Gentrifisering er eit fysisk, sosialt, økonomisk og kulturelt fenomen i store byar. Arbeidarklassestrøk, gjerne nære sentrum, blir forvandla til bydelar for meire velståande grupper. Komplekse prosessar ligg bak, ombygging og fornying av bygningane spelar inn som ved byfornyinga i Noreg på 80-talet. Ei slik kan gi auka husleige og omskapa leigegardar til sjølveigarhusvære og pressa ut folk med låg inntekt. I andre høve har dei nye innbyggjarane kommi fyrst, til dømes kunstnarar, og oppussinga av husa seinare. Gentrifisering er eit samansett omgrep som er vanskeleg å definera presist.

Dette var ein gong eit bakeri, seinare nytta som fabrikk for reingjeringsmiddel for fabrikk-golv. No populært galleri og restaurant på Vålerenga i Oslo. (Foto: Kjetil Lenes)

Sosiologen Ruth Glass skapte omgrepet i 1964. Ho nytta distrikt i London som Islington som døme:

One by one, many of the working class quarters of London have been invaded by the middle-classes—upper and lower. Shabby, modest mews and cottages—two rooms up and two down—have been taken over, when their leases have expired, and have become elegant, expensive residences [...]. Once this process of 'gentrification' starts in a district it goes on rapidly until all or most of the original working-class occupiers are displaced and the whole social character of the district is changed.

Gentrifisering kan vera eit politisk kjenslefylt tema. Det har klåre konnotasjonar til klasse og klassekamp (innflyttaren som sigerherre) og er ein særs synleg prosess som har ein nøkkelrolle i å definere det fysiske og sosiale miljøet i moderne byar. Gentrifisering sett søkelyset på prisen på husvære, særleg husleiga, når prisane gjer at folk med låge inntekter må flytta. Soleis blir tema som graden av offentleg styring og privatisering sett på dagsordenen. Prosessen kan og vera ein segregeringsprosess. Bydelar med stor variasjon blant innbyggjarane (unge/eldre, skilde etniske opphav, med/utan arbeide osb.) vert homogene gettoar.

Opphav til gentrifisering endre

Det er ikkje enkelt å forklare kvifor gentrifisering oppstår.

I byrjinga gjekk debatten mellom dei som såg på tilbodet av husvære og dei som så på etterspørselen. Tilbodsside-argumenta er særleg forbundne med geograf Neil Smith. Dei forklarar gentrifiseringa økonomisk og med tilhøva mellom kapitalflyt og produksjonen av byrom. Smith hevda at låge leiger i utkanten av byane i dei to tiåra etter andre verdskrig leide kapitalstraumen over til utbygging av forstadsområda. Dette førte til at tomter i sentrum blei rimelegare i høve til tomter i forstadene, kor tomteprisane steig. Dette er grunnlaget for Smiths teori om rentegapet. Denne skildra han som ubalansen mellom "den verkelege kapitaliserte grunnrenta (tomteverdien) for eit stykke jord slik det blir bruka og den mogelege grunnrenta ved 'høgare og betre' bruk" (Smith, 1987b, p. 462).

Smith meinte at rentegap-teorien var naudsynt for å forklara gentrifikasjonsprosessen. Han hevda at når rentegapet var stort nok, ville eigedomsutviklarar, husvertar og andre med økonomiske interesser i byutvikling sjå opningar for profitt i forlétne område i sentrum. Desse investeringane minskar rentegapet.

Deindustrialiseringa av bykjernen blei sett som naudsynt. Han gjekk i tospann med ein vekst talet på kontor- og andre abeidsplassar innanfor tertiærnæringene.

Forbruksside-teorien har etter kvart blitt meire godteke som forklaring på gentrifisering. Forskarar som stør desse argumenta legg som oftast størst vekt på kva folk som står for gentrifiseringa.

Framvoksteren av ein teneste-ytande klasse er eit sentralt postulat i forbruksside-teoriane. Dei hevdar at denne klassa hovudsakleg utgjerast av menneske mellom 25 og 35 med høg disponibel inntekt og arbeide innanfor tenesteyting, då særleg i sentrum av byane. Dei ynskjer å bu i nærleiken av desse arbeidsplassane. Denne framvoksteren er delvis eit resultat av at i det meiste av den vestlege verda skjer det er forskyving frå ein produksjonsøkonomi til ein post-industriell tenesteøkonomi.

Gentrifisering kan auke eigedomsverdien i ein bydel, noko som kan vera bra for middelklassen. Den same auken kan vera øydeleggjande for dei med lågare inntekt.

Homofile som gentrifiseringas fortropp endre

Manuel Castells har skrive om homofiles rolle i gentrifiseringa i San Francisco. Han teiknar eit mønster som ein i nokon grad ser elles i nord-Amerika og den vestlege verda: "mange homofile var einslege menn, trong ikkje å forsørgja ein familie, var unge, og ein del av ein relativt rik tenesteytingsøkonomi" (Castells, 1983, s. 160). I tillegg vel ofte homofile menn å bu i sentrumsbydelar av di prisene er låge og det er kort veg til arbeid og homofile sosiale netverk som ofte er i sentrum. Når dei samstundes har høge disponible inntekter kan dei investera i husværet og slik auke verdien i området. At det kjem homofile til ein bydel kan ein sjå som starten på ein dominoeffekt. Nokre få pionerar kjem først, så følgjer ei bølgje av homofile, kunstnarar og liknande, eigedomsverdiane og husleigene stig, og så skjer det same ein annan plass. Dette var særleg tydeleg i byar som New York kor det hadde blitt for dyrt å bu på Manhattan, so grupper av mellom anna kunstnarar drog til Park Slope, Williamsburg (i Brooklyn) eller Hoboken i New Jersey, som var nedslitne sentrumsområde. Desse områda blei så attraktive på grunn av si «bohemian flair», slik begynte gentrifiseringa med auka husleiger. Dette tvinga dei som hadde gjort desse stadene «unike» og «forskjellige» til å flytte til område nære ved (slik som Bedford-Stuyvesant i Brooklyn eller Jersey City i New Jersey).

Eit liknande fenomen ser ein i Los Angeles. I nærleiken av Hollywood ligg eit område kalla Los Feliz. I dei ti siste åra har dette vore ein «heit» plass for dei «kule» og «hippe». Når gentrifiseringa går vidare med aukande prisar på husvære har desse folka flytta til andre område, som Silverlake, Eagle Rock og Highland Park. I mange tilfelle er eit tidleg teikn på utviklinga eigarane av populære møteplassar opnar nye i desse nye områda.

Døme på gentrifisering i Noreg endre

Kjelder endre

  • Castells, M. (1983) "Cultural identity, sexual liberation and urban structure: the gay community in San Francisco" in M. Castells, The City and the Grassroots: A Cross-Cultural Theory of Urban Social Movements (Edward Arnold, London) pp. 138–170.
  • Smith, N. (1987b) "Gentrification and the rent-gap", Annals of the Association of American Geographers 77 (3) pp. 462–465.

Bakgrunnsstoff endre