Eit juleeventyr
Eit juleeventyr (engelsk originaltittel A Christmas Carol. In Prose. Being a Ghost Story of Christmas.) er ei juleforteljing av Charles Dickens frå 1843.[1][2] Ho er ein kortroman som kom ut i bokform den 19. desember 1843 på Chapman & Hall forlag. Boka skildrar omvendinga til den gamle gniaren Ebenezer Scrooge, som i løpet av ei jul der han møter fleire ander går frå å vera ein bitter, sjølvisk julehatar til å bli gåvmild og gleda seg over høgtida. Eit juleeventyr blei raskt særs populært i den samtidige viktoriatida, med si store interesse for moralske fablar og gamle og nye juleskikkar. Ho har vore kontinuerleg i trykk sidan ho blei gjeven ut, er omsett til ei rekkje språk, og er blitt dramatisert og filmatisert ei rekkje gonger.
A Christmas Carol | |||
| |||
Forfattar(ar) | Charles Dickens | ||
---|---|---|---|
Språk | britisk-engelsk, engelsk | ||
Sjanger | julefiksjon, kortroman | ||
Utgjeven | 19. desember 1843 | ||
Forlag | Chapman and Hall |
Handling
endreEit juleeventyr handlar om den kalde og sjølvopptekne forretningsmannen Ebenezer Scrooge, som berre tenkjer på å tena pengar og misliker julefeiringa fordi ho forstyrrar arbeidet hans. Han avviser nevøen sine juleønskingar med eit «bah, humbug», nektar å gje pengar til eit godt føremål så lenge det finst fengsel og fattighus, og gjev svært uvillig den hardt pressa skrivaren sin fri på juledagen.
På julekvelden blir han vitja av til skrømtet til den avdøde kompanjongen sin, Marley, som åtvarar han om at dei materielle godene han tek til seg i dette livet blir til lenkjer etter dauden. Marley fortel Scrooge at han vil bli vitja av tre ander, og ber han lytta til dei for si eiga skuld.
Om natta blir Scrooge vitja av anden til juler som har vore, som viser han juleopplevingane hans som barn og ungdom; anden av jula no, som viser han julefeiringa til folk han kjenner, og anden av juler som skal koma, som viser han korleis han kjem til å døy, einsam og usakna, dersom han held fram med det gjerrige leveviset sitt.
Scrooge vaknar som ein omvend mann. Han sender ein stor kalkun til den fattige skrivaren sin, Bob Cratchit, for å hjelpa familien og redda den vesle, sjukelege sonen deira, «Tiny Tim». Han gjev ein stor sum til innsamlaren han hadde avvist dagen før. Til slutt vitjar Scrooge nevøen sin som hadde invitert han til julefest, og blir etter dette ein gåvmild mann som feirar jul kvart år.
« | He had no further intercourse with Spirits, but lived upon the Total Abstinence Principle, ever afterwards; and it was always said of him, that he knew how to keep Christmas well, if any man alive possessed the knowledge. May that be truly said of us, and all of us! And so, as Tiny Tim observed, God bless us, everyone! | » |
—Sluttorda frå «A Christmas Carol» |
Bakgrunn og utgjeving
endreCharles Dickens var frå ein mellomklassefamilie som fekk økonomiske vanskar. I 1824 blei far hans, John Dickens, sett i gjeldsfengsel i Marshalsea i Southwark i London. Den 12 år gamle Charles blei nøydd til å pantsetja boksamlinga si, avbryta skulegangen og ta arbeid i ein skokremfabrikk. Endringa i levekåra hans og erfaringane frå denne tida var grunnleggjande for forfattarskapen til Dickens.[3]
Julefeiring hadde auka i popularitet i viktoriatida.[4] Juletreet var blitt popularisert av dronning Victoria og prins Albert, og blei sett opp i stadig fleire heimar i heile landet.[5] Tidleg på 1800-talet hadde også interessa auka for julesongar, etter at desse hadde gått tilbake i det siste hundreåret. Davies Gilbert sitt verk Some Ancient Christmas Carols, With the Tunes to Which They Were Formerly Sung in the West of England frå 1823 William Sandys sitt Christmas Carols, Ancient and Modern frå 1833 gjorde songane meir utbreidde att i Storbritannia.[6]
Dickens hadde sjølv ei interesse for jul. Den fyrste forteljinga hans om høgtida var «Christmas Festivities», som kom ut i Bell's Life in London i 1835,[7] og seinare som «A Christmas Dinner» i Sketches by Boz (1836).[8] «The Story of the Goblins Who Stole a Sexton», ei anna juleforteljing, var med i boka hans The Pickwick Papers frå 1836. I denne episoden fortel ein Mr Wardle ei soge om Gabriel Grub, ein einsam og slem kyrkjetenar som går gjennom ei juleforvandling etter å ha blitt vitja av goblinar (ein type vette) som viser han fortida og framtida hans.[9] Slater meiner at hvoudelementa i Carol er til stades i denne forteljinga, men utan å ha fått fast form.[10] Etter soga følgjer ein omtale av jula i ein leiar av Dickens, Master Humphrey's Clock.[10] Professoren i engelsk litteratur Paul Davis har skrive at sjølv om goblinssoga verker som ein prototyp for A Christmas Carol, påverka alle Dickens sine tidlegare verk om jula den seinare juleforteljinga.[11]
Dickens byrja skriva forteljinga i oktober 1843,[12] og fullførte henne i løpet av seks veker, med dei siste sidene skrivne fyrst i desember.[13] Mykje av verket forfatta han i hovudet medan han gjekk lange natteturar rundtom London.[14]
Han var sjølv sterkt involvert i utforminga av boka, som kom ut i 6 000 eksemplar i første opplag. Bøkene kosta 5 shilling, og blei raskt selde ut. Dickens tente likevel ikkje så mykje han hadde ønska på salet, på grunn av høge produksjonskostnader. Dickens hadde også problem med piratpublisering av boka.
Verket er blitt omsett til fleire språk, mellom anna dansk og norsk, som Et julekvad, En julesang i prosa og En julefortelling. Det er også sett opp som skodespel og filmar.
Dramatiseringar og inspirasjonar
endreAllereie i februar 1844 hadde ein sett opp juleforteljinga som teaterstykke fleire stader. Ei av dramatiseringane, av Edward Stirling, var godkjend av Dickens. Denne blei sett opp i London og New York. Den eldste kjende filmatiseringa er stumfilmen Scrooge; or Marley's Ghost frå 1901. Andre forfattarar skreiv svarforteljingar til Eit juleeventyr, som W.M. Swepstone med Christmas Shadows i 1850), Horatio Alger med Job Warner's Christmas i 1863 og Louisa May Alcott med A Christmas Dream, and How It Came True i 1882. Dickens sjølv skreiv mange fleire juleforteljingar over same lesten, som The Chimes, The Cricket on the Hearth, The Battle of Life og The Haunted Man and the Ghost's Bargain. Desse utgjevingane selde godt, men hadde liten kritisk suksess. Frå 1853 byrja Dickens i staden med offentleg høgtlesing av juleeventyret, som fortsette fram til 1870, året han døydde.
Ebenezer Scrooge har gjeve namn og fleire karaktertrekk til Scrooge McDuck, eller onkel Skrue, i Donald Duck-forteljingane frå Disney.
Julehelsinga «Merry Christmas» var allereie kjend, men Dickens sin bruk av henne i A Christmas Carol gjorde henne utbreidd i samtida.[15] Scrooge sitt utrop «Bah! Humbug!» blei også utbreidd på engelsk som eit svar på noko som var sentimentalt eller overdrive festleg.[16] Namnet «Scrooge» blei brukt som nemning for ein gniar, og blei lagt til Oxford English Dictionary med denne tydinga i 1982.[17]
Omsetjingar og norske dramatiseringar
endre- Et Juleqvad i Prosa, eller en Spögelshistorie om Julen (1852), dansk omsetjing av L. Moltke
- En julesang paa prosa (1887)
- En julesang i prosa i Julesangen (1934), omsett av Henrik Rytter
- Et juleæventyr (1917)
- Et julekvad (1990), omsett av Torstein Bugge Høverstad[18]
- En julefortelling: et musikkspill etter Charles Dickens fortelling (ca. 1990)
- Eit juleeventyr (2000), Sogn og Fjordane teater[19]
- En julefortelling (2001), omsett av Espen Hagerup[20]
- Juleeventyret (2004), teaterstykke av Torgeir Leivdal ved Sogn og Fjordane teater
- Et juleeventyr (2007), teaterstykke av I.B. Maločevskaja og Kjersti Haugen ved Trøndelag teater.[21]
- Et juleeventyr (2010), teaterstykke regissert av Ivar Tindberg sett opp ved Hålogaland teater.[22]
Filmatiseringar
endre(utval)
- Scrooge; or Marley's Ghost (1901), kort stumfilm regissert av Walter R. Booth med ukjende skodespelarar. Den eldste filmatiseringa av forteljinga.
- Scrooge (1935), britisk kinofilm regissert av Henry Edwards med Seymour Hicks som Ebenezer Scrooge
- Scrooge (1938), kinofilm regissert av Edwin L. Marin med Reginald Owen som Ebenezer Scrooge
- Scrooge (1951), kinofilm regissert av Brian Desmond Hurst med Alastair Sim som Ebenezer Scrooge
- Scrooge (1970), kinofilm/musikal regissert av Ronald Neame med Albert Finney som Ebenezer Scrooge; blei seinare til ein teatermusical
- Mickey's Christmas Carol (1983), teikna kinofilm regissert av Burny Mattinson med onkel Skrue som Ebenezer Scrooge
- A Christmas Carol (1984), tv-film regissert av Clive Donner med George C. Scott som Ebenezer Scrooge
- Scrooged (1988), kinofilmkomedie regissert av Richard Donner med Bill Murray som den Ebenezer Scrooge-aktige Frank Cross
- The Muppet Christmas Carol (1992), kinofilm med dokker regissert av Brian Henson med Michael Caine som Ebenezer Scrooge og Kermit som Bob Cratchit
- A Christmas Carol (1999), tv-film regissert av David Hugh Jones med Patrick Stewart som Ebenezer Scrooge
- A Solstice Carol (1999), avsnitt av tv-serien Xena: Warrior Princess regissert av John T. Kretchmer med Peter Vere-Jones som den Ebenezer Scrooge-aktige King Silvus
- A Christmas Carol (2009), animert kinofilm regissert av Robert Zemeckis med Jim Carrey som mellom anna Ebenezer Scrooge
Galleri
endre-
Scrooge og Bob Cratchite. Illustrasjon av Fred Barnard frå 1878.
-
Scrooge og ei fattigkvinne. Illustrasjon av Frederick Simpson Coburn frå 1900.
-
Den svinnande anden av jula no og dei moglege borna hans, Naud og Vankunne.
-
Scrooge og juleframtidsanden. Illustrasjon av John Leech frå 1843.
-
Illustrasjon av Bob Cratchit og Tiny Tim frå ca. 1870
-
Bob og Timothy Cratchit. Illustrasjon av Fred Barnard frå 1878.
Kjelder
endre- ↑ «The Dickens Project». University of California, Santa Cruz. Henta 25. desember 2013.
- ↑ Tomalin 2011.
- ↑ Ackroyd 1990, s. 67–68; Slater 2011.
- ↑ Callow 2009, s. 27.
- ↑ Lalumia 2001; Sutherland, British Library.
- ↑ Rowell 1993; Studwell & Jones 1998, s. 8, 10; Callow 2009, s. 128.
- ↑ «The Charles Dickens Page - A Christmas Dinner», www.charlesdickenspage.com, henta 7. desember 2022
- ↑ Callow 2009, s. 30.
- ↑ Kelly 2003, s. 19–20; Slater 2003, s. xvi.
- ↑ 10,0 10,1 Slater 2003, s. xvi.
- ↑ Davis 1990a, s. 25.
- ↑ Rowell 1993.
- ↑ Douglas-Fairhurst 2006, s. xix; Slater 2011.
- ↑ Tomalin 2011, s. 148–149.
- ↑ Cochrane 1996, s. 126; Martin 2011.
- ↑ Standiford 2008, s. 183.
- ↑ Scrooge, n. OED.
- ↑ «Et julekvad», bokkilden.no
- ↑ «Juleteater i Førde» Arkivert 2014-01-04 ved Wayback Machine., Kulturnett Sogn og Fjordane (05.12.2000)
- ↑ «En julefortelling», bokelskere.no
- ↑ «Magisk og poetisk». Melding av Amund Grimstad i Klassekampen (23. november 2007)
- ↑ «En eventyrlig julesuksess». Melding av Marte Hotvedt i Nordlys (11.11.2010).
- Søk i Bibsys/Oria.no
- Denne artikkelen bygger på «A Christmas Carol» frå Wikipedia på engelsk, den 3. januar 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Bøker
- Ackroyd, Peter (1990). Dickens. London: Sinclair-Stevenson. ISBN 978-1-85619-000-8.
- Billen, Andrew (2005). Charles Dickens: The Man Who Invented Christmas. London: Short Books. ISBN 978-1-904977-18-6.
- Callow, Simon (2009). Dickens' Christmas: A Victorian Celebration. London: Frances Lincoln. ISBN 978-0-7112-3031-6.
- Carlyle, Thomas (1840). Chartism. London: J. Fraser. OCLC 247585901.
- Chesterton, G. K. (1989). The Collected Works of G.K. Chesterton: Chesterton on Dickens. San Francisco, CA: Ignatius Press. ISBN 978-0-89870-258-3.
- Childs, Peter; Tredell, Nicolas (2006). Charles Dickens. Basingstoke, Hampshire: Palgrave Macmillan. ISBN 978-1-4039-1919-9.
- Cochrane, Robertson (1996). Wordplay: origins, meanings, and usage of the English language. Toronto: University of Toronto Press. ISBN 978-0-8020-7752-3.
- Davis, Paul (1990a). The Lives and Times of Ebenezer Scrooge. New Haven, CT: Yale University Press. ISBN 978-0-300-04664-9.
- Deacy, Christopher (2016). Christmas as Religion: Rethinking Santa, the Secular, and the Sacred. Oxford: Oxford University Press. ISBN 978-0-19-106955-0.
- DeVito, Carlo (2014). Inventing Scrooge (Kindle utg.). Kennebunkport, ME: Cider Mill Press. ISBN 978-1-60433-555-2.
- Dickens, Charles (1843). A Christmas Carol. London: Chapman and Hall. OCLC 181675592.
- Diedrick, James (1987). «Charles Dickens». I Thesing, William. Dictionary of Literary Biography: Victorian Prose Writers before 1867. Farmington Hills, MI: Gale. ISBN 978-0-8103-1733-8.
- Douglas-Fairhurst, Robert (2006). «Introduction». I Dickens, Charles. A Christmas Carol and other Christmas Books. Oxford: Oxford University Press. s. vii–xxix. ISBN 978-0-19-920474-8.
- Forbes, Bruce David (2008). Christmas: A Candid History. Oakland, CA: University of California Press. s. 62. ISBN 978-0-520-25802-0.
- Garry, Jane; El Shamy, Hasan (2005). Archetypes and Motifs in Folklore and Literature. Armonk, NY: M.E. Sharpe. ISBN 978-0-7656-2953-1.
- Glancy, Ruth F. (1985). Dickens' Christmas Books, Christmas Stories, and Other Short Fiction. Michigan: Garland. ISBN 978-0-8240-8988-7.
- Hammond, R. A. (1871). The Life and Writings of Charles Dickens: A Memorial Volume. Toronto: Maclear & Company.
- Harrison, Mary-Catherine (2008). Sentimental Realism: Poverty and the Ethics of Empathy, 1832–1867 (Thesis). Ann Arbor, MI. ISBN 978-0-549-51095-6.
- Howells, William Dean (1910). My literary passions, criticism and fiction. New York and London: Harper & Brother. s. 2986994. ISBN 978-1-77667-633-0.
- Hutton, Ronald (1996). Stations of the Sun: The Ritual Year in England. Oxford: Oxford University Press. ISBN 978-0-19-285448-3.
- Jordan, Christine (2015). Secret Gloucester. Stroud, Glos: Amberley Publishing. ISBN 978-1-4456-4689-3.
- Jordan, John O. (2001). The Cambridge Companion to Charles Dickens. Cambridge: Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-66964-1.
- Kelly, Richard Michael (2003). «Introduction». I Dickens, Charles. A Christmas Carol. Ontario: Broadway Press. s. 9–30. ISBN 978-1-55111-476-7.
- Ledger, Sally (2007). Dickens and the Popular Radical Imagination. Cambridge: Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-84577-9.
- Moore, Grace (2011). Charles Dickens' A Christmas Carol. St Kilda, VIC: Insight Publications. ISBN 978-1-921411-91-5.
- Restad, Penne L. (1996). Christmas in America: a History. Oxford: Oxford University Press. ISBN 978-0-19-510980-1.
- Sillence, Rebecca (2015). Gloucester History Tour. Stroud, Glos: Amberley Publishing. ISBN 978-1-4456-4859-0.
- Slater, Michael (2003). «Introduction». I Dickens, Charles. A Christmas Carol and other Christmas Writings. London: Penguin Books. s. xi–xxviii. ISBN 978-0-14-043905-2.
- Slater, Michael (2009). Charles Dickens. New Haven, CT and London: Yale University Press. ISBN 978-0-300-16552-4.
- Standiford, Les (2008). The Man Who Invented Christmas: How Charles Dickens's A Christmas Carol Rescued His Career and Revived Our Holiday Spirits. New York: Crown. ISBN 978-0-307-40578-4.
- Studwell, William Emmett; Jones, Dorothy E. (1998). Publishing Glad Tidings: Essays on Christmas Music. Binghamton, NY: The Haworth Press. ISBN 978-0-7890-0398-0.
- Tomalin, Claire (2011). Charles Dickens: A Life. London: Penguin Books. ISBN 978-0-670-91767-9.
- Welch, Bob (2015). 52 Little Lessons from a Christmas Carol. Nashville, TN: Thomas Nelson. ISBN 978-1-4002-0675-9.
- Aviser og tidsskrift
- Alleyne, Richard (24 December 2007). «Real Scrooge 'was Dutch gravedigger'». The Daily Telegraph. Arkivert frå originalen 10 January 2022.
- «Charles Dickens; Works of Charles Dickens. Household Edition». The New York Times. 19 December 1863.
- Chorley, H. F. (23 December 1843). «A Christmas Carol». The Athenaeum (843): 1127–1128.
- «Christmas Carol». The New Monthly Magazine 70 (277): 148–149. January 1844.
- Davis, Paul (Winter 1990b). «Literary History: Retelling A Christmas Carol: Text and Culture-Text». The American Scholar 59 (1): 109–15. JSTOR 41211762.
- Gordon, Alexander; McConnell, Anita (2008). «Elwes [formerly Meggott], John». Oxford Dictionary of National Biography (online utg.). Oxford University Press. doi:10.1093/ref:odnb/8776.
- Hood, Thomas (January 1844). «A Christmas Carol». Hood's Magazine 1 (1): 68–75.
- Jackson, Crispin (December 1999). «Charles Dickens, Christmas Books and Stories». The Book and Magazine Collector (189).
- Jaffe, Audrey (March 1994). «Spectacular Sympathy: Visuality and Ideology in Dickens's A Christmas Carol». PMLA 109 (2): 254–265. JSTOR 463120. doi:10.2307/463120.
- «Literature». The Illustrated London News (86). 23 December 1843.
- Martin, Theodore (February 1844). «Bon Gaultier and his Friends». Tait's Edinburgh Magazine 11 (2): 119–131.
- «Notice of Books». The Christian Remembrancer 7 (37): 113–121. January 1844.
- Sable, Martin H. (Autumn 1986). «The Day of Atonement in Charles Dickens' 'A Christmas Carol'». Tradition: A Journal of Orthodox Jewish Thought 22 (3): 66–76. JSTOR 23260495.
- Senior, Nassau William (June 1844). «Spirit of the Age». The Westminster Review 41 (81): 176–192.
- Slater, Michael (2011). «Dickens, Charles John Huffam». Oxford Dictionary of National Biography (online utg.). Oxford University Press. doi:10.1093/ref:odnb/7599.
- Thackeray, William Makepeace (February 1844). «A Box of Novels». Fraser's Magazine 29 (170): 153–169.
- Nettstader
- «A Christmas Carol». The Radio Times (12): 23. 14 December 1923.
- «A Christmas Carol». WorldCat. Henta 11 January 2017.
- Davidson, Ewan. «Scrooge, or, Marley's Ghost (1901)». Screenonline. British Film Institute. Henta 10 January 2017.
- Elwell, Frank W. (2 November 2001). «Reclaiming Malthus». Rogers State University. Arkivert frå originalen 24 March 2017.
- Lalumia, Christine (12 December 2001). «Scrooge and Albert». History Today.
- Lee, Imogen. «Ragged Schools». British Library. Henta 8 January 2017.
- Martin, Katherine Connor (19 December 2011). «merry, adj». Oxford English Dictionary. Arkivert frå originalen 6. juli 2017. Henta 16. november 2022.
- «Provenance». The Morgan Library & Museum. 20 November 2013.
- Rowell, Geoffrey (12 December 1993). «Dickens and the Construction of Christmas». History Today.
- «Scrooge, n». Oxford English Dictionary. Henta 16. januar 2017.
- Sutherland, John (15 May 2014). «The Origins of A Christmas Carol». British Library.
- Varese, Jon Michael (22 December 2009). «Why A Christmas Carol was a flop for Dickens». The Guardian.
- UK CPI inflation numbers based on data available from Gregory Clark (2016). «The Annual RPI and Average Earnings for Britain, 1209 to Present (New Series)». MeasuringWorth. Henta 16. november 2016.
- «Dickens Visits Birmingham». Birmingham Conservation Trust. 19. desember 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Originalmanuskriptet til A Christmas Carol i digital utgåve ved The Morgan Library Museum
Originaltekst av Eit juleeventyr ved Wikisource. |