Norske vêrrekordar

Dette er ei oversikt over norske vêrrekordar. Oversikten tar for seg dei vanlegaste meteorologiske parametrane, mellom anna temperatur, nedbør og vind.

Nyttårsorkanen på veg inn mot Nordvestlandet 04 UTC 1. januar 1992.
Foto: Met.no

Alle rekordane er frå offisielle målestasjonar der dei fleste er eigd og driven av av Meteorologisk institutt. Ein del stasjoner vert drifta av andre aktørar (Jernbaneverket, NTNU, Bioforsk etc.) og leverer data til instituttet gjennom samarbeidsavtalar.

Listene er ajourførte per 12. september 2010.

Måleinstrument og prosedyrar endre

Det norske vêrstasjonsnettverket endre

Dei første offisielle vêrstasjonane vart oppretta på slutten av 1860-talet då Meteorologisk institutt var skipa. Sidan den gong har stasjonsnettet vakse mykje.

Per mai 2009 har met.no tilgang til data frå kring 230 vêrstasjoner på fastlandet. I tillegg kjem snautt 400 nedbørstasjonar (målestasjonar som berre måler nedbør).

Temperatur endre

For meir om dette emnet, sjå temperatur.
 
Ei vêrhytte, MI-46, teikna i 1946.
Foto: Bioforsk
 
Moderne strålingsskjerm (MI-74) frå ein av Meteorologisk institutt sine automatiske vêrstasjonar.
Foto: Solas

Det vert stilt strenge krav til plassering av meteorologisk utstyr. I Noreg seier standarden at lufttemperatur skal målast to meter over grasdekt mark, der termometeret er plassert i ein kvitmåla strålingsskjerm, som har som hensikt å skjerme mot direkte solinnstråling. Skjermane har endre utsjånad ein god del dei siste 150 åra (sjå bileta).

Tidlegare vart temperaturen observert manuelt ved avlesing av termometer i instrumenthytta, men i seinare år har automatiseringa gjort dette mindre vanleg. Ved dei fleste vêrstasjonar vert temperaturen no målt elektronisk med motstandstermometer (laga av platina).[1]

Maks- og mininimumstemperatur

For meir om dette emnet, sjå maksimumstermometer og minimumstermometer.

Maks- og minimumstemperaturen er respektive den høgaste og lågaste temperaturen som vert observert i løpet av eit temperaturdøgn. På manuelle vêrstasjonar finst det eigne termometer som registrerer høgaste og lågaste temperatur sidan siste nullstilling.

Middeltemperatur

Månadsmiddeltemperatur er gjennomsnittet av døgnmiddeltemperaturar for heile månaden. Tilsvarande er årsmiddeltemperatur eit gjennomsnittet av døgnmiddeltemperaturane gjennom eit heilt år.[2]

Nedbør endre

For meir om dette emnet, sjå nedbør.
 
Automatisk nedbørmåler på Berskog i Drammen.
Foto: Solas

Met.no nyttar i all hovudsak to forskjellige nedbørsmålarar.[3]

  • Den tradisjonelle målaren er basert på ei enkel bøtte med ein viss diameter i toppen. Denne blir tømt ein, to eller fire gonger i døgnet, og innhaldet vert så avlese i eit måleglas der volumet vert vist i mm (høgd) av vassøyle. Ved snø må innhaldet i bøtta smeltast før avlesinga kan skje.
  • Den moderne målaren er automatisk og opererer ved hjelp av vektprinsippet. All nedbør (snø eller vatn) som har falle kjem oppi bøtta. Vektauken i bøtta vert rekna om elektronisk til mm nedbør. Det spelar derfor inga rolle om nedbøren kjem som snø eller vatn.

Døgnnedbør

Døgnnedbør er den nedbørmengda som fell i løpet av eit nedbørdøgn. I Noreg går det offisielle nedbørdøgnet frå 06 UTC til 06 UTC neste dag.

Månads- og årsnedbør

 
Automatisk snødjupnemålar på Bjørnholt i Oslo.
Foto: Met.no

Månadsnedbør er summen av alle døgnnedbørsmålingane i ein månad. Tilsvarande er årsnedbør summen for heile året.

Snødjupne endre

For meir om dette emnet, sjå snø.

Snødjupne vert målt på flatmark. Meteorologisk institutt nyttar to metodar for måling av snødjupne.

Den tradisjonelle (og mest brukte) metoden er å bruke ein målestav som vert sett i bakken før frosten. Denne vert avlest på eit fast tidspunkt i døgnet, vanlegvis kl. 06 UTC (kl. 7 norsk vintertid).[4]

Den moderne metoden tar i bruk avstandsmåling. Ein fastmontert sensor måler avstanden frå sensoren og ned til snøen. Denne avstanden vert trekt i frå høgda til sensoren over bakken. Prosessen skjer elektronisk og snødjupna kan slik overvakast kontinuerleg.

Vind endre

For meir om dette emnet, sjå vind.

Middelvind (10 min.) og vindkast (3 sek.) vert registret normalt i 10 meters høgd i ope landskap.

Tidlegare vart alle vindobservasjonane gjort visuelt. Det vil sei at observatøren såg an vindsnøggleiken (middelvind) ved hjelp av ein versjon av Beauforts skala. Frå byrjinga av 1980-talet vart anemometer meir vanleg på norske vêrstasjonar. Med anemometer vart det òg mogeleg å registrere vindkast i tillegg til middelvind. Framleis finst det stasjonar som gjer vindobservasjonar visuelt.

Lufttemperatur endre

Høgaste og lågaste temperatur endre

Høgaste og lågaste offisielt registrerte lufttemperaturar i Noreg; månadsvis, fylkesvis og på årsbasis i perioden 1990 – d.d..

Månadsvis endre

Månad Temperatur (°C) Stad Dato Temperatur (°C) Stad Dato
Januar 17,9 Tafjord, Møre og Romsdal 1998-01-2828. januar 1998 –51,4 Karasjok, Finnmark 1886-01-011. januar 1886
Februar 18,9 Sunndalsøra, Møre og Romsdal 1990-02-2323. februar 1990 –50,6 Karasjok, Finnmark 1881-02-044. februar 1881
Mars 23,1 Grimstad, Aust-Agder 2012-03-2727. mars 2012 –45,1 Karasjok, Finnmark 1888-03-044. mars 1888
April 27,0 Sarpsborg, Østfold 2000-04-2929. april 2000 –36,5 Karasjok, Finnmark 1924-04-099. april 1924
Mai 31,3 Flekkefjord, Vest-Agder 1908-05-3030. mai 1908 –25,0 Čoavddatmohkki, Finnmark 1971-05-011. mai 1971
Juni 35,6 Nesbyen, Buskerud 1970-06-2020. juni 1970 –12,2 Fannaråki, Sogn og Fjordane a 1938-06-2020. juni 1938
Juli 35,0 Flekkefjord, Vest-Agder b 1897-07-1313. juli 1897 –8,3 Fannaråki, Sogn og Fjordane c 1951-07-055. juli 1951
August 35,0 Staur forsøksgård, Hedmark d 1975-08-066. august 1975 –9,3 Karasjok, Finnmark 1948-08-2929. august 1948
September 28,5 Austad, Vest-Agder e 1906-09-022. september 1906 –16,5 Dividalen, Troms 1928-09-3030. september 1928
Oktober 25,6 Molde lufthamn, Møre og Romsdal 2005-10-1111. oktober 2005 –34,7 Šihččajávri, Finnmark 1942-10-3131. oktober 1942
November 21,8 Tafjord, Møre og Romsdal 2003-11-066. november 2003 –41,8 Karasjok, Finnmark 1904-11-2828. november 1904
Desember 18,3 Sunndalsøra, Møre og Romsdal 1998-12-011. desember 1998 –51,3 Karasjok, Finnmark 1885-12-3131. desember 1885

a) Tangert same stad 2. juni 1962. Fannaråki ligg på 2068 moh. Rekorden for busette strøk er –7,9 °C på Tynset i Hedmark 1. juni 1907.
b) Tangert same stad den 14. juli 1897, i Oslo 21. juli 1901 og Trondheim, Sør-Trøndelag 22. juli 1901.
c) Rekorden for busette strøk er –3,9 °C i Kautokeino i Finnmark 2. juli 1891.
d) Tangert av Drammen, Buskerud 3. august 1982.
e) Tangert av Meråker, Nord-Trøndelag 1. september 1957 og Drammen, Buskerud 3. september 1991.

Fylkesvis endre

Fylke Temperatur (°C) Stad Dato Temperatur (°C) Stad Dato
Østfold 34,2 Rygge flystasjon 3. august 1982 –34,9 Båstad 9. februar 1966
Akershus 35,2 Fornebu 27. juni 1988 –37,5 Vormsund 9. februar 1966
Oslo 35,0 Observatoriet 21. juli 1901 –27,7 Bjørnholt 6. januar 2010
Hedmark 35,0 Staur forsøksgård 6. august 1975 –47,0 Drevsjø 10. januar 1987
Oppland 34,0 Lillehammer 19. juni 1970 –45,0 Lesjaskog 6. januar 1982
Buskerud 35,6 Nesbyen 20. juni 1970 –39,8 Dagali flyplass 7. januar 2010
Vestfold 33,1 Melsomvik 3. august 1982 –33,3 Lauvkollmyra i Sande 4. januar 2003[5]
Telemark 34,6 Vefall i Drangedal 20. juni 1970 –37,8 Gvarv 9. februar 1966
Aust-Agder 33,7 Byglandsfjord 1. juli 1986 –38,0 Hovden 8. januar 1982
Vest-Agder 35,0 Flekkefjord a 13. juli 1897 –33,0 Tjørhom i Sirdal 8. januar 1982
Rogaland 33,5 Sola 10. august 1975 –28,8 Høgaloft b 10. januar 1987
Hordaland 34,0 Voss stasjon 5. juli 1889 –39,6 Finse 7. januar 1982
Sogn og Fjordane 33,3 Fortun i Luster 8. juli 1933 –34,3 Myklemyr i Luster 7. januar 1982
Møre og Romsdal 33,8 Tafjord 16. juli 1945 –29,2 Aursjøen 9. februar 1966
Sør-Trøndelag 35,0 Trondheim 22. juli 1901 –50,4 Røros 13. januar 1914
Nord-Trøndelag 34,5 Stjørdal 17. juli 1945 –40,7 Nordli 15. mars 1940
Nordland 33,1 Finnøy i Hamarøy 3. juli 1972 –44,5 Svenningdal 30. desember 1978
Troms 31,7 Fagerlidal c 20. juni 1939 –44,1 Øverbygd 30. desember 1978
Finnmark 34,3 Šihččajávri 23. juni 1920 –51,4 Karasjok 1. januar 1886

a) Tangert same stad 14. juli 1897.
b) Høgaloft ligg på 1092 moh. Rekorden for busette strøk er –26,0 °C på Mo i Suldal 11. januar 1987.
c) Tangert av Bardufoss lufthamn og Mestervik 3. juli 1972.

Årleg endre

For meir om dette emnet, sjå årlege temperaturekstrem i Noreg.
År Temperatur (°C) Stad Dato Temperatur (°C) Stad Dato
1990 31,0 Nesbyen, Buskerud 3. august –42,4 Karasjok, Finnmark 12. januar
1991 34,6 Nesbyen, Buskerud 7. juli –37,6 Karasjok, Finnmark 24. desember
1992 30,2 Fjærland, Sogn og Fjordane 11. juni –35,1 Øverbygd, Troms 10. januar
1993 29,8 Nesbyen, Buskerud 10. juni –39,0 Šihččajávri, Finnmark 21. februar
1994 32,3 Værnes, Nord-Trøndelag 26. juli –39,6 Karasjok, Finnmark 29. januar
1995 33,6 Nesbyen, Buskerud 25. juni –43,6 Karasjok, Finnmark 30. desember
1996 32,6 Saltdal, Nordland 11. august –40,0 Tynset, Hedmark 2. januar
1997 31,5 Kongsberg, Buskerud 13. august –41,6 Tynset, Hedmark 16. februar
1998 28,5 Tennevoll, Troms 13. juli –44,8 Šihččajávri, Finnmark 4. februar
1999 31,4 Banak, Finnmark 15. juli –51,2 Karasjok, Finnmark 28. januar
2000 30,2 Kirkenes lufthamn, Finnmark 19. juli –37,6 Čoavddatmohkki, Finnmark 29. januar
2001 31,5 Nesbyen, Buskerud 5. juli –43,9 Drevsjø, Hedmark 4. februar
2002 32,5 Høylandet, Nord-Trøndelag 9. juni –40,6 Kautokeino, Finnmark 24. januar
2003 33,1 Nesbyen, Buskerud 10. august –42,5 Karasjok, Finnmark 1. februar
2004 32,4 Vossevangen, Hordaland 11. august –37,5 Šihččajávri, Finnmark 10. februar
2005 32,1 Notodden lufthamn, Telemark 12. juli –39,4 Røros, Sør-Trøndelag 2. mars
2006 32,2 Meråker, Nord-Trøndelag 12. juni –41,4 Čoavddatmohkki, Finnmark 3. mars
2007 32,1 Notodden lufthamn, Telemark 10. juni –39,0 Šihččajávri, Finnmark 13. februar
2008 33,8 Trysil vegstasjon, Hedmark 26. juli –38,7 Čoavddatmohkki, Finnmark 24. februar
2009 34,2 Gulsvik stasjon, Buskerud 3. juli –36,8 Røros, Sør-Trøndelag 18. desember
2010 28,7 Gvarv, Telemark 10. juli –42,4 Tynset, Hedmark 8. januar
2011 33,8 Saltdal, Nordland 11. juni –42,5 Čoavddatmohkki, Finnmark 17. februar
2012 31,1 Gvarv, Telemark 25. mai –39,7 Kautokeino, Finnmark 7. februar
2013 33,4 Byglandsfjord i Aust-Agder 25. mai –41,3 Karasjok i Finnmark 28. januar
2014 34,5 Gulsvik stasjon i Buskerud 23. juli –41,9 Karasjok i Finnmark 20. januar
2015 32.1 Brusdalsvatnet, Møre og Romsdal 2. juli -42,0 Karasjok, Finnmark 12. januar

Høgaste og lågaste månadsmiddeltemperatur endre

Høgaste og lågaste offisielt registrerte månadsmiddeltemperaturer i Noreg; månadsvis og fylkesvis.

Månadsvis endre

Månad Temperatur (°C) Stad År Temperatur (°C) Stad År
Januar 6,4 Lindesnes fyr, Vest-Agder a 1989 –25,5 Karasjok, Finnmark 1893
Februar 6,5 Sunndalsøra, Møre og Romsdal 1990 –27,1 Karasjok, Finnmark 1966
Mars 6,7 Sunndalsøra, Møre og Romsdal 1920 –20,6 Kautokeino, Finnmark 1899
April 9,5 Tafjord, Møre og Romsdal b 1937 –11,4 Šihččajávri, Finnmark 1929
Mai 15,7 Observatoriet, Oslo 1889 –6,5 Fannaråki, Sogn og Fjordane 1944
Juni 20,5 Observatoriet, Oslo 1889 –2,5 Fannaråki, Sogn og Fjordane c 1931
Juli 22,7 Observatoriet, Oslo 1901 –0,4 Fannaråki, Sogn og Fjordane 1951
August 21,0 Fornebu, Akershus 1997 –0,9 Fannaråki, Sogn og Fjordane 1962
September 16,3 Sola, Rogaland 2006 –4,4 Fannaråki, Sogn og Fjordane d 1940
Oktober 12,2 Lindesnes fyr, Vest-Agder e 2001 –10,2 Šihččajávri, Finnmark 1992
November 9,2 Lindesnes fyr, Vest-Agder 2006 –17,8 Karasjok, Finnmark f 1971
Desember 8,2 Lindesnes fyr, Vest-Agder 2006 –23,9 Karasjok, Finnmark 1915
År 9,5 Slåtterøy fyr, Hordaland 2006 –6,7 Fannaråki, Sogn og Fjordane g 1940

a) Òg på Lista fyr, Vest-Agder, Skudenes, Rogaland og Slåtterøy fyr, Hordaland.
b) Tangert i 2009 av Bergen - Florida, Hordaland.
c) Tangert same stad i 1952.
d) Tangert same stad i 1952.
e) Tangert i 2006 av Kvitsøy, Rogaland.
f) Tangert same stad i 1983.
g) Tangert same stad i 1942 og 1952.

Fylkesvis endre

Fylke Temperatur (°C) Stad Månad Temperatur (°C) Stad Månad
Østfold 20,7 Kalnes i Sarpsborg Juli 1955 –13,7 Brekke sluse i Halden Februar 1947
Akershus 21,9 Fornebu Juli 1955 –17,2 Dikemark i Asker Februar 1947
Oslo 22,7 Observatoriet Juli 1901 –13,1 Blindern Februar 1947
Hedmark 20,5 Vang på Hedmark Juli 1914 –22,9 Tynset Desember 1981
Oppland 20,2 Lillehammer Juli 1901 –24,6 Vollen i Slidre Januar 1917
Buskerud 20,5 Drammen - Marienlyst August 1997 a –23,3 Nesbyen Januar 1917
Vestfold 20,7 Færder fyr August 1997 –13,9 Ramnes Februar 1947
Telemark 20,8 Løveid i Skien Juli 1901 b –17,7 Gaustatoppen Januar 1942
Aust-Agder 19,8 Torungen fyr Juli 1901 c –13,3 Bjåen i Bykle Februar 1970
Vest-Agder 21,6 Kristiansand S - Eg Juli 1901 –12,6 Tjørhom i Sirdal Desember 1981
Rogaland 19,4 Nedre Vats i Vindafjord August 2002 –11,8 Sauda Januar 1941
Hordaland 20,0 Granvin Juli 1901 –17,1 Slirå Januar 1942 d
Sogn og Fjordane 21,1 Lærdal Juli 1901 –17,2 Fannaråki Januar 1942
Møre og Romsdal 18,7 Sunndal Juli 1901 –12,2 Sunndal Februar 1947
Sør-Trøndelag 18,1 Trondheim Juli 1901 –19,8 Røros Januar 1942
Nord-Trøndelag 19,4 Steinkjer Juli 1914 –19,0 Nordli i Lierne Februar 1966
Nordland 18,8 Mo i Rana Juli 1937 –20,3 Svenningdal i Grane Desember 1978
Troms 18,3 Dividalen i Målselv Juli 1934 –19,6 Øverbygd Februar 1966
Finnmark 19,5 Pasvik i Sør-Varanger Juli 1960 –27,1 Karasjok Februar 1966

a) Tangert av Drammen - Berskog i juli 2006.
b) Tangert av Vefall i Drangedal og Dalen i Telemark i juli 1955.
c) Tangert av Lyngør fyr i august 1947 og august 1997.
d) Tangert av Finse i desember 1981.

Flest sommardagar endre

Definisjonar endre

Internasjonal definisjon

  • Sommardag: Eit døgn der maksimumstemperaturen er lik eller større enn 25,0 °C.

Norske definisjonar

  • Nordisk sommardag: Eit døgn der maksimumstemperaturen er lik eller større enn 20,0 °C.
  • Tropedag: Eit døgn der maksimumstemperaturen er lik eller større enn 30,0 °C.

Månadsvis endre

Månad Nordiske sommardagar Stad År Sommardagar Stad År Tropedagar Stad År
April 6 Nesbyen, Buskerud 1993 2 Prestebakke, Østfold a 1993
Mai 21 Blindern, Oslo 1947 14 Nesbyen, Buskerud 1992 1 Flekkefjord, Vest-Agder b 1908
Juni 30 Gvarv, Telemark c 1992 22 Nesbyen, Buskerud 1988 10 Observatoriet, Oslo 1889
Juli 31 Observatoriet, Oslo d 1901 29 Observatoriet, Oslo 1901 18 Observatoriet, Oslo 1901
August 31 Flisa, Hedmark e 1947 27 Blindern, Oslo 1947 10 Nesbyen, Buskerud f 1975
September 16 Skotterud, Hedmark 1959 4 Skotterud, Hedmark g 1958
Oktober 10 Tafjord, Møre og Romsdal 2005 1 Tafjord, Møre og Romsdal h 2000
November 1 Tafjord, Møre og Romsdal 2003

a) Òg Fosser og Kongsberg same år.
b) Tangert av Kongsberg i 2000.
c) Òg Nelaug same år.
d) Tangert ei rekkje gonger seinare.
e) Òg Blindern og Kjevik same år. Rekorden er seinare tangert ei rekkje gonger, siste gong i 2002.
f) Òg Modum, Drammen og Gvarv same år.
g) Tangert av Skotterud, Kongsberg og Modum i 1959.
h) Tangert av Molde lufthamn, Høylandet og Hjelvik i 2005.

Fylkesvis endre

Fylke Nordiske sommerdagar Stad År Sommerdagar Stad År Tropedagar Stad År
Østfold 93 Sarpsborg 2006 38 Eidsberg 1955 8 Kalnes i Sarpsborg g 1975
Akershus 102 Fornebu 1959 46 Fornebu 1955 9 Ås - NLH h 1955
Oslo 106 Blindern 1947 62 Blindern 1947 19 Observatoriet 1901
Hedmark 103 Skotterud 1959 47 Flisa 1947 8 Skotterud i 1975
Oppland 92 Vinstra 1959 38 Vinstra 1955 9 Vinstra j 1955
Buskerud 106 Kongsberg 1959 51 Kongsberg 1955 18 Kongsberg 1955
Vestfold 95 Valle i Sande a 2002 32 Galleberg i Sande 1997 7 Slagentangen 1975
Telemark 103 Notodden lufthamn 2006 51 Gvarv 1955 13 Gvarv 1955
Aust-Agder 91 Nelaug 2006 34 Byglandsfjord 1955 8 Nelaug 1975
Vest-Agder 93 Tonstad 1959 30 Kjevik 1955 4 Tonstad 1955
Rogaland 81 Eik - Hove i Lund 2006 35 Sauda 1997 8 Sauda 1982
Hordaland 81 Kvamsøy 2006 37 Kvamsøy 2006 9 Voss k 1982
Sogn og Fjordane 75 Moldo i Lærdal b 1997 34 Fjærland 1997 6 Fortun i Luster 1982
Møre og Romsdal 85 Sunndalsøra 2002 27 Tafjord d 2002 4 Sunndalsøra 2002
Sør-Trøndelag 76 Øyum i Orkdal 2002 30 Øyum i Orkdal 2002 9 Trondheim 1901
Nord-Trøndelag 80 Drageidet i Høylandet 2002 37 Drageidet i Høylandet 2002 4 Værnes l 1947
Nordland 72 Saltdal 2002 26 Saltdal 2002 5 Finnøy i Hamarøy 1972
Troms 39 Bardufoss lufthamn c 1960 16 Bardufoss lufthamn e 1972 5 Bardufoss lufthamn m 1972
Finnmark 43 Karpbukt i Sør-Varanger 1960 22 Karpbukt i Sør-Varanger f 1960 6 Karasjok n 1972

a) Tangert av Galleberg i Sande i 2006.
b) Òg Fjærland same år. Tangert same stad i 2006.
c) Tangert av Tennevoll i 1997.
d) Òg Sunndalsøra same år.
e) Òg Dividalen same år.
f) Tangert av Pasvik i 1972.
g) Òg Eidsberg og Rygge same år.
h) Tangert av Fornebu i 1975.
i) Òg Staur forsøksgård same år. Tangert av Magnor og Vinger i 1982.
j) Tangert av Lillehammer i 1975.
k) Tangert av Vossevangen i 2008.
l) Tangert same stad i 1994. Deretter tangert av Høylandet i 2002, Verdal i 2008 og Steinkjer i 2008.
m) Òg Dividalen same år.
n) Òg Kirkenes lufthamn same år.

Årleg endre

År Nordiske sommerdagar Stad Sommerdagar Stad Tropedagar Stad
1990 79 Fornebu, Akershus 28 Nesbyen, Buskerud 2 Nesbyen, Buskerud
1991 76 Nesbyen, Buskerud 26 Nesbyen, Buskerud 6 Nesbyen, Buskerud
1992 86 Fornebu, Akershus 33 Nesbyen, Buskerud 1 Fjærland, Sogn og Fjordane a
1993 64 Nesbyen, Buskerud 13 Nesbyen, Buskerud 0 Ingen
1994 70 Fornebu, Akershus 37 Magnor, Hedmark 12 Nesbyen, Buskerud
1995 83 Nesbyen, Buskerud 39 Nesbyen, Buskerud 13 Nesbyen, Buskerud
1996 80 Drammen, Buskerud 26 Nesbyen, Buskerud 2 Saltdal, Nordland
1997 94 Drammen, Buskerud 49 Nesbyen, Buskerud 7 Drammen, Buskerud
1998 60 Nesbyen, Buskerud 9 Nesbyen, Buskerud 0 Ingen
1999 83 Drammen, Buskerud 27 Nesbyen, Buskerud 5 Nesbyen, Buskerud
2000 74 Nesbyen, Buskerud 20 Nesbyen, Buskerud 1 Kongsberg, Buskerud b
2001 69 Nesbyen, Buskerud 23 Nesbyen, Buskerud 3 Nesbyen, Buskerud
2002 103 Nesbyen, Buskerud 42 Nesbyen, Buskerud 4 Sunndalsøra, Møre og Romsdal c
2003 90 Nesbyen, Buskerud 30 Nesbyen, Buskerud 7 Nesbyen, Buskerud
2004 74 Notodden lufthamn, Telemark 16 Blindern, Oslo 4 Voss, Hordaland d
2005 78 Drammen, Buskerud 19 Notodden lufthamn, Telemark 4 Blindern, Oslo e
2006 103 Drammen, Buskerud f 44 Notodden lufthamn, Telemark 8 Nesbyen, Buskerud
2007 78 Drammen, Buskerud 19 Notodden lufthamn, Telemark 4 Drammen, Buskerud
2008 77 Notodden lufthamn, Telemark 30 Notodden lufthamn, Telemark 9 Voss, Hordaland
2009 79 Notodden lufthamn, Telemark 20 Alna, Oslo g 6 Blindern, Oslo h
2010 77 Gvarv, Telemark 19 Gulsvik stasjon, Buskerud i 0 Ingen
2011 57 Drammen, Buskerud 16 Namsskogan, Nord-Trøndelag 4 Saltdal, Nordland
2012 70 Gvarv, Telemark j 12 Gvarv, Telemark k 2 Gvarv, Telemark

a) Òg på Fornebu, Akershus og Værnes, Nord-Trøndelag.
b) Òg på Kirkenes lufthamn, Finnmark.
c) Òg på Høylandet, Nord-Trøndelag.
d) Òg på Kvamsøy, Hordaland.
e) Òg på Hønefoss/Drammen, Buskerud, Notodden lufthamn, Telemark og Saltdal, Nordland.
f) Òg på Notodden lufthamn, Telemark.
g) Òg på Aurskog, Akershus.
h) Òg på Gulsvik stasjon/Hønefoss, Buskerud og Vossevangen, Hordaland.

Tropenetter endre

Definisjonar endre

  • Tropenatt: Ei natt der minimumstemperaturen ikkje fell under 20,0 °C.

Tidlegaste og seinaste dato for tropenatt endre

Tidlegaste tropenatt: 12. mai 1981, 20,3 °C i Bergen, Hordaland.
Seinaste tropenatt: 24. september 1938, 20,1 °C på Kråkenes fyr, Sogn og Fjordane.

Varmaste tropenetter endre

Lista er ikkje komplett.

Minimumstemperatur (°C) Stad Dato
25,5 Halden, Østfold 9. juli 1933[6]
25,0 Sunndalsøra, Møre og Romsdal 29. august 1997
24,7 Grøtøy, Nordland 1. juli 1972
24,6 Lærdal, Sogn og Fjordane 23. juli 1901[7]
24,5 Tonnes, Nordland 8. august 1939[8]
24,2 Oppstryn, Sogn og Fjordane 7. august 1939[9]
24,2 Makkaur fyr, Finnmark 30. juli 1960
23,9 Tingvoll, Møre og Romsdal 29. august 1997
23,7 Oppstryn, Sogn og Fjordane 6. september 1949[10]
23,7 Oppstryn, Sogn og Fjordane 18. juni 1966
23,6 Lyngør fyr, Aust-Agder 11. august 1975
23,5 Bergen, Hordaland 3. juli 1968
23,4 Meråker, Nord-Trøndelag 13. juli 1941[11]
23,4 Skrova fyr, Nordland 15. juli 1961
23,4 , Nordland 15. juli 1961
23,4 Tafjord, Møre og Romsdal 16. juli 1982
23,2 Vinjeøra, Sør-Trøndelag 29. august 1997
23,0 Sunndalsøra, Møre og Romsdal 9. august 1997
22,9 Bergen, Hordaland 25. juni 1876[12]
22,8 Færder fyr, Vestfold 10. august 1975
22,7 Færder fyr, Vestfold 24. juli 1925[13]
22,7 Makkaur fyr, Finnmark 20. juli 2000
22,6 Færder fyr, Vestfold 22. juli 1901[14]
22,6 Oppstryn, Sogn og Fjordane 24. juni 1933[15]
22,6 Lista fyr, Vest-Agder 8. juli 2001
22,5 Færder fyr, Vestfold 11. august 1975
22,5 Færder fyr, Vestfold 8. august 1982

Soltimar endre

Flest soltimar endre

Månad Soltimer Stad År
Januar 108,3 Blindern, Oslo 1979
Februar 153,1 Kjevik, Vest-Agder 1986
Mars 233,3 Sørnesset, Hedmark 1964
April 301,9 Kjevik, Vest-Agder 1974
Mai 345,8 Kjevik, Vest-Agder 1991
Juni 362,0 Kjevik, Vest-Agder 1974
Juli 390,1 Kjevik, Vest-Agder 1955
August 342,9 Kjevik, Vest-Agder 1995
September 241,4 Kjevik, Vest-Agder 1959
Oktober 165,5 Blindern, Oslo 2003
November 110,8 Lyngør fyr, Aust-Agder 1988
Desember 78,7 Blindern, Oslo 1975
År 2107,2 Kjevik, Vest-Agder 1959

Nedbør endre

Største døgnnedbør endre

Månadsvis endre

Månad Nedbør (millimeter) Stad Dato
Januar 206,0 Grøndalen, Sogn og Fjordane 11. januar 1992
Februar 181,8 Lurøy, Nordland 14. februar 1961
Mars 175,0 Opstveit, Hordaland 2. mars 1997
April 143,5 Samnanger, Hordaland 10. april 1999
Mai 134,6 Sausvatnet, Nordland 31. mai 1982
Juni 165,5 Lurøy, Nordland 12. juni 1973
Juli 155,6 Lurøy, Nordland 20. juli 1982
August 173,2 Mykland, Aust-Agder 28. august 1939
September 179,5 Opstveit, Hordaland 14. september 2005
Oktober 184,6 Takle, Sogn og Fjordane 27. oktober 1995
November 229,6 Indre Matre, Hordaland a 26. november 1940
Desember 218,4 Indre Matre, Hordaland 6. desember 1955

a) Målaren rann over. Den faktiske døgnnedbøren kan såleis ha vore noko høgare.[16]

Fylkesvis endre

Fylke Nedbør (millimeter) Stad Dato
Østfold 96,6 Trolldalen i Moss 23. august 1988
Akershus 95,0 Dikemark i Asker 5. oktober 1905[17]
Oslo 104,3 Bjørnholt i Nordmarka 29. august 1901
Hedmark 149,5 Magnor i Eidskog 25. august 1996
Oppland 109,1 Tyinkrysset 4. februar 1993
Buskerud 113,2 Heggelia i Nordmarka 28. oktober 1959
Vestfold 139,1 Natvoll i Sandar 25. august 1950[18]
Telemark 168,6 Drangedal 15. august 1896
Aust-Agder 173,2 Mykland 28. august 1939
Vest-Agder 159,2 Bakke 15. desember 1936
Rogaland 190,0 Jørpeland 26. november 1940[19]
Hordaland 229,6 Indre Matre i Kvinnherad a 26. november 1940
Sogn og Fjordane 207,8 Hovlandsdal 26. november 1940
Møre og Romsdal 178,5 Eide på Nordmøre 18. september 1978
Sør-Trøndelag 143,9 Momyr i Åfjord 31. januar 2006
Nord-Trøndelag 129,5 Brattingfoss i Verran 25. november 1983
Nordland 181,8 Lurøy på Helgeland 14. februar 1961
Troms 110,1 Kobberpollen på Skjervøy 28. januar 1992
Finnmark 98,5 Lanabukt i Sør-Varanger 21. juni 1977

a) Se kommentar over.

Største månadsnedbør endre

Månadsvis endre

Månad Nedbør (millimeter) Stad År
Januar 1190 Grøndalen, Sogn og Fjordane Januar 1989
Februar 833 Samnanger, Hordaland Februar 1998
Mars 988 Samnanger, Hordaland Mars 1938
April 677 Hovlandsdal, Sogn og Fjordane April 1922
Mai 602 Samnanger, Hordaland Mai 1982
Juni 567 Samnanger, Hordaland Juni 1961
Juli 643 Lurøy, Nordland Juli 1982
August 829 Lurøy, Nordland August 1983
September 929 Hovlandsdal, Sogn og Fjordane September 1975
Oktober 1117 Brekke, Sogn og Fjordane Oktober 1983
November 919 Haukeland, Hordaland November 1986
Desember 1064 Samnanger, Hordaland Desember 1975

Fylkesvis endre

Fylke Nedbør (millimeter) Stad Månad
Østfold 351 Moss November 2000
Akershus 507 Jeppedalen i Hurdal November 2000
Oslo 564 Bjørnholt i Nordmarka November 2000
Hedmark 380 Storåsen på Sjusjøen November 2000
Oppland 357 Nordre Etnedal August 1951
Buskerud 612 Mykle November 2000
Vestfold 553 Hedrum November 2000
Telemark 582 Farsjø November 2000
Aust-Agder 670 Nelaug November 2000
Vest-Agder 711 Konsmo November 2000
Rogaland 1049 Ulladal i Suldal Januar 1983
Hordaland 1150 Haukeland i Masfjorden Januar 1989
Sogn og Fjordane 1190 Grøndalen i Flora Januar 1989
Møre og Romsdal 797 Overøye i Stordal Desember 1975
Sør-Trøndelag 665 Hemne Desember 1975
Nord-Trøndelag 715 Follavatn i Verran Desember 1975
Nordland 965 Strompdal i Velfjord Mars 1953
Troms 466 Eidet i Gullesfjorden Desember 2003
Finnmark 265 Gamvik Mars 1953

Høgaste og lågaste årsnedbør endre

Fylke Nedbør (millimeter) Stad År Nedbør (millimeter) Stad År
Østfold 1372 Prestebakke i Halden 2000 335 Haga i Eidsberg 1947
Akershus 1672 Jeppedalen i Hurdal 2000 302 Fornebu 1947
Oslo 1823 Bjørnholt i Nordmarka 2000 320 St. Hanshaugen 1921
Hedmark 1574 Storåsen på Sjusjøen 2000 184 Tynset 1904
Oppland 1391 Bygdin 1950 65 Hjerkinn 1914
Buskerud 2005 Mykle 2000 242 Breidokk i Gol 1904
Vestfold 1727 Solli i Stokke 2000 396 Sandefjord 1947
Telemark 1886 Besstul i Gjerpen 2000 297 Øvre Mår i Tinn 1955
Aust-Agder 2306 Senumstad i Birkenes 2000 419 Bjåen i Bykle 1915
Vest-Agder 3660 Skreådalen i Øvre Sirdal 1967 587 Lindesnes fyr 1941
Rogaland 4298 Ulladal i Suldal 1983 697 Utsira fyr 1933
Hordaland 5303 Haukeland i Masfjorden 1990 259 Vivelid i Eidfjord 1933
Sogn og Fjordane 5596 Brekke i Sogn 1990 227 Lærdal 1915
Møre og Romsdal 3504 Ørsta vegstasjon 1983 251 Aursjøen 1951
Sør-Trøndelag 3218 Momyr i Åfjord 1973 189 Drivstuen i Oppdal 1914
Nord-Trøndelag 2840 Liafoss i Nærøy 1983 413 Tunnsjø i Lierne 1937
Nordland 4265 Lurøy på Helgeland 1964 74 Saltdal 2005
Troms 2622 Eidet i Gullesfjorden 2003 92 Ankerlia i Kåfjord 1913
Finnmark 1370 Loppa 1975 148 Šihččajávri 1941

Største snødjupne endre

Alle snømålingane i tabellane er frå met.no sine vær- og nedbørstasjoner. Enkelte år har NVE målt snødjupner på over 12 meter på Svartisen og Ålfotbreen.[20]

Månadsvis endre

Månad Snødjupne (cm) Stad Dato
Januar 486 Grjotrusti, Hordaland a 30. januar 1918
Februar 572 Grjotrusti, Hordaland 27. februar 1918
Mars 576 Grjotrusti, Hordaland 30. mars 1918
April 585 Grjotrusti, Hordaland 3. april 1918
Mai 490 Grjotrusti, Hordaland Mai 1920
Juni 341 Grjotrusti, Hordaland 1. juni 1927
Juli 190 Grjotrusti, Hordaland 1. juli 1923
August 106 Fannaråki, Sogn og Fjordane 31. august 1962
September 168 Fannaråki, Sogn og Fjordane 19. september 1962
Oktober 200 Innerdal, Møre og Romsdal 27. oktober 1997
November 210 Grjotrusti, Hordaland 30. november 1916
Desember 365 Grjotrusti, Hordaland 25. desember 1917

a) Grjotrusti (1300 moh.) ligg ved det høgaste punktet på strekninga av Bergensbanen (no nedlagt) over Taugevatn.

Fylkesvis endre

Fylke Snødjupne (cm) Stad Dato
Østfold 165 Ørje Februar 1920
Akershus 235 Asker batteri 31. mars 1988
Oslo 302 Tryvannshøgda 8. april 1951
Hedmark 225 Os i Østerdalen 25. mars 1902
Oppland 394 Sognefjellhytta 31. mars 1989
Buskerud 300 Geilo 6. mars 1936
Vestfold 180 Hedrum i Larvik 26. februar 1900
Telemark 340 Haukeliseter brøytestasjon 27. mars 1989
Aust-Agder 290 Bjåen i Bykle 24. mars 1993
Vest-Agder 263 Skreådalen i Øvre Sirdal 12. april 1962
Rogaland 176 Suldalsvatnet 25. mars 1994
Hordaland 585 Grjotrusti 3. april 1918
Sogn og Fjordane 395 Myrdal i Aurland 15. februar 1925
Møre og Romsdal 270 Innerdal 29. februar 1924
Sør-Trøndelag 329 Lysvatnet i Åfjord Mars 1940
Nord-Trøndelag 310 Sandåmo i Namsskogan 16. februar 1976
Nordland 370 Dunderlandsdalen 12. mars 1920
Troms 260 Innset i Bardu April 1943
Finnmark 246 Porsa gruber i Kvalsund April 1911

Vind endre

Sterkeste registrerte middelvind og vindkast (1957 - dd.) endre

Fylke Middelvind (m/s) Stad Dato Vindkast (m/s) Stad Dato
Østfold 30,9 Jeløya a 26. september 1963 33,4 Gullholmen fyr 5. oktober 2008
Akershus 22,6 Gardermoen a 5. november 1957 31,9 Fornebu 6. desember 1986
Oslo 26,8 Tryvannshøgda a 18. desember 1992 28,8 Blindern 16. oktober 1987
Hedmark 28,8 Sæter i Kvikne a 29. januar 1989 - - -
Oppland 35,0 Sognefjellhytta a 29. desember 1980 40,6 Fokstugu 18. januar 1993
Buskerud 26,8 Geilo a 21. januar 1957 - - -
Vestfold 35,0 Færder fyr a 20. desember 1968 35,0 Færder fyr 14. januar 2007
Telemark 30,9 Langøytangen fyr a 13. januar 1984 37,5 Møsstrand 14. januar 2007
Aust-Agder 35,0 Torungen fyr a 13. januar 1957 38,1 Torungen fyr 12. januar 2005
Vest-Agder 35,0 Lista fyr a 22. september 1969 41,7 Lista fyr 30. oktober 2000
Rogaland 37,0 Obrestad fyr 16. oktober 1987 42,7 Utsira fyr 16. oktober 1987
Hordaland 35,8 Slåtterøy fyr 14. januar 2007 47,6 Slåtterøy fyr 14. januar 2007
Sogn og Fjordane 43,9 Kråkenes fyr 3. januar 2000 60,1 Kråkenes fyr 3. januar 2000
Møre og Romsdal 46,0 Svinøy fyr 1. januar 1992 62,0 Svinøy fyr 1. januar 1992
Sør-Trøndelag 40,0 Halten fyr 1. januar 1992 55,0 Halten fyr 1. januar 1992
Nord-Trøndelag 41,2 Nordøyan fyr 1. januar 1992 45,3 Sklinna fyr 12. januar 1983
Nordland 37,0 Myken fyr 11. januar 2005 51,4 Andøya 1. februar 1993
Troms 37,0 Torsvåg fyr 15. november 1996 46,3 Fugløykalven fyr 31. januar 1997
Finnmark 35,0 Slettnes fyr a 20. desember 1992 43,7 Vardø radio 3. januar 1993

a) Visuell observasjon. Den faktiske vindstyrke kan såleis ha vore høgare eller lågare.

Ved visuelle observasjonar vil det i mange tilfelle skje tangeringar av rekordene, både på same stad og andre stader i fylket.

Flest døgn med stiv kuling i middelvind (1957 - dd.) endre

Flest døgn med orkan i middelvind (1957 - dd.) endre

Lufttrykk endre

Høgaste lufttrykk: 1061,3 hPa 23. januar 1907 i Dalen, Telemark.
Lågaste lufttrykk: 939,8 hPa 27. januar 1884 i Bergen, Hordaland.

Diverse endre

17. mai endre

Høgaste temperatur: 28,6 °C 17. mai 1960 i Melsomvik, Vestfold
Lågaste temperatur: –20,9 °C 17. mai 1909Finse, Hordaland[21]

24. desember endre

Høgaste temperatur: 17,2 °C 24. desember 1942 i Tafjord, Møre og Romsdal[22]
Lågaste temperatur: –43,9 °C 24. desember 1919 i Karasjok, Finnmark
Største døgnnedbør: 107,0 mm 24. desember 1933 i Eide, Møre og Romsdal

Flest frostdøgn (1957 - dd.) endre

Frostdøgn er døgn der minimumstemperaturen er –0,1 °C eller lågare.

Lengste periode med kuldegrader endre

Lengste periode der maksimumstemperaturen ikkje går over –0,1 °C (1957 - dd.)

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. ’’Måleprosedyrer for temperatur’’, arkivert frå originalen 28. juli 2009, henta 1. februar 2010 
  2. Middeltemperatur, arkivert frå originalen 3. mai 2009, henta 1. februar 2010 
  3. ’’Utstyr for måling av nedbør’’, arkivert frå originalen 23. februar 2008, henta 1. februar 2010 
  4. ’’Utstyr for måling av snødybde’’, arkivert frå originalen 23. februar 2008, henta 1. februar 2010 
  5. met.no - Klimatologisk månadsoversikt - januar 2003 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 16. desember 2010, henta 1. februar 2010 
  6. Riksarkivet - S-1570 Det norske meteorologiske institutt - Db - Månadlige observasjonsskjemaer - værstasjoner | L0105 4F1 167 1/7 | 0002 Halden 01.1931 - 12.1936, arkivert frå originalen 17. november 2011, henta 1. februar 2010 
  7. Riksarkivet - S-1570 Det norske meteorologiske institutt - Db - Månadlige observasjonsskjemaer - værstasjoner | L0038 4F1 187 1/3 | 0002 Lærdal 01.1891 - 12.1920, arkivert frå originalen 17. november 2011, henta 1. februar 2010 
  8. Riksarkivet - S-1570 Det norske meteorologiske institutt - Db - Månadlige observasjonsskjemaer - værstasjoner | L0215 4F1 163 1/2 | 0005 Tonnes i Helgeland 01.1937 - 12.1942, arkivert frå originalen 17. november 2011, henta 1. februar 2010 
  9. Riksarkivet - S-1570 Det norske meteorologiske institutt - Db - Månadlige observasjonsskjemaer - værstasjoner | L0211 4F1 162 1/8 | 0002 Opstryn 01.1937 - 12.1942, arkivert frå originalen 17. november 2011, henta 1. februar 2010 
  10. Riksarkivet - S-1570 Det norske meteorologiske institutt - Db - Månadlige observasjonsskjemaer - værstasjoner | L0322 4F1 158 1/9 | 0001 Opstryn 01.1943 - 12.1953, arkivert frå originalen 17. november 2011, henta 1. februar 2010 
  11. Riksarkivet - S-1570 Det norske meteorologiske institutt - Db - Månadlige observasjonsskjemaer - værstasjoner | L0213 4F1 162 1/10 | 0009 Meråker II 01.1937 - 12.1942, arkivert frå originalen 17. november 2011, henta 1. februar 2010 
  12. Riksarkivet - S-1570 Det norske meteorologiske institutt - Db - Månadlige observasjonsskjemaer - værstasjoner | L0035 4F1 187 1/2 | 0006 Bergen (Pleiestiftelsen) 05.1861 - 12.1885, arkivert frå originalen 17. november 2011, henta 1. februar 2010 
  13. Riksarkivet - S-1570 Det norske meteorologiske institutt - Db - Månadlige observasjonsskjemaer - værstasjoner | L0018 4F1 185 1/10 | Hylle 1-10 og 186 1-1 | 0006 Ferder 01.1911 - 12.1930, arkivert frå originalen 17. november 2011, henta 1. februar 2010 
  14. Riksarkivet - S-1570 Det norske meteorologiske institutt - Db - Månadlige observasjonsskjemaer - værstasjoner | L0018 4F1 185 1/10 | Hylle 1-10 og 186 1-1 | 0005 Ferder 10.1885 - 12.1910, arkivert frå originalen 17. november 2011, henta 1. februar 2010 
  15. Riksarkivet - S-1570 Det norske meteorologiske institutt - Db - Månadlige observasjonsskjemaer - værstasjoner | L0110 4F1 167 1/9 | 0004 Opstryn (Skåre) 1931 - 1936, arkivert frå originalen 17. november 2011, henta 1. februar 2010 
  16. Varviggo - Rekordnedbør
  17. Varviggo - Største døgnnedbør Akershus, arkivert frå originalen 9. mars 2009, henta 1. februar 2010 
  18. Varviggo - Største døgnnedbør Vestfold, arkivert frå originalen 9. mars 2009, henta 1. februar 2010 
  19. Varviggo - Største døgnnedbør Rogaland, arkivert frå originalen 9. mars 2009, henta 1. februar 2010 
  20. Ålfotbreen, arkivert frå originalen 6. august 2007, henta 1. februar 2010 
  21. Varviggo - Varmerekorden på nasjonaldagen stammer fra 1960 - i Oslo er rekorden 25,7 grader fra 1980[daud lenkje]
  22. Varviggo - JULAFTEN: - Fra 17 pluss til 44 minus har vi her hjemme på berget opplevd[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff endre