Stillehavet

verdens største hav
(Omdirigert frå Det vestlege Stillehavet)

Stillehavet er eit av verdshava. Med ei flatevidd på om lag 180 millionar km² (med randhav) dekker det halvparten av havflata i verda, og er dermed det aller største havet. Stillehavet grensar mot Sørishavet i sør og møter Polhavet i nord gjennom Beringsundet. Det var Fernando Magellan som gav havet namnet sitt då han runda sørspissen av Amerika i 1521 og opplevde eit svært roleg hav. Han nytta det latinske Mare Pacificum, «det fredelege havet».

Stillehavet
hav
Del av verdshavet
Kart
Stillehavet
0°N 160°W / 0°N 160°W / 0; -160
Wikimedia Commons: Pacific Ocean
Kart over Stillehavet
Ein atoll i Kiribati i Stillehavet

Med ein overflate på 165 millionar kvadratkilometer (inkludert randhav) utgjer Stillehavet den største delen av havområda i verda – og dermed hydrosfæren. Der utgjer kring 46 % av vassoverflata til jorda, og 32 % av den totale jordoverflata. Stillehavet er dermed større enn alle landareala på jorda til saman.[1] Ekvator deler det inn i Nord- og Sør-Stillehavet. Det meste av Stillehavet når djupner på over 4 000 meter, og Marianergropa i den vestlege delen av Nord-Stillehavet er med sine 10 911 meter det djupaste punktet både i Stillehavets og på jorda.[2]

Utstrekking og geografi

endre

Stillehavet strekker seg frå Arktis i nord til Antarktis i sør, og er omslutta av Asia og kontinentet Australia i vest og Amerika i aust. Det har òg eit utal spreidde småøyar som er danna av vulkanar eller korallrev. Saman med større øyar og det australske kontinentet utgjer desse verdsdelen Oseania.

Landområde

endre

Det største landområdet som ligg i Stillehavet i heilskap er øya Ny-Guinea — den nest største øya i verda. Bortimot alle dei mindre øyane i havet ligg mellom 30°N og 30°S, og strekker seg frå Sørøaut-Asia til Påskeøya. Resten av stillehavsbassenget ligg under vatn.

Det enorme stillehavstriangelet, som går under fellesnemninga Polynesia, knyter saman Hawaii, Påskeøya og New Zealand og omsluttar Cook-øyane, Marquesasøyane, Samoa, Selskapsøyane, Tokelau, Tonga, Tuamotu, Tuvalu og Wallis og Futuna.

Nord for ekvator og vest for den internasjonale datolinja ligg øyriket Mikronesia, med blant anna Karolinane, Marshalløyane og Marianane.

I det sørvestlege hjørnet av Stillehavet ligg Melanesia, som er dominert av Ny-Guinea. Andre viktige øygrupper i Melanesia er Bismarckarkipelet, Fiji, Ny-Caledonia, Salomonøyane og Vanuatu.

Djupner

endre

Stillehavet har store djupner, store delar av det når ned 4 000 meter under havet. Øyane i havet ligg oppå smale vulkanske ryggar som ofte har svært djupe renner ved sida av seg. Rennene kan vera frå 5 000 til 11 000 meter djupe frå havoverflata. I ei av dei finn med det lågaste punktet i havet, Marianegropa, som ligg 10 924 m under havet.

Havstraumar

endre

Kalde straumar austover, som Californiastraumen og Perustraumen, gjer den austre delen av havet kaldare enn den vestre. Varme ekvatorialstraumar vestover gjer at overflatetemperaturen i denne delen kan nå 30 °C.

Randhav og større bukter

endre

Sør-Stillehavet frå sør mot nord:

Nord-Stillehavet frå vest mot aust:

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. Pacific Ocean Encyclopædia Britannica
  2. «Japan Atlas: Japan Marine Science and Technology Center». Henta 4. juli 2007. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Stillehavet