Regionreforma i Noreg
Regionreforma i Noreg er ei reform av fylkesstrukturen i Noreg, der 19 fylke blei erstatta av 11 større regionar. Reforma var eit av dei politiske prosjekta til Regjeringa Solberg, som pågjekk parallelt med kommunereforma i Noreg.
Fylka Oslo, Rogaland, Møre og Romsdal og Nordland heldt fram uendra. Trøndelag blei oppretta 1. januar 2018 ved å slå saman Sør- og Nord-Trøndelag.
Seks nye fylke blei oppretta med verknad frå 1. januar 2020:[1]
- Viken (femnde Buskerud, Akershus og Østfold)
- Innlandet (femnde Oppland og Hedmark)
- Vestfold og Telemark (femnde Vestfold og Telemark)
- Agder (femnde Vest- og Aust-Agder)
- Vestland (femnde Sogn og Fjordane og Hordaland)
- Troms og Finnmark (femnde Troms og Finnmark).
Stortingsvedtak
endreEi stortingsmelding som definerte talet på regionar og spesifiserte rolla, strukturen og oppgåvene deira blei lagt fram 5. april 2016.[2] Ei tilhøyrande innstilling blei lagt fram 2. juni 2016,[3] og blei vedteken av Stortinget den 8. juni 2016 med 89 mot 9 stemmer.[4] Ein stortingsproposisjon blei deretter lagt fram 5. april 2017,[5] med ei medfølgjande innstilling den 1. juni 2017. Regionreforma blei endeleg vedteken av Stortinget den 8. juni 2017.
I mai 2018 gjennomførte Finnmark ei folkeavstemming om samanslåing med Troms fylke, der eit fleirtal på 87 % av dei som røysta stemte mot samanslåing (valdeltakinga var på 58 %).[6]
Den 24. september blei Kristeleg Folkeparti og Regjeringa Solberg einige om ein 50-punktsavtale for overføring av oppgåver frå stateg til regionsnivå, og forutsette at fylka om nødvendig, skulle slåast saman med tvang.[7]
Prosessar
endre- Det nye Trøndelag fylke blei oppretta gjennom ei sammenslåing av Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag. Den 27. april 2016 møtte dei to fylkestinga opp på Stiklestad. Der vedtok Sør-Trøndelag fylkesting samanslåing av dei to fylka med 41 mot 2 stemmer; Nord-Trøndelag fylkesting gjorde det same med 21 mot 14 stemmer. Samanslåinga av fylka blei einstemmig vedteken av Stortinget den 8. juni 2016,[8] og det nye fylket oppstod 1. januar 2018.
- Fylkestinga i Vest-Agder og Aust-Agder vedtok våren 2016 at dei ville innleia forhandlingar om ei samanslåing.[9] Aust-Agder fylkesting vedtok samanslåinga den 13. desember 2016 med 19 mot 16 stemmer.[10] Fylkestinget i Vest-Agder vedtok samanslåinga den 14. desember 2016 med 17 mot 3 stemmer.[11]
- Den 15. september 2016 gjorde Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane ein intensjonsavtale om samanslåing til ein ny Vestlandsregion.[12] Sogn og Fjordane fylkesting vedtok samanslåing den 7. desember med 19 mot 11 stemmer.[13] Rogaland fylkesting stemte einstemmig nei til samanslåing den 13. desember 2016.[14] Hordaland fylkesting vedtok samanslåing med 41 mot 4 stemmer den 14. desember; fylkestinget vedtok også å starte vidare forhandlinger om samanslåing med Sogn og Fjordane og utbrytarkommunar i Rogaland.[15] Desse kommunane var Haugesund, Vindafjord, Karmøy, Tysvær og Bokn.
- Den 3. november 2016 gjorde dei tre fylka Buskerud, Akershus og Østfold ein intensjonsavtale om samanslåing av dei tre fylka til det nye Viken fylke.[16] Østfold fylkesting behandla saka 7. desember.
- Stortinget behandla Regionreforma 8. juni 2017 og vedtok følgjande samanslåingar av fylkeskommunar frå 1. januar 2020:[17]
- Vest-Agder fylkeskommune og Aust-Agder fylkeskommune. (166 mot 2 stemmer)
- Buskerud fylkeskommune, Akershus fylkeskommune og Østfold fylkeskommune. (96 mot 73 stemmer)
- Telemark fylkeskommune og Vestfold fylkeskommune. (95 mot 73 stemmer)
- Oppland fylkeskommune og Hedmark fylkeskommune. (96 mot 73 stemmer)
- Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune. (96 mot 73 stemmer)
- Troms fylkeskommune og Finnmark fylkeskommune. (96 mot 73 stemmer)
Reversering
endreRegjeringa Støre gjekk inn for at dei nyoppretta fylka etter Regionreforma av 2020 kunne søke om å bli splitta opp.[18] I 2022 søkte Vestfold og Telemark, Viken, og Troms og Finnmark å splitte opp fylka etter stor misnøye blant innbyggjarane og nokre politiske parti, med Senterpartiet i spissen.[19][20] Desse fylka blei oppløyste frå 1. januar 2024.[21]
Kjelder
endre- ↑ Regjeringen vil ha om lag 10 regioner, Stortinget, pressemelding, 5. april 2016
- ↑ Meld. St. 22 (2015–2016) Nye folkevalgte regioner – rolle, struktur og oppgaver, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, 5. april 2016
- ↑ Innst. 377 S (2015–2016) Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Nye folkevalgte regioner – rolle, struktur og oppgaver, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, 2. juni 2016
- ↑ Stortinget - Møte onsdag den 8. juni 2016 kl. 10 Sak nr. 8 {14:26:10} Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Nye folkevalgte regioner – rolle, struktur og oppgaver. Meld. St. 22 (2015–2016); Innst. 377 S (2015–2016)
- ↑ Prop. 84 S (2016–2017) Ny inndeling av regionalt folkevalt nivå, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, 5. april 2017
- ↑ NRK. «Folkeavstemningen i Finnmark: 87 prosent stemte nei». NRK (på norsk bokmål). Henta 24. september 2018.
- ↑ Befring, Åse Marit. «Enighet om oppgavefordeling mellom KrF og regjeringspartiene i regionreformen». NRK (på norsk bokmål). Henta 24. september 2018.
- ↑ «Nå er det vedtatt. Trøndelag er samlet.». Adresseavisen. 8. juni 2016. Henta 9. juni 2016.
- ↑ Saksfremlegget som startet hele prosessen Arkivert 2016-12-21 ved Wayback Machine., regionagder.no
- ↑ Aust-Agder fylkesting: Flertall for et samlet Agder Arkivert 2016-12-20 ved Wayback Machine., 13. desember 2016, Aust-Agder fylkeskommune
- ↑ Sier klart ja til ett Agder, NRK Sørlandet, 14. desember 2015
- ↑ Intensjonsplan for ny Vestlandsregion klar Arkivert 2016-11-05 ved Wayback Machine., Rogaland fylkeskommune, 15. september 2016
- ↑ Sigrid Skjerdal: Her seier fylkespolitikarane ja til Vestlandsregionen, NRK Sogn og Fjordane, 7. desember 2016
- ↑ Rogaland kan revne etter nei til storregion, NRK Rogaland, 13. desember 2016
- ↑ Plan B for Vestlandsregionen: Hordaland inviterer delar av Rogaland, NRK Hordaland, 14. desember 2016
- ↑ Drøyt tre år igjen til Viken erstatter Akershus, Buskerud og Østfold, NRK, 3. november 2016
- ↑ Stortinget: Ny inndeling av regionalt folkevalgt nivå - Voteringsoversikt 8. juni 2017 sak nr. 2
- ↑ «Brev til kommuner og fylkeskommuner som kan søke om deling» (på norsk bokmål). Kommunal- og distriktsdepartementet. Henta 23. januar 2024.
- ↑ «Prop. 113 LS (2021–2022)», Regjeringen.no (på norsk), 12. mai 2022, henta 30. oktober 2022
- ↑ Heiervang, Camilla Helen (31. juli 2021), «Senterpartiet vil oppløse Viken», NRK (på norsk bokmål), henta 30. oktober 2022
- ↑ «Fylkesinndelingen fra 2024», Regjeringen.no (på norsk bokmål), 5. juli 2022, henta 1. januar 2024
- Denne artikkelen bygger på «Regionreformen i Noreg» frå Wikipedia på bokmål, den 19. januar 2019.
Bakgrunnsstoff
endre- Fylkessammenslåinger i regionreformen i regjeringen.no
- Meld. St. 22 (2015–2016) Nye folkevalgte regioner – rolle, struktur og oppgaver, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, 5. april 2016
- Innst. 377 S (2015–2016) Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Nye folkevalgte regioner – rolle, struktur og oppgaver (PDF), Kommunal- og moderniseringsdepartementet, 2. juni 2016
- Prop. 84 S (2016–2017) Ny inndeling av regionalt folkevalt nivå, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, 5. april 2017
- Innst. 385 S (2016-2017) Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Ny inndeling av regionalt folkevalt nivå, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, 1. juni 2017
- Voteringsoversikt for sak: Ny inndeling av regionalt folkevalt nivå, Innst. 385 S (2016-2017), jf. Prop. 84 S (2016-2017), Referat: Stortinget 08.06.2017. Sak nr. 2