Kjell
mannsnamn
(Omdirigert frå Kjeld)
Kjell er eit gammalt nordisk namn. Det byrja å bli mykje brukt på 1600-talet då det tok over frå den eldre namneforma Kættil eller Kettil, som òg var forløparar for namnet Kjetil. Namnet har samanheng med ordet kjele, truleg med tydinga 'offerkjele' eller 'hjelm'.
Kjell er eit vanleg norsk namn, og i 2009 var det 30 427 som hadde dette som fornamn. Namnet var mykje brukt på 1940- og 50-talet, men bruken er seinare blitt sjeldan blant nyfødde gutar.
Kjell har norsk namnedag den 11. juli og svensk den 8. juli.
Variantar og samansetjingar
endreKvinnelege former av namnet er Kjella, Kjelline og Kjellina.
Ein finn også namnet Kjell i mange namnesamansetjingar, både eldre som er skrivne i eitt ord, eller i nyare, som blir skrivne i to ord med eller utan bindestrek mellom.
- Kvinnenamn: Kjellaug, Kjellbjørg, Kjellfrid, Kjellrun
- Mannsnamn:
Kjende namneberarar
endre- Kjell Bondevik (1901-1983), norsk politikar (KrF)
- Kjell Knarvik (f. 1927), norsk skihoppar
- Kjell Venås (f. 1927), norsk professor
- Kjell Askildsen (f. 1929), norsk forfattar
- Kjell Aukrust (1920-2002), norsk forfattar
- Kjell Stormoen (1921-2010), norsk skodespelar og teatersjef
- Kjell Bækkelund (1930-2004), norsk pianist
- Kjell Storvik (f. 1930), norsk sentralbanksjef
- Kjell Opseth (f. 1936), norsk statsråd (Ap)
- Kjell Erik Vindtorn (1942-2009), norsk forfattar
- Kjell Kristian Rike (1944-2008), norsk sportskommentator
- Kjell Olaf Jensen (f. 1946), norsk litteraturkritikar
- Kjell Magne Bondevik (f. 1947), norsk politikar og statsminister (KrF)
- Kjell Underlid (f. 1950), norsk politikar (NKP)
- Kjell Jacob Sollie (f. 1953), norsk langrennsløpar
- Kjell Inge Røkke (f. 1958), norsk forretningsmann
- Kjell Ola Dahl (f. 1958), norsk forfattar
- Kjell Elvis (f. 1968), norsk Elvis-imitator
- Kjell Ove Hauge (f. 1969), norsk friidrettsutøvar
- Kjell Storelid (f. 1970), norsk skeiseløpar
- Kjell Ingolf Ropstad (f. 1985), norsk politikar (KrF)
Sjå òg
endreBakgrunnsstoff
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Kjell hjå Statistisk Sentralbyrå