Gråvakke er ein sedimentær bergart som er ein variant av sandstein og er hard med ein mørk farge. Han består av kvarts, feltspat og bergartsfragment på storleik med sand som er kitta saman av ein leirgrunnmasse. Gråvakke vert danna ved rask nedbryting og avsetning, og er særleg kjent i fjellkjeder, ofte frå paleozoikum. Ein finn han òg i området som har hatt kaldt klima.

Gråvakke

Gråvakke
Kjenneteikn
GruppeMagmatisk
Hovudmineralkvarts, feltspat

I Noreg er dei fleste sparagmittane gråvakke. Andre gråvakker er kjende frå den kaledonske fjellkjeda

Ein forstod lenge ikkje heilt korleis gråvakken kunne oppstå, fordi i normal sedimentering, så blandar ikkje grus, sand og gjørme seg i lag. Ein veit no at slamstraumar kan medføre desse blandingane, anten gjennom kraftige straumar eller undersjøiske ras.

Dei kan innehalde mange forskjellige mineral, men hovudsakleg kvarts, ortoklasfeltspat og plagioklasfeltspat, kalkspat, jernoksid og grafittisk, karbonhaldig stoff, i lag med fragment av bergartar som felsitt, chert, skifer, gneis, forskjellige glimmerskiferar og kvartsitt. Av andre mineral ein kan finne i dei har ein biotitt, kloritt, turmalin, epidot, apatitt, granat, hornblende, augitt, titanitt og pyrittar.

Vanlegvis inneheld ikkje gråvakke fossil, men kan innehalde restar av organisk materiale.

Kjelder endre

«gråvakke» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Gråvakke