Emiratarabisk geografi

Dei sameinte arabiske emirata er eit land i Midtausten eller Sørvest-Asia, og grensa til Omanbukta og Persiabukta, mellom Oman og Saudi-Arabia. Det ligg strategisk til på sørsida av Hormuzsundet, som er viktig transportåre for råolje i verda. UAE ligg mellom 22°50′ og 26° nordlege breiddegrad og mellom 51° og 56°25′ austlege lengdegrad. Det har ei 19 kilometer lang grense med Qatar i nordvest (i følgje UAE), ei 457 km lang grense med Saudi-Arabia i vest, sør og søraust og ei 609 km grense med Oman i søraust og nordaust. Landet grensa til Qatar i Khawr al Udayd-området, som er eit omstridd område som både Emirata og Saudi-Arabia gjer krav på. Det samla arealet til UAE er kring 83 600 kvadratkilometer. Den nøyaktige storleiken til landet er ukjend, sidan det er fleire uavgjorte territorialkrav på fleire øyar i Persiabukta og område langs grensa til Saudi-Arabia, som ikkje er offisielt trekt opp. Det største emiratet, Abu Dhabi, utgjer 87 % av det samla arealet til UAE (67 340 kvadratkilometer). Det minste emiratet, Ajman, er berre på 259 kvadratkilometer. UAE har den høgaste bygningen i verda.

Emiratarabisk geografi
Kart over Dei sameinte arabiske emirata
Kart over Dei sameinte arabiske emirata
Kart over Dei sameinte arabiske emirata
Plassering
Land Dei sameinte arabiske emirata
Koordinatar 24°N 54°E / 24°N 54°E / 24; 54
Totale landegrenser 1 066 km
Grenseland Saudi-Arabia 457 km
Oman 609 km
Geografi
Areal
- totalt:
- land:
- vatn:

83 600 km²
83 600 km²
0 km²
Kystlinje 1 318 km
Høgder
- høgaste punkt:
- lågaste punkt:

Jabal Yibir 1 527 moh
Persiabukta 0 moh


Arealbruk
Dyrkbar mark 0,5 %
Permanente avlingar 0,5 %
Permanente beitemarker 3,6 %
Skogområde 3,8 %
Anna 91,6 % (2011 est)
Irrigert land 923 km² (2012)
Naturressursar
petroleum, naturgass
Naturfarar
Ofte sandstormar
Miljøproblem
Mangel på ferskvatn kompensert av avsaltingsanlegg. Ørkenspreiing. Strandforureining frå oljeutslepp.

Fysiografi og grenser endre

UAE strekkjer seg meir enn 650 kilometer langs sørkysten av Persiabukta. Det meste av kysten består av saltpanner som strekkjer seg langt inn i landet. Den største naturlege hamna er i Dubai, men ein har mudra opp andre hamner langs kysten ved Abu Dhabi, Sharjah og andre stader. Ein finn fleire øyar i Persiabukta, men om dei høyrer til Emirata, Iran eller Qatar er omstridd. Dei mindre øyane, og mange korallrev og skiftande sandbankar, utgjer ein trugsel for skipsfarten. Kraftig tidvatn og stundom vind opp i storm styrke gjer det vanskeleg å navgiere skip nær kysten.

Emirata har òg ei kring 90 kilometer lang kystelinje langs Omanbukta, eit område kalla Al Batinah-kysten. Al Hajar al Gharbi-fjella (dei vestlege Al Hajar) er somme stader opp mot 2500 meter over havet, mellom Al Batinah-kysten og resten av UAE. Frå og med grensa mellom Emirata og Oman ved Persiabukta og Musandamhalvøya, strekkjer Al Hajar al Gharbi-fjella seg søraustover i kring 150 kilometer. Fjella held fram som Al Hajar ash Sharqi-fjella (dei austlege Al Hajar) i meir enn 500 kilometer inn i Oman. Dei bratte fjellsidene stupar somme stader rett ut i havet. Likevel finst det små hamner ved Omanbukta òg, som i Dibba Al-Hisn, Kalba og Khor Fakkan. I nærleiken av Al Fujayrah, der fjella ikkje møter kysten, er det sandstrender.

Desse nordlege emirata ved Persiabukta og Omanbukta er ein del av økoregionen Omanbukta ørken og halvørken.[1]

 
Sanddyner i Abu Dhabi nær Liwa.

Sør og vest i Abu Dhabi, glir store sanddyner over i ørkenen Rub' al Khali (Den tomme fjerdedelen) i Saudi-Arabia. Det finst to viktige oasar i ørkenområdet i Abu Dhabi med nok grunnvatn til å halde liv i permanente busetjingar og jordbruk. Den store Al Liwa-oasen i sør ligg nær den udefinerte grensa til Saudi-Arabia, og kring 100 kilometer i nordaust ligg Al Buraymi-oasen, som strekkjer seg på begge sider av grensa mellom Abu Dhabi og Oman.

Før britane trekte seg ut av området i 1971, fastsette dei dei indre grensene til dei sju emirata for å hindre grensestridar som kunne hindre at forbundet vart oppretta. Generelt vart desse grensene akseptert, men det har vore noko strid mellom Abu Dhabi og Dubai, og mellom Dubai og Sharjah, som ikkje vart løyst etter Emirata vart sjølvstendig. Dei mest kompliserte grensene finn ein Al Hajar al Gharbi-fjella, der fem av emirata gjer krav på over eit dusin forskjellige enklavar.

Klima endre

Klimaet i Emirata er generelt særs heitt og tørt. Dei varmaste månadane er juli og august, med ein normal maksimumstemperatur over 40 °C på kystsletta. I Al Hajar al Gharbi-fjella er temperaturane lågare på grunn av høgda. Den normale minimumstemperaturen i januar og februar er mellom 10 og 14 °C. På sein sommaren bles ein søraustleg, fuktig vind kalla sharqi, som gjer kystregionane særleg ubehagelege. I kystområda er årsmiddelnedblren mindre enn 120 mm, men i somme fjellområde kan årsnedbøren kome opp i 350 mm. Regnet i kystområda kjem ofte i korte, kraftige byer om sommaren, som stundom fører til flaum i dei elles tørrlagte wadiane. Regionen er stundom utsett for kraftige sandstormar som gjev særs redusert sikt. Jebel Jais-fjella i Ras al Khaimah har fått snø eit par gonger sidan ein byrja å registrere vêret her.[2]

Natur endre

I oasane veks daddelpalmar, akasie og eukalyptus. Vegtasjonen i ørkenen er særs tynn og består av gras og tornebuskar. Det stadeigne dyrelivet vart nesten utrydda på grunn av omfattande jakt, som har ført til bevaringstiltak på øya Bani Yas, sett i gang av sjeik Zayed bin Sultan Al Nahyan i 1970-åra. Dette har gjort at til dømes arabisk oryx og leopardar har overlevd. Langs kysten finn ein fisk som makrell, åbor og tunfisk, i tillegg til hai og kval.

Maritime krav endre

Kontinuerleg sone: 24 nautiske mil

Kontinentalsokkel: 200 nautiske mil eller til kanten av kontinentalmarginen

Eksklusiv økonomisk sone: 200 nautiske mil

Territorialfarvatn: 12 nautiske mil

Miljøavtalar endre

Dei sameinte arabiske emirata er delaktig i fleire internasjonale miljøavtalar som gjeld biologisk mangfald, klimaendringar, ørkenspreiing, utryddingstruga dyreartar, farleg avfall, dumping i havet, vern av ozonlaget

Signert, men ikkje ratifisert: havrett

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Omanbukta ørken og halvørken». Terrestrial Ecoregions. World Wildlife Fund. 
  2. Nasouh Nazzal (24. januar 2009). «Heavy snowfall on Ras Al Khaimah's Jebel Jais mountain cluster». Gulf News. Arkivert frå originalen 2. februar 2009. Henta 5. juni 2016.