ulike grunngjevingar for å melda seg til frontteneste. Mange la, i kvart fall i ettertid, stor vekt på Finlands utsette situasjon og ynskte om å hjelpa nabolandet og slik sikra Noregs østgrense mot Sovjetunionen. Detta vart sterkt framheva i vervingsarbeidet. Vidare vart dei meir ideologiske aspekta, som kampen mot bolsjevismen og bidrag til etableringa av ein ny norsk hær òg mykje brukt. Det var vidare ei utbreidd oppfatning at krigen med fulle krigshandlingar ville koma til Noreg, og at ein ved å melda seg til Den norske legionen kunne få stoppa kampane og spara landet.

Tyskarane la ned den sentrale staben i Oslo og setja avdelinga under tysk kommando.

Den norske legion vart i propagandaen framstelt som å skulla vera ei rein norsk avdeling med norske uniformer, norske offiserar og norsk språk. Vidare vart Finlands sak køyrt fram i propagandaen. Desse framstillingane var verdiløse, ved at avdelinga vart sett under tysk kommando, med då tysk militærlov, tysk tenestespråk og tyske uniformer. Det eine Waffen-SS-merket var likevel bytt ut med den norske løva. Den norske legion kom til Krasnoje Selo ved Leningrad 18. februar 1942 og vart sett under kommando av 2. SS-Infanteri-Brigade.

Seint i februar 1943 gjekk kontraktstida ut for dei fleste og avdelinga vart trekt ut frå fronten med 180 falne. Avdelinga vart send til ein militærleir i Bayern, kor dei som ikkje ynskte ny kontrakt vart sendt tilbake til Noreg, medan 300 mann vart igjen og same sommar gjekk inn i den nyoppretta SS-Panzergrenadier-Regiment 23 Noreg saman med det attverande Regimentet Nordland og vart ein del av den nyoppretta divisjonen 11. SS-frivillige-pansergrenaderdivisjon Nordland. Restane av denne avdelinga deltok i sluttkampane om Berlin og gjekk i russisk krigsfangenskap i mai 1945.


 
Frå eit NS-arrangement for Den norske legion sin «Reservebataljon Holmestrand» på Slottsplassen i Oslo sundag 13. juni 1942. Frå venstre Thorvald Thronsen (stabssjef for Rikshirden), Arthur Quist (øvste sjef for Den Norske Legionen), Jonas Lie (Politipresident), Carl Haakon Langlie (Quislings adjutant), Karl Leib (leiar for Germanische Leitstelle) og Vidkun Quisling (leiar for Nasjonal Samling)
Foto: Max Ehlert/Riksarkivet

Legionskommandørar for einingen som var under tysk kommandoEndra

  • Oberst Finn Hannibal Kjelstrup (1941)
  • Sturmbannführer Jørgen Bakke (1941)
  • Sturmbannführer Arthur Quist (1941-43)

KjelderEndra

[1] Den norske legion i Store norske leksikon


Denne artikkelen bygger på «Den norske legion» frå Wikipedia på bokmål, den 1. oktober 2018.

ReferansarEndra


BakgrunnsstoffEndra