Kosovo

(Omdirigert frå Kosova)
Kosova

(norsk: Kosovo, kosovisk)

Det kosoviske flagget Det kosoviske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen


Geografisk plassering av Kosovo
Offisielle språk Albansk, serbisk
Hovudstad Priština
Styresett
Republikk
Vjosa Osmani
Albin Kurti (mellombels)
Flatevidd
 – Totalt
 
10 887 km² (163.)
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
1 895 250 (148.)
174,1 /km²
Protektorat under FN.
Erklært sjølvstende

  - Dato
Frå Serbia
17. februar 2008
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
17 630 mill. USD (144.)
800 USD (196.)
Valuta euro
Tidssone UTC+1
Telefonkode +383


Kosovo (albansk Kosovë, Kosova, serbisk Косово и Метохија, Kosovo i Metohija) er ein delvis internasjonalt godkjent republikk i Søraust-Europa. Etter at internasjonale forhandlingar om den konstitusjonelle statusen i Kosovo ikkje vann fram, erklærte parlamentet sjølvstende frå Serbia den 17. februar 2008. Fleire land, mellom anna Noreg, USA og dei største EU-landa, Storbritannia, Tyskland, Frankrike og Italia har anerkjent Kosovo sitt sjølvstende. Serbia har støtte frå mellom anna Russland, Spania og Hellas i å rekna Kosovo som del av Serbia. Kosovo har sidan 1999 vore eit protektorat under NATO og SN-administrasjon.

Kosovo grensar til Montenegro i nordvest, til Albania i vest, Nord-Makedonia i sør og Serbia i nord og aust. Området har like over to millionar innbyggjarar, hovudsakleg etniske albanarar, men òg minoritetar av tyrkarar, serbarar, sigøynarar, goranarar og bosnjakar. Priština er hovudstad og største by.

Geografi endre

 
Fysisk kart over Kosovo.
 
Politisk kart over Kosovo.

Kosovo har eit areal på 10 887 km²[1] og om lag to millionar innbyggjarar. Dei største byane er hovudstaden Priština med om lag 600 000 innbyggjarar, Prizren i sørvest med om lag 165 000 innbyggjarar, Peć i vest med 154 000 innbyggjarar og Kosovska Mitrovica i nord med 110 000 innbyggjarar. Fem andre byar har om lag 100 000 innbyggjarar.

Det er to store sletter i Kosovo. Metohija ligg vest i Kosovo, og Kosovosletta ligg i aust.

Mykje av Kosovo er fjellkledd. Fjella Šar Planina ligg i sør og søraust ved grensa til Nord-Makedonia. Dette er eit av dei mest populære turistområda i Kosovo med fleire skistader og Brezovica og Prevalac som dei største turistbyane. Det høgaste fjellet i Kosovo er Đeravica på 2 656 meter over havet og ligg i sørvest på grensa til Montenegro og Albania.

Fjellet Kopaonik ligg i nord. Den sentrale regionen Drenica, Carraleva og den austlege delen av Kosovo, kalla Golak, er stort sett åslendte.

Det er fleire store elver og innsjøar i Kosovo. Dei største elvane er Kvite Drin, som munnar ut i Adriahavet, sideelva hennar Erenik, Sitnica, Morava i Golak-området og Ibar i nord. Dei største innsjøane er Gazivoda (380 millionar m³) i nordvest, Radonic (113 millionar m³) i sørvest, Batlava (40 millionar m³) og Badovac (26 millionar m³) i nordaust.

Klima endre

Kosovo har eit kontinentalklima med varme, tørre somrar og relativt kalde, snørike vintrar. Priština har i august ein gjennomsnittleg dagleg maksimumstemperatur på 27 °C og minimumstemperatur på 12 °C; i januar høvesvis 2 °C og -5 °C. I løpet av eit år fell det kring 600 mm, som er jamt fordelt over året.


Galleri endre

Kjelder endre

  1. «Welcome to the Independent Commission for Mines and Minerals (ICMM), Kosovo». Independent Commission for Mines and Minerals. 

Bakgrunnsstoff endre