Opna hovudmenyen

Jordansk geografi

Jordan ligger i sørvest-Asia.
Jordansk geografi
Topografisk kart over Jordan
Topografisk kart over Jordan
Plassering
Land Jordan
Koordinatar 31°N 36°EKoordinatar: 31°N 36°E
Totale landegrenser 1 744 km
Grenseland Irak 181 km
Israel 238 km
Saudi-Arabia 744 km
Syria 375 km
Vestbreidda 97 km
Geografi
Areal
- totalt:
- land:
- vatn:

89 342 km²
88 802 km²
540 km²
Kystlinje 28 km
Høgder
- høgaste punkt:
- lågaste punkt:

Jabal Umm ad Dami 1 854 moh
Daudehavet -408 m


Arealbruk
Dyrkbar mark 2 %
Permanente avlingar 1 %
Permanente beitemarker 8,4 %
Skogområde 1,1 %
Anna 87,5 % (2011 est)
Irrigert land 964 km² (2012)
Naturressursar
fosfatar, kalium, oljeskifer
Naturfarar
Ein kan stundom få mindre jordskjelv i områda nær Jordandalen. I tillegg er tørke ein naturfare.
Miljøproblem
Avgrensa tilgang til ferskvatn og vassmangel; avskoging; overbeiting; jorderosjon; ørkenspreiing

Jordan ligg geografisk i Sørvest-Asia, sør for Syria, vest for Irak, nordvest for Saudi-Arabia og aust for Israel og Vestbreidda. Politisk vert området i den den vestlege verda kalla Midtausten eller Det nære austen. Området som Jordan no dekkjer er kring 91 880 kvadratkilometer. Mellom 1950 og seksdagarskrigen i 1967, okkuperte Jordan i tillegg 5 880 kvadratkilometer av Vestbreidda, men har sidan 1988 avstått alle krav på dette området.

Jordan har berre ei lita kyststripe, heilt sør i landet, der nesten 26 km av kysten langs Akababukta gjev landet tilgang til Raudehavet. Ein stor riftdal går nord til sør og dannar Genesaretsjøen, Jordandalen og Daudehavet.

GrenserEndra

Utanom om små delar av grensa til Israel og Syria, følgjer ikkje landegrensa til Jordan nokre veldefinerte naturlege grenser i terrenget. Landegrensene vart fastsett gjennom forskjellige internasjonale avtalar og med unntak av grensa til Israel, var ikkje noko av grensa omstridd tidleg i 1989.

Jordan si grense med Syria, Irak og Saudi-Arabia har ikkje den same tydinga som grensa til Israel har. Grensene har stort sett ikkje hindra dei nomadiske stammene å flytte seg fritt, utanom for eit par grupper, som vart skildra frå dei tradisjonelle beitemarkene sine då grensa vart sett i 1925. I 1965 kom Jordan og Saudi-Arabia fram til ein avtal der grensa vart teikna på nytt mellom dei to landa. Dette førte til nokre små byte av landområde, og kystlengda til Jordan ved Akababukta vart 18 km lengre. Den nye grensa gjorde at Jordan kunne utvide hamneanlegga sine, og dei to landa gjekk med på å dele inntekter av eventuelle oljefunn i området. Avtalen sikra òg at dei nomadiske stammene i området fekk tilgang til beitemarkene og vassressursane sine.

TopografiEndra

 
Satellittkart over Midtausten med Jordan i midten.
 
Ein landsby nær As-Salt i Balqah-regionen
 
Wadi Rum sør i Jordan

Landet består av eit platå mellom 700 og 1 200 meter høgt, delt inn i ryggar av dalar og kløfter, og nokre få fjellområde. Delar av jordoverflata kjem til syne i den store geologiske riftdalen som strekkjr esg sørover frå Jordandalen til Akababukta og Raudehavet, og gradvis forsvinn sør for innsjøområdet i Aust-Afrika. Det er eit område som er utsett for jordskjelv, men det har vore hundrevis av år sidan siste alvorlege skjelv i området.

Den største delen av Austbreidda er ørken, med dei landformene ein normalt finn i slike tørre område. Det meste av dette landområdet er ein del av Den store syriske ørkenen eller Nordarabiske ørkenen. Det finst store vidder av sand og sanddyner, særleg i sør og søraust, i lag med saltsletter. Stundom finn ein virvar av sansteinshøgder og låge fjell med skrinn vegetasjon, som trivest i korte periodar etter små mengder vinterregn. Desse områda har lite liv og er dei tynnast folkesette områda i Jordan.

Elvenettet er enkelt og i mange område gjer terrenget at elvane ikkje når havet, slik at sedimentavsettingar akkumulerer eg i basseng der fukta fordampar eller vert absorbert i bakken. Frå senkinga vest på Austbreidda, stig ørkenen gradvis opp til det jordanske høglandet, eit steppeland med høge kalksteinsplatå, med djupe kløfter innimellom. Vidda har ei høgd på kring 900 meter over havet. Enkelte toppar i dette området når 1 200 moh i nord og over 1 700 moh i sør. Det høgaste punktet der er Jabal Ramm på 1 754 moh. Det høgaste punktet i heile Jordan er Jabal Umm al Dami på 1854 moh. Det ligg i ein øyde stad sør i Jordan. Desse høglanda er eit område for landsbyar som har vore busett i lange tider. Fram til 1940-åra var innbyggjarar her avhengige av regnbasert jordbruk for livsopphaldet sitt.

Vestkanten av dette platået dannar ein skrent langs austsida av Jordanelva-Daudehavet, og held fram sør for Daudehavet. Dei fleste av dalane eller wadiane fører berre vatn i korte tider av året om vinteren. Dei bratte kløftene, med stupbratte veggar, om dei er våte eller tørre, kan vere formidable hinder å kome seg forbi.

Jordanelva er kort, men frå kjelda i fjella (kring 160 kilometer nord for elvemunningen i Daudehavet) fell elva frå ei høgd på kring 1 000 meter over havet til meir enn 400 meter under havnivå. Før ho når jordanske område, dannar elva Genesaretsjøen, som ligg 212 meter under havnivå. Den viktigaste sideelva til Jordanelva er Yarmoukelva. Nær samløpet mellom dei to elvane, dannar Yarmouk grnesa mellom Israel i nordvest, Syria i nordaust og Jordan i sør. Az Zarqaelva er den nest viktigaste sideelva til Jordanelva, og både spring ut og munnar ut på Austbreidda.

Ein 380 km lang riftdal strekkjer seg frå Yarmoukelva i nord til Al Akaba i sør. Den nordlege delen, frå Yarmoukelva til Daudehavet, vert som regel kalla Jordandalen. Han er delt inn i ein austleg og vestleg del av Jordanelva. Dalen har bratte skrentar på både aust- og vestsida og har ei breidd på opp mot 22 km på det breiaste.

Riftdalen på sørsida av Daudehavet vert kalla Sør-Ghawr og Wadi al Jayb (ofte kalla Wadi al Arabah). SørGhawr strekkjer seg frå Wadi al Hammah, på sørsida av Daudehavet, til Ghawr Faya, kring 25 km sør for Daudehavet. Wadi al Jayb er 180 kilometer lang, frå sørsida av Daudehavet til Al Akaba i sør. Nivået til dalbotnen varierer. I sør er han ved det lågaste ved Daudehavet (meir enn 400 meter under havnivå), og stig i nord til like over havnivå. Fordampinga frå innsjøen er ekstrem året rundt på grunn av høge temperaturar. Vatnet inneheld kring 250 gram oppløyst salt per liter ved overflata og når metningspunktet ved 110 meter.

Daudehavet dekkjer det djupaste søkket på landoverflata til jorda. Djupna vert forsterka av dei kringliggande fjella og høglanda, som stig til 800 til 1200 meter over havet. Innsjøen er 430 meter på det djupaste, så dette punktet når då 825 meter under havnivå. Eit fall i vassnivået i innsjøen har gjort at den tidlegare Lisanhalvøya har blitt ei landbru som deler sjøen i ein nordleg og ein sørleg del.

KlimaEndra

 
Landsbygda ved Al Salt.

Det mest karakteristiske ved klimaet er kontrasten mellom ei relativ regnfull tid frå november til april, og særs tørt vær resten av året. Somrane er tørre og steikande varme, medan vintrane er kjølige og variable og nesten all nedbør kjem i denne tida. Landet har eit visst preg av middelhavsklima, men jo lenger bort frå Middelhavet ein kjem jo større er temperaturkontrastane frå årtid til årstid og jo mindre er nedbørsmengdene. Lufttrykket om sommaren er relativt stabilt, medan ein om vinteren kan få fleire lågtrykk med tilhøyrande kaldfrontar. Desse syklonske forstyrringane flyttar seg generelt austover frå Middelhavet fleire gonger i månaden og fører til sporadisk nedbør.

Det meste av Austbreidda får mindre enn 120 mm nedbør i året og er klassifisert som tørr ørken eller steppe. Der landskapet sit og dannar høglanda aust for Jordandalen, aukar nedbøren til kring 300 mm i sør og 500 mm eller meir i nord. Jordandalen, som ligg i le for høglandet på Vestbreidda, dannar ein smal klimasone som kvart år får opp til 300 mm i dei nordlege områda, men mindre enn 120 mm ved Daudehavet.

Dei lange somrane i landet er på det varmaste i august, medan januar er den kjøligaste månaden. Døgnvariasjonen i temperaturane er størt om sommaren og har ein tendens til å auke med høgda og avstanden frå Middelhavet. Dagtemperaturane om sommaren er ofte over 36 °C og i snitt kring 32 °C. Om vinteren—november til april—er moderat kjølig og stundom kald, med ein normaltemperatur kring 13 °C. Utanom i riftdalen, er det ganske vanleg med frost om vinteren, og det kan snø i høgda i nordvest. Vanlegvis får vestlege Amman snø nokre gonger i året.

I kring ein månad både før og etter den tørre sommaren, skapar den varme, tørre lufta frå ørkenen, skapt av lågtrykk, kraftig vind frå sør eller søraust, som stundom når sterk kuling i styrke. Han har forskjellige namn i Midtausten, som khamsin, og er ein tørr, sjirokkoaktig vind som ofte fører med seg store støvskyer. Varslet om at vinden er på veg er ein disig himmel, fallande lufttrykk, og eit fall i luftfukta til kring 10 %. I løpet av få timar kan temperaturen stige 6-8 grader. Desse kraftige vindane varer som regel ein dag eller to, og skapar stort ubehag, og øydelegg avlingar ved å uttørke dei.

Shamalvinden er ein annan vind som kjem frå nord eller nordvest, vanlegvis i intervall mellom juni og september. Han bles jamt på dagtid, men vert ein svak bris om natta, og kan blese ni av ti dagar utan stans. Han oppstår når tørre, kontinentale luftmassar med polar luft vert verma opp når han passerer over Eurasia. Den tørre lufta gjer at den intense varmen frå jordoverflata, fører til høge dagtemperaturar, som fell etter sola går ned.

Ressursar og landbrukEndra

 
Forfatgruver i Jordan, aust for det sørlege Daudehavet.

Totalt fornybare vassressursar: 0,94 km3

Naturfarar og miljøEndra

Ein kan stundom få mindre jordskjelv i områda nær Jordandalen. I tillegg er tørke ein naturfare.

Miljø - noverande saker: avgrensa naturlege ferskvassressursar og vassmangel; avskoging; overbeiting; jorderosjon; ørkenspreiing

Miljø - internasjonale avtalar:
delaktig i: Biologisk mangfald, klimaendringar, Kyoto-avtalen, ørkendanning, utryddingstruga dyreartar, miljøfarleg avfall, havrett, marin dumping, vern av ozonlaget, våtmarksområde
signert, men ikkje ratifisert: ingen utvalde avtalar

KjelderEndra