Karl
mannsnamn
(Omdirigert frå Mannsnamnet Karl)
Karl (også skrive som Carl) er eit mannsnamn mykje brukt opp gjennom historia. I Noreg var namnet av dei ti mest populære gutenamna mellom 1880 og 1916.
Namnet kjem frå norrønt og tyder fri mann. Det er i slekt med ordet kar. I norrøn gudetru var Karl sonen til Heimdall og Amma. Saman med kona Snør var han opphavet til alle frie menn og bønder. Sjå Rigs vandring.
Karl har namnedag i Noreg og Sverige den 28. januar.
Variantar
endreNamnet finst i ei rekkje variantar på fleire europeiske språk:
Avleidde former
endreNamnet har òg fleire kvinnelege former, som Karla, Karoline og Charlotte.
Kjende namneberarar
endreKongar
endreKarl har i ulike former vore namnet på ei rekkje kongar, mellom anna i Noreg, Sverige, England, Frankrike, Tyskland, Spania, Ungarn og Italia.
- Karl I
- Karl II
- Karl III
- Karl IV
- Karl V
- Karl VI
- Karl VII
- Karl VIII
- Karl IX
- Karl X
- Karl XI
- Karl XII
- Karl XIII
- Karl XIV
- Karl XV
- Karl XVI
Nordmenn
endre- Carl Gustav Fleischer (1883-1942), offiser
- Carl I. Hagen (f. 1944), politikar
- Carl Joachim Hambro (1885-1964), politikar og forfattar
- Karl Erik Harr (f. 1940), kunstnar
- Karl Sverre Klevstad (f. 1926), politikar (KrF)
- Karl Ove Knausgård (f. 1968), forfattar
- Karl Eirik Schjøtt-Pedersen (f. 1959), politikar (Ap)
- Karl Straume (1877-1968), kunstmålar
- Carl Størmer (1874-1957), fysikar
- Carl Frode Tiller (f. 1970), forfattar
Andre
endre- Carl Friedrich Abel (1723-1787), tysk bassgambist og komponist
- Carl-Axel Acking (1910-2001), svensk arkitekt og formgjevar
- Carl Philipp Emanuel Bach (1714-1788), tysk komponist
- Carl Barks (1901-2000), amerikansk teikneserieskapar
- Carl Bildt (f. 1949), svensk statsminister
- Karl Dönitz (1891-1980), tysk offiser og rikspresident
- Carl Hiaasen (f. 1953), amerikansk forfattar
- Carl Jung (1875-1961), tysk psykolog
- Karl Kautsky (1854-1938), tysk sosialistisk tenkjar
- Carl Larsson (1853-1919), svensk kunstnar
- Carl von Linné (1707-1778), svensk biolog
- Carl Gustaf Mannerheim (1867-1951), president i Finland
- Karl Marx (1818-1883), tysk tenkjar
- Carl Nielsen (1865-1931), dansk komponist
- Carl Orff (1895-1982), tysk komponist
- Carl von Ossietzky (1889-1938), tysk pasifist og nobelprisvinnar
- Karl Popper (1902-1994), austerriksk filosof
- Karl Wilhelm Reinmuth (1892-1979), tysk astronom
- Karl Renner (1870-1950), austerriksk sosialistisk tenkjar
- Karl Rolvaag (1913-1990), amerikansk politikar
- Carl Sagan (1934-1996), amerikansk fysikar
- Carl Sandburg (1878-1967), amerikansk forfattar
- Karl Schwarzschild (1873-1916), tysk astronom
- Carl Spitteler (1845-1924), sveitisk forfattar og nobelprisvinnar
- Karl Straube (1873-1950), tysk organist
- Karl Vennberg (1910-1995), svensk forfattar
- Carl Wilson (1946-1998), amerikansk musikar frå The Beach Boys
Bakgrunnsstoff
endre- og Carl&etternavn= Søk etter norsk namnestatistikk for Karl og Carl hjå Statistisk Sentralbyrå
- Internasjonal namnestatistikk for Carl på behindthename.com
- Internasjonal namnestatistikk for Karl på behindthename.com
- ssb.no - 10 mest brukte namn 1880 - 2004