Valais
Valais (fransk) eller Wallis (tysk) er ein kanton i den sørvestlege delen av Sveits. I 2018 hadde han om lag 345 000 innbyggjarar. Valais er eit alpeområde som grensar til Frankrike (Rhône-Alpes) i vest og til Italia (Aostadalen og Piemonte) i sør. Valais har felles grenser med kantonane Vaud, Bern, Uri og Ticino.
Valais | |||
Vallese, Vallais, Wallis | |||
kanton | |||
|
|||
Forkorting: VS | |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Del av | Genfersjøregionen, Romandie | ||
Hovudstad | Sion | ||
Høgaste punkt | Dufourspitze/Pointe Dufour | ||
• høgd | 4 634 moh. | ||
Areal | 5 224,50 km² | ||
Folketal | 343 955 (31. desember 2018)[1] | ||
Kanton sidan | 1815 | ||
Språk | fransk (63 %), tysk (28 %) | ||
Valais 46°16′30″N 7°30′00″E / 46.275°N 7.5°E | |||
Kart som viser Valais.
| |||
Wikimedia Commons: Canton of Valais |
Geografi
endreElva Rhône (tysk Rotten) renn gjennom midten av Valais. Ho startar frå kjelda ved Rhonebreen og renn vestover til Genèvesjøen. Valais er mesta identisk med nedslagsfeltet til Rhône for denne delen av elva.
Mot nord går grensa til Valais gjennom Bern-Alpane og Vaud-Alpane, i sør ligg Wallis-Alpane med mange av dei høgaste fjella i Sveits: Dufourspitze (4 634 m), Dom (4 545 m), Liskamm (4 527 m), Weisshorn (4 505 m), Täschhorn (4 491 m) og Matterhorn (4 478 m). Sidan Valais ligg inne mellom desse fjellkjedene, er klimaet varmt og tørt. Store delar av kantonen har steppeklima. Dei tre største isbreane i Alpane, Aletschgletscher, Gornergletscher og Fieschergletscher, ligg i Valais.
Folk, språk og religion
endreI Øvre Valais (Oberwallis, Haute Valais) blir det snakka ei alemannisk dialekt av tysk (höchstalemannisch), i Nedre Valais (Bas Valais, Unterwallis) blir det snakka fransk og frankoprovençalsk. Totalt talar om lag 60 % av innbyggjarane fransk (eller frankoprovençalsk), 30 % tysk og 3 % italiensk.
Kantonen sine offisielle språk er fransk og tysk. Kommunane vel anten fransk eller tysk som administrasjonsspråk.
81 % av innbyggjarane er katolikkar (2000), 6 % er protestantar. Andre utgjer 13 %.
Dei fleste medlemmene av Sveitsargarden blir rekruttert frå Valaisområdet.
Distrikt og kommunar
endreValais består av 153 kommunar i 14 distrikt. Med unnatak av Raron, som har vorte delt i to, tilsvarar desse distrikta dei 13 opphavlege kommunane (Zehnden) som danna Wallis, og som er symbolisert ved dei 13 stjernene i kantonvåpenet. Distrikta er:
- Brig (fransk Brigue)
- Distriktet Conthey (tysk Gundis)
- Entremont
- Goms (fransk Conches)
- Hérens (tysk Ering)
- Distriktet Leuk (fransk Loèche)
- Martigny (tysk Martinach)
- Monthey
- Distriktet Saint-Maurice
- Sierre (tysk Siders)
- Sion (tysk Sitten)
- Visp (fransk Viège)
- Vest-Raron (fransk Rarogne occidental)
- Aust-Raron (fransk Rarogne oriental)
Byar
endreDei største byane er:
- Sion (tysk Sitten), hovudstad, ca. 27 000 innbyggjarar
- Brig
- Martigny (tysk Martinach)
- Monthey
- Raron
- Saint-Maurice (må ikkje forvekslast med St. Moritz i Graubünden)
- St. Niklaus
- Sierre (tysk Siders)
- Visp (fransk Viège)
Politikk
endreParlamentet i kantonen er Grosser Rat/Grand Conceil, som er sett saman av 130 folkevalde representantar. Ved dei to siste vala oppnådde partia denne representasjonen:
Parti | 2001 | 2005 |
---|---|---|
Christlichdemokratische Volkspartei (CVP) | 61 | 58 |
Christlichsoziale Volkspartei (CSP) | 14 | 15 |
Freisinnig-Demokratische Partei (FDP) | 32 | 28 |
Sozialdemokratische Partei der Schweiz (SP) | 18 | 21 |
Liberale Partei der Schweiz (PLV) | 3 | 2 |
Schweizerische Volkspartei (SVP) | 1 | 6 |
Partilaus | 1 | 0 |
Dei kristeleg-konservative partia CVP og CSP styrer med absolutt fleirtall. Dei har hatt eit slikt fleirtall dei siste 150 åra.
Regjeringa er statsrådet (Staatsrat/Conceil d'Etat), som har 5 direkte folkevalde medlemmer (3 CVP, 1 FDP, 1 SP).
Historie
endreValais vart i løpet av det første tusenåret i vår tidsrekning kolonialisert frå to hald: Mens burgundarar slo seg ned i vest (Nedre Valais), vart Øvre Valais (i aust) kolonialisert av alemannar. Frå denne tida stammar skiljet mellom det tyskspråklege Øvre og det fransktalande Nedre Valais. I 999 overlèt kong Rudolf III av Burgund Valais til biskopen i Sitten (Sion), som i 1032 vart opphøgd til riksfyrste av det tysk-romerske riket. Etter lang tids ufred vart Valais i 1301 delt mellom hertugdømmet Savoie (som fekk Nedre Valais) og biskopen i Sitten (som beheldt Øvre Valais).
Øvre Valais, som på denne tida var sett saman av sju ganske sjølvstendige bondekommunar (såkalla Zehnden), vart i 1416 ein «vennlegsinna stad» (zugewandter Ort, dvs. forbundsfelle) av det sveitsiske edsforbundet. I 1475 erobra Øvre Valais Nedre Valais og gjorde det til sin vasallstat (Untertanenland). Innbyggjarane i Nedre Valais fekk først medbestemmingsrett i 1799. Frå 1810 til 1815 var Valais (samla) eit fransk distrikt og vart etter dette ein sveitsisk kanton.
Kjende personar
endre- Kardinal Matthäus Schinner (1465–1522)
- Domherre Peter Joseph Ruppen (1815–1896)
- Kardinal Henri Schwery (f. 1932)
- César Ritz (1850–1918), hotelleigar
- Sepp Blatter, idrettsleiar
- Heidi Zurbriggen, alpinist
- Pirmin Zurbriggen, alpinist
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Bilanz der ständigen Wohnbevölkerung nach Kanton, definitive Jahresergebnisse, 2018». statistisk byrå. Henta 28. august 2019.