Hebridane

øygruppe utanfor vestkysten av Skottland
(Omdirigert frå Hebridene)

Hebridane (skotsk-gælisk Innse Gall, norrønt Suðreyjar, truleg av gresk Hyperborea [1], «nord for nordavinden») er ei stor øygruppe utanfor vestkysten av Skottland. Ho har to øygrupper, Indre og Ytre Hebridane. Desse øyane har ei lang historie som går attende til mellomsteinalderen og kulturen til innbyggjarane har etter tur vorte påverka av keltiske, norrøne og engelsktalande folk, som syner seg att i namna på øyane.[2]

Indre og Ytre Hebridane.
Hebridane sett frå lufta

Geologi og geografi endre

Hebridane har ein variert geologi. Her finn ein berglag frå prekambrium som er av dei eldste i Europa, til vulkanske bergartar frå tertiærtida.[3][4]

Hebridane kan delast inn i to hovudgrupper og mellom desse ligg The Minch i nord og Hebridesjøen i sør. Indre Hebridane ligg nærast det skotske fastlandet med øyar som Islay, Jura, Skye, Mull, Raasay, Staffa og Small Isles. Det er 36 busette øyar i gruppa. Ytre Hebridane er ei gruppe på meir enn 100 øyar og små skjer som ligg kring 70 km vest for det skotske fastlandet. Det er 15 busette øyar i øygruppa. Dei største er Barra, Benbecula, Berneray, Harris, Lewis, North Uist, South Uist, og St Kilda.

Det finst fleire skildringar av kva øyar som høyrer til Hebridane. Collins Encyclopedia of Scotland skildrar Indre Hebridane som øyane aust for The Minch, som alle øyane innover i fjordane. Det ligg mange øyar i fjordane, som Eilean Bàn og Eilean Donan, og desse vert vanlegvis ikkje vert rekna med i Hebridane.[5][6]

Tidlegare vart Ytre Hebridane ofte kalla the Long Isle (skotsk-gælisk An t-Eilean Fada). I dag vert dei òg kalla Dei vestlege øyane, men dette vert òg nytta om heile Hebridane generelt.[7]

Øyane i Firth of Clyde, særleg Arran, vert stundom feilaktig rekna som ein del av Hebridane.

Språk endre

Hebridane har den største konsentrasjonen av skotsk-gælisk-talande i Skottland. Dette gjeld særleg for Ytre Hebridane der dei fleste innbyggjarane snakkar språket.[8]. Det skotsk-gæliske colleget Sabhal Mòr Ostaig ligg på Skye og Islay.

Etymologi endre

Den første skriftlege kjelda som omtalar eit namn som liknar Hebridane er frå 55 f.Kr. Den greske historikaren Diodorus Siculus skreiv då om øya Hyperborea (som tyder «langt mot nord»). Klaudios Ptolemaois (90-168 e.Kr.) kalla øyane Αἱβοῦδαι = Haiboudai på gammalgresk. Seinare tekstar på klassisk latin, av forfattarar som Solinus, nytta formene Hebudes og Hæbudes.[9]

Det gamle norrøne namnet, frå då vikingane okkuperte øyane, var Suðreyjar eller Suderøyane,[10], som tyder «Sørøyane». Namnet heng saman med Norðreyjar, eller «Dei nordlege øyane», som var namnet på Orknøyane og Shetlandsøyane.

Ironisk nok, sidan Hebridane er det siste store gàidhlig-talande området i Skottland, tyder det gæliske namnet på øyane - Innse Gall - som tyder «øyane til utlendingane». Dette går attende til tida då nordmennene heldt til på øya.

Historie endre

Førhistorie endre

 
Steinsirkelen Callanish

Hebridane vart busette i mellomsteinalderen rundt 6500 f.kr., etter at dei klimatiske tilhøva vart gode nok til at menneske kunne bu her.[11] Det er mange døme på strukturar frå den yngre steinalderen, og det finaste dømet er dei ståande steinane ved Callanish, som er frå 2000-talet f.Kr.[12] Cladh Hallan er ein busetnad frå bronsealderenSouth Uist og den einaste staden i Storbritannia der ein har funne førhistoriske mumiar.[13][14]

Den keltiske perioden endre

Diodorus Siculus skreiv i 55 f.Kr om øya Hyperborea, med eit rundt tempel der ein kunne sjå månen like over horisonten kvart 19. år. Han kan ha meint steinsirkelen ved Callanish.[15]Pomponius Mela, ein romersk-spansk geograf frå det fyrste hundreåret e.Kr. omtaler ei gruppe på sju øyar som Haemodae. Plinius den eldre skriv i Naturalis Historia frå 77 e.Kr. om Hebudes.[16] Andre forfattarar frå antikken, som den egyptiske astronomen Ptolemaios, nemner òg Hebridane, noko som syner at dei hadde kontakt med Romarriket. Den reisande Demetrius av Tarsus knytt til Plutark fortel historia om ein ekspedisjon til vestkysten av Skottland rundt år 83 e.Kr. Han fortel om ei dyster reise mellom øyde øyar, men at han vitja ei der heilage menn heldt til. Han nemnde korkje druidane eller namnet på øya.[17]

Det er lite som er kjent om folka på Hebridane før 500-talet. Dei fyrste detaljerte kjeldene om øyane kom då St. Columba kom til Iona på 500-talet. Dette var den irsk-skotske helgenen som førte kristendomen til øyane på 500-talet og som bygde fleire kyrkjer.

Norsk kontroll endre

 
Kongedømet Man og øyane om lag år 1100.

Hebridane kom under norsk kontroll og busetnad alt før 800-talet. Det norske styret over Hebridane vart formalisert i 1098 då Edgar av Skottland respekterte kravet til Magnus III av Noreg. Dette skjedde etter at den norske kongen hadde hærteke Orknøyane, Hebridane og Isle of Man i eit snøgt felttog same året. Dette var retta mot dei norske hovdingane på dei ulike øyane. Ved å ta øyane fekk Magnus ein meir direkte kontroll over landområda, som landsmennene hans hadde teke nokre hundreår tidlegare.

Den norske kontrollen over både Indre og Ytre Hebridane var prega av nesten konstant krigføring fram til øyane vart delte i 1156. Ytre Hebridane vart verande ein del av kongedømet Man og øyane, medan Indre Hebridane braut ut under Somerled, ein norsk-gælisk slektning av både kongehuset Lulach og Manx.

Etter sigeren sin i 1156 tok Somerled så kontroll over Isle of Man to år seinare og vart den siste kongen av Man og øyane som styrte over alle øyane som kongedømet ein gong hadde vore sett saman av. Etter at Somerled døydde i 1164 hadde ikkje herskarane av Man lenger kontroll over Indre Hebridane.

Skotsk kontroll endre

I 1262 var det eit skotsk lynåtak på Skye og dette fekk Håkon IV av Noreg til å reisa til Skottland for å avgjera striden. Seint i 1263 sette Håkon av stad til Skottland med ein stor invasjonsstyrke på 200 skip og 15 000 mann. Uvêr rundt skotskekysten sleit nordmennene ut, og dei måtte mellom anna dra førti skip over land til Loch Lomond. Mot slutten oppstod det småtreffingar i slaget ved Largs der nordmennene og deira allierte frå Man under Magnus III av Isle of Man ikkje oppnådde anna enn ein mindre taktisk siger mot skottane under Aleksander III, konge av Skottland. Etter slaget førte dårleg vêr til at den norsk-manske flåten måtte sigla attende til Orknøyane. Då dei kom fram til Kirkwall, valde Håkon å overvintra i Bishop's Palace og planla å halda fram felttoget sumaren etter. Kongen vart derimot sjuk og døydde i palasset i desember same året. Dette overlét trona til sonen hans, Magnus Lagabøte, som såg det som viktigare å slutta fred med skottane enn å halda på dei norske områda vest for Skottland og i Irskesjøen. Perth-traktaten frå 1266 overlét Hebridane og Isle of Man til Skottland for 4000 mark og ei årleg betaling på 100 mark. Denne avtala stadfeste òg norsk suverenitet over Shetland og Orknøyane. Det skotske styret over Isle of Man vart derimot fyrst endeleg då den siste norske kongen der, Gudrød VI Magnuson vart slegen i det avgjerande slaget ved Ronaldsway av skottane i 1275.

Kunst endre

 
Inngangen til Fingal's CaveStaffa

The Hebrides, eller Fingal's Cave, er ein kjend overture skriven av Felix Mendelssohn då han budde på desse øyane, medan Granville Bantock skreiv Hebridean Symphony. Nyare musikarar knytte til øyane er Ian Anderson, Donovan og Runrig. Diktaren Sorley MacLean vart fødd på Raasay, som var setting for det mest kjende diktet hans, Hallaig.[18] Iain Crichton Smith voks opp på Lewis og Derick Thomson vart fødd der. Handlinga i The Solitary Reaper av William Wordsworth gjekk føre seg på Hebridane.

Romanforfattaren Compton Mackenzie budde på Barra og George Orwell skreiv 1984 medan han budde på Jura. J.M. Barrie sin Marie Rose har referansar til Harris inspirert av ein tur til Amhuinnsuidhe Castle og han skreiv manuset til 1924-utgåva av Peter Pan medan han var på Eilean Shona.[19][20]

Diktaren Henry Wadsworth Longfellow nemner Hebridane i diktet Seaweed.

Diktaren Edgar Allan Poe nemner Hebridane i diktetThe Valley of Unrest.

Enya-songen «Ebudæ» frå Shepherd Moons er kalla opp etter Indre Hebridane (Ebudae på latinsk).

Romanen til Virginia Woolf To the Lighthouse er ei soge om ein familien som ferierer på Hebridane.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. http://en.wikipedia.org/wiki/Hyperborea
  2. Haswell-Smith, Hamish. (2004) The Scottish Islands. Edinburgh. Canongate. ISBN 1-84195-454-3
  3. Rollinson, Hugh (September 1997) " Britain's oldest rocks" Geology Today. 13 no.5 s. 185-190.
  4. Gillen, Con (2003) Geology and landscapes of Scotland. Harpenden. Terra Publishing. s. 44 og 142.
  5. Keay & Keay (1994) s. 507.
  6. Encyclopædia Britannica (1978) skriv: «Hebridane - ei øygruppe på vestkysten av Skottland i ein boge frå 55.35 og 58.30 N og 5.26 og 8.40 W.» Dette omfattar Gigha, St Kilda og alt opp til Cape Wrath – men ikkje North Rona.
  7. Murray (1973) s. 32.
  8. Mac an Tàilleir, Iain (2004) 1901-2001 Gaelic in the Census (PowerPoint ) Linguae Celticae.
  9. Louis DEROY & Marianne MULON, 1992, Dictionnaire de noms de lieux, Paris: Le Robert, artikkel «Hébrides»
  10. Anderson, Joseph (Ed.) (1893) Orkneyinga Saga. Omsett av Jón A. Hjaltalin & Gilbert Goudie. Edinburgh. James Thin og Mercat Press (1990). ISBN 0-901824-25-9
  11. Busetnad på Rùm er datert til å vere 8590+/-95 år gamle. Edwards, Kevin J. og Mithen, Steven (Feb., 1995) [1] World Archaeology. 26. No. 3. s. 348..
  12. Li, Martin (2005) Adventure Guide to Scotland. Hunter Publishing. s. 509.
  13. "Mummification in Bronze Age Britain" BBC History.
  14. "The Prehistoric Village at Cladh Hallan". University of Sheffield.
  15. Sjå til dømes Haycock, David Boyd. "Much Greater, Than Commonly Imagined." Arkivert 2009-02-26 ved Wayback Machine. The Newton Project.
  16. [2] Scottish Gazetteer from the University of Edinburgh's Department of Geography.
  17. Moffat, Alistair (2005) Before Scotland: The Story of Scotland Before History. London. Thames & Hudson. s. 239-40.
  18. Tekstne til diktet på gælisk, med Sorley Maclean si eiga omsetjing til engelsk Arkivert 2007-05-21 ved Wayback Machine..
  19. "Famous Visitors to the Islands - Luchd-tadhail Ainmeil" Arkivert 2010-01-17 ved Wayback Machine. Culture Hebrides.
  20. Birkin, Andrew, The Lost Boys. Yale University Press.

Bakgrunnsstoff endre


57°00′N 7°00′W / 57.000°N 7.000°W / 57.000; -7.000